lørdag, 09 april 2022 06:58

Vossajazz 2022 - fredag

Skrevet av

Randi Fuglehaug - forfattar og fast skribent på “Innsida” i Dag og Tid - opna Vossajazz 2022, og denne introduksjonen/talen var so god at eg gløymde å ta bilete. Beklagar. Eg trefte ho i vrimlearealet seinare på kvelden, og ho var verkeleg ei skjønn og imøtekomande dame. 

Grunna eit nydeleg ver nytta eg dagtid til å øva inn nye dugleikar på slalåmski på Hanguren alpinanlegg, men ikkje so lenge at eg ikkje rakk opningskonserten med Jon Balke sitt “Siwan”, (kl 6 i Vossasalen på Park), som dei har reist verda rundt med. Ei rekkje felespelarar hinta mot ein arabisk/asiatisk karakter, og med Helge Norbakken på perkusjon var dette stemningsfullt. Songarinna, som eg diverre ikkje har namnet på no av di eg rota vekk programmet, tok fleire gongar til tårene frå dei gripande tekstane. Dette var gamal lyrikk frå den tida kristne, muslimar og andre levde side om side i Europa, noko som diverre ikkje lenger alltid er tilfelle.

Lyden var fantastisk frå in-line høgtalarar peikande beint fram, montert ute til sidene for ikkje å blokkera innsynet til scena. Små høgtalarar på midten av scena sørgde for å fylla ut lyden på midten. Sjefen bak spakane var Atle Sekkingstad frå IC, tidlegare Bright, og før der att Avab. Trur eg har stava dette feil, men slik er det seint på natt. Ein fantastisk konsert, sjølv om han ikkje baud på store variasjonar.



Seinare på kvelden baud Park Hotell på Sylvie Courvoisier Trio og Petters Festjam, som var litt “smalare”, og danske Signe Emmeluth i Gamlekinoen, som eg valde vekk grunna ein sjekk på YouTube (for mykje frijazz).

Endå seinare på kvelden spelte Trøen Arnesen Quartet, og Tønes. Begge har eg høyrt før. Sjekk dei opp, dei som ikkje har høyrt dei før! Og dessutan Femi Kuti, som har gjesta Vossajazz tidlegare, og som eg ikkje ser nokon grunn til at dei skulle verta invitert opp att i år.


Når kvelden blei til natt runda Olav Kvernberg av med sitt Steamdome, i Vossasalen. Og det var litt av ei førestilling. Ikkje rart denne konserten var lagt som den siste. Trommer og bass i eit forrykande tempo leidde tankane mot tekno og rave-party, og når bassen slo valdsamt inn på slutten av eit nummer  gjekk folk av hengslene i jubel. Me reagerer tydelegvis instinktivt på rytmar, me kjem alle frå Afrika.



Opningskonserten og Steamdome berga kvelden.     

Lest 2223 ganger Sist redigert lørdag, 09 april 2022 11:00
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.