onsdag, 13 april 2022 08:42

Vossajazz 2022 - Laurdag

Skrevet av

Fyrst ein korreksjon frå fredag, eller to. Då eg skreiv denne, fredags kvelden langt på natt, var eg dyktig sliten, og hadde rota vekk programmet, dvs programfaldaren i papirformat. Det som låg på nettet - på Vossajazz.no - var ikkje på langt nær so utfyllande. Difor vart reportasjen mangelfull, utan konkret info, slik som namn på artistane og relevant bakgrunn. Eg beklagar. Nytt programhefte vart henta inn i dag, det ligg på alle kafear og denslags, i dette tilfelle stamkafeen (Ringheim kafe). Uansett valde me å publisera fredagen med alle sine feil og manglar, for å vera ajour med hendingane. Ny og forbetra versjon kjem vonaleg, men fyrst laurdag og sundag. 

Leverandøren av PA og lyd i Vossasalen var ikkje IC, som eg skreiv, men CT. 

LAURDAG

TINGINGSVERKET: ANDREAS ULVO “VINDALL"

Tingingsverket er noko me alltid ser fram til i spaning, og er ein av konsertane mange passar på å få med seg. Vossasalen var stappa. Denne gongen var det Andreas Ulvo som hadde fått det ærefulle oppdraget. Han er ein av våre markante pianistar. Men det kviler ein forbannelse over tingingsverka. Dei er gong på gong prega av akademisk og intellektuell navlebeskuing, og inettervende, heller enn livsbejaande og underhaldande. Dei stakkarane som får oppdraget, vert besette av å laga noko kunstnarleg, som ingen forstår og ingen set pris på, med unntak av musikarar. Og dette verket føyer seg fint inn i rekkja. 

Det manglar ikkje på gode intensjonar, og heller ikkje gode meldingar (anmeldelser på dansk) i etterkant. Problemet er berre at eg ikkje er samd. Eg har ingen glede av å kritisera. Mange har lagt mykje arbeid ned i verket. Og det respekterer eg. Og det er kjekt at mange likte det. Og eg likte deler av det. Helge Norbakken er ein av våre beste trommeslagarar, og synte seg i tillegg som ein skøyar. Men også han har vorte meir føreseieleg med åra. I lange parti kjende eg at musiseringa var overletne til to feler og ein cello. Det er for spakt. Her mangla framdrift. Og ikkje ein blåsar var å sjå. Ulvo ville skapa noko nytt og annleis, har eg lese. Det er beundringsverdig. Men eg var ikkje på jakt etter samtidsmusikk. Eg var på jazzfestival. Å utelata alt som heiter blåsarar er skivebom; på grensa til ondskapsfullt. Ved konsertslutt var det mange ledige plassar i salen. Dei som gjekk ut i “pausen”, kom ikkje inn att. Eg gjekk faktisk inn att, og verket tok seg opp mot slutten, men kjensla av at dette var vekkasta tid vil ikkje sleppa taket.

Etter tingingsverket rak me litt fram og attende i gangane, på Pentagon var det lite folk, “turr” musikk og dårleg stemning, so me gjekk motsett veg til Jazzklubben i andre enden av hotellet, tidlegare Festsalen (heilt i vest mot jernbanestasjonen). Der spelte Andreas Røysum ensemble, og der var det eit helsikes liv og ein kakofoni av blåsarar. Me gjekk i baren. “Dei driv og stemme”, sa ein eg kjenner og lo. I Vossasalen spelte Cloroform. “Gud kor høgt” kommenterte Kari. Trommeslagaren var skrudd alt for høgt opp. Men dette var no i det minste underhaldande, ein form for punka jazz. Mange dansa med. 

 

ARCTIC ICE MUSIC ENSEMBLE (TERJE ISUNGSET) 

Etter dette gjekk fylgjet over til Gamlekinoen og Terje Isungset sitt “Arctic Music Ensemble” for litt meir “seriøs” musikk. For å forklara kva dette dreier seg om, har eg tillete meg å ta bilete av denne sida i programfaldaren. Der er det glimrande forklart. Terje har eg høyrt i mange samanhengar opp i gjennom åra og har stor respekt for. Han er ein glitrande trommeslagar og perkusjonist. No har han tilsynelatande lagt alle egga i same korga: Ismusikk. Det er ikkje lenge sidan han var på Voss med same konseptet, so eg vart litt overraska over at Vossajazz valde å invitera han (det same gjeld forresten Femi Kuti).

Men du verda for eit kunstverk dette er. Svære perkusjonsinstallasjonar i is, jamvel trompetar. Må vera kalt på leppene? Og overjordiske framføringar vokalt frå samar, inuittar og andre. Om du er i rette humøret er dette spektakulært og hypnotisk. Det vert ikke meir eksotisk enn dette! Om ikkje, er det smalt og sært, og lyden var dessutan ganske nedskrudd. Ein del folk gjekk undervegs, mest ungdomar trur eg. Eg var på nippet sjølv, men heldt ut. Det angrar eg ikkje på. Siste tredelen var spektakulær i all sin stille magi og urfolksmystikk.

 

 

Lest 1300 ganger Sist redigert onsdag, 13 april 2022 10:41
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.