onsdag august 16 , 2017
lørdag, 08 april 2017 14:41

Vossa jazz 2017 - fredag Spesial

Skrevet av

Som “førtidspensjonert” hadde eg i år betre tid enn nokon sinne til å førebu meg på årets Vossajazz (07.-09 april), og hadde gått gjennom samtlege artistar på Spotify og You Tube for å kartleggja kva grupper eg ville høyra på. 

Likevel sviktar teknikken meg som vanleg, fotoapparatet mitt (Nikon D 70) har ein utruleg klønete meny, etter mitt hovud, so eg har alltid problem med formatering. Laurdag morgon måtte eg (atter) ned til alltid hjelpsame Senderud foto avdi ingenting fungerte som det skulle. Etter formateringa var bileta eg tok tidlegare på kvelden naturlegvis borte, so alt eg har å bidra med er to bilete eg tok seinare på kvelden med iphone, avdi Herr Nikon nekta å ta fleire bilete! Men so har no eg lært det og. Men Vossajazz legg ut bilete for fri nedlasting, so eg vonar redaktøren kan finna nokre derifrå. Eg lovar å presentera fleire bilete frå laurdagen (og sundag).

 

Eg hoppa over opningskonserten i år (Busi Ncube), avdi dette ikkje var heilt i min smak. Eg var dessutan oppteken med å ta i mot gjester. Etter “innkvartering" av desse, mat og drikke, noko av dette særs alkoholhaldig, var det fulle rulle på Park Hotell frå klokka ni, kor forresten eit kveldskort for alle konsertane kostar kr. 630,- pr kveld. Eg trur mange som ikkje kjøper festivalpass for heile helga (kr. 2080,-) nyttar seg av dette tilbodet. Det starta med Bushmans Revenge, deretter Highasakite i Vossasalen, som er den store salen for populære grupper.

Omlag midt i denne flykta me til Rosseklovnkleppen, kor namnet er sett saman av dei tre etternamna. Gruppa har no endra namn til Bogue Chitto. Eg er ikkje sikker på kor forbetringa ligg. Men den karakteristiske lyden frå denne gruppa, med Kleppen på ein akustisk bass som ser ut som ein vanleg kassegitar, er ikkje til å ta feil av. Veldig bra.

Sist ut var Club Montmartre, Malika Makouf Rasmussen sitt nye klubbkonsert, kor ei rekkje artistar frå heile verda bidrog med særeigne instrument og song. Rytmisk suggererande og særs underhaldande. Og so er det jo litt morosamt å sjå nordmenn dansa afrikansk. Det vil seie publikum sine frilyndte freistnader på slike uvande rørsler. Me høyrast i morgon.

 

 

 

 


Slikt øl får du kjøpt på toget til Vossevangen!

Lest 776 ganger Sist redigert torsdag, 13 april 2017 10:29
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nyeste Tester / Artikler

De 20 nyeste Hovedartiklene:

Nyeste Nyhetsoppslag

Nyeste Musikkartikler

Forsiden

Annonser

Annonsere på Audiophile.no?

Audiophile.no i flere kanaler:

Nyeste fra Audiophile-TV

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen

Nye plateutgivelser