Julespesial - Stig Arne si dagbok Desember 2020
Skrevet av Stig Arne SkilbreiJULEØL SPESIAL – Stig Arne si dagbok November 2020
Skrevet av Stig Arne SkilbreiDenne gongen er det juleølet som står i sentrum. Eg og Lars var tidleg på polet og kjøpte mengder, og Lars hevdar at me har smakt oss gjennom praktisk tala samtlege sortar. Eg skal ikkje presentera riktig alle i dag, har ikkje skrive alt. Resten kjem so tidleg eg kan i desember. Og litt hifi-sladder har eg sjølvsagt med.
Linn Classik og Technics – Stig Arne si dagbok Oktober 2020
Skrevet av Stig Arne Skilbrei
Medan eg framleis jobbar med fleire “tyngre” artiklar, vil eg halda utgjevingsfrekvensen oppe med å presentera nokre refleksjonar kring eit par stereo-oppkoplingar utanføre husets fire veggar, dvs. hjå ein kamerat. Og årets jolaøl har kome, fyrst på polet, og no etterkvart i butikkane! Me smakar på nokre av dei sterke variantane frå Vinmonopolet.
Eit lite steg for menneskeætta - Stig Arne si dagbok september 2020
Skrevet av Stig Arne SkilbreiPå med vernebrillene. Augnestikkarane er her. Audioquest sine Dragonfly DAC-ar må vera stereoanleggets sveitsarkniv: Ein USB-dac ikkje stort større enn eit insekt, som kan koplast mellom alt du måtte ha av digitale dingsar og stereoanlegget. Eller slik ungdomen gjer det notildags: Til hovudtelefonen. På enklast mogeleg vis.
Svart-kvit i fargar – Stig Arne si dagbok august 2020
Skrevet av Stig Arne SkilbreiLitt meir ulvehyl – Stig Arne si dagbok juli 2020
Skrevet av Stig Arne SkilbreiFørre dagboka fortalde om ei vitjing hjå Endre Wolf, derav overskrifta “Dansar med ulvar”, for dei som har sett filmen. Stig Inge gjorde meg merksam på at eg ikkje hadde skrive noko om kva musikk me spelte. Men kva audiofil bryr seg om musikken? Me lyttar jo berre etter lydar. Me likar ikkje musikk eingong, berre stereoanlegget.
Dansar med ulvar – Stig Arne si dagbok juni 2020
Skrevet av Stig Arne SkilbreiSommarspesial - Stig Arne si dagbok Mai 2020
Skrevet av Stig Arne SkilbreiDårleg lagring? – Stig Arne si dagbok april 2020
Skrevet av Stig Arne SkilbreiOm Tandberg TL 2520 – Stig Arne si dagbok Mars 2020
Skrevet av Stig Arne SkilbreiHei igjen folkens, og vel overstått påske. Ja for da har visst vore påske. Ikkje det at eg merka so mykje til det, for ikkje kunne eg stått på ski uansett, med knekt ankel. Eg går no her og hinkar, so for meg kan styresmaktene forby og stengja ned nett kva dei vil. Det kunne ikke passa meg betre. Til gjengjeld har eg lytta mykje på kveldstid, og skrive ein del, men det er for det meste “godt begynt”, som eg gler meg til å gjera ferdig seinare. So til denne dagboka skriv eg noko heilt anna.
Straumforsyning og sosial fråstand – Stig Arne si dagbok februar 2020
Skrevet av Stig Arne SkilbreiKva rolle spelar straumforsyninga til datamaskina når du strøymer musikk?
Kva rolle spelar bassen? Stig Arne si dagbok januar 2020
Skrevet av Stig Arne SkilbreiOsafestivalen 2019 - Der tradisjon møter samtid
Skrevet av Stig Arne SkilbreiOsafestivalen - Ole Bull-akademiet på Voss sin årlege folkemusikkfestival - vart avvikla i helga 24.-27.oktober i Voss, denne gongen under den nye festivalsjefen og daglege leiar Ida Dyrkorn Heierland si leiing, eit rivjern av ei kjerring (eigentleg ei ung pen dame), som med stort engasjemang bles liv i alt ho tek tak i. Saman med mellom andre kunstnarleg leiar Steinar Ofsdal hadde dei skipa til eit mangslungent program. Det tjuvstarta alt tysdagen i førevegen med ei tilskiping på Hangurstoppen; konsert med studentane frå akademiet pluss billett med den nye Hangursbanen for 200 kroner! Eg gjekk diverre glipp av denne grunna ei parallell tilskiping i Kulturhuset. (Men har alt kjøpt sesongkort, so det skal nok verta mange turar med den nye banen i vinter uansett, når snjoen har lagt seg og stålkantane er nyslipte.)
Cymbalar og jolaøl - Stig Arne si dagbok oktober 2019
Skrevet av Stig Arne SkilbreiEg hadde ikkje før kome inn på utstillingshotellet før eg såg ein kjenning utanføre Sal A, trur eg det var. Den høge kraftige skapnaden med det etterkvart grånende håret var ikkje til å ta feil av. Det var Audio/Fidelity sin eigen vinylspesialist Gunnar Brekke, i avslappa prat med mellom andre Håkon Rognlien, og Fredrik frå HiFi Klubben. Eg gjekk bort for å helsa, Gunnar er jo ein veldig hyggeleg kar, og det var sanneleg Fredrik og. Han har fylgt med skrivinga mi om Nad 3020 og tipsa meg om at Peter Lyngdorf, som skulle demonstrera nokre greier om 15 min, kunne hjelpa meg med info om Nad 3020. Særs interessant! Fredrik seier det var faktisk Peter som i si tid tilsette Bjørn Erik Edvardsen, skaparen bak 3020.