torsdag, 27 august 2015 19:51

Audiofilt ferieminne frå Portugal

Skrevet av

Hifi i Portugal? Seriøst? Finnest det slikt?
Ja visst,  i den pittoreske hamnebyen Aveiro finn vi både ein hfibutikk og møter ein high end elektronikkprodusent

 

 

Den iberiske halvøya og spesielt Portugal er mitt ferieland. Her har eg brukt eit titals somrar. Det er flott klima, mykje å oppleve, men så langt har eg sett lite av sånt som kunne interessere lesarane av www.audiophile.no Denne sommaren fekk eg formidla kontakt frå Miguel Guedes frå hifiprodusenten Audolici, som held til nær Porto. Vi vart einige om å møtes i Aveiro, der dei forsikra meg om gode vilkår for lytting til produkta deira.

Eg har eit enkelt og greitt anlegg på ”hytta” mi i Portugal, med ein enkel forsterkar, billege signalkjelder og der høgtalarane er Epos CLS 8. Trass i den låge prisen, har desse høgtalarane svært gode lydkvalitetar, og eg kjenner dei dessutan godt. Så eg pakka dei ned, la dei i leigebilen, og med desse referansane i bagasjen køyrde eg ein times tid til nok eit hifi-eventyr.

 

 

 

Aveiro

Aveiro er ein nydeleg by, der hamna er ein stor turistmagnet, med tradisjonelle båtar som har vore brukte både til fiske og til å sanke tang. Av fleire grunnar er dette ein opplagt stad å besøke om du er i Portugal, og no også på grunn av hifi. Og når du vert svolten, er grilla sjømat tingen.

 

Å drive high-endforretning i Portugal

Eg var ganske spent over kva dette kunne vere; Portugal har ikkje vore kjend for å produsere avansert elektronikk, og så langt har eg ikkje fått kjennskap til noko hifimiljø der. Portugisarane har ein annan levemåte enn her i Skandinavia, der vi har store hus, som vi brukar mykje av tida vår i. Då vert det meiningsfylt å bruke pengane på å ha det triveleg innandørs. Naturlegvis gjer klimaet at det er meir attraktivt for portugisarane å vere utandørs,

Eg fekk også høve til å veksle nokre ord med innehavaren av Top Audio, som butikken heiter, José Marques, som fortalde korleis det var å livnære seg m.a. av hifi i Aveiro. Det gjekk ikkje å drive berre med slikt, så han måtte spe på med både kvitevarer og andre brunevarer, men hadde greidd å få demonstrert mange topprodukt, og sjølv om kjøpekrafta til portugisarane slett ikkje er på same nivå som i Noreg, var det betydeleg interesse for feltet. Går du inn på heimesidene www.topaudio.pt, ser det ut til å drivast seriøst audiofilt opplysningsarbeid derifrå. José kunne fortelje om at han visste om mange portugisarar som set pris på å sette seg ned i godstolen og nyte musikk etter ein stressande dag på jobben (portugisarane jobbar gjerne laurdag og ut over kvelden, har eg sett), akkurat som vi her i landet. Portugisisk TV sender også endå meir såpe og konkurransar enn vi har her i landet, så då er det sikkert mindre TV-sjåing, og betre grunnlag for at hifi-anlegget kjem på.

Eg spurde også om kor mange portugisiskproduserte Audolici-produkt han hadde omsett i Aveiro, svara han to-tre. Det er altså tydeleg at vi snakkar om nisjeprodukt, slik det meste av high-end-audio er. Det er då viktig å tenkje på at  både riaa og integrert forsterkar kostar meir enn 4500 Euro pr stk i Portugal, minst like dyrt som tilsvarande produkt her i landet. Og når ein tenkjer på at lønsnivået er ein liten brøkdel av det norske….

 

 

 

 

Det inste rommet til Top Audio

Det står utstilt ein del heilt greitt stereoutstyr i butikken, mange merke som vi nordmenn er fortrulege med, men det verkelege kramset er inne på det dedikerte lytterommet. Det verkar som rommet var designa med tanke på god lyd, og når ein ser at nest største modellen i Focal sin ”Utopia” høgtalarserie er plasserte i rommet, skjønar vi at ambisjonane om godlyd i høgste grad er til stades.

Eg vart ønska velkomen av Miguel, som er Audolici sin marknadsførar, og som dessutan skal ta seg av den vanskelege balansegangen mellom produktutviklinga og investorane sine krav om rask forteneste. Men det var då eg møtte Val at eg forstod korleis dette firmaet hadde vorte skapt. Valeriy Kuchkovskyy frå Ukraina var sovjetisk ingeniør som hadde emigrert då unionen vart oppløyst, sidan det etter kvart var liten etterspurnad for elektronikkingenørar der. Med solid erfaring frå rørteknologi, starta han design av rørbasert hifi, og utvikla ei rekkje ulike forsterkarar baserte på ulike utgangsrør.

 

 

 

Integrert forsterkar

Det er eit godt utval av forsterkarar i Audolici si portefølgje, alt frå 300B-konstruksjonar til 6550 og EL34,  oftast i form av integrerte forsterkarar. Den vi lytta til i Aveiro, var den nyaste, ein EL34-konstruksjon kalla A25 M. Denne leverte 2*25 Watt. Ikkje så veldig mykje, men tilstrekkjeleg til alt vi prøvde på i lytteøkta. Dessutan er Val snill med røra, og sikrar dei lang levetid når dei ikkje køyrast hardare enn dette.

Denne forsterkaren er utforma som ein ”tradisjonell” forsterkar. Utgangsrøra er liggande, men forsterkaren vert likevel ikkje påfallande varm. Dette er den nyaste forsterkaren frå Audolici, og dei eldre modellane har meir typisk ”rørforsterkararutforming”. Med mange modellar å velje mellom.

 

 

Lytteøkt

Høgtalarane som vart brukte under lyttinga var ikkje dei store Focalane, men dei langt mindre Electra 1028, fjorårsmodellen som spelar 87 dB/Wm. Ikkje spesielt lettdriven, men likevel heilt grei for Audolici sin 25Watts forsterkar som vi brukte.

Vi lytta til både CD og vinyl, og sjølv med ein ganske enkel platespelar, var det tydeleg at Audolici sin riaaforsterkar hadde uvanlege kvalitetar, særleg i toppen. Høgtalarane vi brukte hadde rett nok sine avgrensingar, men det var tydeleg at kvaliteten på diskantattgjevinga var noko for seg sjølv. I tillegg var alt det andre av frekvensar tydelegvis i orden, det og.

 

 

Nokre ord om AVP-01

Denne riaaforsterkaren har fire ulike lastar for moving coil, 100, 200, 470 og 1000 Ohm, og heile 72 dB gain som kan justerast trinnlaust med eit potmeter. Eg fekk diverre ikkje høve til å prøve MC-inngangen, for einaste pickup vi hadde tilgjengeleg var ein MM frå Ortofon. Ikkje optimalt, men det let likevel heilt støyfritt, og med veldig fine dynamikkeigenskapar. Klang og perspektiv er også så godt at både riaaforsterkaren så vel som den integrerte forsterkaren bør undersøkjast nærare. Val har funne eit oktalrør frå Sovjet-tida med gode lydlege eigenskapar, 6H2P-EB, som finnest i ”utømelege” kvanta, og dette røret nyttast tydelegvis med god innsikt.

No var anlegget (bortsett frå ei økt der eg brukte feriehøgtalarane mine) fullstendig ukjent, så eg skal vere forsiktig med å vere bastant. Inntrykket mitt er likevel at Audolici har svært så habile produkt. I tillegg til det lydmessige, er ting skikkelege og solide. Brytarar og potmeter kjennes tillitsvekkjande å skru på, samstundes som komponentane verkar vere av glimrande kvalitet. Eg har veldig lyst til å gjere meg meir kjend med desse produkta, men det vert nok ikkje enkelt. I testsamanheng er eg avhengig av svært kraftige effektforsterkarar, så eg måtte eventuelt nøye meg med å teste ut riaatrinnet, som i høgste grad er interessant nok. Sjølv om det finnest ein skandinavisk importør (danske Peter Selmer med firmaet PS Audio), har eg så langt ikkje lese om produkta på heimesidene til nokon forhandlar her i nord. Produkta skulle dessutan vere lette å kjenne att, sidan dei kan fåast i fleire –til dels spesielle- finishar. Dei eg såg, hadde ein raudfargelakk med fargespel som ikkje kan attgjevast med foto, men meir tradisjonelle, så vel som både blått og grønt, er også alternativ.

 

Livnæring gjennom portugisisk high end

Miguel har stor interesse av at firmaet skal verte synleg i det meir hifi-interesserte og kjøpesterke nord, sjølv om dei er rimeleg godt representerte andre stadar. I Europa kan du kjøpe Audolici i Ungarn Estland, Spania, Ukraina, Russland forutan Portugal, og dessutan i både det fjerne austen og USA. Det skal bli spennande å sjå om merket dukkar opp her heime på berget….

 

Les meir om Audolici på produsenten sine websider

Les også:  Audolici AVP-01 – ny phono forforsterker fra Porto.

 

 

 

Lest 6651 ganger Sist redigert lørdag, 29 august 2015 06:48
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.