mandag, 30 mars 2015 10:35

Clones Audio sitt forsøk på å vinne vinylen sitt hjarte – riaatrinnet PA 1

Skrevet av

 

For å kunne spele vinylriller må vi ha eit riaatrinn. Dette viktige leddet i signalkjelda må innfri ein god del kvalitetskrav, alt etter kva behov og ambisjonar du har, kan dei skaffast i fleire prisklassar, frå nokre hundrelappar til nokre hundre tusen. Her er eitt i det som kan kallast fornuftig prisklasse.

 

 

Når eg ser etter riaa, prioriterar eg to faktorar som kanskje ikkje alle treng bry seg om i same grad som meg. Eg vil ha mange, manuelle justeringar, som aller helst bør kunne gjerast frå fronten på apparatet. Dernest vil eg ha mykje gain, helst over 70 dB.

Desse to faktorane treng du ikkje bry deg om dersom du ikkje skal skifte mellom fleire pickupar med ulikt utgangsnivå, eller har moving coil-pickup med svært lågt utgangsnivå, ned på 0,2 mV og mindre, og av ein eller annan grunn ikkje vil bruke transformatorar for å tilpasse dette til riaatrinnet.

Frå Hagto audio har eg fått låne Clones Audio sitt alternativ av slaget, PA 1. Dette ganske nye firmaet i Hong Kong handbyggjer nokre små, men interessante produkt i ikkje så veldig høg prisklasse. Både DAK-ar, små forsterkarar av alle slag, høyrelur-stereo, og såleis kan du også kjøpe riaatrinnet PA 1 for 8650 kr. Kva får ein så for desse pengane?

 

Utforming

Dette er to små, svarte boksar, ei straumforsyning og ein forsterkar, kopla saman med ei kort leidning. Denne er likevel såpass lang at det er lett å plassere straumforsyninga på ein stad der denne ikkje skapar støy i forsterkaren. Såleis er PA 1 heilt taus, iallfall på mitt anlegg. Apparatet er ikkje utstyrt med straumbrytar, og det er såleis designa for å stå på heile tida. Eg opplever lyden frå kaldt apparat som ikkje heilt optimal, så dette er etter mitt syn greitt. Ein kan heller ta ut kontakta når behovet for vinylspeling ikkje er til stades.  

 

Justeringar.

Vesle PA 1 har den mest vanlege tilpasninga til ulike pickupar, ved å vende på nokre dipswitch-brytarar inne i forsterkardelen. Sjølv om eg er tilhengjar av meir raffinerte løysingar, må eg innrømme at dette er fornuftig. Det kostar lite, og signalvegen vert kortare. Dipswitch er ei grei justering å gjere når du veit kva innstilling du vil ha, og ikkje skal endre på dette ofte. Perfekt for den som ikkje endrar innstillinga oftare enn når det skal investerast i ny pickup etter eitt eller to tusen speletimar. Men litt tungvint for dei som har fleire pickupar som ofte skal i bruk. Då vert prosessen:

1.     Finn fram manualen til PA 1 og den medfylgjande umbraco-nøkkelen.

2.     Skru av lokket på forsterkardelen. Ta ut kontakta.

3.     Still inn dei lastane som er tilrådd frå pickupprodusenten.

4.     kople til forsterkar og lytt. Gjer deg opp ei meining,

5.     mute stereoanlegget, og ta ut kontakta på PA 1 igjen.

6.     endre innstillinga eitt hakk

7.     sett i kontakta igjen, slå av mutinga på forsterkaren.

8.     lytt, og finn ut om du må gjenta operasjonen.

9.     gjenta ein gong til osb ….

 

Eg er vanskeleg no, fordi eg helst vil kunne skru meg fram til den innstillinga eg opplever som best via ein brytar i fronten på apparatet, utan å slå det av, aller helst med fjernkontroll.  Men det er ikkje alle som skiftar pickup stadig vekk. Skal ein ha slike fasilitetar må det brukast ein god del meir pengar, så treng du ikkje å gjere dette ofte, er PA 1 heilt grei. Og betre enn dei såkalla ”automatiske” riaatrinna som skal gjere dette av seg sjølv. Mi erfaring med slik automatikk er at han i beste fall verkar godt på basisinnstillingar, ikkje på det som er litt vanskeleg. Og då er vel vitsen borte?

 

PA 1 har kapasitansjustering på 1100 pf for MC og 100pf for MM, og impedansetilpasning for MC på 33, 100, 1k og 47 k Ohm. Dette dekkjer det vanlege når det gjeld pickupar. Den positive overraskinga er at her er fleire gain-innstillingar; 48, 52,  63, 70 og heile 74 dB. Uvanleg mykje no til dags, men det gjer deg i stand til å bruke mange spennande MC-pickupar, som min gamle, kjære Accuphase AC 1. Denne spelte flott på 100 Ohms last og 74 dB full guffe. 33 Ohms innstillinga får AC 1 til å høyres litt daff ut, dynamikken vert slapp, og klangbalansen vert mørk og kjedeleg. Resten av pickupane eg brukte, vart lasta med 47 kOhm, og gainen varierte mellom 48 og 52 dB.

 

Lytteinntrykk

Eg spelte på ”batteriet” mitt av godt kjente pickupar: referansen min Dynavector DV 10x5, Grace F9, ein Cleaudio MM-sak og AC 1. Eg må seie at PA 1 gjorde ein uvanleg flott jobb med alle fire. Spesielt hyggjeleg var det å høyre kor flott Accuphase-pickupen frameis kunne gje att perspektiv og vakker klangbalanse. Med over tusen speletimar på nakken er denne eldste attlevande pickupen min (kjøpt på Audioscan på 70-talet) litt sliten når det gjeld dynamikk, så her måtte eg vurdere ut frå dei andre pickupane. PA 1 har skikkeleg snert i alle aspekt av dynamisk attgjeving, og med 74 dB er det berre dei aller særaste MC-pickupar med utsignal på nedimot 0,1 mV som treng endå meir gain (desse pickupane må vel uansett ha trafo, trur eg)

Det er gjerne slik at matching av utstyret har mykje å seie, men eg kan ikkje seie at nokon dei fire representantane passa PA 1 best, alle fekk by på sine beste sider i rikeleg monn. Dette er ein veldig nøytral sak, som greier å formidle tredimensjonalitet, klang og dynamikk på svært innbydande vis, utan å signalisere nokon spesialitet. Dette er ein svært allsidig riaa eg skulle prøvd ut med endå fleire, gjerne svært sære pickupar, for å sjå kva innstillingar som kanskje ikkje fungerer. Med det pickuputvalet eg disponerar akkurat no, fann eg ingen utfordringar for Clones PA 1.  Ein ordentleg godsak som gjer ting veldig rett. Det er naturleg å samanlikne han med langt dyrare produkt. La gå med at til dømes Manley Chinook har meir fasinerande dynamikk, men her har vesle Clones faktisk meir enn 12 dB ekstra gain, og kan altså brukast på ein god del pickupar som Chinook ikkje fiksar.

 

Konklusjon

Eg må seie at Clones Audio sitt riaa-alternativ imponerte stort. Det passa veldig godt i mitt oppsett, og var absolutt i stand til å ete kirsebær saman med storingar som ASR og MBL. Eg hadde ikkje stussa på å bruke PA 1 saman med ganske kostbare pickupar, for her er kvaliteten god nok til stå saman med svært ambisiøse leikekameratar. Til under 9 kilokroner veit eg ikkje om eit betre kjøp.

Om du ikkje har behov for stadig å justere riaaen etter ny pickup, og du ikkje har veldig rare pickpuar som dine favorittar, er dette ein sak du bør prøve. Så får du kanskje råd til ein endå betre pickup enn du hadde tenkt i utgangspunktet.

Link til produsent: www.clonesaudio.com

importør: www.hagtoaudio.com

 

 

 

Lest 7179 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.