onsdag, 08 april 2015 11:33

Musical Fidelity fasar ut ViNL.

Skrevet av

Musical Fidelity er ein av dei verkeleg spennande elektronikkprodusentane i Storbritannia. Ikkje berre lagar dei nokre av øyriket sine aller råaste effektforsterkarar, men dei har også levert ein superbilleg riaasak utan konkurrentar i denne prisgruppa. Dei har også eit par andre riaatrinn, og no seiest det at toppmodellen, ViNL i M1-serien, skal kuttast ut.




Når du kjøper ein ”vanleg” riaaboks, iallfall dei i skapeleg prisklasse, er det slett ikkje alltid du får justeringsfasilitetar på kjøpet. I verste fall får du berre ei 47 kOhms tilpasning til standard MM pickupar, med nokre-og-førti deciBels forsterking. (Så må du kjøpe ein ekstra boks om du får lyst på MC-pickup ved eit seinare høve). Meir vanleg er det å få ein sak der du må skru av loket på apparatet, og gjere tilpasningar ved å bende på nokre dipswitchar med eit skrujarn eller liknande. Dette er tungvint, og det er ikkje alle som gjer seg nytte av slike fasilitetar. Difor prøver mange seg
med i tillegg til den obligatoriske MM-inngangen å levere ei MC-innstilling tilpassa 100 Ohm og ingenting meir. Slik  er også V 90 LPS-riaaen til Musical Fidelity, ein uforskamma god riaa som eigentleg ikkje har konkurrentar i prissegmenet. Eller så har dei ein eller annan automatisert, meir eller mindre mislukka måte å gjere tilpassingane på. Sjølv likar eg å skru på knappane medan eg lyttar til korleis lyden endrar seg. Eg prøver å finne ”knekkpunktet” mellom rett klangbalanse, og der dynamikk og tredimensjonale kvalitetar er optimalt. Av og til er dette 100Ohm, og då fungerer automatikken bra. Men så kan du få ein pickup som ikkje oppførerer seg som forventa. Og då fungerer dei automatiske systema berre  sånn passeleg av og til, er mi erfaring.

Difor vart eg forskrekka då det ryktast at Musical Fidelity skulle fase ut sin riaa toppmodell.  For denne skulle då vere god? Eg tok like godt og kjøpte eit eksemplar.
 

Slik skal eit riaatrinn utformast
Denne saken heiter ViNL, og har ein av dei mest praktiske løysingane når vi snakkar om ”fornuftig” prisa riaatrinn. Her skal du ikkje opne noko som helst for å gjere justeringar, du kan gjere alt frå framsida. I tillegg til straumbrytar finn du ikkje uventa veljar mellom mm og mc, og dette på to ulike inngangar, som gjer at du kan ha ståande ein MM og ein MC-pickup på kvar sin arm eller spelar. Endå meir uvanleg er at du kan velje mellom vanleg riaa og den moderne IEC-equaliseringa der ein kuttar dei aller djupaste basstonane Strengt tatt unødvendig, spør du meg. Folk må berre passe på å ha god nok platespelar, syte for at pickupen er optimal til armen, slik at subsoniske armresonansar ikkje tek rotta på basselementa til høgtalarane. Med andre ord, er du redd for slike problem, treng du truleg denne fasiliteten - eit subsonisk filter.
 

Meir nyttig finn eg dei andre justeringane på framsida. Kapasitansjustering på 68 og 47 resistansjustering, og 7 trinns innstilling av ulik picofarad, svært finmaska 9 trinns Ohmsk justering for MC. Og der er endåtil XLR-terminalar på utgangen i tillegg til vanleg, ubalanserte utgang. Ikkje ekte balansering, men slik at skikkelege kablar kan brukast, og du kan eksperimentere for å redusere eventuelle støyproblem.

 


Lytteinntrykk.
Det enorme innstillingsmangfaldet burde gjere brukaren i stand til å tilpasse kva som helst av pickpuar, men det er ikkje heilt tilfelle. For MC-pickupar med utsignal under 0,3 -0,4 mV vert gainen i minste laget. Likevel er ikkje dette noko stort problem¸ for ViNL er ekstemt støysvak, og når ein har skikkeleg støyfr elektronikk elles, er det berre å skru opp volumet til du er fornøgd. ViNL sine 60 dB med gain skulle vere nok til mange, men i praksis ikkje alle pickupar. Min gamle Accuphase AC 1 med sine 0,2 mV høyrest relativt slapp og daff ut, utan den fine dynamikken eg veit han kan levere under gode tilhøve. Med ein Ortofon MC 30 Supreme går det litt betre, men også denne er mindre dynamisk enn eg hadde rekna med. Det nyttar heller ikkje å justere til anna last på MC-inngangen, dynamikken vert ikkje meir oppstramma, og heller ikkje å skru opp volumet. Sjølvsagt vert det høgre, men det verkar som dei. Men så skiftar eg til min referansepickup Dynavector DV 10x5, og no går det veldig bra med dynamikken. Dette er ein high-output MC som leverer 2,5 mV, og som skal ha standard 47 kOhms last, altså inn i MM-inngangen. Men det er endå betre å køyre via MC-inngangen som har endå meir gain, og som også kan stillast på 47 kOhm. For det verkar som ViNL ikkje let seg overstyre, ting er heilt topp, fullstendig utan høyrbar vrenging eller støy av noko slag, og då med mykje betre pondus og basskontroll, ordentleg perspektiv og tredimensjonal attgjeving. Å spele referanseopptaka mine som Harry Belafonte in Carneige Hall syner plasseringa minst like godt som då eg brukte same pickup via Whest og Manley Chinook, sjølv om ViNL må finne seg i at desse to langt dyrare riaatrinna greier å gjere DV10x5-jobben endå meir heftig. Det hadde det vore moro å prøvd fleire MC-pickupar med relativt kraftig utsignal. Kanskje ein av dei litt kraftige Benzane med 0,8 mV, eller Van den Hul sine hadde vore tingen? Dette får ein utforske ved eit anna høve.


Eg prøver med eit utval MM-pickpar eg har i bakhand. Og eg jobbar med dei alle dei innstillingane som kan brukast. Faktisk er det veldig lite skilnad på 50–100-150–200-250–300–350 og 400 pF. Fyrst når ein gjer hoppet frå 50 til 400 pF vert det oftast merkbar effekt av ulike lastar, og sjølv no er eg i tvil om kva som passar best. Det er lærerikt å arbeide med nettopp dette om du har eit bra utval mm-pickupar du kan samanlikne med. For det har langt mindre innverknad på lyden enn å endre Ohmsk last på MC-inngangen.
Med unntak av DV10x5 (eg hadde ikkje tilgong på andre høg-output MC-pickupar i utprøvingsperioden) var eg ikkje heilt fornøgd med bassattgjevinga og dynamikken. Det vil seie, ting var bra, men ikkje i referanseklasse. Ein Chinook gjer jobben langt betre, naturlegvis, sjølv om denne og ViNL har oppgjeve like mykje gain. Det store plusset til ViNL er at han er svært støyfri, så du vil ikkje oppleve gainmangel ved at du får susing. Med min ASR Emitter 2 Exclusive med batteripakke høyrest ikkje ein tøddel, uansett kor høg eg skrur opp. Så støy er ikkje noko problem, iallfall ikkje om resten av elektronikken er fullstendig støyfri. I mine pickuprutiner ser eg ei spesiell entusiastgruppe som vil vere veldig fornøgde, dei som har to pickuparmar eller to platespelarar, og som brukar både MM og MC. Dei kan nemleg veksle mellom dei to inngangane utan å skifte platespelarkabel, ved å bruke brytaren på fronten, som altså er inngangsvelgjar, og ikkje berre ein vekslar mellom to forsterkingsgrader.


Konklusjon/vurdering
Musical Fidelity ViNL er eit svært spennande apparat. Denne riaaen har innstillingar som tilpassar kva som helst av pickupar, berre dei har nok utgangssignal. For MC-pickupar på 0,3 mV og mindre får ikkje forløyst den ekstra gnisten eg veit dei kan by på under ideelle omstende. Men MC-pickupar med utgangssignal på 0,8 – 1,5 mV vil ganske sikkert fungere veldig godt. Og brukar du MM-konstruksjonar, viser desse sine beste sider. Utmerka lydlege kvalitetar i utgangspunktet, og når ein i tillegg har så finmaska justeringsspekter, skulle det vere lett å få til det meste av slaget. Når det gjeld ViNL sine karaktereigenskapar, er her mykje pent å nemne.
Spesielt når det gjeld luft mellom instrumenta, plassering og formidling av perspektiv vert det gode karakterar. Men det vert vanskelegare når vi skal ha med oss den kraftigaste dynamikken. Og dette vert eit problem når pickupen ikkje greier å levere nok guffe, altså når du spelar på MC-pickupar som leverer mindre enn 04 – 0,3 mV.
Dei mange justeringane skulle vore kombinert med noko meir gain, iallfall når det gjeld MC-inngangen. Slik det no er, må det seiast at ViNL er aller best å bruke saman med MM-pickupar.  Det velsigna enkle arbeidet med justeringar vil gje deg ein peikepinn om kor nøyaktig ein treng vere, og kor viktig den einskilde parameter er.


MC-pickpuar kan også brukast, med fin nyansering av innstillingane, men du må ha ein del gain. Det gjer heller ikkje noko om pickupen har sluggartendensar, slik at han understrekar bass og dynamikk. Når Musical Fidelity no har bestemt seg for å fase ut ViNL, er det litt synd. På den andre sida: produktet er ikkje fullkome, sjølv om det har mange sterke sider. Kunne vi fått 10-12 dB meir gain, så vil nok det meste ha ordna seg.  Eg ser med forventning fram til at Musical Fidelity lanserer ein ny toppmodell av riaatrinn. ViNL er trass alt ”berre” i M1-serien, og Musical Fidelity har både M3, M6, M8 og no NuVista-serien, som alle er utan riaatrinn. Det skal bli spennande å sjå kva dei kjem med…

 


Importør www.audiocompaniet.no

Produsent www.musicalfidelity.com

Lest 8365 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.