mandag november 12 , 2018
fredag, 13 februar 2015 17:35

Philips CD 304 og 304 MkII – er dei antikke framleis best?

Skrevet av

Eg har kjøpt ny CD-spelar, og det er ein 30 år gamal Philips. Så då trengs nok ei forklaring.

Eg hadde ein gong ein stor, tung og dyr CD-spelar, men var aldri 100% nøgd med han. Ein mistanke om at lyden ikkje var heilt gjennomskinleg vaks seg sterkare og sterkare, og til slutt selde eg han. Sidan har eg vore på utkikk etter brukte «Best buys». Eg har prøvd NADar, Pioneerar, Marantzar osb, men det var først etter at eg fekk ein gamal CD-spelar frå Philips, CD 615, at eg verkeleg sperra øyrene opp. Jepp, eg fekk han, gratis; og berre for å sjekka at han virka, sette eg på Morten Abel og gjekk derifrå, men bråsnudde då tonane strøymde ut frå høgtalarane. Dette er den einaste CD-spelaren eg har hatt som har spelt platene til Morten Abel slik at eg ikkje bannar høgt over innspelingskvaliteten.

Eg har aldri hatt ein Philips CD-spelar. Kven visste at dei var noko tess? Japanarane var flinkare til å reklamera for seg sjølv, og vann kampen om kundane. Men etter denne hendinga måtte eg byrja å undersøkja. Så godt som alle hifi-blad har no «vintage»-spaltar, og det har vore mykje skriving om dei «klassiske» CD-spelarane, og Philips særskilt. Eg måtte lese dette om att, og fann og ut at nettet er fullt av info om desse klassikarane. Det er mange som i fullt alvor hevdar at Philips sine transportar (CDM-serien) og DAC-ar (TDA 1540-serien) er det beste som har vore laga. Til dags dato. CDM-transportane går for å vera nær evigvarande, og Svein Ones (reparatøren min i Bergen) kan fortelja at han aldri har opplevd at ein DAC har svikta, uansett type. Eg kjenner meg difor trygg på at eg kan ha ein CD-spelar i lang tid enno, sjølv om tradisjonelle CD-spelarar knapt vert produsert lenger, og slett ikkje frå Philips. Eg har sjekka på heimesida deira. Du er tvungen til å kjøpa "ny" brukt, slik eg har gjort. Sjå under.  

 

CD 304 bakside: enklare vert det ikkje. Ingen digital utgong. Men kva skal du med det, når innebygd DAC er i verdsklasse?

 

Rektangel AS

Endå litt meir bakgrunn: Eg fekk ikkje mindre enn to CD-spelarar tilsendt frå Rektangel AS, via innehavaren Magnulf Rise. Rise er ein pensjonert sivilingeniør som nyttar pensjonist-tilveret til å starta opp Rektangel AS i Ålesund, i samarbeid med BEBOP hifi i Oslo. Rise kom i kontakt med skribentkollega Arve Åheim på hfi-messa i Horten, og Arve har alt testa ein del produkt frå Rektangel/BEBOP. Men då Rise spurde Arve om han ville testa Philips CD-spelarar, avslo Arve høfleg – det var alt mange produkt derifrå som måtte testast. I staden synte han vidare til meg, som Arve visste nett hadde byrja å studera klassisk CD-teknologi.

 

Philips CD 304 og 304 MkII - litt teknikk

Eg sa ikkje nei. Eg Googla CD 304 (frå 1984) og fann raskt ut at dette var ein av klassikarane frå Philips, ein av dei mest etterspurde spelarane på bruktmarknaden. Og det er ikkje rart når du ser at spelaren veg 7 kg, og har kabinett i støypegods. Eg fekk fyrst tilsendt MK II-modellen, som var den fyrste spelaren med den vidgjetne TDA 1541-DAC'en, 16 bit, som er rekna som noko av det ypperste som er laga, og som du kan få god pris for i dag – i lausvekt! Og det var ganske raskt å konstatera at denne spelaren spelte eit godt hakk betre enn min eigen litt nyare, men atskillig meir plastikk-aktige CD 615 på 3,5 kg. Som igjen har spelt betre enn alt anna eg har prøvd i det siste (rett nok gamle og rimelege ting).

Eg vurderte likevel ikkje kjøp, for prisen ville ligge kring 10.000 kroner. Men då er det på tide å forklara at spelaren er å betrakte som «ny». Han er kjøpt brukt, plukka ned, smurt opp, og omfattande oppgradert. Elektrolyttkondensatorar er bytt ut med nye, for dei har ein tendens til å tørka ut og tapa seg i kapasitet med åra. Loddepunkta er gått over, mengder av kondensatorar er parallellkopla med dyre plastkondisar, og, hald deg fast: Oversamplinga er fjerna. Meir om det under.

Då eg litt seinare fekk tilsendt CD 304 (Mk 0), byrja det verkeleg å verta interessant. Denne er den siste med den gamle og opprinnelege 14-bits DAC-en til Philips, TDA 1540 – og ikkje mindre enn to stk. av han. Eg kopla han opp i anlegget og kunne konstatera at denne og var eit godt hakk over min eigen – skulle berre mangle.


CD 304 mk II topp, legg merke til kondensatorane på høgre sida, definitivt ikkje originalt!

 

Men no var det jo samanlikninga av Mk 0 og MK-II-modellen som var interessann, for det kan sjå ut som om ulikskapane i DAC-teknologi er den einaste avgjerande skilnaden mellom dei. Og desse to modellane vart testa mot kvarande fleire kveldar på rad. Det er «alltid» Mk II-modellen med den nye TDA 1541 som vert tilrådd i testar og artiklar, men eg føretrakk til slutt den gamle. Han var rett og slett reinare og klårare i lyden etter mi meining, og med ein strammare og djupare bass. I samanlikning var MkII-modellen meir lukka, med ein tendens til nasalitet, i verste fall litt hardare i lyden, og bassen litt meir rund og ullen. Eg hadde to kompisar på vitjing siste test-kvelden, og tvinga dei til å vera med på lyttinga og, mot at dei fekk noko godt i glaset. Dei var ikkje i tvil. Begge føretrekte Mk 0. Men då må eg leggja til: ein kveld tidlegare lokka eg ein annan kompis til å lytta, han Johannes, og han føretrekte Mk II, sidan denne har ein rundare bass. Han er bassist. Men skilnadane er ikkje store, og eg kunne utan problem levd med Mk II, for lyden var muligens rundare og litt myrkare enn med Mk 0, noko som ikkje er å forakte.  Det minner meg på noko Stig Inge Bjørge (Lyra) ein gong fortalde meg om hifi-kompisane seine: "Dei seier at dei føretrekkjer komponenta med den myrke og musikalske lyden, men når det kjem til stykket, vel dei alltid den lyse og analytiske - ". Har eg gått i same fella? Eg måtte tenkja nøye over dette. Men eg valde til slutt Mk 0, og er eigentleg både nøgd - og ikkje lite byrg - over å våga å gå i mot straumen. (Men som sagt, 1540-DAC'en har og høglydte tilhengarar, så eg er ikkje åleine). Som alltid må ein tenkja litt analytisk, ein kan ikkje berre tru på ting: Kva var betre på mk 0? DAC-en? Eller det faktum at han har TO DAC-ar? Eller noko heilt anna? Ein veit aldri. Hugs at dette er gamle produkt som er skrudd og lodda på. Eg hadde måtta prøvd fleire eksemplar av same sorten om eg skulle kunne uttala meg bombastisk.

 Lakmustesten er alltid: Kjøpte eg testeksemplaret? Ja det gjorde eg. Sidan prisen på denne fyrste (eldre) modellen var rimelegare, slo eg til. Eg kunne og burde ha samanlikna med andre og nyare spelarar, men kven har tid og høve til å samanlikna med alt og alle der ute? Eg har berre konstatert at dette er det beste eg kunne få tak i her og no, og så får vidare samanlikningar koma når dei kjem. Merk at svært mange andre produsentar og nytta philips-teknologi: Arcam, Meridian, Orelle, Grundig, Revox, B&O, Marantz - og mange var overtydde over at Marantz-spelarane var "forbetra" Philipsar, sidan dei var noko dyrare. Eg har prøvd fleire av dei, og har inntrykk av at dette ikkje alltid var tilfelle. 

 

Oversampling

Det byrjar å verta komplisert dette, og det vert verre: Kva pokker er oversampling? Eg har prøvd å lesa meg opp på feltet, men har ikkje vorte veldig mykje klokare så langt. Den opprinnelege DACen til Philips, TDA 1540, er faktisk 14-bit, medan dei japanske konkurrentane lanserte 16-bits DAC-ar. Dermed tapte Philips spesifikasjons-krigen. Dei lanserte 4x oversampling, og kom slik på ein elegant måte opp på same oppløysinga som 16-bits DAC-ar. Men mange meiner at dette ikkje er til bate for lyden, og at det var noko Philips var pressa til å gjera - mot sin vilje. Det er difor populært å FJERNA oversamplinga, og dette er gjort med begge desse Philips-modellane. Eg har teke eit bilete som syner dette: Ein chip er fjerna og erstatta med lus (leidningar). (Den nyare chipen, TDA 1541, er 16-bit). 

 

CD 304 frå botnen: To stk TDA 1540 DAC, og merk leidningane som eliminerer oversampling!

 

 

Peter Qvortrup frå Audio Note seier noko interessant om dette, i Hi-Fi Choice august 2011, i samband med ein test av eit komplett Audio Note-anlegg: "oversampling er ein korreksjon som stort sett utfører same funksjon i digitale krinsar som tilbakekopling (feedback) gjer i forsterkarar; han forbetrar tekniske målingar, men reduserar lydkvaliteten. Dette er åpenlyst når du samanliknar ein oversampings-DAC mot ein der oversampling har vorte fjerna. Audio Note innsåg dette alt i -95, og vi er overraska over at ingen andre ser ut til å ha høyrt det same. Non-oversampling DAC-ar vart brukt i CD-spelarane sin ungdom, men med agressive "brick wall" analoge filter - som er endå meir øydeleggjande for lyden enn oversampling."

Javel. Ræva er framleis bak uansett kva du gjer. Men kor mange mursteinar eg har i analogfilteret mitt har eg ingen aning om. Enno. Sidan spelaren opprinneleg hadde oversampling - vonaleg ikkje så mange. 

 

CD 304, topp. Legg merke til dei store kodensatorane på skiljeveggen på midten, dette er definitivt ikkje originalt! Det er lagt mykje arbeid ned i desse spelarane. 

 

In praise of old CD players

Under denne overskrifta i spalta "Opinion" kommenterer Paul Miller i Hi-fi news januar 2007 resultatet av ein test i føregåande nummer, kor 3 forsterkarar med tilhøyrande CD-spelar vart målt mot kvarandre i ein gruppetest. Han fortel at når forsterkarane og CD-spelarane seinare vart testa kvar for seg, dukka eit interessant bilete opp. Han seier forsterkarane let mykje som dei alltid har gjort, medan CD-spelarane har vorte dårlegare, rett og slett, avdi transportane no er av DVD-typen, og fokuset er på opp-sampling og over-sampling i kompliserte algoritmer; dei er meir som ei datamaskin å rekne enn ein CD-spelar.

I ingressen lyder det: "Spelar dagens CD-spelarar verkeleg markant betre enn modellane som kom på marknaden kring 15 år sidan? Paul Miller trur ikkje det, og meiner alt kokar ned til silikon". Han skriv "høgare samle-rates tillet mildare analog filtrering, men den ekstra kompleksiteten og manipuleringa av digitale data v.hj.a. upsampling nullar ut denne fordelen". 

Eg tek dette med for å syna at me ikkje må vera så blåøygde at me trur at alt vert betre heile tida. Noko vert betre, noko har i verste fall vorte dårlegare. Paul Miller, som sto for alle målingar i testen, sluttar omlag slik : "dersom du får sjansen til å samanlikna nokre av dagens avanserte oppsampling CD-spelarar med ein eldre CD-spelar som Sony CDP-715, Rotel RCD 965 BX eller Philips CD 850, vil du oppdaga at mange av nykomarane ikkje er den universalmedisinen vi har vorte lokka til å tru på". Eg er litt forsiktig med å sitera direkte, på originalspråket. Eg kan koma til å gjera noko ulovleg. Men dersom du trur at sitata er tendensiøse, eller tekne ut av samanhengen, må du gjerne sjekka den opprinnelege teksten. Men som vanleg: Ikkje ta noko for sant. Lytt sjølv og dra dine eigne konklusjonar. Det er det eg har gjort; og som eg freistar å gjera til varemerket mitt. Og resultatet eg har kome fram til, er definitivt mot straumen. Då er det kjekt at ekspertane stør deg. 

 

Er 14 bits nok?

Medan eg googla oversampling, fann eg eit oversyn over oppløysinga frå 10, 12, 14 og 16 bits - med illustrasjonar. Både 10 og 12 hadde tydelege trappetrinn, og dermed beviseleg for dårleg oppløysing. 14 bits hadde ein nesten perfekt rett strek - heilt utan trappetrinn. 16 bit hadde ein linjalrett strek. Ein kan konkludera med at 14 bit er tilstrekkeleg, sjølv om 16 er marginalt betre. Eg skal freiste å få med illustrasjonar, no eller seinare.  

 

Begge modellar: Både topp- og botnlok er dempa med blygummimatter.

 

Konklusjon

No var ikkje dette ein standard test, men uansett: Desse to spelarane er det beste eg har hatt i hus, så langt, og eg gler meg dagleg over å spela CD-plater, nye som gamle, medan eg i lengre tid faktisk har spelt mest via Spotify, for å finna ny og spanande musikk. Men lyden frå CD har no heva seg eit godt hakk i høve til kva eg høyrer frå radio, Spotify og anna. Og det er nytt, for eg er van med at lydkvaliteten frå NRK er verkeleg god, og eg frydar meg ofte over den gode lyden frå godt innspelt musikk via NRK. Men no har altså CD-spelaren gjort eit stort sprang framover. Lyden er berre utruleg klår og levande. Merk at eg held LP utanfor. Litt spaning må me ha til seinare!     

 

 

 

 

 

 

 

 

 
Lest 4499 ganger
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen