onsdag, 31 desember 2003 23:00

The Firebird and Prince Igor [SACD/CD]

Skrevet av

På denne plata får me presentert to klassiske stykkje. Det første er 1919-utgåva av Igor Stravinsky sin Eldfugl i seks satsar, og det andre er utdrag frå Prins Igor av Alexander Borodin. Begge stykkja er spelte av Atlanda Symphony Orchestra. På den eine satsen av Prins Igor, Polovtsian Dances, er orkesteret sitt kor med og syng.

 

 

Stravinsky og Borodin er to veldig ulike komponistar. Borodin (1833-1887) er nesten 50 år eldre enn Stravinsky og kalla seg sjølv for ein "søndagskomponist." Han var utdanna lege og jobba fullt med medisin og forsking innan medisin og kjemi. Han var altså ingen veldig produktiv komponist, men han har absolutt greidd å setje spor etter seg. Operaen Prins Igor er spesielt vakker, og temaet i Polovtsian Dances er m.a. nytta av Sissel Kyrkjebø og Warren G. i ein poplåt frå nokre år tilbake. Borodin rakk aldri å bli ferdig med denne operaen, men den er fullført av Rimsky-Korsakov og Glazunov. Dei har gjort eit imponerande arbeid ut frå delvis svært mangelfult materiale.

Stavinsky (1882-1971) er både meir kjend, meir produktiv og meir omdiskutert. Han utvikla seg heile tida og lot seg vansleleg setje i bås. Han gjekk frå postimpresjonisme til nyklassisisme til nyromantikk til serialisme (d.v.s. 12-tonemusikk m.m.). Berre 27 år gamal blei han overtala til å skrive musikken til balletten Eldfuglen. Den blei ein stor suksess og den blei òg Stravinsky sitt internasjonale gjennombrot. Frå start til finale er stykkjet spanande og utfordrande. Det er mellom anna nytta på Disneys Fantasia 2000 og er kanskje Stravinsky sitt vakraste verk.

Atlanta Symphony Orchestra presenterer desse verka akkurat så bra som ein bør forvente.

TMB

Musikk:

-

Lyd:

 

-

Label:

Telarc

 

 

 

Lest 4487 ganger Sist redigert tirsdag, 28 januar 2014 14:39
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.