onsdag, 30 november 2005 23:00

Jamie Cullum – Catching tales [CD]

Skrevet av

Jamie Cullum har klart å vise fleire enn meg at han er ein svært dyktig jazzpianist. Når han i tillegg skriv fengande låtar og arrangement og syng kult, gjer det han til ein av mine favorittartistar for tida. Men sjølv om dei to førre albuma har vore spanande, har eg ikkje heilt følt at Cullum har treft innertiar enno. Klarar han det med sitt nye album, ”Catching tales,” mon tro...?

 

 

Dette er eigentleg Jamie Cullum sitt fjerde album. Men den første plata (”Heard it all before”) er diverre ikkje å oppdrive lengre, og den har aldri vore utgitt i Noreg. Dei fleste av oss kjenner altså berre dei to førre albuma, og dei har eg altså hatt gleda av å omtale her tidlegare.

 

Det eg føler har mangla tidlegare, er ein litt tydelegare (og til tider reinare og enklare) stil frå Cullum. Men sjølv om eg på ingen måte får ønsket mitt oppfylt her, synest eg ”Catching tales” fungerer så absolutt likevel. Eg skal prøve å forklare kvifor.

 

Denne plata er, meir enn dei to førre, ei blanding av pop og jazz. For det første kjennest plata litt todelt, der den første delen er absolutt mest kommersiell og popete, medan siste halvdel av låtane har mest jazzpreg. Dette høyrest kanskje rart ut, men sidan overgongen er litt gradvis, er det ikkje noko ein tenkjer over heile tida.

 

For det andre er nokre av låtane litt delte. Til og med enkelte av dei mest straumlinjeforma låtane får plutseleg ein pianosolo langt uti der. For eit par av låtane blir nokre av overgongane ganske brå og unaturlege. Men heldigvis heng dei fleste låtane godt saman, trass i nokre originale sprang.

 

Musikken på plata spenner altså frå jazz-rap (med samplingar, loopar og offensivt blåsarunderlag som minner mest om ein gammaldags gangsterfilm), Beatlesaktig pop, funk, reggae og jazzballadar til raskare og meir avansert jazz. Me får litt improvisasjonar her og der, men generelt for lite av det. Høyrest dette ut som eit salig virvar? Det gjer kanskje det og det er kanskje det, men av ein eller annan grunn heng denne plata godt saman. Det kjem kanskje av at drivet er godt heile vegen. Ingen av låtane rekk bli kjedelege, uansett tempo. Arrangementa er meir omfattande enn tidlegare. Ein får kjensla av at her er fleire musikarar og fleire andre (digitale) lydar, men alt heng saman. Enkelte vil kanskje kalle plata for overprodusert, men det er ikkje det inntrykket eg sit att med.

 

Og når det gjeld Jamie Cullum sjølv, har han som sagt allereie vist oss at han kan både skrive musikk, spele piano og synge. Med denne plata får han vist oss at han spelar ganske så kult og spenstig på gitar, òg. Cullum har den eigenskapen at han får musikken og spelet sitt til å høyrast enkelt ut, nesten uansett korleis han fyk i veg. Det kan gjere det lett å undervurdere han, men eg trur ikkje eg har gått i den fella.

 

Dette albumet forresten ut i to utgåver: Ei vanleg og ei ”deluxeutgåve” som visstnok skal vere i avgrensa opplag. Spanderer du dei ekstra 40 kronene den eksklusive kostar, får du eit ekstra spor på CD-en (Gerchwin sin ”Fascinating rythm” i typisk Cullum-tolking) og ein DVD med ein del informasjon om innspelinga av denne plata og mykje generelt Cullum-stoff. DVD-en er kanskje ikkje uunnverleg, men eg synest det ekstra sporet er grunn nok for å kjøpe deluxen. Men konsertopptaka på DVD-en fekk meg iallfall til å få enno meir lyst til å sjå denne spretne engelskmannen live. 31. januar 2006 får eg sjansen. Då kjem turnéen til Rockefeller i Oslo.

 

Så var det spørsmålet om innertiar eller ikkje... Kva skal eg seie til det? Njaa... Dette er på ingen måte noko reint jazz-album, men det er kvalitet over musikken og arrangementa, over jazzen, over samspel og improvisasjonar, og albumet heng saman. Det er eigentleg godt gjort å få til akkurat det når så mykje ulik musikk er med.

 

Nokon innertiar er det ikkje, men det er likevel det mest spanande albumet frå Jamie Cullum så langt, sjølv om jazzfaktoren har gått ned...

 

Tor Martin Brekkeflat (TMB), 1. desember 2005

Musikk:

****

Lyd:

****

Label:

Universal

 

Kjøp denne hjå CDON!

Lest 10507 ganger Sist redigert torsdag, 23 januar 2014 10:54
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.