fredag, 28 januar 2005 23:00

Chick Corea and Trondheim jazz orchestra [CD]

Skrevet av

Ta ein stykk internasjonal jazzstjerne, ei karriere full av kjende og ukjende låtar, ein arrangør, eit jazzorkester med utspring frå jazzlina på Konservatoriet i Trondheim og plasser dei på ein jazzfestival på Romsdalskysten ein sommarkveld. Sørg for at konserten blir teken opp, vent så i nesten fem år og gi den så ut på plate. Dette er oppskrifta bak dette albumet, og ingen blir vel overraska viss eg seier at eg gleda meg til å få denne plata i CD-spelaren.

 

 

Chick Corea er ein av verdas mest kjende jazzpianistar, med ei snart 40 år lang aktiv karriere. Han er ein spanande artist, og har tidlegare blitt omtala her. Trondheim jazzorkester er ikkje nødvendigvis mindre spanande. Det består utelukkande av noverande og tidlegare studentar og lærarar ved jazzlina på Musikkonservatoriet i Trondheim (NTNU). Det i seg sjølv borgar for kvalitet. Ser ein nærare på musikarlista, finn ein alt frå gamle travarar som John Pål Inderberg (også tidlegare omtala på audiophile.no) til unge talent som Mathias Eick. Og innimellom dei finn me stort sett halv- og heilkjende utøvande norske jazzistar. Det skulle ikkje vere noko å seie på bemanninga, altså.

 

Orkesteret består totalt av elleve blåsarar, komp (bass, gitar og trommer) + Chick Corea sjølv som solist på piano og elpiano. Me snakkar altså om eit nesten fullt storband med full saksrekkje (fem), tre trompetar, trombone, horn og tuba. Men bandet har altså ei lita overvekt av saksofonar, og det gjer seg òg gjeldande i lydbiletet. Dei utgjer mykje av harmonigrunnlaget her, og saksblokka utmerkjer seg med å vere særleg tydeleg og klar. Den er fast med sterk lead og bass (baryton, altså), og veldig klar i mellomstemmene òg. Det er ikkje noko grums her. Kva tilfellet er for heile bandet saman, skal me kome tilbake til.

 

I tillegg til kompet, er det altså saksofonrekkja som stikk seg fram og ber mykje av harmoniane på plata. All musikken her er jo skrive av Chick Corea på eit eller anna tidspunkt i karriera hans, men alt er nyarrangert for denne konserten av Erlend Skomsvoll. Han har ikkje berre klart å fordele stemmene bra, han har nytolka mykje av materialet, og klart å skape noko nytt ut av materiale som har vore tolka og arrangert for dei fleste orkester og høve allereie.

 

Men Skomsvoll har ikkje akkurat lagt seg på noko enkel line. Låtane skiftar tempo og rytme heile vegen, ein går frå melodi, improvisasjonar, heftige riff (gjerne anten av saksrekkja eller heile orkesteret), utflytande moderne parti, det eg vil kalle pling-plong og tilbake til melodien i ein evig runddans. Låtane har svært ulik stil, og det har Skomsvoll visst å utnytte. Her går me frå balladar til jazz-vals i friskt tempo, friske improvisasjonsdelar i bop-stil, austeuropeisk sigøynar-ompa og nydelege, lange til melodiøse solopianokadensar. Me er så vidt innom atonalitet, fullstendig rytmekollaps, heftige utflytande blokkarangerte riff og new-age-stil, før me endar opp med saftig, swingande salsa/rhumba. Sjølv om stilen skiftar heile vegen, også mange gonger for kvar låt, klarar både arrangør og soloimprovisatorar å heile tida krinse rundt melodien. Det er faktisk godt gjort, og det gjer at me heile tida har ein (tynn) raud tråd i alt kaoset.

 

Men med så mykje omskifteleg, både i stil, rytmar, tempo, kan ein jo spørje seg om dette kanskje kan bli litt i meste laget. Og ja, det kan det. Men det kjem jo litt an på kva ein forventar. Arrangementa er utvilsamt svært gode og gjennomarbeidde, men folk som ikkje i utgangspunktet er overivrige på storbandjazz, kan nok føle at delar av denne plata er litt slitsam. Ein annan ting som må nemnast, er at trass i at me har med svært dyktige og erfarne musikarar å gjere, er det upresis parti her.  Både på spor 3, ”Matrix,” og på spor 5, ”Bud Powell,” har me litt rusk i maskineriet. Tubaen heng litt etter resten av blokka, og heile blåseunderlaget er til tider litt upresist, særleg på dei mest utagerande partia. På den siste av desse, er trompet og barytonsaksofon litt ueinige når dei skal spele melodien unisont.

 

Eg reknar med dette kjem av at orkesteret har hatt avgrensa med tid til å øve saman før konserten. Det er jo forståeleg det for eit slikt prosjekt, men likevel litt skuffande. Dyktige musikarar treng òg å øve saman... For å sitere Corea mellom andre og tredje låt: ”...this project is a very big challenge. (...) Erlend put an amazing number of hours of work into these arrangements. And I don’t know them yet...!” Ja, ja, for meg høyrest det ut som om han er den som har minst problem med notane.

 

Heldigvis er desse problema berre gjeldande for ein liten del av plata. Hovudinntrykket er faktisk at orkester og solist spelar svært presist saman. Som nemnt litt lengre oppe, gjeld dette særleg når saksofonane spelar riffa sine. Og piano, trommer, bass og gitar er som limt saman, så dei treng me ikkje snakke om ein gong.

 

Så kva skal me seie om dette konsertopptaket?

 

Konserten på Moldejazz 2000 blei teken opp av NRK og sendt på P2 sommaren for 4 ½ år sidan. Det er mastertapen her som ligg til grunn for utgivinga, men eg har inga aning om kvifor det først skjedde no. Ein kan jo seie betre seint enn aldri, og for dei av oss som likar spanande, nytolka, krevjande jazz i feite arrangement, er denne plata slett ikkje verst. Solistane er glimrande, musikken er både avansert og god og stemninga både på scena og i salen høyrest ut til å vere veldig høg! Chick Corea er jo sjølvsagt i ein klasse for seg, og klarar å veve spelet sitt (t.d. dei karakteristiske, uendelege løpa) inn absolutt over alt. Han er rett og slett utan sidestykkje, og musikken berre renn ut av han. Måten han trakterer 88 tangentar på, kan ikkje skildrast, mannen må opplevast.

 

Dette er altså ei bra plate, frå ein minneverdig konsert. Den er absolutt ikkje utan feil og den er langt frå easy-listening. Viss ein trur dette blir for slitsamt, blir det garantert det, så då kan ein bruke pengane sine på noko anna. Men viss dette høyrest spanande ut og viss ein synest at jazz gjerne kan vere litt meir avansert enn Frank Sinatra, er det berre å bestille plata med ein gong.

 

 

Tor Martin Brekkeflat (TMB), 29. januar 2005

Musikk:

****

Lyd:

****

Label:

MNJ records

 

Kjøp denne hjå CDON!

Lest 5720 ganger Sist redigert tirsdag, 28 januar 2014 10:44
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.