onsdag, 31 desember 2003 23:00

Benny Waters - Live at the Pawnshop [SACD/CD]

Skrevet av

Har du høyrt om Benny Waters? Denne legenda av ein jazzmusikar har hatt ei imponerande karriere over tre kvart århundre. Han har vore stor frå 1920-talet fram til midten av 1990-talet. Her har me han i eit konsertopptak frå "Stampen" i Stockholm i 1976.

I tidsrommet 1974 til 1995 hadde Waters 13 lengre besøk med turnear i Sverige (og nokre turar innom Noreg), altså frå mannen var 72 til han var 93 år gamal. På opptaket her er Waters 74 år, men det høyrest absolutt ikke slik ut, verken når han syng eller spelar. Og der er spesielt det siste han kan. Han trakterer saksofonar (sopran, alt og tenor) og klarinett på ein måte som kan ta pusten frå dei fleste. Men han spelar likevel alltid melodiøst, han treng ikkje imponere med teknikk (sjølv om den absolutt er der) og han har den spesielle varmen som jazzmusikarar fram til og med 1940-talet hadde i hornet.

På denne konserten i Stockholm, spelar Waters saman med eit band av svenskar. Det gjer absolutt jobben, og det er særleg pianisten Björn Midler det er verd å bite seg merke i. Han var ein av dei største jazzpianistane me hadde i Europa frå 1960-talet og utover. Han døydde diverre berre 50 år gamal i 1985 og det finnest ikkje mange opptak av han. Her utfyller han Waters på ein imponerande måte som gjer at han òg kanskje burde hatt namnet sitt på plateomslaget. Han spelar spelar underlaga så lett at ein nesten ikkje får med seg kor fort det verkeleg går. Og soloane hans er som Waters sine imponerande utan å bli tekniske monster.

Men dette er altså Benny Waters' konsert. Denne ungdomen av ein 74-åring held drivet oppe gjennom heile konserten utan at det på nokon måte blir stressande. Både han og Björn Midler er jazzlegender eg gjerne skulle fått med meg live. Heldigvis fangar dette opptaket stemninga i konsertlokalet slik at eg kan late att augo og late som eg var der...

TMB

Musikk:

*****

Lyd:

*****

Label:

Opus

 

Kjøp denne hos CDON!

 

 

Lest 3666 ganger Sist redigert tirsdag, 28 januar 2014 14:32
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.