onsdag, 31 desember 2003 23:00

Los Angeles Guitar Quartet - Latin [SACD/CD]

Skrevet av

Fire gitarar, 17 spor med latinsk instrumentalmusikk. Skeptisk no? Ikkje ver det, les gjennom omtalen og vurder då om ikkje dette kanskje er meir spanande enn skummelt.

 

 

Los Angeles Guitar Quartet (LAGQ) består av John Dearman, William Kanengiser, Scott Tennant og Anderw York. Me snakkar her om fire meget dyktige og rutinerte gitaristar som kvar for seg har gjort det bra. Dei har og spelt i lag i LAGQ i over 20 år, så dette er ikkje den første plata dei har spelt inn.

Det startar med 'Fragile' av Sting, ei av dei vakraste og mest vevre låtane eg kjenner. Det følest litt rart å høyre denne utan den halvhåse stemma til Sting og i eit slikt arrangement, men det fungerer bra. LAGQ har lagt inn litt soloar med improvisasjon, og dei glir rett inn i stilen og stemninga. Eg synest dei kunne vore enno mindre forsiktige her og gjort meir uta av desse partia. Men eg er meir skuffa over at dei har valt å fade ut låten i staden for å lage ein skikkeleg slutt.

Resten av plata føler eg lever meir opp til tittelen, og består av latinsk musikk frå Spania, Cuba, Sentral- og Sør Amerika. Omlag ein tredel av spora er originalkomposisjonar for gitarkvartett, resten er arrangert av gruppa. Her er alt frå fyrrige Mexicanske og Brasilianske tonar til sarte og vakre naturskildringar frå Cuba. Fem satsar frå Carmen (Bizet) er òg kome med på plata. Kontrastane er store - veldig store. Men gruppa ser ut til å takle alt like bra. Dei er usedvanleg samkøyrde og samstemde, og det er ikkje vanskeleg å tru på at dei har spelt i lag så lenge som dei har. Klangen på plata har fått eit visst polert preg, noko eg synest kanskje er det einaste som blir litt feil med slik musikk, særleg den røffaste og råaste.

Men sjølv om klangbiletet er noko begrensa når alt skal formidlast av fire gitarar, har LAGQ taket på materialet. Eg føler dei får fram stemningane musikken, eg føler at dei er trufaste mot originalkomposisjonane. Nokon ville kanskje seie at det høyrest keisamt og uoriginalt ut, men det er eigentleg litt spanande.

Dette er musikk litt utanfor det eg vanlegvis høyrer på, men det er ikkje dumt å få utvida horisontane sine av og til. Dette er musikk med tempo, driv og temperament, det er musikk med sjel og engasjement. Når eg høyrer på plata, særleg nokre av spora, ser eg det heile føre meg: Eg ser korleis svetten driv av gitaristane der dei sit på fire pinnestolar på eit gatehjørne. Alt er litt skittent, sandete og støvete, sola steiker og eit par dansar lidenskapleg til musikken.

Eg har det kanskje med å leve meg litt for mykje inn i musikk, men dette er musikk det går an å leve seg inn i.

 

TMB

Musikk:

****

Lyd:

*****

Label:

Telarc

 

Kjøp denne hos CDON!

 

 

Lest 4033 ganger Sist redigert tirsdag, 28 januar 2014 14:24
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.