Det byrjar veldig bra, med bass og trommer og etterkvart gitar og piano, men før eg h ar høyrt 16 taktar, har eg nesten sett frukosten i halsen. Oppå den tilbakelente jazzen, legg strykarane seg som på eit dårleg poparrangement for synthesizer og dobblar melodistemma som ligg
| Musikk: | *** |
| Lyd: | **** |
| Label: | Telarc |
| Kjøp denne hos CDON! | |
i piano. Stykarane trekkjer seg så tilbake, og me får nyte verkeleg god tradisjonell jazz, og fengande og swingande improvisasjonar, særleg på piano og gitar. Men der strykarane kjem inn att, føler eg at dei kræsjar med resten av det musikalske biletet. Særleg gjeld dette når dei ligg med flate åttendeler, medan bandet singar.
Plata skal skildre ei reise gjennom svært ulike delar av det store landet Canada. Spora er òg varierte, og mange av dei er vært vakre. Frå roleg jazz, til raskare og beebop-aktig jazz og til veldig avslappa balladar. I arrangementa som er gjorde her, passar stykarane i kammerorkesteret eigentleg berre inn i balladane. Der orkesteret skal spele raskt og henge med på beebopjazzen, blir dei altfor mykje bakpå. Dei kjennest tunge, ein føler at dei sakkar sjølv om dei kanskje ikkje gjer det. For å bøte på det tunge preget strykarane får i denne samanhengen, virkar det som om melodilinene deira er arrangert med innslag av Mozart-aktige krumspring. Dette fungerer i såfall mot si hensikt, for det gjer at dei hamnar enno meir bakpå. Dei stadane der kammerorkesteret spelar synkoperte åttendeler, overdriv dei, og spelar sekstendelssynkopar i staden for åttendelstriol-(swing-)synkopar. Dette høyrest heilt merkeleg ut, og her heng dei ikkje saman med jazzkvartetten i det heile.
Eg likar meg absolutt best når bass, trommer, gitar og piano får fyre i veg med svært swingande beebop åleine. Balladane er fine og avslappa, og kammerorkesteret kjem til sin rett her. Men Oscar Peterson skulle gitt seg med det, og ikkje forsøkt å jazze opp orkesteret. Det fungerer nemleg ikkje, ialllfall ikkje her, diverre.
Kan eg så tilrå denne plata...? Den har absolutt sine gode sider, og då særleg i svært gode improvisasjonar frå kvartetten på jazzlåtane. Særleg bør folk leggje merke til Ulf Wakenius på gitar. Han gjer verkeleg godt inntrykk med gode soloar. Balladane er fine, og sjølv om nokre av dei er litt overarrangerte, er dei enklaste til tider svært vakre. Men så har me nokre mislukka innslag med kammerorkester som trekkjer inntrykket ein god del ned.
Klarer ein å oversjå (eller spole forbi) desse delane, kan dette vere ei fin og variert plate. Men eg skulle så veldig gjerne vore produsent og arrangør her og fått fjerna nokre grove feilsteg.
TMB