mandag, 28 oktober 2019 11:18

HiFi Messen i Horten - hovuddel Spesial

Skrevet av

Førre reportasjen frå Hortenmessa konsentrerte eg meg om Steinway Lyngdorf-anlegget. Her kjem nokre spreidde inntrykk frå andre utstillarar. 

 

 

Hagto Audio

Hjå Hagto Audio på rom 207 og 209 observerte me ein merkeleg høgtaler som kunne minne om ei benkeplate frå Ikea - eller ein nesten massiv kryssfinerboks. Kabinettet er av tjukk kryssfiner, ikkje større enn at det såvidt rommer ein 12-tommars bass, plassert på eine sida, med magneten stikkende ut på andre sida, og ei opning i kabinettet rundt magneten. Sjå biletet, der du ser basselementet på høgre sida, eg har diverre ikkje bilete frå andre sida, det vart vel for trangt eller for lite ljos. Kabinettet vert difor ein mellomting mellom open baffel og bassrefleks. På fronten sit eit meir enn vanleg interessant element: Ein fulltone.

Det er sikkert ikkje enkelt å sy saman utstrålinga frå ein sidemontert bass til ein frontmontert mellomtone/diskant, eg meiner å hugsa at Torry Hægeland sa han hadde lagt delefrekvensen mykje høgare enn du kan hende ville tippa (400Hz, Red.anm.). Kor djupt bassen går i eit slikt lite kabinett, har eg ikkje peiling på (etter ein avgrensa demonstrasjon), men lyden var stor og detaljert!

Det let faktisk veldig godt dette, både samanhengande og detaljert, og heilt utan dei ulempene me normalt høyrer frå fulltonar. Difor kan Torry ta 68000 kroner for eit par, og det er sikkert nokon som finn dette overkommeleg. Det er uansett ein spesiell og vellydande høgtalar, og me ynskjer konstruktøren lukka til. 

 

 

Gjenvinning

I bankettsalen var det mykje artigt i år, med vekt på brukt hifi (og sal av brukte LP-plater). Redaktør Karl Erik og eg laga eit intervju med “Audiodoktoren" som har oppnådd eit samarbeid med kommunen der han bur, får kontainarar tilkøyrt frå returpunktet for elektronikk, og set utstyret i stand for vidaresal. Sjekk denne videoen.

Eg kjøpte sjølv eit Nad PP2 fonosteg for 300 kroner. Røvarkjøp! Denne kosta ein tusing hjå HiFi Klubben. Eg ser forresten at dagens modell heiter PP2e og har fått av/på-knapp. Veldig greit å ha eit fonosteg i reserve. Det er ikkje alle forsterkarar som har inngang for platespelar. Eg har alltid lurt på korleis desse superbillege fonostega frå Nad let. Eg vil samanlikna PP2 med “Communicator” frå Graham Slee, som eg har fått låne av Arve. Og med det innebygde steget i Nad 3020 naturlegvis. Eg har lånt vekk begge fonostega til Dag og er spent på tilbakemeldingane frå han. Han har ei liknande høgtalaroppstilling som meg: Langt frå bakvegg og peikande beint fram. Han høyrer kva som hender.   

 

Jays Hifi & Vinyl

På motsatt side sel Jørgen frå Jays Hifi og Vinyl eksklusivt gamalt utstyr. Jørgen fortel at han og Audiodoktoren deler marknaden mellom seg. Jørgen tek seg av dyrare utstyr. Han kan treffast på tlf 41603211.   Karl Erik forsynte seg med 25 LPar frå eit rikt utval med stort sett strøkne eksemplar av bruktvinyl frå 80-talet, eller der omkring (Red.anm).

Eg har alltid som mål å gå systematisk frå rom til rom og notera. Eg klarte det ikkje i år heller. Tida vert for knapp, ein treff på folk undervegs, eller eg går i hælene på redaktøren eller andre. Då vert det oppstykka. Men eg hugsar JBL L100 Classic frå Harman-rommet. Det let pent! Og nydeleg brosjyre. Fin høgtalar. Kan henda han let betre enn originalen? Den som prøver får sjå. (Og eg er freista til å seia: og den som ikkje har prøvd, kan halda kjeft). 

Eg var sjølvsagt innom fleire rom, men var slapp til å ta bilete, dessutan hadde mange av romma relativt dempa ljossetjing, og då vert ikkje bileta særleg gode. Eg må verta flinkare til å justera inn iPhonen. Eg gidd ikkje dragsa rundt på eit stort spegelreflekskamera lenger. Det er lenge sidan eg tykte eg var jævla tøff når eg sprada rundt med masse greier kring halsen. Eg tenkjer dessutan: Kor spanande kan det verta med ein vanleg integrert forsterkar og eit par relativt små blaff-reflex-høgtalarar, slik det var på mange rom? Ganske, når eg tenkjer meg om. Det er jo slike anlegg dei fleste av oss har. Inklusive meg, sjølv om eg nok byter komponent oftare enn dei fleste, vil eg tippa. Og slike anlegg kan gje magiske resultat, om dei er grannsamt valt ut og klokt sett saman og stilt opp. Messene kan og ofte by på det motsette: Gode og dyre anlegg sett saman på ein måte som gjev eit høgst middelmåtig resultat. Men på ei messe leiter ein vel gjerne etter det litt særmerkte, for å læra noko nytt. Også dette byr messene på. Det var forresten god lyd på Audio Note-rommet, og det er artig at Audio Note held seg til den gamaldagse fasongen på høgtalarane, etter Peter Snell. Eg ville sjølv aldri ha stilt opp eit anlegg på denne måten, men det er ikkje poenget. Over gata høyrde eg litt på PMC-høgtalarar, men dei hadde for mykje diskant for min smak. Utstillarane skulda på rommet.    

 

Karl Erik overtar tastaturet

I denne artikkelen bidrar også jeg, Karl Erik med innhold. Kjappe inntrykk fra rommene til PM Audio, Lydglede, The Stereo Shop, Mono og Mala Audio i de påfølgende avsnitt

 


Arve bryner seg på svart magi fra Sørlandet

 

PM Audio

Første stopp sammen med Arve var hos PM Audio, der AlsyVox og Metronome / Kalista sto for hovedattraksjonen. Paul hadde sørget for å stille med celebre gjester, og to konstruktører var til stede. Vi benyttet selvfølgelig anledningen til et intervju med dem begge.

De magnetostatiske dipolene Magneplan AlsyVox er helt nye i Norge, men jeg har likevel stiftet et bekjentskap med de hos PM Audio under et besøk sist sommer. Etter et nyhetsoppslag om AlsyVox tidligere på sommeren ble nysgjerrigheten pirret såpass at PM Audio måtte avlegges et besøk mens jeg likevel var på de traktene. Og de ga et formidabelt inntrykk.

Denne gangen var det en ny akustikk, og det grandiose inntrykket med en enorm- men presis bass holdt seg. Og også Arve ble imponert, selv om han er «godt gift» fra før…

Daniele Coen, konstruktøren av BOTTICELLI og de andre modellene fra AlsyVox var til stede, og vi hadde fått forhåndsbooket intervju med denne spansk-italieneren.

 

Mesteparten av elektronikken som var spent foran AlsyVox BOTTICELLI kom fra Metronome og Kalista. Også her hadde vi en avtale om intervju med sjefsdesigner Jean Marie Clauzel.

 

Lydglede

Med fare for å ramle pladask oppi ordspillgryta får navnet til nystartede Lydglede dobbel betydning. For hva er vel mer gledelig enn at noen starter et helt nytt selskap i disse tøffe tidene i lydbransjen.

Men selv om selskapet er nytt, er porteføljen gamle travere. Det er selvfølgelig Primare som er hovedattraksjonen i selskapet, og de som står bak lydglede har god fartstid med denne svenske produsenten. Lydglede hadde alliert seg med en representant fra toppledelsen hos Primare, og jeg fikk en hyggelig og interessant prat.

In-akustik er et annet agentur Lydglede har sikret seg. Kabler med litt spesiell designfilosofi.

Stoic er et annet produkt hos Lydglede, og består av vegghengte hyller og gulvstående baser som skal dempe vibrasjoner. Vi får tro det sørger for stoisk ro… (der falt jeg i hvert fall pladask oppi gryta)

Og sammen med Genelec, som for øvrig hadde sin egen stand på messen har de et godt startsortiment. De vil i denne omgang ikke ha noe utsalgssted, men satse fullt på nettsalg. Audiophile.no ønsker Lydglede lykke til!

 

The Stereo Shop

Dette er forretningen til Tom Bach, mannen som sto for den imponerende HiFi-delen av guttemessen Menn & Ting i Larvik sist vår. Den gang stiftet vi bekjentskap med både Per Magh i Harman, og de flotte JBL L100 Classic, og elektronikken fra Mark Levinson og Arcam. De var til stede her også, og L100 Classic ble bekreftet som svært interessante høyttalere, selv om de ikke hadde all verdens vilkår i det trange messerommet i Horten. Vi gjorde et par forsøk på et videointervju med Per Magh, men siden verken teknikken eller støyforholdene var på vår side må vi ha det til gode til neste korsvei.

 

 

Mono

Mono hadde et litt lite rom denne gangen, men desto større nyheter. Simen kunne stolt presentere den rykende ferske Olymica Nova serien til Sonus Faber. Denne serien har utvidet spekteret i forhold til den gamle serien. Fire ulike modeller, hvorav den minste er en stativhøyttaler. Og Simen uttrykte stor entusiasme for 2ern, en modell til 90.000,-, som i praksis ikke blir så mye dyrere enn Olympica Nova I, hvis du skal ha med originalstativer til sistnevnte.

Et lovende førsteinntrykk i et messerom med store begrensninger gjør at vi har høye forventninger når vi senere får mulighet for en grundigere presentasjon under litt bedre forhold.

 

Mala Audio

Mala Audio hadde et rom der de fokuserte på stativhøyttaleren Harbeth C7ES-3 40th Anniversary til 41.500, sammen med elektronikk fra Exposure i moderate prisklasser. Det lød uforskammet bra prisen tatt i betraktning.

Mala har ellers kapret HiFi-veteranen Halvard Rostad fra Norsk HiFi Senter. De startet ny butikk i Asker rett etter messen, og Audiophile.no ønsker Mala Audio lykke til.

 

Lest 6259 ganger Sist redigert mandag, 28 oktober 2019 13:21
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.