fredag, 06 oktober 2023 18:25

Hortenmessa 2023 – inntrykk frå tre Audiophile herrar. Del 1 – Stig Arne sine inntrykk Spesial

Skrevet av

Årets Hortenmesse var kanskje ikkje den med best deltaking av utstellarar, men publikumstalet var likevel bra. Og på same måte som i fjor var vi tre audiofile herrar som vitja messa, etter ei solid oppvarmingsrunde på austsida av fjorden – i Fredrikstad. Og som i fjor deler vi opp inntrykka frå dei same tre herrene, og Stig Arne er fyrst ut.

Del 1 – Stig Arne sine inntrykk

Redaktør Karl Erik, Arve og meg kom til Horten laurdag rett før lunsj, og hadde slik sett avgrensa tid til rådvelde, sidan me måtte reisa sundag ettermiddag tidleg nok til å rekka diverse transport heim att. Me raste frå rom til rom, stundom i lag, stundom kvar for oss. Det var god lyd å høyre mange stader, og færre stader der lyden ikkje fall i smak. 

HiFi Klubben

HiFi Klubben heldt som vanleg til i den store Fjordsalen A, direkte andsynes resepsjonen, so det fall seg naturleg å starta der, i år som i fjor. Dei starta demoen kvar time, og Fredrik Berge informerte oss om at det var lurt å koma litt tidlegare for sitjeplass. Her kunne me sjå at -Klubben sin nye råkkehøgtalar Vestlyd 15C har kome i ein meir stove-venleg versjon, ein eike-imitasjon (?) i vinyl, til same pris som den gamle, kring 20.000. Eg har omtala denne tidlegare. 

Ein annan høgtalar vart demonstrert denne gongen, Mofi Sourcepoint 10, eit iaugnefallande kabinett med originalt fasettert front og midtplassert koaksialelement på 10 tommar. Han veg 21 kg og vil kostar kring 58.000kr. Stor lyd og voldsam dynamikk, mykje meir enn ein kunne tru ein 10” kunne klare i eit stort rom. Bassen var utruleg presis, kan det symmetriske kabinettet vera medverkande? Ikkje berre er dette eit koaksialt element der all lyd - inklusive diskanten - kjem ut frå same punktet i same elementet, men to bassportar på baksida av kabinettet var plassert symmetrisk over og under elementet. Normalt vil ein helst unngå å plassere elementet midt i kabinettet, sidan refleksjonane summerer seg opp der. Uansett særs imponerande og ganske morosamt, men lyden hella svakt mot det “kjølige”. Det gjorde ikkje den store Dali-høgtalaren til venstre på biletet, som let balansert og musikalsk, og med djupare bass, men med sine mange element ikkje like presis. Mofi er, som du mistenkte, plateselskapet Mobile Fidelity, og høgtalaren er konstruert av den etter kvart vidgjetne Andrew Jones (TAD, Elac osb.)

Mala Audio

Me var ein snartur inom Mala Audio, og konstaterte særs god lyd frå eit par smale og høge elektrostatar. Ikkje ofte ein ser slike. Biletet syner klart at dei er gjennomskinlege. Eg måtte ringa Mala Audio for meir info, og han ligg på sidene deira på nettet, under høgtalarar. Modellen er Popori WR1.23; den ungarske Otto Popori starta verksemda i 1996 etter å ha lært av å vøla (reparera) andre sine elektrostatar i ei årrekkje. Modellen kostar 749.000, og det har eg ikkje råd til med det fyrste, men eg burde brukt meir tid her ja. 

The Stereo Shop / Bachs HiFi

Hjå The Stereo Shop (Larvik) var det mykje artig å sjå. Eit par JBL L100 spelte fint i lag med ein JBL forsterkar, SA 750 til 49.500kr. Ein rimelegare versjon SA 550 kan kjøpast for 25.000. Ein JBL CD-spelar CD 350 til 11.500kr og platespelaren TT 350 til 11.500 kr var også å sjå, dei har eg aldri sett før. Stilige ting til akseptable (?) prisar! 

Perlisten

Perlisten (Audio Centeret) vart skipa i 2016 ikkje av Per, men Lars Johansen, og tyder “Perceptual Listening”. Dei har ei imponerande rekkje subbar og høgtalarar for innbygging. Grunnen til at eg nemner dette, eit område eg eigentleg ikkje har peiling på, er at ein Perlisten sub spelte veldig pent saman med JBL Studio 6 In-wall.  

Totem Acoustics

Me var inom eit rom der ei farga dame demonstrerte eit par kvite høgtalarar eg ikkje kan hugsa å ha sett før, men det spelte godt! Det skjønte eg ingenting av, for dei var små, med to verkeleg små bassar per side under diskantelementet. Høgtalarane er svakt pyramideforma og syner seg å vera modellen Tribe Tower frå Totem Acoustics; har eg funne ut i etterkant. Bassane er berre 4”, men direktekopla til forsterkaren, dvs utan deling. Berre diskantelementet er verna med eit 6dB pr. oktav filter, dvs ein kondensator, pluss muligens eit par motstandar til demping av nivået. Eg trur dette er viktig, og ganske bestemmande for lyden. Dei danske Vestlyd-høgtalarane, som eg har omtala fleire gonger, er og direktekopla, og dette gjev ein uvanleg kontant og klår bass og mellomtone. Høgtalarar flest har ein spole i serie med bassen for avskjæring oppover, avdi dette ofte er ynskjeleg, men alle spolar, uansett kvalitet har ein viss motstand, og dette ser ut til å gå meir ut over lyden enn eg var klar over. For både Totem og Vestlyd har ein kontant og direkte type lyd som ligg ein heil klasse over det eg er van med å høyra. Eg trur me sjølvbyggjarar - og andre juksarar i faget - gjer lurt i å notara oss dette! Evt. kan spolen i eksisterande høgtalarar bytast ut til typar med lågare motstand. Det er sikkert ikkje alltid produsentane har teke seg råd til dei beste spolane, som nok er den dyraste komponenten i delefilteret.   

daCapo

Hjå daCapo, der Jørgen og Jarek regjerte, spelte Usher 802 i det store rommet. I det tilgrensande mindre rommet spelte ein annan modell med Yamaha elektronikk og platespelar, med ZYX Blue pickup. Det står meg at dei store Usher generelt spelar veldig balansert. Ingen imponatoreffektar, berre ikkje- trøyttande lyd og musikk for det lange løp. God vin Jarek, tusen takk!  

Acoustic Tuning - Dan D`agostino / Estelon

Frå denne seansen har eg ingen notatar, men det var heller ikke turvande, for opplevinga var minneverdig. Eg konserntrerte meg heller om lyttinga. Eit par ganske store Estelon høgtalarar forma som underjordiske kalksøyler raga ganske høgt på eit podium/scene, med svære D´agostini forsterkarar mellom seg. Mellom anna vart klassisk musikk spelt, og paukeslaga kom gjennom som om eg skulle vore på konsert. Imponerande. Kraftig, kontant og kontrollert (lukka kabinett med to basselement pr kabinett). Mellomtonen var, som med Mofi, svakt mot det kjølige. 

 

Akustisk Bureau - Rogers LS3/5A - Rogers amp A20 

På Bryggen, på andre sida av vegen, demonstrerte Olav Flugsrud (Akustisk Bureau) eit sett Rogers LS3/5A med subbar - på den eine sida i alle fall - som spelte aldeles nydeleg, balansert, detaljert og ope, slik ein LS3 både kan og skal låte. Rune forklarar at røyrforsterkaren A20 har ein utgangsimpedans som er perfekt tilpassa LS3 (15 Ohm versjon), slik at han kan spela høgare enn elles. Eg fekk lov å skru litt opp, og det gjekk bra.   

Mono AS - Klipsch Cornwall og Audio Research

Nei, eg har ikkje gøymt det beste til slutt, men i fleire år har diverse store Klipsch-høgtalarar frå Heritage-serien spelt veldig fint, balansert, samanhengande, ope og detaljert. Denne gongen var det dei ganske store modellane Cornwall som spelte frå kvar sitt hjørne i eit rom, ganske nær bakvegg og vinkla inn, ei oppstilling eg sjølv ikkje kunne drøymt om å bruka, men må eg verkeleg gje meg på det? For dette let heilt usannsynleg stort og flott, drive av separat forforsterkar og effektforsterkar frå AR.   

Re:Elektro

Merk dekan namnet. Hifi-reparatørar er ein utdøyande rase, “min eigen” og trufaste Ones er kloss i pensjonsalder. Re:Elektro har bruktbutikk i Arnkvernvegen 169, 2320 Furnes, og er ein av fleire aktørar i krinslaupsparken i samarbeid med Hamar Kommune, ombrukskonseptet Resirkula. Og endå betre: dei vøler. Du kan levera eller senda hifi til reparasjon, og prisen er ikkje ublu, kr 750 pr time pluss deler mm. Eg snakka med Rune Mo på messa, han, Asbjørn og Biao står for reparasjonane. Du MÅ sjekka dei på nettet og ikkje minst fjesboksida. No ser eg ljosare på framtida. Du vil høyra meir frå oss.

 

FINALE

Det er kjekt å vera på messe, men eit ork å skriva om det. Mykje info må på plass, og det tek tid. Men samstundes finn me ny og interessant info på nettet, som t.d. om Re:Elektro. Uvurderleg. Og ikkje minst gjennom hyggjelege personlege samtalar med besøkjande og gjengangarar på sjølve messa. Me talast vonaleg til neste år og! Stor takk til Terje og Jørgen og alle andre hardt arbeidende krefter bak dette flotte arrangementet.      

 

Les og Del 2 - Arve sine inntrykk   
L
es og Del 3 - Karl Erik sine inntrykk

 

Lest 2740 ganger Sist redigert søndag, 08 oktober 2023 18:24
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.