lørdag, 08 oktober 2022 13:55

Hortenmessa 2022 – inntrykk frå tre audiophile herrar Spesial

Skrevet av

Messerapporten kjem litt seint i år. Men den kjem godt, og har separate inntrykk frå Stig Arne, Arve og Karl Erik. Og så framføres rapporten på minst to ulike målformer.

Del 1 - Stig Arne sitt ferdaminne

Som redaktøren gjorde merksam på alt 2 dagar FØR messa, stilte me i år med fullt lag, dvs. han, Arve og meg. Det er eigentleg ikkje fullt lag, men det er no uansett me gamle travarane som er dei hyppigaste besøkjande. Men lat meg fyrst fortelja litt om reisa og turen innom redaktør Karl Erik i furtebua hans i Fredrikstad, eit fint gamalt sørlandshus med stor stove og masse hifi.  

Horten t/r - ferdaminne

Turen over fjellet til Oslo er lang, men går fort, berre 5 timar frå Voss med tog. Det brukar vera god stemning i restaurantvogna på kveldstid, men sidan dette var ein vanleg vekedag og dagtid, var det ingen grunn til å henga der, so medbrakt mat og drikke vart konsumert på tilvist plass. Det vert jo òg billegare.  

Etter framkome i Oslo i 3-tida (torsdag) vart eg henta av Karl Erik med bil. Han baud på ein svipptur innom Sveariket for litt Harry-handel. Ypparleg, so kan eg skryte av å ha vore i utlandet i år òg. Det var ferien dette året. Resultatet innom Systembolaget kan du lesa om i Ølspalta seinare ei gong.  

Hifi

Det synte seg at skribentkollega Håkon Rognlien (Audio og fidelity) budde på naborommet, so eg inviterte han inn på rommet for ein øl og ein prat. Me har kjent kvarandre lenge, og Håkon fortalde dei utrulegaste historier om gamle travarar i bransjen. Slapp av, det var ein utlending me snakka om. Og Karl Erik var ute. 

Etter kvart måtte me koma oss i arbeid, dagen går fort. Eg går meg vill på sjølv dei enklaste hotell, og messehotellet er reine labyrinten. Under ein redaksjonell pause sa eg som sant var at det ikkje var så mange rom eg hadde rukke over, so eg ante ikkje korleis eg skulle gripe reportasjen an. Ein slags plan vart godteken, der eg lagar ein heilskapleg messerapport, medan dei andre rapporterer meir spesifikt frå dei ulike romma. Noko har eg å koma med, likevel, eg rakk eit par utstillarar sundag før lunsj, i siste liten, før me måtte snu nasen heimover.

Vestlyd

Messa stengde klokka 7 laurdagen, og etterpå hadde me ein invitasjon til HiFi Klubben for spesielt inviterte. Demoen starta med ein presentasjon av eit par høgtalarar eg aldri har sett maken til med unntak av Tannoy, ein 15” koaksial i eit kabinett forkledd som  PA-høgtalar. Presentøren hadde heller lite info om denne nyskapinga, anna enn at han er utvikla hjå Argon-folka vest i Danmark, derav namnet Vestlyd. Intet bilete finst av sjølve elementet si bakside, som hadde fortalt mykje om magnetsystemet, og korleis det koaksialt plasserte mellomtone/diskantelementet er realisert. Men på Klubben sine nettsider finn me litt info, som at frontplata er 31mm tjukk, og vekta 34 kg. Ikkje ille. Delefrekvensen er låge 1100 Hz, og nedre grensefrekvens 36 Hz -6dB. Han kostar kring 20.000 kr, og ein litt mindre versjon med 12” bass 14.000. Denne høyrde me ikkje. Høgtalarane er tiltenkt eit yngre publikum, dei som elles hadde kjøpt Cerwin Vega og denslags. Om PA-utsjånaden er lokkemat eller om han verkeleg er tilpassa PA-bruk òg veit me ikkje, men etter demonstrasjonen å døma kan han med stort hell nyttast til enklare PA-bruk. Diskantelementet slår seg automatisk av ved overoppheting, og på att etter nedkjøling. Fornuftig, sidan du elles måtte ha kjøpt nytt heile elementet, ikkje berre diskanten, om han rauk.   

Kraftig Hegel-forsterkeri (to nye mono-blokker H30A) sende korte stykkjer av variert musikk, fyrst elektronika med tung diskobass, og høgtalarane svarte med ein presisjon og eit volum i bassen du normalt berre høyrer på konsert eller nattklubb. Eg har høyrt det før: Ein singel 15-tommar klarar meir enn ein palle med 6,5-tommarar. Like besnærande var framhaldet til mellomtone og diskant. Denne var samanhengande og sivilisert, utan betoningar. Høgst uvanleg. Sjølv klassisk musikk let naturleg. Det er noko eige med enkle tovegs-høgtalarar. Dei har betre samanheng. Andre høgtalarar vart kopla opp etter dette, men det vart aldri det same. Det sit langt inne for ein audiofil å anbefala noko som dette, men eg vil gjerne, før eller seinare, få prøve ut desse bråkebøttene (95dB) heime.

Klipsch

Hjå Mono kunne ein integrert forsterkar frå Audio Research koplast til både dei store Klipsch Forte, og den mindre og rimelegare Heresy, begge frå Vintage-serien. Båe har same eller liknande element, dvs. 12” bass, og mellomtone og diskant med horn. Skilnaden er (eller var) at Heresy-kabinettet er lukka, medan den større Forte har ein 15” slave (passiv resonnator, grovt sett likt eit bassreflekssystem) på baksida. Den minste Heresy var kopla til då eg kom inn i rommet, og det let himmelsk. Tonalt innsmigrande, med ein stor naturleg lyd og mykje atmosfære. Mykje av den “feite” lyden er naturlegvis grunna plasseringa, nær golv og kloss i bakvegg. Begge høgtalarane har ein stutt fot innebygd, som samstundes vinklar høgtalarane ein tanke bakover  sidan dei står so nær golvet. Øyrene er høgare oppe enn knea.  

Etter forslag frå publikum vart Forte kopla til (att), dei har ein liknande lyd og frekvensgang, men bassen var på langt nær so rask og kontant som den mindre Heresy. Bassen frå den store slaven hadde tydeleg etterslep, og bassgitaren starta og stogga som ein full sjømann. Denne høgtalaren bør IKKJE stå nær bakvegg. Då bør du velja Heresy. Skal høgtalarane stå friare plassert i ei stor stove, slik eg har det, kan Heresy muligens verta for slank, medan Forte kjem til sin rett med fyldigare bass. Det gjeld å velja med forstand. Uansett, eit par kompisar frå Bergen meinte dette var den beste lyden på messa. 

PS. Eg var ikkje klar over at denne siste versjonen av Heresy hadde fått bassrefleksopning. Fram til no har dei hatt lukka kabinett, so eg leitte aldri etter ein eventuell opning i kabinettet (han er på baksida). Eg skulle gjerne sett at Heresy hadde helde fram som lukka høgtalar, sidan det ikkje er mange att av dei no, og sidan dei etter mi røynsle normalt gjev ein tydeleg raskare og meir rytmisk presis bass. Kva er rytmisk musikk utan rytme? Det er ikkje alt som har vorte betre med åra. Fleire av Klipsch sine modellar har no kabinett av sponplate, mot tidlegare kryssfiner. 

Det spelte fint på fleire andre rom òg. Mange av dei kommenterte eg i fjor, og Karl Erik og Arve vil sikkert skrive om dei i år, so eg gjev meg der. Messa var godt besøkt i fylgje Terje Nilsen, truleg rekord. Muligens ein eller to færre utstillarar i år. Neste messe er HIFI EXPO alt 14. - 15. oktober på Aker Brygge, og det er muligens endå ei messe på gang. So får me sjå kor mange messer det er plass til, og om bransjen evner å samarbeida i staden for å konkurrera ut kvarandre. Det tener ingen på. 

 

Del 2 – Arve sine inntrykk

Sallingboe audio: Dansk singel-ended rørforsterkarsett med hornhøgtalarar

Kombinasjonen singelend – horn går aldri av moten, truleg på grunn av dei dynamiske eigenskapane som alltid er til stades på slikt utstyr. Slik var det også her. Effektforsterkarane var nokre store beist, handbygde, slik at dei var speglvende. Slikt gjev ein seg sjeldan tid til når ting skal masseproduserast. Elles var oppsettet supplert med ein av dei verkelege klassikarane av platespelarar.

Danley PA-anlegg.

Eit publikumadressert anlegg vi aldri verte kåra til “beste lyd” av eit audiofilt publikum, men har må vi driste oss til å kåre messa sin feitaste lyd. 

Dette PA-anlegget er ikkje som andre PA-anlegg. Danley hadde nemleg kombinert sin hardtslåande natur med audiofile kvalitetar innan klang og frekvensgang. Og dette var attgjeving som varma hjartet til ein gammal rockebassist. For å understreke alvoret hadde Danley endåtil gjeve ein av høgtalarseriane sine namnet “Jerico”, tydelegvis for å vekke assosiasjonar til å rive murar..... Sjølv om eg mistenkjer importørane for å ikkje ta ut meir enn nokre få prosent av slagkrafta, var det heilt tydeleg så mykje gøyfaktor å gå på at sjølv eit lite hotellrom kunne opplevast som ein arena. Og det utan at du må gje slepp på dine audiofile ambisjonar innan oppløysning og frekvensgong. Sjølvsagt kostar slike kvalitetar, så her må du rekne med å hamne på nordsida av 200 kilokroner for full pakke.

 

Distributøren held til i Rådal, og har det talande namnet Arena Akustikk DA, slik at vi får ein peikepinne om ambisjonsnivået. Men det er altså det mest engasjerande PA-anlegg eg til no har høyrt, og har altså så naturleg lydattgjeving som du kan tenkje deg, så du kan trygt samanlikne det med svære heimehøgtalarar. Så eg kjende det rykka litt i rockebeinet, og eg fekk lyst å gjere comeback. Eigentleg kunne eg godt tenkje meg eit slikt oppsett ut frå dei musikalske engenskapane til Danley, men må innrømme at det vert ei utfordring å få eit slikt anlegg til å passe saman med stoveinteriøret elles. 

Mala Audio

Jørn Kviserud har i samarbeid med Mala audio utvikla ein flott høgtalar som er ein fin erstatning for Tannoy, og ein verdig utfordrar til JBL sine meir ambisiøse modellar. Det er ein ganske stor sak, som spelar med svært naturleg dynamikk. Dette er Ø, som ikkje hadde noko problem med å fylle den store salen med godlyd. 

Audiosenteret

Audiosenteret hadde med seg jubileumsutgåva frå JBL, som eg har lyst til å prøve, spesielt etter at det var sterk fokus på dynamisk slagkraft så mange stadar på messa. Men dei hadde også rigga nokre innbyggingshøgtalarar slik at desse kunne opplevast. Det har synt seg at mange er interesserte i å bygge høgtalarane inn i veggane. Dette har mange føremoner. Du slepp å bruke plass på dei, ettersom dei er designa med tanke på å vere i veggen. Vidare sparer du kabinett, med dei reduksjonane i pris. Fraktkostnadane og miljøbelastninga vert også mindre. Ulempa er å treffe akkurat når du bestemmer plasseringa av lyttesone og anlegg. 

Audioagenten

Audioagenten hadde fått eit rom som mange gongar har synt seg å vere ei utfordring for dei som skal lage godlyd på hifimesse. Det var likevel mange fine komponentar å sjå.

Bach HiFi

Bach hifi/The Stereo Shop hadde med seg dei nye øyretelefonane til Mark Levinson. Dette firmaet har flytta seg mange gonger, og er no eigd av mobilgiganten Samsung, som har dytta inn sin aller likaste teknologi i øyretelefonane med den legendariske logoen til high end-produsenten. Definitivt beste trådlause øyretelefon eg har prøvd, og det hadde vore interessant å samanlikne dei med dei meir stadbundne referanseøyretelefonane til Stax. Dyrt, men fantastisk.

 

Del 3 – Karl Erik sine inntrykk

Avslutningsvis presenteres Karl Erik sine inntrykk, som delvis overlapper med enkelte av inntrykkene til Arve og Stig Arne. Og så benyttes anledningen til å hoppe over fra nynorsk til bokmål.

Audiocompaniet

Første stopp var et gledelig gjensyn med Audiocompaniet. Da jeg var innom ble det spilt på et sett Martin Logan elektrostater, drevet av elektronikk fra Copland. Og det låt usedvanlig transparent, og med god dynamikk da Kari Bremnes bød på Elsker i Berlin.

Minst like interessant for oss med et snev av nostalgisk legning var et par Rogers LS3/5A, og annet utstyr rundt disse klassiske BBC-monitorene. Vi snakker da om en oppgradert versjon av rørforsterkeren E20A, og et par spesialkonstruerte subwoofere som samtidig fungerer som stand til LS3/5A.

Den integrerte rørforsterkeren E20A/II skrev vi om da den ble lansert i begynnelsen av 2021. Den nylig oppgraderte versjonen av forsterkeren. E20A/ii bygger fremdeles på den gamle kretsen til E20A og et Push-Pull 6L6 design. Men den nye versjonen har et oppdatert kretsdesign, og opererer fremdeles i ren klasse A. Rogers har også denne gangen gått til Audio Note for utvikling av den nye modellen.

De nyutviklede subwooferne har benevnelsen Rogers AB3a, og er et aktivt stereo subwoofersystem som er utviklet spesielt for LS3/5A. Dette er ekstra spennende siden den klassiske innvendingen mot disse BBC-monitorene har vært at de ruller av i høyeste laget for mange.

The Stereo Shop

Denne Larvik-baserte aktøren stilte opp med elektronikk fra Mark Levinson, og det låt veldig bra sammen med Revel sitt nye flaggskip Revel Performa F328Be. Det er en høyttaler som tilsynelatende har stort slektskap med de mindre modellene i BE-serien, men det aller meste er nytt. Bare mellomtonen er hentet fra de mindre modellene.

The Stereo Shop hadde også en stand i vestibyleområdet, og der fikk jeg en prøvelytt av de spennende nye hodetelefonene Mark Levinson № 5909. Dette er trådløse modeller med ANC støykansellering, men de kan også benyttes kablet med muligheter for enda bedre lyd. Den korte prøvelytten var såpass lovende at vi trolig kommer tilbake med en grundig test etter hvert.

Nordic Sound Design

I naborommet til The Stereo Shop spilte Nordic Sound Design på elektronikk fra BAT – Balanced Audio Technology. Forsterkeren drev et par interessante og ganske kompakte stativhøyttalere, som spilte overraskende stort på en låt av Maria Mena i forhold til størrelsen på høyttalerne. Navnet er Neat Acoustics MAJISTRA. Disse var rigget opp på et sett Solidsteel SS6 Høyttalerstativ.

 

Det er ellers interessant å merke seg at utstilleren valgte å spille på forsterker til mange ganger prisen av høyttalerne. Noen ganger er det et interessant valg.

Saxx

SAXX holder til i Sverige, og hadde tatt med seg et veldig spennende høyttalerpar fra Totem Acoustics. Totem Tribe Tower spilte utrolig heftig, til tross for et uhyre slankt design med små drivere. Disse spesielle smaltårnene ble drevet at Primaluna rørforsterker. Disse høyttalerne regner meg at det blir et gjenhør med en eller annen gang.

SAXX hadde ellers med seg elektronikk fra Peachtree.

Sigberg Audio

Sigberg Audio er en spennende norsk produsent, og for et års tid siden testet Arve et oppsett med SBS.1 aktive høyttalere sammen med en Incognito 10 subwoofer. I år var det et høyttalerprosjekt under utvikling med navnet Manta det ble spilt på da jeg var innom, og dette er åpenbart et spennende prosjekt. En driver til mellomtone / mellombass med en størrelse som andre produsenter kunne tenke seg å benytte i en subwoofer var høypassfiltrert ved 90Hz. Sigberg Audio sitt argument for dette er at det gir ideelle arbeidsforhold i mellombassen, og en subwoofer er selvfølgelig en nødvendig del av oppsettet. Konstruksjonen som Sigberg Audio regnet med skal være klar for markedet til sommeren har ellers en uvanlig konstruksjon med ventilering både i front og sider.

I starten av den perioden jeg var inne på Sigberg Audio sitt rom ble det spilt noe litt halvtung og groggy rock som ikke helt var mitt førstevalg, og jeg syns heller ikke det låt så veldig bra. Sånn blir det når man insisterer på å ikke spille Kari Bremnes… Og så ble det en åpenbaring da The Curse med Agnes Obel ble satt på – det låt helt magisk.

Sigberg Audio har ellers nettopp lansert en ny Antimode X2, en spennende kombinert romkorreksjon, DAC og forforsterker til 6.495,-.

PM Audio

Paul Mortensen i PM Audio stilte med et par ukonvensjonelle Krix-høyttalere da jeg var innom. Vi er vant med at Krix sine Equinox låter fantastisk til prisen, som de gjorde da vi testet Krix MK4 for et lite år siden. Nå har det kommet en etterfølger i form av MK5, men de som spilte da jeg var innom var Krix Esoterix Altum. De har en veldig spesiell hornmating i form av en utenpålagt Waveguide.

Andervik Audio

Også Andervik Audio hadde valgt å spille på stativhøyttalere da jeg var innom i årets messe. Respons Audio sine Ratio Auream spilte veldig bra, og med et spesielt godt perspektiv på låten Japanese Roots av TakéDaké.

Elektronikken var fra Mola Mola

Big Dipper

Stig Arne skrev om inntrykk fra Mono sitt rom, og jeg skal ikke utdype det mer. Men vi fikk en liten overraskelse da vi oppdaget at Simen Bjerkestrand som for kort tid siden har flyttet på seg fra Mono til Big Dipper hadde rigget opp en liten Big Dipper-avdeling inne på Mono sitt rom. Dette fikk oss til å bli nysgjerrig på om det er noe formalisert samarbeid mellom mellom disse to aktørene, men vi fikk opplyst at dette hadde mest praktiske begrunnelser.

Derimot er det et veldig interessant forhold at Big Dipper nå satser stort på HiFi i sin platebutikk, og vi fikk en lengre prat med både Simen og Andreas om dette. Det er åpenbart en veldig interessant tilnærming, i en tid der HiFi har stadig mer krevende kår, mens det i en del år har vært en åpenbar oppblomstring for vinyl også blant ungdom. Og Simen sin inntreden er et ledd i en sterkt utvidet satsing på HiFi hos Big Dipper. De satser på produkter fra et bredt spekter av importører.

VI har avtalt å lage en litt utdypende artikkel om den nye forsterkede HiFi-satsingen til Big Dipper etter et butikkbesøk i løpet av høsten. Det er ellers registrert at Big Dipper har lyktes i å innhente Michael Fremer til et platespilerseminar den 15. og 16 oktober.

Andreas og Simen i Big Dipper

DaCapo

En hyggelig tur innom Jørgen i daCapo avslørte at han hadde rigget opp Usher ML-801. Dette er et sett med tunge gulvhøyttalere som vi hadde en utprøving av i en femtimers seanse i vår, med medbragt spilleliste hos daCapo Audio en lørdag. Elektronikken var fra Ear, og da jeg var innom midt på dagen var det Steady av Terje Rypdal og The Chasers som spilte. Enda bedre låt det da Joni Mitchell vartet opp med en Live-versjon av Woodstock.

Vi ble også invitert innom rundt midnatt, og da var det en håndfull tilhørere som hadde funnet plass som tilhørere til et flott utvalg av vinylutgivelser. For meg ble høydepunktet da livealbumet Return to Forever Returns ble spilt.

Sallingboe Audio

Dan Sallingboe i Sallignboe Audio er en dansk aktør vi i Audiophile.no har hatt en spesiell oppmerksomhet mot, og det var hyggelig å treffe Dan «in person».

Sallingboe spilte på et par LALS høyttalere med dikanthorn, og danskproduserte forsterkere for- og effektforsterkere.

Se ellers Arve sine inntryk fra Sallingboe Audio

HiFi Klubben

I forkant av messa fikk vi en invitasjon til et lukket pressearrangement kl. 19.00 lørdag, og det fortalte oss at det i år var noe veldig spesielt på gang. Akkurat hva det var visste vi ikke, for i HiFi Klubben sitt sortiment er det for tiden mange nyheter. Både Denon sin nye generasjon med AV-receivere og B&W sin tredje generasjon av 700-serien.

Vestlyd

Så viste det seg at den aller største nyheten var noe vi overhodet ikke hadde sett komme. Et helt nytt høyttalermerke utviklet av HiFI Klubben selv. Det vil si av et nytt selskap eid av HFK. Vestlyd er relatert til klubben sin in-house produsent Argon Audio, som allerede har vært i aktivitet et drøyt tiår, og som er velkjent for å levere god kvalitet til lav pris.

Vestlyd har allerede klar to modeller til hhv 20 og 14 tusenlapper, og ingen av dem er plagsomt pinglete. Den største modellen Vestlyd V15C har en 15-tommer med diskanten i senter, et grep som ellers er kjent fra Dual Concentric-modeller. Og så får du ingen premie for å gjette størrelsen på driveren i Vestlyd V12C.

Nå har Stig Arne allerede avslørt sine førsteinntrykk lenger oppe, og mine inntrykk går veldig mye i samme retning som hans. Jeg skal ikke påstå at dette var Hortenmessa sin beste lyd, men for meg var det definitiv den morsomste.

Det ble spilt på mye basstung rock, og Boris Blank sin Electrified utgjorde det kritiske førsteinntrykket. Dette ble etter fulgt av diverse musikk av Dabeull & Holybrune, André Cluytens & Orchestra Sinfonica RAI Di Torino, Sevdaliza og Infected Mushroom., og alt dette funket veldig bra på disse lettdrevne høyttalerne med en følsomhet på 95dB. Og selv om dette er høyttalere som har et ganske sterkt PA-look, med assosiasjoner som ikke er helt fjernt fra HiFI Klubben sitt gamle merke Cervin Vega, er dette definitivt høyttalere som kan mer enn å spille heftig med dyp bass. Om dette likevel er det ultimate høyttalersettet for å spille strykekvartetter av Mozart eller Schubert gjenstår å høre.

B&W 700 S3

Allerede i slutten av juli var vi invitert til digital presselansering av Sound United for den nye serien 700 S3 fra Bowers & Wilkins. Denne serien i mellomklassen har fått en del viktige fornyelser, både i design og lyd,

VI fikk først en lytterunde til det HiFi Klubben understreket var totalt uinnspilte eksemplar av flaggskipmodellen 702 S3 med en prislapp på sekstifem tusen. Til tross for at de var uinnspilt ga de et veldig godt inntrykk, og hadde en fin og balansert gjengivelse. Denne modellen er de eneste som har nedoverfyrt bassport, og derav en sokkel med avstandshylser opp til selve høyttalerkabinettet.

Men også den minste gulvmodellen fikk en god runde, og til nesten halve prisen av flaggskipmodellen gjorde den en minst like god figur, prisen tatt i betraktning. Dette er kanskje det beste kjøpet i serien hvis man vi ha best mulig lyd uten at prislappen tar av for mye.

Dali Kore

Avslutningsvis fikk vi noen smakebiter av Dali sin nye stolthet, flaggskiphøyttalerne Dali Kore, som har en prislapp på rundet åtte hundre tusen. Dali har jobbet med utviklingen av disse i flere år, og høyttalerne inklusiv kabinettet er produsert i Danmark Formålet med disse ganske ekstreme flaggskipmodellene har ifølge CEO Lars Worre vært å ta helt ut hva de kunne oppnå stort sett ved hjelp av produsenten sine tidligere konsept. Bassen besørges av to 11,5-tommere og en mellomtone med en spesiell struktur i membranen som bidrar til å redusere forvrengning.

For mitt vedkommende var dette første møte med disse gigantene, og også lyden de produserte var enorm. Og så kan man selvfølgelig slites litt mellom hva som begeistrer mest av et par Vestlyd til 20 tusenlapper, eller et par perfeksjonerte Daligiganter til 40 ganger den prisen.

Boas / Lyric HiFi

For meg personlig var den kanskje morsomste opplevelsen på årets messe et gjensyn med personen som solgte meg mitt andre stereooppsett i studietiden. Vi befinner oss i Boas Hifi sin butikk i Innherredsveien i Trondheim høsten 1978, og en tredjeårsstuden på NTH har nettopp funnet ut at det er på tide å bytte ut B&O-anlegget som ble ervervet det første stuieåret med litt mer «skikkelig» HiFi. På den tiden hadde Boahs HiFi etablert en butikk på Lade, og i tillegg til å kjøpe et anlegg der en Era platespiller med Formula 4 arm og en Sonus Black Gold label var hjertet, var jeg og en kamerat stadig innom for å kjøpe noen kartonger med TDK SA kassetter. Vi var tross alt fattige studenter som måtte ty til hyppig kopiering av studiekameraters LPer i disse tider, mange tiår før strømmetjenestene gjorde sitt inntog. Og der på Boas sitt rom sto Bjørn Olaf og så ut omtrent som jeg husker at han gjorde for over 40 år side i Trondheim.

Og på Boas sitt rom sammen med blant annet tung elektronikk fra Accuphase og Bryston var det noe stativhøyttalere fra Audel som trigget min nysgjerrighet. Hvem vet – kanskje det blir en test etter hvert?

Lest 3529 ganger Sist redigert lørdag, 08 oktober 2022 16:29
Administrator

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.