lørdag, 19 mars 2016 06:24

Vossajazz 2016. Del 1 - fredag

Skrevet av

Det er så mange gudar for tida, som eg ikkje bryr meg katten om, men vergudane var i alle fall på vår side i år, og jazzturistane strøymde utan hue og vottar, smilande i solskinet, frå toget på jernbanestasjonen mot billettbua på Park Hotel Vossevangen, for å løysa billettane inn i armband.

 

Vossajazz vert som vanleg avvikla i Palmehelga, og i billettbua og innanfor yra det av liv, folk skal ha billettar, T-skjorter og anna, og NRK intervjua Linda Eide om Vossajazz kontra Melodi Grand Prix, eller noko slikt. Eg kunne ikkje eingong drøyme om ei slik samanlikning. Men Linda er no ei artig jente då. 

 

 

 
Opningskonserten i Vossasalen var ved Dave Holland Trio, med kontrabass, gitar og ein trommeslagar som eg knapt har sett makan til (Obed Calvaire). Musikken svevde i ei stjernetåke mellom jazz, jazzrock og fusion. Er ikkje heilt sikker, men... Ikkje alle med huskort (på Park) var klar over at dei ikkje hadde billett til denne konserten, og måtte ut med 400kr. ekstra. Dagskort er tingen. Eller festivalpass. 
 
 
 
 
Seinare sytte Alterhaug/Inderberg for "god, gamaldags jazz” i Festsalen, Susanne Sundfør inntok Vossasalen med høg musikk og spanande lydbilder langs suggererande trommearbeid. Til tider kreativt og nesten magisk. Raghild Furebotten varta på Cafe Stationen, den med jernbane i taket, opp med fele akkompagnert av heftige jazzblåsarar, utan trommeslagar. Trollbindande kombinasjonar av folkemusikk og jazz, og i Gamlekinoen presenterte Bugge Wesseltoft musikalske smakebitar frå plateselskapet hans, Jazzland, etablert i 1996.  
 
 
 
 

Vossajazz 2016. Del 2 - lørdag

 
 
Lest 5756 ganger Sist redigert mandag, 21 mars 2016 08:20
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.