torsdag desember 13 , 2018
fredag, 07 november 2014 10:11

Hi-Fi Messa i Horten – Del 5, Audiophile.no og Stig Arne sin Vintageklinikk på rom 205.

Skrevet av

Fyrste gong eg var i Horten og tok bilete av gangvegstårnet i stål og glas ved kaien, ante eg ikkje kva det var, for det var ingen båtar der. Men flott var det, eg tenkte det var eit kunstverk, eit landemerke eller noko slikt. Og biletet vart vellukka, det har vorte nytta i fleire år av web-redaktøren vår når han vil introdusera årets messe.

I år såg eg for fyrste gong at det faktisk var eit gangvegstårn til fergene, sidan det låg ein båt ved kai. Mannskapet fortalde at tårnet var dyrt å byggja, og vart ikkje ein gong nytta no, grunna den ulike storleiken på fergene. Fergelemmen vert nytta i staden. Så no er faktisk tårnet berre eit landemerke. 

 

 

Nok om det. Over til årets messe, kor Audiophile.no både hadde «stand» nede ved inngongen på hotellet, og eige rom (205) for utstilling av kva me måtte ynskja.

Såleis enda eg der sundags morgon med eit gamalt stereoanlegg, sidan redaksjonen v/Arve hadde forslag om ein «vintageklinikk».

Medan anlegget sto til oppvarming, og eg prøvde å vakna,  måtte eg bestemma meg for plassering, og i eit slikt lite rom (4m langt) var det naturleg å tenkja at ein må stilla høgtalarane ved bakvegg. Men det er ikkje min måte å gjera det på. Skal lyden bløma i rommet med all den atmosfæren som er i gode opptak, må høgtalarane ut på golvet, slik at det vert ei imaginær scene mellom og bak høgtalarane, kor musikarane kan «sjåast» og høyrast. Eg delte difor romlengda på  3, etter «oddetalsregelen», og plasserte høgtalarane ca 1m og 30 cm frå bakvegg. Det var likevel plass til ei benkerad i motsett ende av rommet. Til «stereobenk» sette eg saman 3 låge nattbord, for det høge racket som sto der frå før, ville berre stått i vegen for stereoperspektivet; så dette hamna på do. Til demping av golvrefleksjonar fekk eg låna eit (alt for lite) teppe mellom høgtalarane og lytteplassane.

Grunnstamma i anlegget var ein (lettare modifisert) Nad 3020. Dette var eit populært val, for det var utruleg mange som smilte og kommenterte at «ein slik har jo eg og, men no e da dottre mi som har han». Eg trur at i ein del tilfelle har døtrene potensielt betre lyd enn faren.

Eg hadde med to CD-spelarar, ein Philips CD 615, som eg er veldig glad i, av di han er utruleg gjennomsiktig; på grensa til det analytiske. Difor hadde eg og med ein Pioneer, som er litt snillare i klangen. Men eg starta med Philipsen, og når eg høyrde den varme og utruleg godt opptekne stemma til Mark Knopfler på siste plata hans, Volunteering, og såg smila frå dei frammøtte, var det ingen grunn til å byta spelar.

Høgtalarane var B&W DM 110, og det var faktisk fleire som kommenterte at dei tykte desse gamle B&W-modellane let betre enn tilsvarande nyare modellar.

 

 

Kablar var heimelaga og av enklaste sort: Installasjonskabel til høgtalarane, og data/telekabel til signakablar, terminert med BulletPlug. Einskilt-leiarar (single core) heile vegen. Det let reinast, meiner no eg. 

Demonstrasjonen gjekk mykje betre enn eg frykta (eg er jo ikkje van med denslags). Mange stakk innom, mange sat lenge, og fleire kom innom fleire gonger. Det tek eg som eit godt teikn, og eg fekk mykje ros for lyden. Og dei som ikkje sa noko forlot gjerne rommet med tommelen opp, eit smil og eit anerkjennande nikk.

Men det er grenser for kva eit anlegg på 20 watt med små høgtalarkasser kan prestera. Kollegaskribent Arve kom innom med ei plate med Dixieland-musikk han nett hadde fått tak i, og forlangte entusiastisk at eg skulle spela denne. Her var det eit enormt trøkk i mellomtonen med mengder med blåsarar, og då kommenterte ein lyttar at "dette låt helt forferdelig". Eg må gje han litt rett. Dette var på grensa av kva anlegget makta. Arve tok det med godt humør og meinte det let greitt. Men dette var einaste gongen eg fekk direkte kritikk for lyden. 

Ein skal ikkje skryta for mykje av eige anlegg, men fylgjande histore berre MÅ med: Ein eldre kar kom innom med ei plate med Arne Domnerus, og hevda at "denne plata avslører alt". Han forklarte at plata er teken opp med mikrofonar opptil 5m frå instrumenta. Og det var lett å høyra, opptaket hadde ein tydeleg "ekko-effekt", og fantastisk atmosfære. Karen lytta ivrig og var tydeleg nøgd, og avslutta med dette: Eg har lytta til denne plata på anlegg til over 200.000, og det let betre her. 

Mykje av grunnen til at folk trivdest på dette rommet, trur eg, var den avslappa atmosfæren, kor ingenting var til sals. Men alt kan misforståast: For moro skuld hadde Arve laga ein oversikt over kva anlegget hadde kosta meg (brukt), som han limte på ytterdøra. Fleire oppfatta dette som prisen på anlegget, som om det var til sals. Jaja. 

Grunna at me sjølve var utstillarar i år, og bytest om å reklamera for www.Audiophile.no nede i inngongspartiet, og demonstrera på rom 205, hadde eg lita tid til å gå rundt og lytta til andre utstillarar, og overlet dette til Karl Erik og Arve, som sjokka rundt med videokamera og mikrofon. Dei var og innom vintage-klinikken min, utan at eg var særleg førebudd på det. Så det var sikkert like greitt at kameraet gjekk tomt for straum midt i intervjuet. Men videoen ligg ute, så du kan sjå korleis rommet såg ut. Det var hyggeleg å sjå bransjefolk og andre kjende att, og eg takkar arrangøren, utstillarane og publikum for denne gong.  

 

 

Lest 2538 ganger Sist redigert lørdag, 08 november 2014 06:07
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen