onsdag, 28 oktober 2020 17:16

Eit lite steg for menneskeætta - Stig Arne si dagbok september 2020 Spesial

Skrevet av

På med vernebrillene. Augnestikkarane er her. Audioquest sine Dragonfly DAC-ar må vera stereoanleggets sveitsarkniv: Ein USB-dac ikkje stort større enn eit insekt, som kan koplast mellom alt du måtte ha av digitale dingsar og stereoanlegget. Eller slik ungdomen gjer det notildags: Til hovudtelefonen. På enklast mogeleg vis. 

Eit lite steg for menneskeætta -

- men eit stort framsteg for meg! Eg har relativt nyleg teke i bruk ein Audioquest Dragonfly Cobalt, og kopla han mellom Mac-en og stereoanlegget. Det gjekk so fort og funka so fint at eg lurte på om det var noko anna som spelte. Ein brukar jo ikkje klara slikt på fyrste forsøk. Det er unormalt. Eg trengde ikkje innom “innstillingar” eller nokon ting - eg berre sette Cobalten inn i USB-utgongen på Mac-en, og drog leidningen frå denne (3,5mm mini-jack) til forsterkaren (phono). Og dett var dett. Mac-en “såg” Cobalten. Eg er framleis lettare sjokkert over kor smertefritt dette gjekk. Og kor godt det spelar!  

Og ikkje nok med det. For eit par dagar sidan såg eg ein YouTube - video om korleis John Darko (darko.audio) hadde kopla Cobalten frå allslags mobilar og til hovudtelefonar - men ikkje til stereoanlegget. Det ville eg prøva, berre for moro skuld. Det er jo slik ein må gjera det no som FM-bandet er lagt ned, og du ikkje har kjøpt DAB-radio. Då kan mobilen nyttast, der har me både radio og strøymetenester/nedlasta musikk. I stova nyttar eg normalt Mac-en, men tenk å sitja ute i hagen ein solskinsdag og spela musikk frå mobilen til ein gamal Kurer, ein Tandberg reiseradio, eller eit radiokabinett! Då tenkjer eg besøkjande hadde fått store auge! Eller kanskje ikkje. Det er vel berre eg som er seint ute. Mange gjer sikkert dette allereie. Men då tipper eg dei brukar hovudtelefon-utgongen. Om dei då ikkje har ein nymotens mobil der hovudtelefonutgangen er droppa. Slik me gjer det her, går signalet gjennom ein frittståande DAC av høg kvalitet - Audioquest sin heilt nye Cobalt (kring 3.000 kr frå Hi Fi Klubben i Bergen.) Nyttar du mobilen sin hovudtelefonutgang, brukar du og telefonen sin DAC - og denne er mykje ringare. Me snakkar jo trass i alt om å få best mogeleg lyd! Audiophile.no er eit magasin for god musikk og hifi! Det er eit ergeleg ekstrautlegg, men ein USB-DAC har vorte standardutrustning for alle som vil ha maksimal lydkvalitet frå mobil og datamaskin. John har forresten testa Cobalten (og mykje anna) på darko.audio, sjekk da ut. 

Dette måtte prøvast. Eg kopla mobilen (iPhone) via Cobalt til stereoanlegget. Ikkje ein lyd. Det er jo meir normalt. Eg prøvde fleire gonger. Stille. Jaja. Eg snakka med Stig Inge, han hadde heller ingen forklaring. Om du tek signalet til ein hovudtelefon, eller til ein radio/stereoanlegg, skulle jo vera akkurat det same. Eg gav meg, måtte ned på kafeen til avtala tid, men pakka med meg Cobalt, leidningar og hovudtelefon, tenkte eg skulle stikka innom damene på Voss Kommunikasjon, der eg kjøpte mobilen. Dei er utruleg flinke. Sjølv er eg ikkje særskilt flink korkje med telefonar eller datamaskiner, det er liksom stereoanlegget som er mi greie. Eg tenkte damene kunne “stilla inn” mobilen slik at eg fekk lyd ut av Cobalten. (Sjekk bilda for å sjå korleis eg har kopla Cobalten frå Mac/nettbrett eller mobil til stereoanlegget (eller hovudtelefonen). 

Nede på kafeen kopla eg for moro skuld Cobalten til mobilen og sette hovudtelefonane på hovudet. Måtte jo syna dei andre kva eg dreiv på med. Endeleg endra lyset seg på Cobalten frå lilla til grønt, og det kom lyd i gjennom. Fantastisk. Delsiger. Eg gjekk ikkje vidare til Voss Kommunikasjon, reknar ikkje med dei har eit stereoanlegg oppkopla, men reiste heim etter to kaffikoppar og kopla endå ein gong mobilen og Cobalten opp mot stereoanlegget. Fargen på Cobalten veksla litt motviljug frå lilla til grøn - og det kom lyd. Hallelujah! Der var eg faktisk i mål, og det seier seg sjølv at ølet smakte ekstra godt denne kvelden. 

Det geniale -eller unike - med Cobalten er at han er so liten, og går rett inn i datamaskina sin USB inngang/utgang utan leidning i mellom. Der sparte du ein ekstra leidning. Og han treng ingen straumforsyning - han tek straum frå datamaskina/mobilen. Der sparte du endå ei leidning. Enno ein føremon er viktig: Han dreg mindre straum frå mobilen enn nokon annan DAC eg veit om so langt, slik at du i praksis ikkje treng bry deg om mobilen sin batterikapasitet. Alt dette gjer Cobalten til den enklaste, mest praktiske og fleksible DAC-en på marknaden - so langt eg veit. Akkurat her og no kunne eg ikkje tenkja meg noko anna. Det gjekk forresten ikkje klårt fram av testen til Thomas Darko om han meinte Cobalten var like god som meir konvensjonelle og større DAC-ar, evt. med eiga straumforsyning. Kan hende lika greitt å ikkje terga på seg alle konkurrentane. Men etter det eg har høyrt hittil, er eg meir enn nøgd, og kan ikkje seia noko meir enn det før eg snublar over noko anna.  

Audioquest lagar tre ulike Dragonfly. Ein svart (les Karl Erik sin test her), ein raud og no Cobalt. Den svarte har litt mindre utgangseffekt enn standarden (1,2 Volt mot normalt 2). Dette gjer at du kan få litt for lite volum til sume hovudtelefonar, eller til stereoen. Raud og Cobalt har 2,1 Volt ut og leverer rikeleg til alle føremål. Etter det eg har lese er ikkje Cobalt nødvendigvis betre enn den raude på alle punkt, so om du har den raude varianten og er nøgd med denne, er det ingen grunn til å fortvila. Eg skal få lånt meg ein raud og sjekka. Men om eg hugsar rett brukar Cobalt endå mindre straum enn den raude, og det er viktig for å unngå å sleppa opp for "støyt".       

Ølspalta

Frå ein fin haustdag i hagen nyleg! I vegen vår har me kan hende det finaste utsynet over Vangen og Vangsvatnet i heile Voss, sett frå nord. Ikkje for langt vekk, øvst i lia, og ikkje for langt nede. Perfekt. Nabo Lars sperrer augene opp når eg kjem ut med to øl som du berre får tak i på lokalbutikken Joker Haugsvik på Stronde, ein halvtime frå Voss. “Uansvarleg bryggjar", som det står bak på flaska, Rune Midttun, lagar to typar, ein Pale ale, og ein kalla Butikkjento. Pale ale har eit preg av humle, som ein forsiktig IPA. Ein god øl. Men den me er vilt begeistra for, er Butikkjento, sjølv om dette er ein ljosare øl, ein “Blonde”. Denne er utruleg frisk og lett, men ikkje utan smak. Litt av ei blondina. Prisen er relativt stiv for ein 0,33 cl kortreist øl (49 kr. om eg hugsar rett), men verd kvart øre. Denne ølen er ein turistattraksjon. Eller burde vera.  

Austmann sin Onkel i Amerika smakar som ein IPA brukar gjera, langt mindre forsiktig enn over. Frydenlund Bayer er smakeleg, og har saman med Aass sin tilsvarande ein lettare brent smak, som porter. Om du ikkje likar denne, prøv ein Hansa bayer. Bønes Gardsøl får du kjøpt rundt ikring i Bergen, stort sett, og er bryggja av Lysefjorden mikrobryggeri. Han er berre karakterisert som “lyst øl”, men er smaksrikt og god. Merk at han har gjæravleiringar på botnen, slik at han må fraktast varleg og fyllast i eit stort glas i ein eingong. Hell i veg til flaska er nesten tom, og når du ser gjæra er på veg snur du flaska raskt opp att. Eg kjenner dessutan initiativtakaren, frå Bønes utanføre Bergen, han stakk av med kjærasten min. Men dette var heilt attende i ungdomen, då kjærastar kom og gjekk, og forlengst gløymt. Han lagar framifrå gardsmat, og no øl. Send meg ein palle, Bønes, so er det greitt. 

Og medan eg er i farta: To alkoholfrie øl som er verkeleg gode på smak: Nanny state frå Brewdog og Erdinger Alkoholfrei. Desse er faktisk so gode at dei kan nyttast til å setja smak til ein billeg industripils, om du vil ha opp smaken eller ned prosenten. Elles kjøper eg av og til Ringnes lettøl, 2,4%, men ikkje Hansa sin tilsvarande. Denne har ingen smak. Då drikk eg heller eit glas vatn. Men ein annan Hansaøl som var rasande god og frisk, er Hansa Høstøl. Er du heldig finn du han framleis i butikken. Eller ein annan butikk. Ta ein runde.

Lest 577 ganger Sist redigert søndag, 22 november 2020 12:17
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.