
Stig Arne Skilbrei
Seniorskribent i Audiophile.no
Det ville vore naturleg denne månaden å halda fram med artikkelserien om demping. Eg skreiv fyrst om dempemateriale inni høgtalarkabinettet, og heldt fram med demping av sjølve elementa (polstykket). Eg er ikkje ferdig, men me tek ein pause. Eg vil skriva litt om lytting generelt, og om røynslene mine med lytting til kassettspelarar nyleg. Desse er visstnok på moten att, nett som platespelarar. Eg var ikkje førebudd på dei oppdagingane som låg framføre meg.
Eg har relativt nyleg vorte klar over eit problem kring polstykket og støvhetta på vanlege dynamiske høgtalarelement. (Sjå bileta, so skjønar du kva eg snakkar om). Det er eit lite påakta problem, men ikkje eit mindre problem av den grunn. Heldigvis kan du sjølv i mange tilfelle bøte på det. Det kan forbetra høgtalarane betrakteleg.