onsdag, 20 september 2023 18:19

Dynavoice CA802BT/Loxjie A30 “Desktop" forsterkar - Stig Arne si dagbok august 2023 Spesial

Skrevet av

På eit av redaktøren sine arbeidsbord etter Hortenmessa i fjor oppdaga eg ein liten dings, som synte seg å vera ein heil liten forsterkar, men i miniformat, og digital. Sjølvsagt. (Klasse D-forsterkere er vel strengt tatt ikke digitale forsterkere – Red.anm.) Elles er det ikkje mogeleg å få han ned i den storleiken - i alle fall ikkje når han leverer 40 watt, meir enn dobbelt so mykje som ein Nad 3020. Eg vart forviten, og dum nok til å spørja om eg fekk låna han for utprøving. No har eg endeleg fått gjort det, kloss i årets messe, slik at eg kan ta han med attende. Me skal jo til Horten, Arve og.  

Dynavoice

Dynavoice, som ikkje må forvekslast med Dynaco og den legendariske rørforsterkaren Stereo 70, er ei svensk verksemd som vart skipa i 1975 av Tommy Wadensten. Dei lagar i all hovudsak høgtalarar, men sel no denne forsterkaren og, laga og produsert i Kina. Redaktør Karl Erik har alt omtala han, og er rimeleg nøgd, men og merksam på at han har avgrensingar. Eg er mindre entusiastisk enn han, men han sa at eg kunne skriva akkurat det eg ville, samd eller usamd. Det kallar eg demokratisk sinnelag! Lurer på kva han stemte ved valet. Eg MÅ jo ikkje skriva alt eg meiner om alle ting, men når eg fyrst har teke meg bryet med å “testa” han ut, er det jo dumt å ikkje formidla det vidare, om nokon skulle vera interessert. Det er no slikt me driv på med, her i Audiophile.no. 

Oppkopling

Oppkopling av slike “datamaskiner” med display er ikkje like beint fram som eit godt gamaldags stereoanlegg. Eg kopla Mac-en via diverse DAC-ar til Dynavoice sin (einaste) analoge inngang (vanlege RCA-pluggar) heilt til venstre. Denne er merka coaxial, og det er litt mistydande, for då valde eg coaxial på displayet, og då kjem det ingen lyd. Du må velja AUX. Poenget/problemet er at den høgre av desse to pluggane doblar opp som koaksial digitalinngang. Ikkje veldig pedagogisk. Ein CD-spelar kan altso koplast til på to måtar, frå den vanlege analogutgongen til AUX, og frå digitalugongen til coaksial, evt. “optical in”. 

Utprøving

Eg prøvde forsterkaren ut som sagt frå CD til AUX, og vidare frå Mac via DAC til AUX, frå Mac direkte til USB in, og frå Mac via Blåtann (Bluetooth). Den vetle antenna på baksida er Blåtann-antenne. 

Eg gløymde å prøva huvudtelefon-utgongen på framsida, sidan eg sjeldan brukar slike. Denne utgongen fekk då heller ikkje særskilt god kritikk av Amir Majidimehr, då han testa Loxjie A30 for nettstaden Audio Science Review. Han er åpenlyst ein dyktig ingeniør, med fokus på målingar, og mindre på lytting. Grunna gode målingar på dei fleste områda gjev han forsterkaren god kritikk, men er som Karl Erik merksam på avgrensingane. Eg har stor respekt for ingeniørar, og interesse for målingar, men om målingane ikkje stemmer med lytteintrykket, er det etter mi meining lytteinntrykket som gjeld, og målingane som er mangelfulle. Eg er lyttar, ikkje ingeniør. Det skulle eg ynskje at eg var, men i staden må eg bruka øyra. Og eg er ikkje nøgd med det eg høyrde. 

Lytteinntrykk

Ein kunne tru at utviklinga gjekk framover heile tida, men for meg er det tydeleg at denne typen forsterkar ikkje kan måla seg med etablert gamal teknologi. Han vert so til dei grader overkøyrt av ein gamal Nad 7020 eller 3020 at det er vondt. Frekvensområdet er nokon lunde balansert, men litt mørkt og innelukka, og solistane er ikkje detaljerte. Men aller verst er kan hende bassen. Han er mjuk og udefinert, og heilt utan kraft og driv. Her er generelt lite glans og glød, liv og leik. 

Forsterkaren vart kopla opp i eit ordinært stereoanlegg med store, avslørande høgtalarar. Eg ser ingen grunn til å kopla han til billege "desk-top” høgtalarar, sjølv om det er slike han ofte vil verte nytta saman med. Kva kan dei avsløre? Og i anlegget mitt vart Dynavoice CA802BT nådelaust avslørt. Han vil kan hende fungera greitt nok til ukritisk bruk på eit kontor, i eit soverom, i garasjen eller kva veit eg, men i eit stereoanlegg har han etter mi meining ingenting å stilla opp med, i alle fall ikkje for ein som er over snittet interessert i hifi og musikk.         

Ztigosofi

Grunna tidsnaud og snarleg reise vil eg utsetja ølspalten til neste dagbok. I staden går eg under “Ymse” litt i det filosofiske hjørnet: Bør me kjøpa “kinavare"?

Det er nesten umogeleg, i dag, å kjøpa noko som ikkje er produsert i Kina. Men kor lurt var det av vesten å setja all produksjon ut til Austen, berre for å få varene litt billegare? Har me lagt ned “all” produksjon og mange arbeidsplassar i Vesten, og gjeve Kina konkurransefortrinn? No nyttar dei rikdomen sin til å produsera atomvåpen. Dei har fleire enn USA, med Russland på tredjeplass. Ved å kjøpa kinesisk hifi og kinesiske bilar støtter me undertrykkjande regimer utan demokratiske val og pressefridom, og som opptrer stadig meir aggressivt i nærområda sine, slik Russland og gjer. Det kan få fatale konsekvensar. Eg seier ikkje kategorisk at me ikkje kan handla noko frå Austen, berre at me må tenkja oss om.  

 

Lest 1267 ganger Sist redigert onsdag, 20 september 2023 18:39
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Siste fra Stig Arne Skilbrei

Beslektede artikler