tirsdag, 10 november 2020 06:41

Linn Classik og Technics – Stig Arne si dagbok Oktober 2020 Spesial

Skrevet av

 

Medan eg framleis jobbar med fleire “tyngre” artiklar, vil eg halda utgjevingsfrekvensen oppe med å presentera nokre refleksjonar kring eit par stereo-oppkoplingar utanføre husets fire veggar, dvs. hjå ein kamerat. Og årets jolaøl har kome, fyrst på polet, og no etterkvart i butikkane! Me smakar på nokre av dei sterke variantane frå Vinmonopolet.   

S-LYDEN

Me audiofile sit mykje heime og bit tenner over prestasjonane frå vårt eige stereoanlegg. Då er det herleg å koma til andre (normale) folk og høyra korleis det let der. Her ein kveld var eg invitert til fårikål-middag hjå ein kamerat som har eit oppegåande stereoanlegg, og det vart ete, skåla og lytta til god musikk. Han har alltid hatt god lyd. Han har ein god integrert forsterkar, diverse litt meir tilfeldige CD-spelarar, og eit par platespelarar og pickupar av god kvalitet. Takka vera ei venlegsinna og musikkinteressert kona får han lov til å ha høgtalarane godt ute frå bakvegg, sidan dette passar med rommet og møbleringa elles. Mykje som eg sjølv har det. Enkelt, men med gode komponent. Stova er relativt stor, slik at lyden breiar seg ut i alle dimensjonar, og er luftig med naturleg atmosfære, nesten som frå ein intimkonsert.  

Men det er lyden på kontoret, eller skrivestova, eg vil kommentera. Dette er eit lite rom, og innreiinga vert deretter. Ein arbeidspult står kloss i veggen, og i hylla rett over står ein integrert Linn Classik forsterkar med innebygd CD-spelar, ei kompakt og plass-sparande løysing. Eit par Technics høgtalarar passar akkurat inn i hylla. Sjå bilete. Sidan han sit rett under og mellom høgtalarane er desse vinkla svakt inn, dette passar med utforminga av hyllene. Normalt vinklar korkje han eller eg høgtalarane inn mot lytteplassen. Verten har latt anlegget stå på oppvarming heile dagen, sidan han ville eg skulle lytta til det. Classik-en har eg høyrt før, men Technicsane var nye i dette anlegget. Dei erstattar eit par gode men mindre Mission 761, som vart litt for tynne/slanke i lyden. Technicsane er ei lukka kasse på kring 20 liter, heilt normalt for ein 8-tommars bass (på denne tida, kring 1990). Bassen er difor stram og detaljert, og lydbiletet er generelt balansert og behageleg å lytta til. Berre ein ting lurer eg på. Stemmene har ein litt framtredande s-lyd, litt rar og vislete. Eg har høyrt akkurat det same frå liknande Technics-høgtalarar tidlegare, og var difor ekstra på vakt. Eg har vidare lagt merke til at sjølv om eit anlegg har stått på heile dagen, kan dei fyrste låtane spela litt “stivt”. Me vart difor samde om å dobbeltsjekka litt seinare, etter at anlegget hadde fått spelt fleire låtar. Som sagt så gjort, me gjekk inn på kontoret att ein øl seinare, men lyden var akkurat den same. 

Dette illustrerer godt kor vanskeleg det er å “sy saman” ein høgtalar slik at alle elementa arbeider perfekt saman. Det er vel snakk om nitidig trimming av delefilteret, vil eg tippa, i tillegg til at høgtalarelementa er av god kvalitet. Det har lenge vore kjend at japanarane lagar mykje god elektronikk, men at dei ikkje alltid er like heldige med “voicing” av høgtalarane. Noko som er merkeleg, med alle ressursane dei store produsentane har til rådvelde. Og det er vel nettopp difor at høgtalarar frå amerikanske og europeiske produsentar ofte vert føretrekte, i den grad at eit komplett stereoanlegg til sals i butikk ofte består av elektronikk frå Austen saman med høgtalarar Vesten, som t.d. B&W eller Kef! Går du på Hi Fi Klubben t.d, kjem du gjerne ut att med ein Nad og eit par B&W høgtalarar. 

Det er ikkje godt å seia kva dette kjem av. Japanarane har ein annan tradisjonsmusikk enn me har, med ein annan klang på t.d. damestemmer. Europearar føretrekkjer ein annan balanse. Eller dei er rett og slett meir opptekne av å lytta til og fintrimma høgtalarane sine, i tillegg til målingar. I alle fall var dette lærerikt, og det er som sagt frigjerande å lytta til andre sine anlegg av og til. Særskilt når både maten og drykkjen er god, og selskapet godt.  

 

ØLSPALTA

DAHLS JULEØL 

Trondheim, 6%. Eg innbiller meg at denne var ljosare før, no er han ganske myrk, og luktar kraftigare, med ein svakt brent kaffiprega malt, litt slik Mack brukar smaka, medan han tidlegare var lettare og utprega aromatisk. Eg hugsar slikt. Jolaøl er favoritten min, eg ser fram til jolaølsleppet på polet som born ser fram til jolaftan. Uansett er det ein veldig god øl, godt balansert, det einaste eg kunne ynskt meg i tillegg var ein litt kraftigare avslutning av høgare alkoholprosent eller meir markant humle. 4/5 på terningen. Men eg har alltid likt denne ølen, og det var difor eg byrja med denne. Han har tidlegare vore på blanke flasker, men er i år brun, som dei andre, på den nye typen litt slankare jåleflasker. Som sagt, eg hugsar slikt. Men kvifor ikkje halda på særpreget?

HANSA JULEALE 

Bergen, 9%. Eg utropte denne til vinnar i fjor, ein eksplosjon i munnen av malt, alkohol og humle. So forventningane var litt for høgt spent. Ølen er rasande god, men treng å stå ein månad eller to til på flaska. Lars, pr tlf, hadde nøyaktig same inntrykk. Uansett, ein solid 5. Me vil nok uansett dobbeltsjekka denne seinare, me er i skrivande stund berre so vidt inne i november. Eg trur han er medaljekandidat.

VOSS BRYGGERI JOLABRYGG 

Voss, 6,5%, på boks. Dei beste øla frå VB har alltid hatt ei påminning om heimabrygg. Skulle berre mangla, me er på Voss! Ølet er kokt i koparkjele, med lokal kveik (gjær) og einerlåg. Denne er betre balansert enn på lenge, som ein god jolaøl blanda med eit godt glas heimabrygg. Dette er ei kulturoppleving ingen må gå glipp av. Godt jobba, VB! Vanskeleg å setja karakter på, for smaken er som baken, dette er ei øl litt utanom det vanlege; ein øl for entusiastar. Men skulle du ha sett, terningen landa på 6. Rimte nesten. 

HANSA JULEBRYGG

Bergen, 6,5%. Hansa lagar ikkje mindre enn tre jolaøl: Juleøl, Julebrygg og JuleAle. Her har me brygg-varianten, som spelar på at han skal vera litt som heimabrygg? Skummet luktar litt leverpostei. Tidlegare hadde denne ølen ein litt kunstig sukkersmak, men det preget har minka med åra og er no heilt borte. Ein god og godt balansert øl, om enn litt søtare enn mange. Men berre litt.   

CHRISTIANSANDS BRYGGERI JULEØL

Hansa Borg Bryggerier, 6,5%. God lukt; luktar svakt av malt. Dette er ein god all-roundar. Veldig godt balansert, ingenting som stikk seg ut. Denne vert eg aldri lei av. Den fyrste supen er nydeleg, og den siste like god. Muligens ikkje ein 6-ar, me må ha litt å gå på til dei aller sterkaste og kraftigaste, men en sterk 5-ar. Lett å drikka og med god balanse har han i fleire år vore ein av favorittane mine. 

MACK GOD JUL 2019

Tromsø, 6.5% Hæ? 2019? Har eg drukke for mykje? Eg har sjekka kalenderen, og det er då verkeleg 2020 no? Har Mack gløymt å endra årstalet på årets etikettar? Jaja, denne data-alderen. Men bortsett frå denne blunderen, har ikkje gutta på Mack vore heilt vekke på jobb. Ølen luktar godt, er passeleg søt og elles godt balansert. Malten er litt mindre brent og har litt mindre kaffi-preg enn han brukar ha, noko som gjer at han nærmar seg CB i karakter. Nydeleg, og godt balansert. Eg noterer meg at Mack frå verdas nordlegaste bryggeri og CB frå landets sørlegaste bryggeri muligens er dei som i år liknar mest på kvarandre. Det er jo litt morosamt.  

Då har eg med vilje gøymt to sluggarar til neste gong, som skal målast opp mot Hansa JuleAle: Ringnes Julebokk og Aass vellagra. Alle på kring 9% og litt dyrare enn dei andre, og difor ekstra spanande. Desse brukar å vera mellom dei aller beste - eller rett og slett dei beste. Pluss nokre velsmakande variantar frå mindre bryggjehus, eller sokalla mikrobryggeri. Lars har kjøpt inn frå Ægir, Kinn og fleire andre, som me vonar å kunne presentera kring månadsskiftet november/desember.      

 

Lest 425 ganger Sist redigert fredag, 13 november 2020 12:35
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.