torsdag, 24 november 2022 19:01

Hard lyd, musikk og ølprat – Stig Arne si dagbok oktober 2022 Spesial

Skrevet av

Dagboka for oktober byd på meir hard lyd, meir musikk, og meir øl. 

Hard lyd, del 2

Eg har alt skrive to artiklar om demping av høgtalarar, den fyrste om dempematerialet inni kabinettet (juni -22), og den andre om demping av sjølve høgtalarelementet, dvs. polstykket bak membranet på dom-diskantar (august -22, hard lyd del 1). Det same gjeld dessutan dome mellomtonar, men desse skal me koma attende til, sidan eg ikkje er ferdig med å eksperimentera med desse). Denne gongen skal eg ta føre meg basselementet og mellomtone-element av kon-typen, dvs kjegle. Oppbygginga av desse er lik; so eg kallar dei berre basselement i framhaldet, stort sett.  

Desse elementa har eigentleg to membran; den ytste delen med kon-fasong, og den inste, ofte kalla støvhetta, med kuppel-fasong (dom/dome). Denne er òg ein del av memranet, og stråler ut lyd, alt etter  utforminga. Delinga mellom kon og dom er mekanisk og skjer visstnok ved kring 3000Hz. Støvhetta er der for å hindra støv, skit og barnefingrar frå svingspolegapet. Men som vi skal sjå, skapar ho like mange problem som ho løyser.  

Men lat oss fyrst minna kvarandre på kvifor dette i det heile er eit problem: Basselementet (og alle dei andre elementa) stråler nøyaktig like mykje lyd baketter i kabinettet som frametter mot deg. Utstrålinga frametter vert dempa i lytterommet, men den baketter må dempast i kabinettet. Det er eit MYKJE mindre rom. Dei ulike produsentane nyttar ulike teknikkar og materiale for å dempa denne baksideutstrålinga. Du kan lesa om dette i juni-dagboka. Basselementet er ope på baksida, so baksideutstrålinga vert relativt effektivt sugd opp av dempematerialet inni kabinettet. Men dette gjeld berre den kone delen. Støvhetta fungerer som eit eige mellomtone/diskantelement, og rett bak denne ligg det flate harde polstykket - akkurat som på ein domediskant. Medan polstykket på eit diskantelement av anstendig kvalitet som regel er dempa av eit lite stykke filt på polstykket (sjå gjerne august -22), so er polstykket på eit bass- eller mellomtone-element som regel IKKJE det. Eg kan ikkje med min beste vilje forstå korleis dei kan oversjå dette problemet. Trur dei verkeleg at lyden i dette lille, udempa holrommet forsvinn som ved eit trylleslag? Rikosjetten frå polstykket vert reflektert fram att til membranet, og vert sendt ut mot lydaren som eit forseinka signal i tillegg til det opphavelege; gjerne ute av fase. Resultatet er tydeleg forvrenging, og truleg sterkt medverkande til at mange bass/mellomtone-element har ein ganske stygg oppbryting i øvre del av frekvensområdet sitt (mellomtone og diskant). Dette kan vera vanskeleg å filtrera vekk i delefilteret. 

Det kan verka som om produsentane i større grad var merksame på dette problemet tidlegare. Medan støvhetta i desse dagar som regel er tett og hard, og fungerer som ein ekstra men forvrengande mellomtone/diskant, var ho tidlegare ofte mindre og open i veven, for å sleppa gjennom kompresjonen bak støvhetta, utan å fungera som eit ekstra element. Mange større element har gjerne eit delvis ope “gitter” av same årsak. Og kva er dessutan poenget med å utforma støvhetta som eit ekstra mellomtone/diskantelement, når du etterpå so allikavel må konstruera eit delefilter for å skjera vekk denne delen før det eigentlege mellomtone- og/eller diskantelementet tek over??? 

På ein eldre, men vellydande høgtalar fjerna eg likså godt heile støvhetta med ein skarp kniv, for å sjekka korleis det ville låta. Det var nesten som å få ein elektrostathøgtalar. Masse forvrenging forsvann, og mellomtonen vart superopen, men også litt “hul" grunna opninga i talespolen. På biletet vil du sjå at eg eliminerte denne ved å lima ein kort tresylinder frå eit kosteskaft på polstykket, og dempa enden med eit stykke filt. Det fungerte fantastisk. Eg prøvde óg å utforma sylinderen som ei kule, ein sokalla “bullet-plug”, dette var veldig populært i ein periode. Men eg erfarte at alt som stakk framom konen skapte ein spissare lyd, ironisk nok. Eg har aldri sakna støvhetta eller opplevd at støv eller skit har trengt inn i talespolegapet og skapt problem av noko slag. Heller ikkje Seas kommenterte det. Eg diskuterte saka med dei. Derimot lærte dei meg å tetta opninga i polstykket, om eit slik finst. Det er då ikkje naudsynt lenger. Det forstår du når du har tenkt deg litt om. 

Eg reknar ikkje med at det er mange som vil kopiera meg på denne modifikasjonen. Dei færraste vil vel “øydeleggja” eit fullt fungerande element. Det er, imidlertid, heilt ufarleg. Pluggen kan fjernast og støvhetta limast på att, med vanleg kontaktlim. Det du derimot absolutt bør gjera, om du må rekona eit element (lima på nytt kantoppheng/belg), er å lima eit stykke filt på polstykket etter sentrering av elementet, før du limer støvhetta på att. Det er ei mellom-løysing. Dette vil absorbera i alle fall noko av bråket mellom støvhetta og polstykket. Lyden vert merkbart mjukare og reinare som resultat. Eg vil forresten koma attende til korleis du kan rekona eit element. Det er ikkje vanskeleg. 

Festivalbygda Voss

Sidan sist dagbok har det vorte avvikla ikkje mindre enn to festivalar på Voss. Fyrst Osafestivalen (28-30.oktober), ein folkemusikkfestival skipa til av Ole Bull Akademiet; og nystarta Heidrafestivalen.

Osafestivalen

Osafestivalen har eksistert sidan 1992, og har vakse seg stor og viktig, med mange besøkjande. Gjennom helga vart det skipa til nær 30 konsertar, og like mange andre arrangement. Mange av kveldskonsertane har dei siste åra gått føre seg i Idrottshallen, der Sprilt (tidlegare Voss Lyd) har gjort ein framifrå jobb både med lyd og dekor. Som friviljug (ryddegut) i Idrottshallen har eg fått med meg mange ugløymelege konsertar. Biletserien som sluttar med dei tre felespelarane med vossingen Einar Mjølsnes til høgre er frå denne festivalen. Mange vil vel òg kjenna att Odd Nordstoga, som har utvikla seg til ein eineståande musikar og sogeformidlar. Dei resterande bileta er frå Heidrafest. 

Heidrafestivalen

Heidrafestivalen (18 og 19. november) vart skipa til for fyrste gong i år, etter to mislukka freistnader under covidpandemien. -Me har vossajazz, Voss Jazzklubb og Osafestivalen, men pop og rock har mangla ein konsertarena, fortel Tormod Knapstad i arrangørgruppa til Vidar Herre i avisa Hordaland. Heidrafest er ein tribute-festival med lokale musikarar, som vonaleg vert ei årleg hending. Musikarane “covrar” kjende band, som Chicago, Deep Purple, The Police, Beatles, Red Hot Chili Peppers, og mange fleire. Det heile gjekk føre seg på Park Hotel, dels på Pentagon og dels i “Jazzklubben" (tidlegare Festsalen). Det fungerte fantastisk, både musikalsk og sosialt, for når dei rigga i det eine lokalet, spelte dei i det andre, og slik myldra folk fram og attende med ei øl i handa, over 500 i talet på laurdagen. Dei lokale musikarane held i mange tilfelle eit utruleg høgt nivå, godt hjelpne av Sprilt, som også her sytte for framifrå lyd. Stemninga var nesten som på Vossajazz, som nyttar dei same lokala (og fleire til). 



For begge festivalane gjeld det at heimesitjarane heldigvis ikkje anar kva dei har gått glipp av.                     

Ølpraten

Det er kjekt med fornying. Ølspalta er difor døypt om til Ølpraten, på liknande vis som at Språkspalten i Nrk vart døypt om til Språksnakk. Eg kunne ha kalla ho Øltåka, Humlesus, Ølkoholikaren eller noko anna dumt, men verda er full nok av dårlege idear. Eg satsar på at Ølpraten er innanfor, heilt til redaktøren ringjer. 

Jolaøl butikk

Jula kjem tidlegare for kvart einaste år, og denne gongen var Kinn sin Solsnu og 7F i Bergen (7 Fjell) dei fyrste me fann. Butikkølet (maks. 4,7%) kom fyrst, i alle fall her i bygda, so me byrjar der. Testpanelet har i hovudsak bestått av skribenten, Lars Mossefinn og Tore Lyngstad. 

Hansa Juleøl 2021 

Denne har BF-dato (best før) 201022 og hadde neppe hatt godt av eit år til, difor den noko turre smaken. Typisk for lagringsøl er at malten styrkjer seg, medan humlen svekkjest i smak. Burde vore rabattert, men slik er norsk alkoholpolitikk. Uansett var dette ein særs smakeleg øl. Gjekk ned på høgkant. 

Hansa Juleøl 2022

relativt anonym, stikk seg ikke ut, mindre smak enn Aass, men frisk og god. Eg kunne drikka mykje av denne etter at eg har fått nok av dei andre. 

Hansa Julebrygg

Panelet var delt på midten i denne. Eg og Tore likar han lite; søt og emmen. Lars (og Dag; fråverande, men eg veit kva han likar) er begeistra. Prøv sjølv.   

Kinn Solsnu

Noko turr, ferskt preg, noko vantande både i sødme, malt og humle. Vassen. Overgjæra øl av typen fransk gardsøl. Har truleg godt av lagring. 

7F Gøy Juleøl

“en bonanza av smaker, med en fornøyelig milk stout som base”! Han veit å få sagt da, bryggjemeistaren Smith-Gahrsen. Men so er han jo og bergensar. Tilsett flaket havre. Denne likte me. Fin sødme, og smaksrik til å vera butikkøl. 

7F Lys Juleøl 

Belgisk witbier med mandarin og koriander. Denne kombinasjonen gjev ølet særpreg. Ein vellukka kombinasjon, tenderande mot svakt bitter. 

7F mørk juleøl

Meir klassisk jolaøl enn den ljose. Litt brent malt, litt turr, preg av håslått. Ein likandes øl. 

Tuborg juleøl

Klassisk juleøl, intet markant særpreg, litt anonym, men rund og fin. Leskande. Me likar han. 

Lysefjorden jul

Svakt kaffipreg, svakt syrleg. Laktose kommenterer Lars.

Ladegaards Brygghus Juleøl (Grans)

Lars kjøpte på slump både 2021 og 2022-årgangen. Relativt klassisk jolaøl, svakt brent-preg. 21-årgangen hadde mysst litt av sødmepreget, og var på veg nedover; med eit vegant preg. Men likevel drikkande. 22-utgåva var ferskare og friskare, balansert og godt drikkande. 

Grans Juleøl julegran

Tilsett granskot! Juleøl som tenderer mot det bitre, men frisk og fin. Godt likt av panelet. Høver godt til rullepølse og sylteflesk særleg, seier Lars. 

Ringnes Gledelig jul klassisk juleøl

Ja klassisk, men fell litt mellom to stolar seier Lars. Litt vantande i maltsødme og humlesnert. 

Nøgne Ø endelig jul ginger bread Christmas ale

Luktar peparkaker, so det er ikkje til å ta feil av. Godt øl, både luktar og smakar kraftig av ingefær og jul

Aass juleøl

smakeleg, nøytral, stikk seg ikkje ut på nokon måte, "middle of the road", men god. 

Mack God Jul (og godt nyttår)

Meir smak på denne enn fleire. Maltrik med snev av kaffi. Noko vassen ettersmak. Alt i alt god. 

Oppsummering

Det er ikkje veldig store skilnader mellom dei ulike butikk-øla, i alle fall ikkje frå dei store produsentane. Dei er alkoholsvake og tilpassa sarte ganar. Prøv deg fram og hald deg til dei du likar. Det er ikkje rakettforsking dette her.  

 

Lest 2389 ganger Sist redigert fredag, 25 november 2022 14:51
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Siste fra Stig Arne Skilbrei

Beslektede artikler