mandag, 25 mai 2020 19:02

Dårleg lagring? – Stig Arne si dagbok april 2020 Spesial

Skrevet av

Sundag 19. april kl. 20.00 sende facebook ein “digisert", som eg kallar det, altso ein nettkonsert som du ikkje kan vera til stades på og høyra live, men berre strøyma frå datamaskina di. 

Det var artisten Embla Karidotter som på denne måten, under tittelen (emneknaggen?) “Brakkesyke 2020”, gav til beste ein konsert heilt åleine, med gitar. Eg vart gjort merksam på dette av familien (som eg er byrg over å vera ein del av). Embla er elles betre kjend som trommeslagar i Razika, som er oppløyst. No har ho laga eit knippe countrylåtar saman med “The Karidotters", artigt namn forresten, men framførte dei åleine på LEKK bar i Bergen (tidlegare Kaos) utan publikum, grunna coronakrisa. Men ho hadde assistanse frå teknikarar slik at, som ho sa, lyden vart betre enn heimafra.

Eg benka meg kl. 8 og fekk med meg alt unnateke dei fyrste sekunda, grunna litt for mykje nervøs trykking på knappar for å koma på. Når ho  byrja syngja datt haka ned, og augene vart store. Stemma var forbløffande, med ein svak men rask vibrato, og med ein “twang" som skapt for country. Gitarspelet, som ho er nybyrjar på, var smakfullt det og, etter mine ringe kunnskapar om denslags. 

Men det kan hende aller mest sjokkerande var lyden. Dette gjekk som sagt via fb, og skal ikkje lyden derifrå vera komprimert, med elendig oppløysing? Eg oppfatta det i alle fall ikkje slik. I mine øyre var lyden heilt eksepsjonelt levande og detaljert. Eg tenkte “ka i helsike er det lydstudioa driv på med, når dei klarar å øydeleggja lyden so grundig som dei ofte gjer? Eg har ikke ei einaste plate, korkje live eller studioopptak, som let betre enn denne livesendinga! Eg byrjar mistenka at studioteknikarane med all miksing og mastring går seg vill i alle boksane og apparata dei har til rådvelde. 

Etter konserten let eg tilfeldigvis Mac´en surra og gå, og brått starta konserten opp att, i opptak. Eg noterte meg at lyden no ikkje var like open og nærverande, og sette meg ned att for å lytta. Ingen tvil. No er lyden atskillig meir “kompakt”. Eg lyttar heile vegen til slutten endå ei gong, og er ikkje i tvil. Lyden er berre ein skugge av det han var på direkten. Då er spørsmålet: Musikken har nødvendigvis vorte teken opp, samstundes som han gjekk ut direkte. Korleis vart dette lagra? På en sørver? Ein harddisk? Ei minnebrikke? Neppe på ein bandopptakar, ikkje ein digital eingong, det er det vel slutt på for lenge sidan. 

Eg må få greie på dette. Eg ringjer ikke Embla i kveld, ho er sikkert på etterfest med teknikarane, eller vener og familie, eller kva veit eg. Eg må høyre med ho korleis dette vart gjort, eller få namnet til ein av teknikarane. Er det som eg fryktar, at dagens lagringsmåtar er gode berre på papiret, og ikkje i røynda, er det ikkje rart at eg opplever framifrå lyd berre på konsert og under live-overføringar i sanntid. Beklagar at eg ikke har snøring på dette, eg kjem attende til det når eg har høyrt med nokon som har peiling. Men grunnen til at eg no gjer eit stort nummer ut av dette, er at eg har høyrt det før. For nokre år sidan strøymde eg ein konsert frå Nrk P2 “jazzklubben” i sanntid. Det let fantastisk, og musikken var super, slik at eg neste kveld spelte han om att i opptak. Det var langt frå det same. Eg sende ein e-post til Nrk og spurde om dette. Dei forklarte at resultatet skulle vera det same, sidan oppløysinga i begge tilfelle var 200 Mb i sekundet. Det kunne evt. skuldast låg fart på internettet mitt. Javel. Men no høyrer eg altso akkurat det same, med eit mykje hurtigare nett (fiber). Og ein skulle jo dessutan tru at Nrk har topp utstyr for lagring? So Kvifor let musikken so mykje dårlegare i opptak?   

Det har implikasjonar, dette. Eg høyrer at stereoanlegget har kvalitetar langt ut over lyden på det som normalt vert spelt av. Det er med andre ord ikkje stereoanlegget det kjem an på, det er ikkje der det sviktar. Det er på innspelings- og avspelingskvaliteten. Her er det mykje å gå på. Som sagt, eg vonar å koma attende til dette. Og eg reknar med at fleire har opplevd det same? Det er berre å ta kontakt. 

Etterord: Det har vore litt vanskeleg å koma i kontakt med teknikarane, dei er travle menneske. Og stundom er eg sjølv oppteken. Eg har vore i kontakt med ein av dei, og me skal snakkast att. Etter dette vil eg ha meir informasjon om kva som går føre seg. Noko info har eg fått, men eg vil venta til neste dagbok. 

Ølspalten: Humle

Eg tenkjer automatisk at når eg lesser ut or meg med allslags omgrep og faguttrykk om øl, skjønar folk kva eg pratar om. Det er eg ikke lenger sikker på. Tak til dømes hovudingrediensane i øl; malt og humle (i tillegg til vatn og gjær naturlegvis). Veit du t.d. korleis (ugjæra) malt smakar? Og humle? Det ugjæra ølet vert kalla vørter. Det er berre å kjøpa ei flaske vørterøl, so har du kontroll på denne. Men har du nokon gong smaka på ein humleblome? Den finn du ikke i grønsakshyllene. Berre dei som har vore med å bryggja veit korleis han smakar. Det er denne som gjev den lett bitre, og eventuelt syrlege, smaken til ølet. Han har i tillegg synt seg å ha konserverande eigenskapar, noko engelskmennene oppdaga og utnytta til fulle når dei i gamle dagar sende øl med skip over til koloniane, til dømes India. Vanleg øl tålte ikke denne lange overfarten, og vart dårleg. Men når dei humla ølet ekstra godt, dvs. nytta meir humle enn vanleg, heldt ølet seg. Difor heiter denne øltypen den dag i dag India Pale Ale (IPA), og i samband med framvoksteren av mikrobryggeria har denne øltypen vorte veldig populær. Dårleg lagring kan mao. råka både øl og musikk!

Mange har erfart korleis ein IPA smakar. Fleire variantar finst, t. d. APA (American Pale Ale). Prøv gjerne Grans sin på glasflaske, som du finn på Rema 1000. Denne er rimeleg og god. Smaken på IPA varierer sterkt frå produsent til produsent, alt etter kva type humle som vert nytta. Les på etiketten. 

Men også vanleg pils og anna “billegøl” kan vera relativt godt humla. Den gamle Hansa-pilsen var bitrare enn t.d. Ringnes sin pils, som til gjengjeld var ørlite meir aromatisk (av malt). Dagens Hansa er forsiktigare humla. Pilsner Urquell (Tsjekkia) er kjend for å vera betre humla enn vanleg. Nyleg oppdaga eg at Grans sin Premium Pilsner hadde ein svak men tydeleg og nydeleg lykt og smak av humle. Det same gjeld til og med, i noko mindre grad, Grans sin Bare Øl, som muligens er den billegaste pilsner som er råd å fa tak i. Denne var fullt drikkande sist eg prøvde (tidleg i vår ei gong). Ein annan som var nydeleg humla er den svenske Special Brew frå Koparbergs, 6,3%, kjøpt på Systembolaget. Pre Corona.  

 

Lest 467 ganger Sist redigert tirsdag, 26 mai 2020 13:46
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.