mandag november 12 , 2018
lørdag, 31 mars 2007 23:00

Oppo DV981HD-billeg multispelar som gjer nytta?

Skrevet av
Oppo DV981HD Oppo DV981HD

Det finnest i dag mykje spennande musikk innspelt på SACD så vel som på vanlege CD-plater. Det er spesielt spennande å kunne høyre kva som ligg føre i fleirkanalsutgåver, men for å få oppleve dette, må du ha ei multimaskin, noko som typisk har kosta ein del fram til no.
Oppo imponerte stort med ”nynorskspelaren”. Her er ein oppfylgjar – rett nok utan begge målføre, men til gjengjeld med SACD-avspeling. Til berre 2000 kr – kan slikt halde mål?

 


av Arve Åheim april 2007

Konstruksjon og design

Når ein mottek pakken med denne spelaren, er det ikkje sikkert du tenker kvalitetshifi umiddelbart. Det er liksom alt for lett i samanlikning med slikt som bokstaveleg talt er "tung hifi". Pakken opnast, og du er framleis ikkje imponert. Spelaren verkar svært enkel, sjølv om handboka er grundig og fjernkontrollen solid. Men sjølvsagt skal det sparast for å få til eit rimeleg apparat, berre ikkje sparinga går ut over avspelingsjobben som skal gjerast.

Mitt fyrste forsøk var å montere han opp i surroundanlegget, der eg kopla han til receiveren etter alle kunstens reglar, både analogt med seks RCA-pluggar, med HDMI, coax og TOS-link. Eg fann fram ei av 2L-innspelingane, SACD-plater med surroundlyd av aller høgste kvalitet og opna plateskuffa som ikkje inviterte til den aller største tilliten, tynn og plastaktig som ho var. Fjernkontrollen var uvanleg solid og skikkeleg for prisklassen, og funksjonane hadde heilt ordinære reaksjonstider for multispelarar, som alltid går litt treigare enn det du forventar frå ein CD-spelar. Så etter eit par kveldars innspelingstid der eg delegerte jobben til familiens yngre, kunne eg endeleg konsentrere meg om å lytte til lydkvaliteten.

Avspelingsjobbar

Faktisk vart eg umiddelbart imponert. 2L-innspelingane er alltid slik at dei får sjølv eit ganske ordnært fleirkanalsanlegg til å vise sine beste sider. Og slik var det her også. Sjølv om det naturlegvis var eit stykke att før lyden kunne måle seg med den fem gonger så dyre Pioneer DV 989, var dette uventa godt for prisklassen. Nokre fleire SACD-plater vart gjennomlytta, og det tok ikkje lang tid før eg måtte innrømme at Oppo her hadde innfridd alle forventningar eg hadde etter å ha etterlyst ein SACD-spelar som prismessig skulle vere i same område som ”nynorskspelaren” vi omtalte i fjor. SACD-plater let seg som kjent ikkje overføre digitalt til receivaren, og ein må basere seg på den innebygde DA-konvertaren i spelaren. Denne viste seg å gjere storarta arbeid i fleirkanalsmodus.

Så skulle DVD-plater prøvast ut. Eit par filmar synte at bildekvaliteten absolutt heldt mål til mine krav, og HDMI-utgangen er såleis eit stort pluss. Litt meir nølande overgangar enn den flotte Pioneer DV 989, men på ingen måte sjenerande. Fargane var også gode, og ein kan trygt samanlikne med vesentleg dyrare spelarar om ein ser DVD. Skikkeleg bra ut frå prisklassen.

Ei DVD-A innspeling av The Last Walz med The Band vart også gjennomspelt for å høyre om spelaren fiksa dette formatet som no verkar vere på hell, men som har utmerka lydkvalitet. Og det var ingen problem, og eg var spesielt fornøgd med digitaloverføringa til HK 445. Har du slike plater, vil du absolutt kunne få glede av kvalitetane der med ein DV981HD.

Så til CD via digital overføring til receiveren. Mange vil nok bruke receiveren sin konverter, dei innebygde klangkarakterane og legge på til fem kanalar. I så fall må det innrømmast at DV981HD gjer ein fullgod jobb, som det ikkje er spesielle grunnar til å bruke meir pengar på.

Men så kom den hardaste oppgåva, å fungere som to-kanals CD-spelar med SACD-avspeling i stereooppsettet mitt. Dette var ein jobb som ikkje gjekk så bra eg hadde håpa. Når DV981HD skulle arbeide stereo med eigne prosessorar, var den generelle lydkvaliteten ikkje tilfredsstillande nok til mine krav, som sikkert er for strenge i referanseanlegget mitt i stereo. Klangmessig greitt nok, og dynamikk som ein kan forvente via rimelege spelarar, men altså ikkje på langt nær så godt som på referansespelar Marantz SA 7001. Når ein gjer direkte samanlikning, må det seiast at rimelege Oppo manglar luft og perspektiveigenskapar. Naturleg nok, må ein vel seie ut i frå prisskilnaden? På dette feltet er han ikkje dårlegare enn andre i same prisklasse, men det er ikkje spelaren du kjøper for å ha i eit dyrt tokanalsanlegg. DV981HD passar klart best til fleirkanalslyd.

Bruksområde

Oppo DV981 er altså ein svært rimeleg multispelar, som på dei fleste område kan måle seg med vesentleg dyrare apparat. Som bildeformidlar er han utmerka, og til multikanalslyd gjer han ein glimrande jobb. B Som reint drivverk der receiveren tek seg av DA-konverteringa, har eg ingenting å utsetje i det heile, korkje når det gjeld DVD-A eller CD. Og når den innebygde konvertaren arbeider med SACD, er det lett å nyte fine innspelingar frå mellom anna 2L. 

Einaste ankepunktet mot spelaren er når CD-plater vert konverterte av den innebygde DAK. Dette fann eg ikkje tilfredsstillande i mitt referanseanlegg, som rett nok er på eit heilt anna nivå enn målgruppa for ein multiformatsspelar til under 2000 kr. Mange med rimeleg stereorigg vil nok også finne stereolyden som grei nok, sjølv om han ikkje står i forhold til dei fine multikanalseigenskapane.

Konklusjon

Har du ein god receivar som til vanleg gjer konverteringa, skulle du stille svært så store krav om du vert skuffa over DV 981 i det heile. For å få det særleg betre, må du uansett rekne med å bruke vesentleg meir pengar. I praksis vil alle avspelingssituasjonar, bortsett frå avspeling av stereo SACD-plater (som du ikkje kan overføre digitalt til receivaren), gå utmerka. For den som ynskjer å utforske lydkvaliteten til multikanals SACD, er dette eit svært billeg og kvalitetsmessig tilfredsstillande alternativ til maskiner som er vesentleg dyrare.

Men menyar på nynorsk finn du ikkje denne gongen…

Pris: 1995 kr

Importør: www.datakjeden.no

Lest 2615 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen