lørdag, 17 september 2005 23:00

”Oppo OPDV971H DVI DVD Player” ?????

Skrevet av

Enkel liten DVD-sak til 1500 kr? Er det kvalitet over sånne, slik at entusiasten kan føle seg fornøgd? Her er ein sjekk av OPPO DV 97 H, (eller BBK 971H som han heiter her i landet), ein spelar som hadde vore fullstendig ukjend, om det ikkje hadde vore for omtalen han har fått som nynorsk-spelaren…

 

 

Av Arve Åheim 18.09.05

Då CD-spelarane kom i handelen på 80-talet, var dei dyre og (iallfall etter mitt syn) dårlege, og trass i tung marknadsføring var det mange musikkinteresserte som brukte lang tid før det vart investert i slikt avspelingsutstyr. Etter godt og vel ti år med vidareutvikling av lydkvaliteten, reduksjon av prisnivået (og stadig nedbygging av vinylproduksjonen), hadde dei fleste heimar fått seg CD.

DVD-spelarane vart introduserte til langt lågare pris, og dette mediet var etablert i marknaden på under eitt år. Prisnivået går faktisk frå under 400 kr og oppover til det vanvittige, og den aller største delen av DVD-spelarar ligg i prissegmentet under 3000 kr. Mediet har vore her så lenge at barnesjukdomane er borte, så kva kan vi forvente å få for ein tusenlapp eller to i dag?

Oppo? Eller BBK 971H
Dette er ikkje noko kjent merke, sjølv om logoen er like stilig som dei fleste andre postmodernistiske elektronikkprodusentar. Det er altså ikkje noko ”rykte” seljarane kan lene seg på her når det gjeld kva dette er, bortsett frå det generelt tvilsame kinaproduserte varer har hatt i utgangspunktet. Men Kina er på full fart oppover. Og det vil ikkje nytte å etablere seg i ein så kravfull marknad som underhaldningselektronikken utan å ha kvalitetsmessige fortrinn, kva no denne kvaliteten skulle består i.

Nynorsk
Ein av desse kvalitetane, er tydelegvis kundetilpassing. I vår kunne vi lese om ein norsk elektronikkleverandør som hadde fått tilpassa eit menysystem til nynorsk. Dette viser ei serviceinnstilling som ikkje lenger er vanleg. Disney prøvde dette i fire Donald-hefte på 80-talet før dei bestemte seg for at dette ikkje var økonomisk forsvarleg. Microsoft har i 15 år sagt at dette ikkje let seg gjere utan astronomiske kostnadar, før dei no endeleg såg at dei måtte levere nynorsk Windows.

Eg reknar med at det var som nynorskbrukar eg vart oppmoda om å teste nettopp denne spelaren i jungelen av billegspelarar, og kvifor ikkje?

Menysystemet er glimrande, rett nok med litt små bokstavar for gammalt folk om du har liten skjerm. Nivådifferensiert programlås er berre ein av fleire funksjonar som eg ikkje har sett før. Og for den som ikkje ynskjer å ha tekstane på nynorsk, finnest det også språkval for bokmål, engelsk, og det meste andre du kan tenkje deg., slik fridom er flott og skikkeleg brukarvenleg. Ikkje minst for dei med ungar som har nynorsk hovudmål er det fint at dei kan møte nynorsk rettskriving når dei styrer med apparatet (hadde vi også fått valfridom til nynorsk teksting på einskilde filmar, ville det vore storarta)

Men appelerar denne Oppo-spelaren til andre enn nynorskentusiastar og offentlege institusjonar i kommunar med nynorsk hovudmål eller jamstilling? (Ikkje eit ord meir om nynorsk i denne artikkelen)

Utforming.
Dette er ein av dei absolutt flataste DVD-spelarane på marknaden. Stort flatare bør ein DVD-spelar helst ikkje vere. Trass alt skal det vere plass til ein del elektroniske komponentar inne i kabinettet, og desse utviklar varme. Gløymer du å slå av spelaren, t.d. om du set på pause og gløymer at du såg film, er han ganske varm etter nokre timar. Står han innestengt i ei trong hylle utan lufting, er dette ikkje bra. Men pen og diskre er spelaren.

Elles har den rimelege prisen ikkje gjeve rom til den solide mekanikken vi finn på dei produkta som gjerne elles omtalast av www.audiophile.no, t.d. er DVD-skuffa laga av blank plast, og tåler ganske sikkert ikkje allverdas herjing frå familiens yngste, men spelaren er riktig funksjonell, og alt anna enn å legge i platene kan like godt gjerast frå fjenkontrollen. Denne er funksjonell og heilt grei, og har dessutan lett tilgjengeleg ekstra menysystem som syner seg som eit lite område i venstre underkant av skjermen din – småfikst og praktisk om du sit i mørket og fomlar med innstillingane. 

Menysystema er også greie, og legg du i ein data-CD/DVD, får du opp alt innhaldet som om det skulle vore på ein PC. Veldig greitt for dei fleste, logikken kan vi frå før. Og det er eit vell av format av sølvplater som denne spelaren kan svelje. Kjekkast for lydentusiasten er at her er ein spelar med DVD-A-utgangar, slik at du kan ha full glede av dette formatet med høg lydkvalitet på ekte surroundlyd. Det einaste eg ikkje fekk spelt av det eg hadde tilgjengeleg, var SACD, som spelaren ikkje er tilpassa. Som dei fleste lydentusiastar har eg valt dette formatet sidan dette har fleire tilgjengelege innspelte titlar, men nettopp av denne grunn vil ei rimeleg løysing av bildesida med denne ekstra fasiliteten vere eit godt supplement. Ein tung SACD-spelar med fokus på lyd kan prioriterast, når DVD-A vert handsama med så godt resultat av denne rimelege spelaren.

Brukskvalitetar:
Oppo funkar glimrande i det daglege, og har godt bilde og lyd over gjennomsnittet av billegkomponentar. Eg orienterte meg om evnane billege DVD-spelarar hadde til å spele CD med brukbar lydattgjeving for eitt år sidan, då vi skulle ha eit kombinertanlegg på hytta, men vart lite imponert over nivået. Den beste eg fann under 2000 kr vart likevel kjøpt, og sidan denne står heime for tida, gjorde eg direkte samanlikning med Oppo-spelaren. Det var ikkje ein gong nødvendig å kople dei til referanseanlegget – Oppo var tydeleg best på lyd også over TV-en.

Bildekvalitetane var også svært gode, men grunna omlegging av surroundanlegget, fekk eg diverre ikkje høve til å prøve ut kva som kunne oppnåast ved bruk av anna enn SCART i denne omgang. Den spennande DVI-kontakta og dei separate koaksial-kontaktene for kvar farge innbyr til eksperimentering, og vil sannsynlegvis kunne heve bildekvaliteten vesentleg samanlikna med det eg såg under mi raske utprøving (som faktisk var på høgd med alt av DVD-spelarar eg har prøvd, også i vesentleg høgre prisklasse).

Konklusjon:
Svært mykje for pengane, eg hadde ikkje venta meg eit sånt vell av fasilitetar i denne prisklassen. Og så er lyd og bildesida gode også!

Dersom denne spelaren er eit vårteikn på kva vi kan vente oss av austleg underhaldingselektronikk, er det grunn til å tru at mange vil verte fornøgde, sjølv om dei ikkje satsar heilt i entusiastklassen. Dette har ikkje vore nokon langtidstest, så det står ope om kor påliteleg ein slik spelar vil vere etter nokre år, men vi er alle beskytta av kjøpslova, og då må det vere greitt å kjøpe ein så godt fungerande spelar, med alle dei fasilitetar som denne har. Om no Oppo kjem med ein like bra sak med harddisk og DVD-brennar snart……

Pris: Då eg spurte, fortalde Vegard Waldal at dette produktet no var på tilbod til 1495.

Link: www.datakjeden.no (for å komme inn på hifiprodukta, må du klikke på butikk, t.d. Trondheim:
http://www.datakjeden.no/default.asp?bID=4&sm=ho_de 

Tekniske opplysningar om ”Oppo OPDV971H DVI DVD Player” (BBK 971H) 
Kompatibel med :        DVD, DVD-R, DVD+R, DVD-RW, DVD+RW, VCD, SVCD, CD-R,  CD-RW, CD-DA, MP3   ISO, MP4 ISO 
Støttar video formata: MPEG1, MPEG2 , MPEG4(AVI), JPEG (JPG)

Støttar lydformata:     MPEG 1, LAYER 1, LAYER 2 , MPEG3, DVD-Audio, WMA

TV system                NTSC/PAL TV.

Audio System           5.1 kanals Dolby digital AC-3, DTS digital out, Dolby Digital
DTS/LCPM Bitstream Output, 8 3D-sound fields,  
7 equalizar innstillingar.
Audio DAC                6 x 192KHz/24-bit
Video D/A konvertar   6 x 108Mhz/12-bit
Maximum DVI oppl.     1920 x 1080i      
Video Output             NTSC/PAL 4:3, 16:9 Progressive Scan.
Composite RCA
S-Video
DVI-D x1, support 480p, 576p, 720p, 1080i output
Component (Y/Pb/Pr) x1, supports 480i, 576i
Øyretelefonutgang med volumkontroll
Mål:                  420mm(B) x 270mm(D) x 41mm(H)
Vekt:                2.5 Kg

Lest 4505 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.