søndag, 08 desember 2013 20:40

På besøk hos vinylguruen Rudi

Skrevet av

Det finnest ein del hifientusiastar som må finne seg i å verte sett på som eksentriske. Nokre av desse er verdifulle å snakke med om vår hobby, og du kan verte tankefull og fjåg av mindre. Som nordvestlending møter eg ikkje desse så ofte, men desto større er gleda når dette skjer. No i haust baud sjansen seg til å besøke Rudi.

Les meir:

 

Rudi er ein kjent storleik på Hifisentralen, og han har skrive stoff både for www.audiophile.no og Fidelity. På Sentralen driv han stort sett berre med ein ting, pickuplista si. Eg tek ikkje sterkt i når eg seier at få personar har høyrt så mange pickupar som han. Og kva endå meir imponerande er, han har uvanleg god kontroll på kva dei ulike pickupane er i stand til å prestere. Somme trur han samlar på pickupar. Det er berre delvis rett – mannen samlar på pickup-erfaringar.

 

Lytterommet

Rudi er for tida heimeverande småbarnsfar, men får likevel tid til lange økter i lytterommet sitt, der han også sjølvsagt har andre ting enn pickupar. Dette lytterommet er ikkje veldig stort, men det er lagt nøye arbeid i målingar og oppstilling av komponentar, slik at lyden har svært høg kvalitet. Dette er eit svært godt lyd-laboratorium, ikkje minst på grunn av at Rudi har mykje alternativt utstyr, slik at han alltid har alternative konstellasjonar som kan brukast under utprøvinga. Mykje av dette utstyret får besøkande til å sperre auga opp, og det absolutt mest fascinerande er alle platespelarane. Då eg kom, stod det seks stykke i anlegget. To Linn Sondek LP 12 av det moderne, påkosta slaget, Ein eldre Pioneer PLC-590 der ein Soundsmith ”Aida” stod klar, og klassikaren Kenwood KD 500, eit uhyre av ein Montegiro ”Luzzo Duplo” med to armar, der den eine var tolvtomsversjonen av SME V, med Da Vinci Nobile-armen ved sida av. Den siste spelaren var Simply Black, også påmontert SME V, men i standard nitoms lengde, med ein av dei dyrare Lyra-pickupane opprigga. Riaatrinn var der også i av fleire slag og prisklassar, og som sagt mykje anna.

Rudi har eit utsøkt utval av eksotisk vintagehifi, så vel som andre hobbyar, men det kan vi ikkje komme inn på her. Notidshifi er trass alt det viktigaste interessefeltet vi deler.

Eg var så heldig at eg fekk frie tøylar i lytterommet, og må vel innrømme at eg gjekk fullstendig bananas… Rudi skifta etter mitt ynskje mellom to høgtalarsett, tre effektforsterkarar og to forforsterkarar medan eg fekk spele så mykje eg orka på dei ulike konstellasjonane.

 

Ein pickup å verte glad i

Men pickupskift gjorde Rudi berre ein gong. Då han plukka Benz sin toppmodell LP (ein sak som kostar rundt 25 000) av tolvtomsarmen, og skifta til ein minst like dyr Air Tight PC-3, følte eg ingen som helst grunn til å sjonglere pickupar meir. PC-3 har ein forunderleg spelestil som eg berre vart meir og meir glad i for kvar låt som vart spelt. Eg har aldri høyrt noko liknande, og det er ikkje tvil om at kvaliteten fyrst og framst handlar om mellomtonen. Denne er ekstremt open og markant, heile vegen frå der trommeskinnlyden startar og oppover. Toppen er også svært open, slik at han i fyrsteinntrykket oppfattast som lys. Men så høyrer du bassen, som har all den tyngde og presisjon du kan drøyme om. Og dynamikk! Denne var usannsynleg bra, og må berre opplevast. Trøyste og bære meg!

Rudi har heldigvis ein del av dei same referanseplatene som meg, så eg fekk høyre ”Belafonte i Carneige Hall”  med heilt rå dynamikk eg ikkje har vore ute for tidlegare, Øyvin Fjeldstad si LSO-innspeling av Peer Gynt-Suite på Decca, og heit nye detaljar  på ”Dr.Johnsons Astounding Sound Show” så vel som i gitarspelet på ”Hotel California”. Få ting er artigare enn å høyre detaljar på gamle travarlåtar du ikkje har fått med deg på referanseanlegget tidlegare. Og eg spelte gjennom ”Crime of the Century” av Supertramp tre-fire gongar med stor glede, og Al Stewart ”Year of the Cat” i svært god pressing. Ekstrem trivselsfaktor kunne registrerast.

 

Elektronikk og sånt

Det var også svært spennande å høyre korleis dei ulike forsterkarane verka inn på ulike måtar. Ein halvstor, moderne Parasound gjorde ein god jobb saman med Einstein The tube rørforforsterkar, men vart avløyst av ein EAR 912 forforsterkar, som saman med ein snart 40 år gammal, men nyrenovert GAS Son of Ampzilla på 80 watt, sjokkerte med sine dyder. Endå  råare vart det då ein ny håndbygd amerikansk Moscode-hybridforsterkar vart sett inn i signalvegen.  Og det var uhyre interessant å veksle frå Paradigm S8 signature til dei langt billegare italienske Chario Ursa Major.  Det høyrdest umiddelbart ut som dei italienske var eit betre kjøp, men Paradigm hadde fleire element som dei stakkars effektforsterkarane måtte halde orden på, og dertil svært gode perspektiveigenskapar. Mykje kan sikkert flyttast på, og matching er alltid viktig. Alt for kort tid til å gjere seg opp noka skikkeleg meining om dette, men veldig moro å komme rett inn i ein testsituasjon. Eg må innrømme å vere godt vant med lyd, men kjeda meg ikkje eit sekund i dette selskapet.

 

Pickupmannen

Besøket var altså ein sann svir, utan at det vart gjort så mykje ut av Rudi sitt spesialfelt; pickupar. Men mannen er legendarisk for sitt overblikk, og eit oppslagsverk, ikkje berre på pickuplista han redigerer på sentralen, men når du snakkar med han.

Rudi har ein tendens til å gå djupt inn når det er noko han er interessert i. Han klarer ikkje la vere, fortel han, og stoppar aldri å grave, det ligg i hans natur. Fullstendig av/på innan fleire interessefelt. Av og til må han berre seie stopp, fordi han merkar at han er i ferd med å gå for djupt inn i feltet, og Rudi er redd for verte avhengig og ”slukt” av emnet.

Heldigvis for oss andre hifi-nyfikne, har han ikkje sagt stopp innan godlyd. Han har såleis  prøvd å sette seg inn i alle sider av vinylplateavspelingsproblematikk som tenkjast kan. Og så kan han lytte, og brukar veldig mykje tid på dette. Han legg ikkje så mykje lit til andre sine erfaringar, men må prøve sjølv.

Hifi-entusiastar er sjølvsagt veldig opptekne av hobbyen sin, og på internett kan ein frå tid til anna sjå folk som er svært hissige og usaklege i påstandane sine. Slik er det ikkje med Rudi. Han uttalar seg svært forsiktig om ting han ikkje har erfaring med, eller tenkt over. Til gjengjeld er han ikkje redd for å ha sterke meiningar når dette kan baserast på erfaringar, og kan bruke store ord innimellom.

Sjølvsagt kan han justere armar og pickupar som få andre. Og han er ein pirk av det heilt fanatiske slaget. Air Tight-pickupen skal ha mellom 1,4 og 1,8 grams stifttrykk, så Rudi bestemte seg tvert for å legge seg på 1,600. Og skrudde i veg. Etter ei laaaang stund hadde han fått 1,596 på den digitale pickupvekta, og eg pusta letta ut. Men trur du mannen stoppa? Endå fem minutt gjekk med til tala på slutten svinga mellom 1,598 – 1,600 – 1,602. Då stoppa han, nokolunde fornøgd. Dei andre parametrane gjekk heldigvis raskare, og var i orden nesten umiddelbart – det er noko med handlag og erfaring. Det er mange som er gode i handverket pickupmontering, men Rudi er ein kunstnar av dei svært få, der intuisjon er like viktig som presisjon.

Like stor pirk er han når det gjeld høgtalarplassering og ein del andre hifi-idrettar. Det kan verke litt overdrive når du opplever det for fyrste gong, men i det lange laup syner det seg at han gjer svært korrekte observasjonar, og får svært gode resultat, kan fleire enn meg vitne om. Rør-rulling og kabelproblematikk er felt han sjølvsagt også er oppteken av, men hans største og viktigaste ambisjon er å få skikkeleg oversikt på alt som heiter pickupar og vinyl, noko ein må seie han har gode sjansar til å lukkast med. Han er på god veg, med skikkeleg referanse på langt over 100 pickupar som han kjenner ganske inngåande etter å ha prøvd dei ut i eige system. Medan han har brukbar kjennskap til langt, langt fleire.

I desse dagar er han i ferd med å tenkje ut eit nytt evalueringssystem for pickup-kvalitetar. Den gamle malen han har brukt til lista si, er ikkje presis nok, meinar han, og vil definere ei rekkje parametrar som han vil gje poeng på ein skala. Detaljeringsgraden kan verte for stor, slik at det kan verte forvirrande å få oversikt.  Det må altså tenkjast ein god del.

 

Eg ser alt fram til neste besøk.

Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.