lørdag, 14 mars 2015 18:01

Tredje del av pickuparmutfordringa: Lovens lange arm, kan det vere løysinga?

Skrevet av

Eg trur nesten eg vert nøydd til å kjøpe meg ny arm til platespelaren. Dess meir ein tenkjer på slikt, dess meir veks også behovet, kjennest det ut som. Men kva arm skal eg satse på? Kva kriterium skal eg gå etter? 

 

Som halvt sunnmøring hatar eg å handle utan handleliste – å shoppe pickuparm på impuls er ikkje mi greie. Så no har eg tenkt å lage eit oversyn på kva alternativ eg kan tenkje meg. Eg skal ikkje ha verdas beste arm, eller den som har fått best testresultat. Og heller ikkje den vakraste. Eg vil ha ein optimal arm til mitt bruk. Så kva skal eg sjå etter? Ikkje dumt å reflektere litt, kanskje?

I del to om pickuparmar hadde eg laga ei platespelargeometrimatematikkoppgåve, men sa ikkje akkurat kva radius du skulle bruke. Altså radius arm-sirkelen, den bogen som armen gjer over platesida. Platesirkelen skal ha ca 15 cm til radius, for platene er ikkje større enn det. Eg kunne sagt at armsirkelen skulle vere 21 – 24 cm, for så lange er dei fleste pickuparmar frå opphengingspunktet til pickupstiften. Men ikkje alle.

Det finnest faktisk armar som er lengre. Og til lenger armen er, til mindre vert vinkelfeilen. Om du lagar ein kjempesirkel, vil den vesle delen av sirkellina som går over platerillene vere nesten samanfallande med den streken vi laga gjennom sentrum av platesirkelen. Altså nesten tangent, om sirkelen berre var stor nok. Ein kjempesirkel måtte sjølvsagt lagast av ein kjempelang arm, og det byr på store problem. Men det er god hjelp i å auke armlengda nokre centimeter – vinkelfeilen vert merkbart mindre.

Eit anna pluss med ein lang arm, er at han reagerer mindre på ”bulkete” plater, der korte armar (til dømes tangentialarmane til Technics, B&O, eller ReVox sine klassiske spelarar) kan ha problem med å halde seg i rilla. Ikkje nødvendigvis noko stort problem for dei som har tjukke 200gramsplater som er skikkeleg flate, men eg har mykje god, humpete musikk…ein lang arm hadde vore greitt.

 

 

Kvar skal armen plasserast?

Det er litt styr med å finne den perfekte plasseringa av armen, og her kan både meinigmann og dei lærde stridast. Det er to-tre rådande teoriar om kva som er det aller beste, og dei fleste malar har anten Berwald/Stevenson eller Loefgren-geometri – eller så kan du velje mellom begge. Kva for ein du vel, er opp til deg sjølv. Du kan seie at det viktigaste er at dei to nullpunkta er fornuftig plasserte. Så får ein heller krangle litt om kva som er ideelt. Det er iallfall ikkje fornuftig å setje armen slik at ein ikkje får nullpunkt, eller berre eitt. (Er du interessert kan du sjå kva Rudi fortel om dette). Skal eg synse, er Berwald og Stevenson-plassering det som sikrar at inner-rillene vert best reprodusert, medan Løfgren tilgodeser mest det som ligg mellom nullpunkta. Lat oss heve oss over dette i denne omgang. Denne problematikken er meir aktuell for dei med korte nitoms armar. Vi fokuserar på dei som er lengre.

 

Det finnest mange tolvtommarar

Alle armkonstruktørar er klar over at det er meir å hente på lange armar, og fleire av dei kan levere lange alternativ. VPI JMW-armen eg brukar, har alltid kunne leverast i 12” utgåve, og er då ein betre arm også på andre måtar, med VTA-tårn og meir lettvinte justeringar. (Etter kvart utstyrte VPI dei mellomdyre spelarane sine med 10,5” arm, medan toppmodellen har tolv tommar. Dette er også med på å gjere dei beste spelarane best).

 

Den legendariske SME V kan leverast i (dyr) 12” utgåve, og den fantastiske Triplanar skal no også komme i slik lang utgåve. Reed-armane kjem i lang utgåve, og Scheu kan også levere tolvtommarar. Ortofon har alltid hatt tolvtoms alterntiv til den som vil ha gode vilkår for SPU-pickupane sine.  

 

Eg har høyrt nokre slike, lange beist opp gjennom åra, og det er ikkje tvil om at det har mykje føre seg. Det skal ikkje mykje til før vinkelfeilsproblematikken betrar seg. Du høyrer tydelegl på ein 10,5 VPI JMW-arm at innerrillene spelast betre enn på min nitommar. Lengda er også viktig for denne forbaska antiskatinga. Mindre kritisk på ein tolvtomsarm, men ikkje heilt perfekt, slik det vert på ein tangentialarm, Sjølv om du brukar litt mindre antiskating på ein lang arm, er det behov for litt. Min idealarm må vere slik at dette ikkje er noko praktisk problem for avspeling. Og problemet vert mindre dess lenger armen er.

 

VTA – vertikal sporingsvinkel

Stiften skal stå rett i rilla, og nålefana skal ha ein slik vinkel at dette skjer. Legg merke til at det innimellom brukast to ulike omgrep, VTA og SRA. Det fyrste tyder vinkelen mellom vinylplata og nålefana, medan det siste er sjølve nåla, diamanten sin sporingsvinkel på plata. Den siste er ikkje så lett å observere, men det har lydlege konsekvensar. Dei aller fleste pickupar spelar ganske optimalt når armen ligg parallelt til plata. Men av og til kan ein oppleve at lyden vert betre ved at du hevar eller seinkar armbasen noko. Dette gjeld gjerne på kostbare nåleslipingar. Men nålefaner er heller ikkje like, det finnest korte (som Dynavector DV 17) og veldig lange. Diamantstiften har ulik sliping, og kan vere montert noko ulikt – ikkje berre mellom ulike merke, men også mellom ulike modellar, og endåtil mellom ulike eksemplar (Denon DL 110 kan opptre med ulik grad STA) Så det beste du kan gjere, er å regulere høgda på armen litt opp og ned, slik at du faktisk høyrer når sibilantane forsvinn, lydbildet løyser seg godt opp, og diskanten er på det luftigaste. Men det er utruleg tungvint å flytte armen i små hakk ved hjelp av eit par umbracoskruar, og lytte seg fram ved å endre på dette med frihand. Å kunne endre VTA medan du spelar plate, er ein kjempefordel, så denne fasiliteten må eg berre ha når det skal justerast nye pickupar. (Når ein pickup spelast inn, kan det vere lurt å etterjustere - ting endrar seg innimellom). Eg er bortskjemd med dette – min fyrste skikkelege spelar var ein Technics SL 1000, der armen EPA 100 kunne justerast ”i fart”, og ET 2 – armen hadde den beste av alle ordningar på feltet. Mange armar har etter kvart denne fasiliteten, og er du tøff, kan du også klare dette med dei rimelegare VPI JMW-armane (ver endeleg forsiktig dersom du ikkje har VTA-tårn). Alle armar er ikkje like lette å arbeide med, så sjølv om desse ”gammaldagse” armane kan spele like godt med ein gjeven pickup, opplever eg at det tek for lang tid å justere dei, særleg når du har behov for å gjere samanlikningar mellom fleire. Så for meg eliminerar dette ein god del elles interessante armar.

 

Nokre andre armfaktorar, og vurderinga av desse

Så har vi stifttrykket. Dette er veldig viktig for at pickupen skal oppføre seg rett. Somme vil ha så lågt stifttrykk som råd. Det kan vere ein usunn sport og slite hardt på platene, motsett det mange trur. Dersom pickupen ikkje har tilstrekkjeleg sporingskraft i rilla, risikerer du at han lagar sitt eige spor i dei meir krevjande passasjane. Men for høgt stifttrykk er heller ikkje bra. Du risikerer slitasje då også, og du kan også komme ut for at nålefana eller endåtil sjølve pickuphuset subbar ned i plata. Så bruk det som produsenten tilrår. Mitt utgangspunkt er som regel å bruke det høgste stifttrykket som står i papira. Etter innspeling av pickupen skrur eg så vekta nedover så langt eg kan utan at sporingseigenskapane endrar seg ut frå måleplata eg brukar.

 

Azimuth

Eg er altså veldig kritisk med VTA, antiskating og stifttrykk, men er noko meir avslappa i forhold til dei mange andre faktorane til plateavspelinga. Det vil seie, eg har fått litt å tenkje på, etter å ha levd med den unipivoterande VPI JMW 9 Signature i nokre år. Pickupen står svært så rank i rilla, med eit relativt høgt tyngdepunkt, og det er avgjerande at stiften står heilt loddrett. Normalt er ikkje dette eit problem om pickupen har ei nålefane som er plassert i samsvar med pickuphuset (”kabinettet” på pickupen), for ein pickuparm kan normalt ikkje vridast sidelengs (dette kallast i så fall azimuth-justering, og når du startar med å vurdere i kva grad nålefana er i lodd, vert du skikkeleg schizofren). Her er det lettast å leggje ein spegel på platetallerkenen og sette stiften (varsamt) ned på denne. Hald ei  supertynn loddsnor framfor, og sjekk om nålefane + speglbilde er på same loddrette linje. Dette er særleg viktig om du har ein unipvioterande arm, for desse kan dingle i alle retningar, sidan dei heng på eitt punkt, og alt kan skje. JMW-armane er utstyrte med ei lang stålstang som skal leggjast i ei renne på toppen av pickuphuset. Målar du avstanden ned til plata frå begge endar av stonga, skal desse vere heilt like, elles står pickupen skeivt. Om dette er tilfelle, må du vri på motvektsloddet til tyngdepunktet er i samsvar med nålefana. Ein vanleg radialarm er mykje enklare å arbeide med. Denne kan røre seg berre i to plan, loddrett og vassrett, og det eliminerar ein del problem. Så her treng vi ikkje uroe oss, om vi då ikkje absolutt vil (eit fåtal armar kan justere denne sidevinkelen som kallast azimuth. Sjølvsagt er det viktig at pickupen har rett vinkel også i dette planet, men eg likar ikkje tanken på stadig å måtte sjekke dette – om pickupprodusenten ikkje greier å plassere nålefana rett i pickuphuset, vil eg kalle det reklamasjonsgrunn…

 

Overheng

Då er det litt verre med overhenget. Når du justerer pickupen heilt perfekt, i rett avstand etter den aktuelle malen som brukast, er du typisk fornøgd med deg sjølv. Men auk stifttrykket litt, prøv på ny, og sjå nøye etter – akkurat, nåla har flytta seg ørlite. Dersom du justerer VTA litt, endrar også plasseringa av nåla seg. Så må du til å justere overhenget. Det kan vere ein god ide å vurdere dette om du har ein stift med fin sliping. Då er ting såpass kritiske at det har noko for seg. Men hugs – avstanden frå største og minste avvikspunkt frå nullpunkta er langt verre. Du må velje i kva grad du skal stresse dette punktet. Eg gjer det ikkje i denne omgang, om ikkje det er ein svært dyr pickup (eg prøver å halde meg under titusen kroner for pickupar til husbruk). Men når eg har spelt inn pickupen, justert det meste, og sjekka at sporing og den slags er i orden, tek eg også ei siste runde med overhenget.

 

Eigentleg trur eg at dei fleste armar kan justerast ganske bra. Ein Rega kan til dømes utstyrast med VTA-justeringstårn. Men ein kan også justere armen ved å legge mellomringar under han. Tungvint, definitivt ikkje noko som du kan gjere ”i fart” under avspeling, men når jobben er gjort, er dei fleste fornøgde. Men ikkje alle. Dei skikkeleg nevrotiske justerer VTA frå plate til plate, iallfall når tjukkleiken varierer med nokre millimeter.  For fullkomen perfeksjonisme må ein justere under avspeling, og springe mellomVTA-skruen og lytteposisjon, eller få seg ein assistent….eller kanskje det heile kunne ordnast via fjernkontroll?

 

Ynskjelista

Altså, for å oppsummere, i mitt tilfelle der det er snakk om mange pickupar som skal prøvast ut, ynskjer eg ein arm med heilt spesielle eigenskapar:

 

-   kunne justere VTA under avspeling. Det går mykje raskare å justere armen då, og etterjustering går som ein draum. Eit must når ein skal finhøyre kva VTA-innstilling som er optimal.

-         at pickupshellet skal kunne takast av armen, slik at eg kan skru dyre pickupar på plass i fred og ro. Mykje tryggare å skru fast pickupen.

-         Lang arm på minst 12 tommar, eller tangentialarmer det beste. Slik er det berre (sjå tidlegare tankar i pickuparm-tråden her)

-         få plasstil han på den ”vesle” VPI SSM-spelaren min på ein fornuftig måte.  Kvifor ikkje kjøpe ny spelar? Vel, det kostar for mykje å finne noko som er betre, ganske enkelt. VPI SSM med rimdrive, tung tallerken, platekrans og lodd er noko av det beste eg har spelt på, sjølv om spelaren har sine utfordringar.

-         Det vert ikkje aktuelt med unipivoterande arm.Okei, mange unipivoterande armar har godt omdøme. Eg har høyrt glimrande lyd formidla av pickupar fastspent i slike. Men eg har prøvd å justere desse, og tykkjer rett og slett det er vanskeleg å verte heilt fornøgd. Det er både teoretisk unødvendig og tvilsamt i praksis, at armen skal daldre i alle retningar. Ein arm treng ikkje røre seg andre vegar enn vass- og loddrett. Meiner eg. Og det er eg som skal kjøpe arm.

-         ha effektiv antiskatingmekanisme. Korleis denne skal ordnast, veit eg ikkje. Eg ser for meg det ideelle som ein slags progressiv sak, der antiskatinga kan variere alt etter kvar på platesida stiften er. Kanskje det også kunne pønskast ut noko som skrudde antiskatinga ut frå kor sterk draget frå rilla er? Men då må denne registrerast på ein eller annan måte, og så kompenserast….det vert vanskeleg. Så ein får aldri orden på antiskatingproblematikken utan tangentialarm. Det hadde vore fint å sleppe styret med dette, og eg skal iallfall redusere det så mykje som råd, og det vil eg altså ved å finne ein arm som er så lang som råd. Utfordringa er å montere ein lang arm på spelaren min, og det på ein slik måte at det vert lett å bruke den smarte platekransen eg er så fornøgd med. 

-         ha nokolunde edrueleg pris.Eg kan bruke litt pengar på dette, men eg er no ikkje heilt vill heller. Eg kan tillate meg å drøyme litt, men armen vil nok ikkje vere i den aller høgste prisklassa. Det må vere pengar att til å kjøpe vinylplater også. For i motsetnad til pickupen og riaatrinnet har ein pickuparm ikkje eigenlyd i tradisjonell forståing. Armen syner sine kvalitetar i samspel med pickupen, og har same høve til musikkattgjeving som ei kulisse, eller ein rekvisitt har til ei teaterframsyning. Sjølvsagt kan ein trekkje inn det estetiske, men eg vel å sjå på pickuparmar som gode verktøy, der utforminga er ein konsekvens av kva funksjonar som skal ivaretakast.

 

Draumen om armen

Snakkar vi om det perfekte, burde alle justeringar kunne gjerast under avspeling, og aller helst styrast via ein fjernkontroll frå lytteposisjon. Slik at VTA, Azimuth, overheng, stifftrykk og antiskating kunne veljast ut frå kva du høyrde. Men slike armar finst ikkje, så vidt eg veit.

Så neste gong skal eg skrive om armar som fins. 

|

 

 

Lest 4056 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.