fredag, 09 januar 2015 13:51

Swissonor PPP – ganske enkelt ein MC-trafo

Skrevet av

Dette er eit produkt som ein ikkje så ofte finn i handelen – ein transformator som skal stå i signalvegen mellom ein moving coil-pickup med svakt utgangssignal og riaatrinnet. Ein liten boks, med integrerte leidningar. Så du kan ikkje eksperimentere med kabelval, men på den andre sida kan det vere greitt å sleppe dette også.

Det var mange slike trafoar å få kjøpt tidlegare, men i dag har nok moten svinga bort frå desse. Folk vil heller satse på ein riaaforsterkar med nok gain til at du kan køyre MC-pickupen rett inn. Ein trafo, hevdast det, får signalet til å bli mindre presist og lagar ”gumpetung” bass. Attende i 1986 kjøpte eg Audio Research SP 10 nettopp av den grunn at eg ikkje ynskte det spesielle trafopreget. Og så ynskte eg å kunne justere impedansen til dei ulike pickupane – det er vanskeleg å gjere på ein trafo. Men det kan vere stor skilnad på både trafoar og riaaforsterkarar, og ein kvalitetstrafo skapar i praksis fantastisk lyd, utan den fjernaste tendens til hengjande, overdriven bass. Å lage eit riaatrinn som forsterkar signalet meir enn 60, kanskje 75 dB, kan dessutan vere litt av ei utfordring om ting skal vere støyfrie, og lydkvaliteten heilt på topp. Det er heller ikkje alle pickupar som tek dette like tungt. Det er såleis ingen grunn til fanatisme, så det kan godt hende at PPP vil vere tingen for deg som manglar gain.

Eg prøvde både med Swissonor sitt riaatrinn ”PP”, og eit par rimelege eg hadde liggjande. MC-pickuputvalet mitt er noko avgrensa for tida, så eg fann berre ein som var ei verdig utfordring for PPP. Pickupen eg brukte var den tilårskomne, men svært gode Accuphase AC 1, som leverer eit utsignal på 0,2 mV, på grensa til det som kan fungere med ein riaaforsterkar, så her var ein trafo eit godt val. Eg har alltid vore begeistra for denne pickupen sine lydlege kvalitetar, men han leverer så lite guffe at min SP 10 ikkje får fram dynamikk, før du skrur volumet såpass høgt at det er meir susing enn det som normalt aksepterast når du vil ha kvalitetslyd.

Faktisk gjorde PPP underverk saman med AC 1. Dette er ein pickup som er litt meir lukka enn sine to langt dyrare slektningar, men formidlar lydbilde av svært høg klasse, og spelar dynamisk og engasjert. Han kan også gje klangfargen litt varme, ein dash fleskefeitt i bassen, og litt sjenert utklinging i toppen, men ein fantastisk mellomtone og tredimensjonal attgjeving til fulle der platerillene gjev rom for slikt. Både Graham Slee ”Communicator” så vel som via Swissonor sin eigen riaa, vart lydattgjevinga fantastisk, men på to ulike måtar. Swissonor fekk fram meir dynamikk, slik ein kunne vente, og var nok tydeleg best i total samanheng. Men Communicator

- ein dings eg hadde kjøpt som utgåande modell for under tusenlappen då det var utsal– greidde å få fram perspektiv og ganske nøytrale klangeigenskapar på ein veldig imponerande måte. Og med så låg pris, har ein også råd til ein slik trafo.

PPP er ikkje heilt billeg. Han kan leverast i minst to utgåver, slik at du kan tilpasse den pickup du skal bruke. Dei har ein pris på ca 10 og 15 tusenlappar, så dei bør absolutt vere av god kvalitet. Du treng dessutan både riaa og ein god MC-pickup for å gjere deg nytte av han. Men dette er MC-trafoar av beste kvalitet, laga av Hashimoto, den opprinnelege underleverandøren av trafoar som vart brukt m.a. av Sansui. (Produsenten eksisterar endå) Ein god MC-trafo som dette, er ikkje å gå på kompromiss med lyden, snarare tvert i mot. Men du må sjekke litt kva som passar deg; somme pickupar (til dømes Denon) likar nok MC-forsterkarar betre enn trafoløysingar. Og motsett, nokre (til dømes Ortofon sine eldre toppmodellar) fungerer veldig godt med trafo. Så det er eit spørsmål om kva du skal basere deg på. Ein trafo er velsigna enkel å jobbe med. Du har ikkje noko val, når du fyrst har kjøpt ein slik.

 

Konklusjon:

Eg skulle sjølvsagt prøvd ut tre-fire andre MC-pickupar med lågt signal før eg trekk endelege konklusjonar, men vi får ta sjansen. Det verkar som PPP, i motsetnad til dei andre produkta eg har testa frå Swissonor, ikkje har den spesielle dynamiske understrekinga som er produsenten  sitt kjenneteikn.

Dette gjer ikkje PPP ueigna til bruk i Swissonor-samanheng, men det er ingen grunn til å vere skuffa av den grunn. Du har i staden eit svært allsidig produkt som også kan brukast i samanhengar der ein higar etter andre lydlege preferansar. Dette er ein svært god MC-trafo, som ikkje har andre avgrensingar enn det som ligg i transformatorprinsippet.

 

Pris: to utgåver tilpassa ulike MC-pickupar. Rundt 10 000 og 15 000 kr

Utlånt av www.bebophifi.no

 

Lest 3939 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.