onsdag august 21 , 2019
onsdag, 14 august 2019 17:02

Oppvarming - Stig Arne si dagbok Juni 2019 Spesial

Skrevet av

Me er alt midt i august, so det hastar med å få ut juni. Eg er som vanleg ein månad i etterkant. Men ljose sumarkveldar er ikkje tida for å sitje inne og skriva, sjølv om eg har mykje på blokka. Eg konsentrerer meg difor berre om eitt tema denne gongen, pluss ølspalten naturlegvis.  

Oppvarming?

Skal stereoanlegget stå på heile tida for å yta sitt beste, eller bør det vera slått av når det ikkje er i bruk? Dette spørsmålet har ridd audiofile i lange tider. Det er ingen tvil om at eit anlegg som har stått på ei stund, og helst lenge, spelar best. Med lenge meiner eg minimum 20 minutt, men det kan og skje pussige ting etter to og tre dagar. Då kan magiske stunder oppstå. Men er det riktig å lata anlegget stå på døgeret rundt og trekkja straum og slita røyr, berre for at det skal spela LITT betre når du set deg i godstolen? Dette har eg fundert på i mange år. No har eg kome fram til ein konklusjon. 

I no nedlagde danske “high fidelity” vart dette stadig debattert. Det var og ein gjengangar i brevspalta. Begge alternativa har sine fordeler og ulemper: Om anlegget står på heile tida, medfører dette slitasje på røyr, og kondensatorar, som tørkar ut. Og varmeutviklinga kortar ned levetida på komponenta generelt. Det oppstår derimot ingen slitasje på komponent som ikkje er i bruk, heller ikkje kondensatorer, men stadig av-og på-slåing av anlegget er heller ikkje problemfritt: Ved påslag rasar det spenning og straum gjennom apparatet, og den stadige oppvarming - nedkjøling - oppvarming att er potensielt like slitande på anlegget som om det hadde stått på heile tida. 

Dermed er du kan hende like langt uansett kva du gjer. Men her er og andre omsyn å ta enn berre lyden. I desse grøne tider lyt ein tenkja litt på miljøet og. Straum kostar pengar og tel negativt i miljørekneskapen. Du let heller ikkje ljoset stå på i eit rom du ikkje brukar. Og du vil vel ikkje at huset skal brenna ned? Eit kvart apparat som er i bruk er ei potensiell brannfåre. 

Konklusjonen min er difor klinkande klar: Eg let ikkje anlegget stå på når eg ikkje nyttar det, og slett ikkje når eg er ute av huset. So får det heller våge seg at det ikkje spelar fantastisk frå fyrste låt. Men det går jo an å planleggje litt. Veit du at du vil testa noko utpå kvelden, slår eg anlegget på i god tid. Og det står gjerne på heile dagen om eg er heime. Til vanleg nyttar eg effektsvake transistor-forsterkar som ikkje dreg mykje straum, og som uansett ikkje vert meir enn lunken. Har du store dyre røyrforsterkarar er problemet større. Om du ikkje har litt av eit vedlikehaldsbudsjett bør du i alle fall slå beistet av om natta! Men ein god gamaldags konservativt konstruert push-pull røyrforsterkar med to stk. EL 34 pr. kanal, på alt frå 30 til 60 watt, blir aldri gloheit og kan godt stå på fleire timar i strekk. Om du insisterer kan ein CD-spelar eller ein for-forsterkar stå tent frå morgon til kveld, sidan dei dreg lite straum. Men ein kraftig effektforsterker bør definitivt slåast av når han ikkje er i bruk. 

Det finst og dei som påstår at oppvarming av stereoanlegget er noko stort tull. Og det stemmer sikkert for dei som berre nyttar anlegget til nyhende og bakgrunnsmusikk, og elles ikkje har noko vidare interesse av det. Dei legg neppe merke til nokon variasjon i lydkvaliteten. Og skilnaden er jo heller ikkje natt og dag. Men han er der for den ivrige lyttar. Jamvel på ein “ussel” liten komponent som ein USB-høgtalar, som t.d. JBL GO, legg eg tydeleg merke til denne skilnaden. Han kan låte ganske tynt i starten, men etter ein halvtime har lyden satt seg. Då vartar han opp med ein langt meir balansert, levande og musikalsk presentasjon. Eg må innrømma at dette var uventa i ein slik rimeleg komponent, som streng tatt ikkje har noko med hi-fi eller stereoanlegg å gjera. Men det seier gjerne litt om kvaliteten på komponenten. Dette er forresten framleis den USB-høgtalaren eg nyttar mest, når eg er på badet, på plenen eller på reise. OBS! Ein ny variant er på marknaden, JBL GO 2, test er i kjømda. Stig Inge (Bjørge,Lyra) har alt kjøpt eit eksemplar og samanlikna. Vent i spaning. JA, eg har alt skrive mykje om JBL, men NEI, eg har ikkje fått betalt eit øre frå verksemda. Det skulle teke seg ut. Slikt skjer berre i det store utland. Vonar eg. 

 

 

Ymist (diverse)

Det er framleis sumar, so vidt, og nokre har ingenting å gjera. Eller ferierer og freistar å slappa av. Det kunne difor høve med to Oscar Wilde-sitat: “Det er veldig travelt å ikkje gjera noko”. Og dette: “Han flytta kommaet fram om føremiddagen. Om kvelden flytta han det attende”. Eller Leonardo da Vinci: “Eit åndsmenneske arbeider mest når han ikkje gjer noko." 

Men om du arbeider, slår ofte fylgjande regel inn: Uansett kor du legg i frå deg noko, er det i vegen for neste arbeidsoperasjon. Det har eg tenkt ut heilt åleine.  

 

Ølspalten

Hansa Pilsner

Noko har skjedd med Hansa Pilsner. Eg fekk ein forsmak på dette for nokre laurdagar sidan, då eg for moro skuld arrangerte ein samanliknande blindtest av 3 sterkøl: Hansa Sterkøl, Mack Gullmack og Ringnes Extra Gold. Eg ante ikkje kva som var kva, har ikkje smakt nokon av dei på lange tider. Men eg hugsar at eg sa “denne er den myrkaste på farge, so da e i alle fall ikkje Hansa". Men det var det. Tidlegare har Hansa vore relativt ljose på let (farge), og ganske lette på smak. Men denne Hansa sterkøl fall ikkje gjennom. Alle 3 var verkeleg gode, resultatet av denne testen kjem seinare. 

Men attende til Hansa Pilsner (4,7%, dvs butikkøl). Det var jo denne me drakk i unge år, før reglane for distribusjon av øl vart endra. Bryggeria delte landet seg i mellom, her vest vest drakk me Hansa i frå Bergen. Me visste ikkje om noko anna, og fekk heller ikkje tak i noko anna om me ikkje var på reise. Med aukande tilbod fekk me smaken på andre sortar, og Hansapilsneren vart i periodar gløymt. For ikkje å snakka om når mikrobryggeria kom på banen, og me fekk allslags sortar, og pilsner (eller blonde ale) med ein heilt annan smaksrikdom enn “industripilsner”. Men sidan denne vert dyr i lengda har eg drive litt vekselbruk mellom billeg industripils og anna, og eg har drikke ein del Seidel til kvardags, sidan denne er den billegaste. Her ein kveld fann eg ut eg var lei denne, og opna ein Hansa Pilsner. Eg reagerte på fargen. Han var relativt myrk. Eg klødde meg i håret eg ikkje har og spurde meg sjølv “Kva har hendt? Har Hansa teke kritikken frå bergensaren Erling Gjelsvik til seg, der han i Bergens Arbeiderblad stilte spørsmålet “Hva har skjedd med Kalfarets stolthet? ”Eg gjev han rett. Hansapilsneren har i lange periodar ikkje vore god. Nesten på kanten til udrikkeleg. Skummet har lukta kloakk, og smaken har vore lik null. “Next to water”, eller “next to nothing”. Eg har nesten hatt lyst til å flytta til Tyskland, eller i alle fall til Danmark, der du framleis får godt øl på glasflasker, og til og med i lunsjen.   

Men no har det altså skjedd noko. Fargen er påtakeleg myrk, og smaken er djup og har substans. Han SMAKAR faktisk noko. Det er ikkje berre vatn med alkohol lenger, slik det ofte er med billeg industripils. Eg ringde Hansa dagen etter, og vart møtt med ei hyggeleg røyst - med austlandsdialekt. Eg var nær ved å spørja “-orsak, men er eg komen til Ringnes eller til Hansa?” Men bryggjemeister Carl Erik Sæther kunne fortelje at eg var komen rett, og at han har jobba på Hansa i 10 år. Han er næringsmiddelteknolog (eller matingeniør, som det no heiter) og fekk tilbod hjå Hansa, sidan han hadde lyst til å jobba med øl. Eg skrytte av ølet og spurde kva dei hadde gjort. Han høyrest oppriktig glad ut for å få ros. Som han sa “når folk ringjer, er det alltid for å klaga."   Han hevda at dei ikkje hadde endra på ølet, dei nyttar same gjær og same resept som dei har gjort i alle år, men jobbar kontinuerleg med framstillingsmetodar og kontinuitet. Mellom anna hadde dei gjort framsteg for å unngå å få oksygen i ølet. I nokre av prosessane.

Eg trur no kva eg vil, men han har truleg rett. For mange tiår sidan vart me servert same ølet frå fat på Torget i Bergen, og sambueren min og eg reagerte spontant på at ølet smakte uvanleg godt, og var mykje myrkare enn vanleg. Det synte seg å ha vore lagra på eit fleire hundre liter stålfat. Eit øl er med andre ord like mykje eit resultat av framstillingsprosessane og lagringa, som av ingrediensane i ølet. Uansett har eg i drepande sumarvarme - takka vere menneskeskapt oppvarming - kjøpt Hansa Pilsner og nytt kvar dråpe. Merk at det står B 19 på botnen av boksen, i tillegg til best-før-datoen. Eg reknar med det er ei forkorting for “Batch 19”. I so fall ventar eg spent på neste tapping, B 20. Er denne lik? Eller dårlegare? Eller til og med betre? Eg skal halda dykk orientert. Det skulle berre mangle. Hansa var ungdomstida vår. Ein duggfrisk Hansa på 33 cl grøn flaske på ein varm sumardag, for ikkje å snakka om ein laurdagskveld, det var tider det. 

 

 

Horten

No ser det ut for at både Karl Erik, Arve og eg kjem på Hortenmessa. Det vert kjekt. Me gler oss til å treffa dykk. Kva me konkret skal gjera er litt uvisst, men me har ikkje leigd rom for å demonstrere noko. Truleg vil Karl Erik og Arve springa rundt med kamera og mikrofon, medan eg minglar og smakar på dei lokale ølsortane.      

 

 

 

Lest 348 ganger Sist redigert onsdag, 14 august 2019 17:14
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen