onsdag august 21 , 2019
mandag, 03 juni 2019 18:46

Sommarspesial – Stig Arne si dagbok april 2019 Spesial

Skrevet av

Ops, førre Dagbok var mars månad, på tide å setja seg ned att og skriva noko. So her kjem ein forseinka april-rapport når me nett har passert den kaldaste mai på 125 år. Med mellom anna test av blåtannhøgtalarar.

ATTENDE TIL MONO

Etter at eg byrja å kopla blåtann-høgtalarar til iphonen på badet om morgonen, sidan reiseradioen ikkje lenger virkar etter at Nrk kutta FM-bandet, har eg leika litt med å freista å setja ting i perspektiv. Og prøvd ut stadig fleire blåtann-høgtalarar (dvs. bluetooth).

Dei fyrste radioane var i mono, og etterkvart kom stereo og stereoanlegget. So gjekk me inn i data-alderen, og mange gav blaffen i heile stereoanlegget og kjøpte seg PC-høgtalarar i staden. Dette var gjerne to små stereohøgtalarar med separat basskasse. So kom det ein revolusjon i mobiltelefonane, dei vart so smarte at dei erstatta heile datamaskina og meir til. Dei ER ei datamaskin. Eg kjenner mange som som har gjeve blaffen i heile datamaskina etter ho gjekk til helsike, eller vart so full i spam at ho nekta å starta opp. Dei klarar seg med mobilen! Og det er alt dei har. Kor i helsike vart det av stereoanlegget? Det har dei heller ikkje. Dei har berre kjøpt seg ein blåtannhøgtalar (og det finst faktisk dei som ikkje har det ein gong). Og dermed er me attende til mono. Er det ikkje utruleg. Det er mogeleg at signalet frå mobilen teknisk sett er i stereo, men kva hjelper det når begge kanalane vert summerte ei eitt einaste lite apparat. Som ein mono radio. Eller reiseradio. 

Mange av oss har heldigvis framleis eit stereoanlegg, elles hadde vel ikkje denne spalta eksistert. Og dette brukar me ivrig. Men etter at eg fekk demonstrert ein blåtannhøgtalar av Stig Inge (Bjørge, Lyra), har denne teknologien fascinert meg. Eg trudde ikkje det var mogeleg å få so god lyd ut av noko so lite (JBL GO). Eg har ein av dei minste iphonane (SE), og lyden frå denne er so tunn at det er umogeleg å halda ut. Eg hadde ikkje klart meg utan ein blatånnhøgtalar; på badet, på soverommet, kor som helst, og på reise. Og det er stort sett GO eg nyttar, sidan han er so liten, lett og hendig.

 

 

 

Logitech UE Wonderboom

Men det måtte jo berre henda. Etter at eg fekk prøva Knut Arve (frå Ulvik) sin langt større og sylindriske Logitech UE Wonderboom (populært kalla wunderbaumen), var eg på kjøret. Etter stadig større og betre blåtannhøgtalarar. Logitechen, til over tusen kroner, spelte sjølvsagt langt betre enn min lille JBL GO, som berre kosta nokre hundrelappar. Han er fleire gonger so stor, har meir og djupare bass, og ein større, rundare og tonalt meir vaksen mellomtone. Sidan han står på høgkant tek han heller ikkje større plass enn GO, men er naturlegvis tyngre å ha med seg på tur eller over til ein kompis. Eg var på nippet til å leggja ut for oppfylgjaren, til 1200 kroner, men besinna meg. Måtte tenkja litt. Du får mange øl for 1200 kroner.

 

JBL GO+

Den vetle firkanta GO er på veg ut, og er erstatta av GO 2, som er “vasstett” (eg ville ikkje teke han med på symjetur) og rundare i kantane, men like liten. Han ser ut som eit såpestykke du tok med deg på trening. Denne skal eg nok koma attende til. Go er som sagt på veg ut, men eg oppdaga at Clas Ohlson hadde nokre få stykk att, og kjøpte desse. To svarte og to raude. I tillegg til dei eg har frå før. Kjekt å ha. Ein på badet, ein på kjøkenet, og so burtetter. Og det er stadig vener og familie som knegår meg for å få kjøpt ein. Prisen var 229 kroner. I same hylla oppdaga eg ein liknande høgtalar, men i ein annan pakning, og lurte på ka i svarte dette var for noko. Eg tok han med på disken og fekk lov til å pakka han opp. Det synte seg å vera den større modellen, GO+, som eg tidlegare ikkje har brydd meg om, sidan prisen var monaleg høgare (7-800 kroner, innbiller eg meg). Men no kosta han 299, og då kunne eg ikkje dy meg. Eg måtte prøva ein, og kjøpte to. Ein raud og ein svart.

Utprøvinga var interesann. På nokre områder var han betre, på nokre nesten dårlegare. Bassen er djupare og stram og fin, sidan dette kabinettet er større (og har slavebass i staden for den mindre GO sin bassrefleksopning). Han spelar og såvidt litt høgare enn go, eit større kabinett er effektivare enn eit lite, alt anna likt. Og lyden kan synast litt tydelegare, men dette er og ulempa med denne modellen. Mellomtonen og diskanten er rett og slett "skrudd litt opp", slik at stemmer og saksofonar misser litt av gløden. Kvifor? Kven prøver JBL å imponera med dette skitne trikset? Det funkar ikkje på meg i alle fall. Og kor er den reelle forbetringa, når GO+, i fylgje spesifikasjonane, har same forsterkaren (3W) og same høgtalarelementet (40mm) som den vetle GO? Det endar som regel med at eg nyttar den vetle GO i staden for. Denne er betre balansert, sjølv om også denne er tunnare i lyden enn t.d. Logitech. Men det funkar bra på tale og nyhende. Men historia sluttar ikkje der. Les vidare.

 

JBL CHARGE 3

På veg ut av butikken såg eg ein JBL prisa til 990 kroner rett framføre skranken. Ein liggjande grisefeit sigar i ein heilt annan klasse naturlegvis enn den vetle GO. Han kostar normalt 1790-. "Kva er dette?" spurde eg ekspeditøren. “Den siste me har” svarde han. Endå eit skittent triks? Eg beit på og fleska til, etter å ha forsikra meg om at eg hadde returrett. Visste jo ingenting om korleis han let. JBL er litt opp og ned, for å gjera ei lang historie kort, eg kunne jo ikkje vita om denne let til dømes lyst og hardt. Vel heime let eg meg positivt overraska over ein stor, myrk, fyldig og behagelig lyd, og vart kjempeglad. Dette var stikk i strid med det eg hadde frykta. So denne vert ikkje levert attende nei. Etter litt meir kritisk lytting har eg konkludert med at det myrke og runde faktisk er litt for mykje av det gode, og skal freiste å retta dette opp med equalizer viss mogeleg. Dette var enkelt med Logitechen (via ein app på mobilen). Framhald fylgjer.

Og neste gong - ganske snart - skal eg skriva litt om eit par gamle Tandberg-høgtalarar (TL 2520) som eg vøler (reparerer) og kor mykje betre bassen let i ei lukka kasse samanlikna med bass-refleks. Eller blaff-refleks. Eller bløff-refleks. Etter mi meining i alle fall.

 

ØLSPALTEN

Må snart springa, so difor ein litt kjapp ølspalte i dag. Hansa kjem med stendig nye sortar, no mango-øl “summer edition”! Alt for turistane. Jaja. Men denne var frisk og fin, og ja, han smakar faktisk ekte mango. Og det kan du lita på, for eg elskar mango. Legg merke til Tuborg-boksen, som er høgare enn dei andre. Ein “paint"! Og Aass har teke opp kampen mot Corona, med Pinta. Jaja. Kan ikkje hugsa om det smakte noko, men det gjer jo ikkje Corona heller. Men ok, lat oss ikkje vera negative. God lesk i sumarvarmen! Hugs å stappa ein sitron eller lime i tuten, og tut i veg. So får du C-vitamin og. 

 

Flaskeøl

Eg har tidlegare skrive om at eg ikkje tykkjer noko særs om øl på boks. Eg likar korkje blikk, aluminium eller plastbelegget inni. Det smittar over på ølet og er giftig for kroppen. Eg har tidlegare, i blindtestar, klart å avsløra kva øl som har vore på boks, plastflaske og glassflaske. Flaskeølet smakte alltid best. Men eg tok feil på ein test av Cola. Eg drikk helst øl.    Eg tok med to juleøl te han Einar, ei på flaske og ei på boks, same ølet, og let Einar hella i ølglas, slik at eg ikkje skulle vita kva som var kva. Dei smakte klart ulikt. Venstre glaset var bitrare, høgre hadde meir vekt på maltsødmen. Men eg kunne ikkje vita kva som var riktig, korleis ølet smakte før det var tappa. Begge smakte godt. Venstre synte seg å vera glasflaska. Dra gjerne dine eigne konklusjonar, men etter min logikk tek glas med andre ord betre vare på humla, medan boksen favoriserer malten. Eller undertrykkar humlen. Eg meiner humle er flyktigare enn malten, for gamalt øl er alltid rundare og mindre bittert enn ferskare øl. Det er såleis ikkkje urimeleg å hevda at glasflaska difor betre tek vare på ølet alt i alt. Boksarane forsvarar seg med at boksane stengjer ute alt ljos, og det er rett, men muligens ikkje altavgjerdane, om ølet står i kjellaren med lyset av. Kven har på ljoset i kjedlaren? Rikfolk og klimafornektarar? I alle fall ikkje ølelskarar.       

 

Lest 816 ganger Sist redigert tirsdag, 04 juni 2019 14:58
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen