onsdag desember 13 , 2017
onsdag, 30 august 2017 13:50

ORTOFON OM(P) 20 – Stig Arne si dagbok August 2017 Spesial

Skrevet av

Som de vil sjå av artikkelen Nad 3020 - Del 3, nytta eg store deler av ein sumarlaus juli til lå lytta meg gjennom ein bunke med LP-plater. Med dette nytta eg òg høvet til å prøva eit par pick-upar. Men armen som var montert på ein kraftig ombygd Lenco platespelar, ein modifisert Pioneer-arm, utvikla friksjon sidelengs, so eg var tvungen til å gå over til annan spelar som alltid står klar, som ikkje tek opp særleg med plass, og som ikkje et noko: Technics sin vetle og ikoniske SL-7, som ikkje er større enn eit plateomslag. 

 

Eg har òg toppmodellen SL 10, men sidan denne er sølvfarga, er det den brune SL-7 som har fått stå ved sidan av Nad-ane, som òg er brune. 

Her var det òg høve til å testa pick-upar, om ikkje enn so mange: Pickupane må nemleg ha den særskilte TP-4-fatninga, so ein vanleg pu kan ikkje nyttast. Men eg har prøvd ein del TP-4-pickupar. Eg tykkjer ikkje noko særleg om den standardmonterte (frå Technics), men har likt veldig godt OM-modellen frå Ortofon. Denne finst i TP-4-utgåve (kalla OMP) i tillegg til “vanleg” utgåve (kalla OM) til vanlege platespelarar. Min OMP er utstyrt med 30-stiften, og vert dimed ein OMP 30. 

Det var eit lite tilbakesteg å gå frå Lenco (Med Philips GP 412 pu) til Technics med Ortofon OM 30. Bassen verkar mindre presis og tett, som om det er slark i armen. Og det kan godt henda at ein vanleg pivoterande arm har større stabilitet enn den ultrakorte tangential-armen til Technics SL-modellane. Det kom forresten kopiar på SL-serien frå mange andre produsentar, og desse var større, og dimed med lengre arm. Det kan ha vore ein føremun. Men alle desse spelarane var utan unntak større en Technics sin SL-serie, som muligens var verna av eit patent. 

Eg var med andre ord ikkje heilt nøgd med lyden, og la òg merke til eit sjenerande platesus på sume plater. Det er ein sikker indikasjon på ein framheva mellomtone eller diskant. Og sidan eg reknar mellomtonen som behagelegare og betre avstemt med Ortofon enn den litt framheva sådan på den originalmonterte pickupen, gjekk mistanken på diskanten. Det var då eg kom til å tenkja på at eg òg har ei 20-nål liggjande. Dette er ei billegare og “dårlegare” nål (stift) enn 30-nåla, men eg hugsar godt at eg la merke til at det faktisk var 20-nåla som hadde den rettaste frekvensgangen, då det danske hifi-bladet “high fidelity” testa dei ulike nåleforpartane til OM-serien for mange år sidan. 

 

 

Eg nappa ut 30-nåla og sette i 20-nåla, dette er gjort på nokre sekund; og spelte vidare. Det er ein typisk audiofil tendens til å overdriva relativt små skilnader, men eg går i same fella: Dette var nesten som å få eit nytt stereoanlegg. Brått vart bassen fast og presis, mellomtonen utruleg slagkraftig og med heilt riktig tonefarge, og diskanten vart rolegare og med mindre S-lydar (og betre sporing). Skilnadane mellom Lenco og Technics har dimed jamna seg ut. Dette kan eg leva med! 20-stiften spelte dessutan tydeleg høgaren enn 30-stiften, og røynde audiofile veit godt at det som spelar høgast, vinn testen. Det syner all forsking. Og det må ein ha i tankane når ein testar to produkt mot kvarandre, og det ikkje er lett å få lyden akkurat like høg på begge. Eg måtte difor skru litt ned, og sjekka på internett kva som er ugangssignalet til desse to stiftane/pick-upane. Då syner det seg at alt etter kor du slår opp, varierer resultatet. Ein plass kan dei hevda at alle stiftane har 4mV utgangssignal, medan ein annan hevda at OM 30 berre hadde 3,5mV. Det siste er i tråd med det eg høyrde. Det er ikkje alltid like lett å finna ut av ting, men ein audiofil lit alltid på øyrene. På godt og vondt. 

 

Eg har no stor gleda av å spela på denne platespelarkombinasjonen. 20-nåla er muligens det beste kompromisset av Ortofon sine mange nåler. Men det kan og vera at 30-nåla mi er utsliten. Men eg har ikkje tenkt å betala over 2500 kroner for ei ny 30-nål når 20-nåla (kring 1500.-) spelar so godt. Det finst ei rekkje nåler til OM-serien: Kjøper du ein relativt rimeleg platespelar vert han ofte levert med Ortofon OM 5, eller t.o.m. OM 3. Då skal du vita at du kan oppgradera til OM 10, 20, 30 og til og med 40, som eg ikkje trudde var råd å få tak i lenger (men hifi-Klubben hevdar å ha han online). Denne 40-nåla er det mange som talar varmt om. Men han kostar 3500 kroner. 

Technics har fastsett ein standard for TP4-pickupar, som gjer at du kan byta mellom ulike produsentar utan å tenkja på nokon som helst slags justering. Det er fantastisk praktisk. Skru ut ein einaste skrue, napp ut pick-upen, sett i den nye, skru inn skruen, og spel vidare. Ingen problem for den fingernemme som har vore borti denslags før, men dei med ti tommeltottar bør ligga unna, for det er litt trangt. Pr. i dag har eg fire ulike TP4-pickupar; Technics, Shure, Grado og Ortofon. Det fanst fleire før, men sidan platespelarar med TP4-fatning stort sett har gått ut av produksjon, etter det eg kan sjå, er tilbydarane færre. Men du får framleis tak i Ortofon; og Shure (M92E). Eg skal koma attende til denne seinare, samt eit par andre.           

 

 

ØLSPALTEN: BUDWEISER

Medan det framleis er sumar såvidt, avsluttar eg med nokre lyse øl, eigentleg ikkje sommarøl, men øl av pilsner-typen i alle fall. Og Budweiser er eit spesielt tilfelle: Det finst to (opprinneleg tre) slag. Den til venstre i biletet er bryggja av AB (Anheuser Busch) i USA, og den i midten, Budweiser Budvar, er ein original tsjekkar. Bakgrunnen er slik at to bryggjehus fekk løyve til å bryggja øl i byen České Budějovice på 17- og 18-hundretalet, og begge kalte ølet Budweiser. Begge eksporterte til USA (og andre land). Men i 1876 byrja i tillegg AB i USA å bryggja ei etterlikning som dei og kalla Budweiser, og dette har gjeve opphav til tallause søksmål kring retten til namnet Budweiser. 

Du kan lesa meir om dette på t.d. Wikipedia. Men kortversjonen er slik at me i dag står me att med to sortar: Den amerikanske Budweiser (til venstre), og den opprinnelege, no kalla Budweiser Budvar, laga i tsjekkia. Begge lagar og andre variantar enn denne standard pilsnertypen, men desse vert diverre ikkje importert til Noreg. Til høgre har eg for moro skuld teke med ein liknande, og like vidgjeten øl kalla Pilsner Urquell, som og er ein sjekkar, men laga i byen Plzen, derav namnet. Denne ølen har ingen ting med Budweiser å gjera, men eg tykte likevel at det kunne vera interessant å setja dei opp mot kvarandre.  

 

UTPRØVING

Lyttepanel, i tillegg til Dykkar Vyrde:

Carolina Olivia (utlending med nase for god mat og drykk)

Lars Mossefinn (jazzar, vinkjennar og øl-elskar)

Erlend Styve (musikar og øl-elskar)

Testen var blind, men unntak av ein særs generell omtale. Det utrulege er at samtlege, etter at dei vart presenterte for kva dei hadde smakt, kunne stadfeste rekkefylgja. Den fyrste var den amerikanske Bud, den neste var tsjekkisk Budweiser Budvar, og den siste var Pilsner Urquell.

Amerikansk Bud: Frisk og leskande, men med ein ubehageleg ettersmak. Smakar nesten som sitronbrus. “Sitrusaktig” (Erlend). “Minner meg om Hansa Solen” (Carolina). Inneheld ris. 

Tsjekkisk Budvar: Meir smak, myrkare. Denne både luktar og smakar som øl; ikkje brus. Kraftigare humla enn amerikanaren. “God” (Lars). 

Pilsner Urquell: Kjend for å vera godt humla, slik Hansa Pils var tidlegare. Kan hende den som er kraftigast humla, men dette skjuler og ein viss mangel på maltsødme. Panelet held på nr 2 (Tsjekkisk Budvar). Ein god lager. Med rett temperatur (knapt kjellarkald) er han smaksrik. Kjøleskåpet blir for kaldt.  

Lest 1221 ganger Sist redigert onsdag, 30 august 2017 14:10
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen