onsdag august 16 , 2017
lørdag, 08 juli 2017 08:40

STILLA - Stig Arne si dagbok juni 2017 Spesial

Skrevet av

Onsdag 21. juni nådde FM-stilla vestlendingane. Eg sto seint opp, sjangla ut på badet og skrudde på ein liten reiseradio attmed vasken, og vart møtt med eit illevarslande snerr. Eller sus. Det var uansett ei ubehageleg oppleving, og det var vanskeleg å finna rytmen i tannpussen. 

Nede på kjøkenet (Radionette Kurer) fann eg eit par kanalar ytst til høgre på skalaen, slik at det var råd å få i seg frukosten. Radio Norge og P4. Som eg normalt aldri lyttar til. Men det er no selskap i det. Det er betre enn togn.  

Størst spenning knytte det seg til stova, Mac-en og stereoanlegget. Dei to siste er knytt saman. Var det ikkje råd å strøyma nrk sine radiokanalar? Eg leitar fram nrk på Mac-en, trykkjer på “radio” og får fram kanalane, “hør direkte nå”, står der, og trykkjer nervøst på nrk P1, for fyrste gong. Tale og musikk strøymer uhindra inn i anlegget og ut i stova. Var det verkeleg so enkelt? Ja det var det visst. Og dimed er alt som før? Ikkje heilt. Eg har ikkje liv i ei mengd radioar kring i huset. Stereoanlegget sin tuner er tagal og kan med fordel koplast vekk for å gje plass til andre komponent. Og eg kan ikkje lytta på radio når eg surfar andre stader på nettet. Trur eg.  

Har du ein klassisk radio som du vil halda fram med å nytta, eller ein forsterkar, har du, etter det eg har funne ut, to val. Du kan kjøpa ein sokalla adapter, og kopla denne til forsterkaren via kva som helst inngong (tuner, CD, tape, aux) med unntak av phono (platespelarinngangen, som er annleis). Men ordvalet er misvisande, for dette er ikkje ein “adapter” som gjer at du kan halda fram med å nytta tuneren, eller radiodelen i radioen. Det er i røynda ein ny tuner, men digital. Eg såg ein slik for fyrste gong i går kveld, då eg hjelpte ein kjenning med å kopla han opp. Etter påslag sniffa han internett-routeren til verten, og med OK frå fjenkontrollen kvitterte “adapteren” med å presentera radiokanalane. Sjølv med minimal bruk av  bruksrettleiinga hadde me lyd ganske raskt, og heilt utan ukvemsord. 

Den andre løysinga har eg korkje sett eller høyrt, berre høyrt om. Den går ut på å montera ein boks (i huset ein plass) som tek i mot digitale signal, omformar desse til analoge, og sender dei ut i huset som i frå ein FM-sendar. Då kan du nytta dei radioane du har, som om ingenting har hendt. Onde tunger vil ha det til at butikkane, som sikkert har fullt oversyn over alle løysingane, er tagale om dette alternativet, for dei vil jo selja radioar. Du kan forresten og nytta “radioen” i fjernsynet. Men kven orkar lyden frå ein flatskjerm? Eg hadde betre lyd frå det gamle.  

Det er og betenkeleg at det ser ut som om alle DAB-radioar til sals er av reiseradiotypen. Kva med den gode gamle radioen (kalla receiver på godt nynorsk)? Finst det slike med DAB+? Eller separat DAB-tuner til stereoanlegget? Eg meiner dei finst, men ser ikkje mykje omtale av dei. Det ser ut som om at vi skal attende til tida før stereoanlegget, med ein billeg og dårleg “kjøkkenradio”, eller at alle nordmenn har fått hjul på beina. For i alle artiklar der eg har freista å lesa meg opp på emnet, dreier det seg nesten utelukkande om DAB i bil. 

Lydkvaliteten på DAB+ er omdiskutert. Og kva med lydkvaliteten på strøyming frå internett? Eg vil koma attende til denne etter meir lytting. 

 

 

Ølspalten 

Skummet luktar kloakk, og ølet smakar ingenting

Sumaren er over oss, og med denne sommarølet. Eg vegrar meg for å synka so lågt som til å testa sumarøl, for desse smakar vanlegvis endå mindre enn vanleg pils (lager). Men det lurte seg eit par slike ned i handlekorga sist eg handla. Hansa sin SOLEN er den einaste ølen i korga eg vil gje godkjent, uansett om det er ein sumarøl eller ikkje: Smaken er aromatisk, frisk or sprek og heilt utan “bismakar". Definitivt eit øl eg ville nytt meir på varme dagar, om det ikkje var for at Seidel er so mykje billegare. Finst i både 0,33 og 0,5. Den i 0,33 er no veldig søt då. Dei andre øla i korga (sjå biletet) er stort sett berre sorgen. Tuborg pilsner og Hansa grøn luktar kloakk, og smakar ingenting. Ringnes Skjærgårdspils smakar ikkje mykje av skjærgård, og lite anna. Nyskapinga Hansa Chili luktar og smakar chilipepar, og det var vel meininga, men det vart vel mykje pepar i lengda. Denne kan nyttast på same måte som Hansa IPA: skjenk deg ein billeg pils (når du ikkje har pengar til noko betre) og slå i ein skvett Chili eller IPA. Det “spritar” opp smaken litt, slik at skiten vert drikkande. Aass Fatøl er skuffande anonym med tanke på dei lange tradisjonane til dette bryggjehuset. Det smakar nesten ingenting, men er muligens litt kraftigare humla enn konkurrentane. Sa venninna mi. Eg gjentek muligens. Nei, reis på Polet og kjøp deg ein Frydenlund Bokk i staden. Det er ølen sin det. Det er jo ikkje sol kvar dag. 

Noreg, England, Tyskland, Belgia, Tsjekkia og nokre få andre er kjende for stolte øltradisjonar, men når eg smakar på lagerøl frå dei store produsentane i Noreg fortvilar eg. Øla er reinska for særpreg og smakar ingenting. Den einaste i handlekorga som kom levande ut av “testen" (saman med SOLEN) var Pilsner Urquell frå Tsjekkia, som faktisk smakar av noko, og som har eit visst humlepreg. I ein blindtest trur eg dette var den einaste eg ville klart å skilja ut.  

Lest 598 ganger Sist redigert lørdag, 08 juli 2017 08:49
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen