onsdag desember 13 , 2017
søndag, 03 desember 2017 09:36

Gode stereoanlegg, dårlege vilkår? Stig Arne si dagbok August 2017 Spesial

Skrevet av

 

I dag vil eg skriva litt om dei stereoanlegga eg har truffe på min veg i det siste. 

Eg har visst hoppa over september, og det beklagar eg på det sterkaste. Eg har lova både meg sjølv og lesarane at eg skal skriva ein gong i månaden - minimum. Men eg har vore på reis, og då er ein jo litt oppteken. Ikkje for det, eg hadde med meg Mac-en min, men du veit - ferie er ferie, og eg venta på ein regntung kveld som aldri kom. Det regnar lite på Bali, med unntak av regntida, som pussig nok fell saman med vår vinter, dvs november te mars. Lat meg forresten kort nemna at “stereoanlegget” mitt på reis er Mac-en min pluss ein JBL GO. Det er ein fantastisk god liten høgtalar som eg skal skriva meir om seinare. Skal berre gjera litt “research” fyrst. Denne vetle tassen, med trådlaus blåtann-tilkopling og 3 Watt innebygd forsterkar (og eit batteri som kan ladast) kan fylla eit stort rom med ein forbausande glatt, naturleg, detaljert og uanstrengt lyd. Nesten som frå eit stereoanlegg - eller i alle fall ein god reiseradio. Fulltone-elementet på 3 tommar gjev ein forbausande rein og kraftig øvre bass og mellomtone, men naturlegvis ingen djupbass. Me hadde stadig gjester i hagen, og ingen klaga nokonsinne på lyden! Men som sagt, meir om denne seinare. 

Både åleine (og saman med min gode ven Stig Inge Bjørge (Lyra), som eg vel ikkje treng presentera fleire gonger, vitjar eg mange heimar med ulike stereoanlegg. Det er utruleg interessant å sjå kva utstyr folk har valt, og korleis dei utnyttar dette. Eg har oppdaga eit trekk som ofte går att: Svært gode og dyre anlegg, som er pressa saman i alt for små rom. Det pussige er at det eigentleg ikkje manglar på rom. Mange audiofile er strukturerte personar med god økonomi og flotte hus. Som og har skaffa seg kone, og sett born til verda. Og då vert huset fort fylt opp. Og dersom kona er av den bestemte sorten, noko som er regelen heller enn unntaket, vert stereoanlegget tilvist til eit lite “kontor” i ein krok av huset. Er han så “heldig" at dette er i same høgda som stove og kjøken, og ikkje i kjellar eller på loft, kan han korkje spela når han vil eller så høgt han vil. Men heldigvis, når eg eller me kjem på vitjing er kona som regel jaga ut, eller har resignert og reist ut av eigen fri vilje. For me talar jo uansett berre om hifi, og det er sjeldan noko godt sjekketriks hjå damene.  

Eit knøtande lite rom, som sagt, og med høgtalarane difor kloss i bakvegg. Det vert ikkje mykje djupne i lydbiletet på denne måten. Men med eit godt anlegg, tilpassa rommet so godt som mogeleg, kan lyden likevel verte bra. Men djupbassen høyrer du best ein annan stad i huset. 

Men like ofte går dette heilt gale. Midt mellom høgtalarane tårnar ofte eit høgt stativ, ofte kalla rack, som kortar inn stereoperspektivet endå meir. Og på toppen av dette stativet står gjerne ein platespelar på vagl, og nærmast svaiar. Har spelaren flytande oppheng, skal det ingenting til av rørsler til før opphenget svingar heilt ute av kontroll, og stiften hoppar stendig ut av rilla. I eit slikt tilfelle er det faktisk betre med ein platespelar utan flytande oppheng. Ei langt betre løysing er å ha anlegget på ein annan vegg, og med platespelaren på ei vegghylle. Eventuelt bør stativet, om du vil ha det mellom høgtalarane, vera so lågt at det ikkje kolliderer med stereoperspektivet, dvs. det må ikkje raga over mellomtone/diskantelementet. Og på ei slikt låg og gjerne brei hylle vil platespelaren stå stødig. Dette er etter mi meining heilt elementært, i alle fall for ein “sjåande” lydar som meg, eller på engelsk: ein image-freak. Og dersom høgtalarane i tillegg er vinkla inn - vel, eg seier ikkje meir. Lat meg heller koma attende til det. 

Resultatet av dette flotte anlegget, pressa inn i eit kott av eit rom er i verste fall skuffande. Eg seier dette og litt for å trøysta meg sjølv (og alle andre med rimelege anlegg). Eg meiner at rimelegare anlegg kan prestera betre, om det er satt opp i eit større rom og utnytta optimalt. Sjølv er eg so heldig at eg (stort sett) bur åleine, og har stereoanlegget i stova, som er det største rommet i huset (på over 40 kvadratmeter.) Dette gjev eit fantastisk rom kring musikken, og ein atmosfære som det er umogeleg å oppnå i små rom. Eg oppnår dette også ved å sitja lenger frå høgtalarane enn tidlegare. Då vil du i større grad oppleva konsertsal-effekten. Takka vera dette meiner eg å ha like god lyd som mange med mykje dyrare anlegg, og dei som tvilar er velkomne på besøk. Ring på førehand. Ta med ein pose med øl eller noko anna drikkande. Då spelar det alltid betre. 

 

 

ØLSPALTEN

Eg var tenkt å skriva litt om øl rundt omkring i verda, og på Bali, men brått var jolaølet komne i hyllene på Vinmonopolet, og då seier det seg sjølv kva ein lyt skriva om. I testpanelet:

  • Lars Mossefinn
  • Stig Arne Skilbrei

Som gode vestlendingar med studietida i Bergen startar me alltid med Hansa Juleøl, og dette var verkeleg godt i år. Ikke allverda med smak, men godt og “typeriktig”, som Lars seier, han er vinentusiast i tillegg. Tydeleg ein jolaøl av den klassiske sorten, balansert og leskande og utan irriterande krydder og andre moteluner. Han har og vorte myrkare på lét (farge) dei siste åra, eg hugsar godt den ljosare raude fargen frå studiedagane. Denne kunne me drikka mykje av! Og eg elskar den klassiske grøne etiketten. Dette er den dama eg ville ha gifta meg med. Lika god te kvardags so te helg. Me prøvde òg Hansa Julebrygg med den raude etiketten, men kunne i farta ikkje finna at denne hadde noko ekstra å by på i høve den grøne originalen. 

Frå Nøgne Ø, som er kjøpt opp av Hansa, prøvde me Julequad 2017 Belgian Quadrupel på 10%, og God Jul 2017 Christmas Ale. Eg ringeaktar litt desse dyre øla med engelsk på etiketten, men det var Lars som hadde kjøpt dei inn, so då so. Quadruppelen må vera ølets svar på Amarone, han var smaksrik men SVÆRT søt, i realiteten udrikkeleg i store mengder. Best eigna som dessertvin eller til småkaker! Eg klarte ikkje å drikka opp glaset mitt. God Jul Christmas Ale hadde normal sødme, men også denne ein kraftig smak, inkludert av kaffi. Fint bitter. Typeriktig norsk jolaøl? Neppe. Meir ein ekstremvariant. Aass vellagra 9%: Denne brukar konkurrera med Ringnes Julebokk om å vera den beste av dei tradisjonelle norske juleøla på småflasker. Lars meiner den kraftige alkoholsmaken ikkje er fullt integrert med dei andre smakane.    

Voss Bryggeri overraska med å vera lett, nesten vasse, småsur, litt som kveitebrygg (weissbeer). Ein drikkande øl, bevares, men utan jolapreg, og med lite sødme. Han var betre i fjor, nesten som heimabrygg.

Aass vellagra 9% kjempar ofte med å vera den beste saman med Ringnes Julebokk. Søt og god. 

Ringnes Julebokk fylte munnen med litt for mykje kolsyre, eller sur malt eller sur humle. God øl, men venta meir, betre i fjor? (Siste: eg opna nett ei flaske for å dobbeltsjekka, og vart litt forbausa: Han ER faktisk litt “sur”. Eg undrast kva humle dei har nytta. Men eg har ikkje tid til å ringja Ringnes. Seinare.) Ringnes ekstra sterk:  God, men naturlegvis flauare enn Bokk. God tilforlateleg tradisjonell jolaøl.  

 

 

Her kjem nokre fleire, litt i stikkordsform: 

  • CB Juleøl Relativt nøytral, lettdrikkeleg, mellom dei lette. “Har lite karakter”. Men heilt innanføre.
  • Mack God Jul “klassisk juleøl”, i fylgje etiketten, står til truande. God allround jolaøl universal/anvendeleg. Passar til det meste. Ikkje markant, men god, kunne drukke ein palle av denne, akkurat som Hansa Jolaøl. 
  • Ægir Winter Ale: Her er jolaølsmakane attende. Nydeleg øl. Maltdominans, god sødme, eit snev av røykjesmak. Kraftig. 7.5%
  • Røros Bryggeri Mørk lager: Ikkje heilt tradisjonell jolaøl, lettdrikkeleg og god, men jolaøl?
  • Ægir Eldir Julebrygg: "Meir klassisk jolaøl, fin balanse mellom søt og bitter, har ikkje same maltkarakter som førre, godt til pinnakjøtet” seier Lars. Eg ser ikkje kva denne bidrog med i tillegg til den fyrste, berre annsleis. Dekkjer kva sine felt? 
  • 7 Fjell 7 sortar Kan minna om Ægir Eldir, kraftig og smaksrik, “tett smak. Ein rett venstre?”
  • Òg prøvd: Handbryggeriet Nissemor og Nissefar, og Jacobsen. Litt syntetisk. 
  • Hansa Juleale: mørk, nesten svart!!! Masse smak av brent malt og kaffi, nesten som ein stout. Kan slik sett minna om Mack (frå i fjor) og Guinnes Stout).
  • Tuborg: Nydeleg, fyldig, smaksrik, litt karakter av stout. Meirsmak!
  • Siste: Butikkøl (maks 4.7%)
  • Ringnes : God, men tynnare og meir anonym
  • Hansa Juleøl: God men anonym og litt lett, litt smaklaus. Eg ville ha blanda han 50/50 med Tuborg. 
Lest 928 ganger Sist redigert søndag, 03 desember 2017 09:51
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen