onsdag, 31 desember 2003 23:00

JoLida JD 102B integrert rørforsterkar

Skrevet av

Rør vert ofte oppfatta som eksotisk og kostbart, utanfor rekkevidde for vanlege musikkelskarar. Men JoLida har tatt mål av seg til å levere gode rørprodukt til fornuftige prisar. Det var altså naturleg å sjå på dette merket når ein leitar etter rør for folket. Kor billeg kan ein nyte rørmagien? JD 102B kostar mindre enn 7000...


Av Arve Åheim

Ut av kassa

Etter mange år saman med store, tunge rørsledar og tre-fire ulike elektronikk-kabinett å forholde seg til i eit stereoanlegg, er det litt pussig å pakke opp vesle JD102B. Denne ser ut som mange andre integrerte rørforsterkarar, med røra i front, trafoar i bakkant, og tre kontrollar på fronten. Fem små, billege rør monterast fort og enkelt. Utgangsrøra er dei aller billegaste utgangsrøra EL84, som var brukt m.a. av Tandberg i sine radioar med godt resultat, eit rør som ser ut til å ha fått si renessanse i det siste, kanskje fordi det er så lett å ha med å gjere?

Dei tre kontrollane på fronten er akkurat det du har bruk for. Sjølvsagt volumkontroll og inngangsveljar, men heldigvis også balanse. Inngangsvelgjaren har fire posisjonar, men på baksida finn du berre tre inngangar. I tillegg er det nemleg to uttak til sub, og det er ein rimeleg genistrek. JD 102 B har nemleg ikkje meir enn 2x20 watt, og sjølv om dette er rør, er det i underkant til å kunne leverefestni i ei normal daglegstove. Men her kan du løyse alle problem med ein sub eller to. Du lar hovudhøgtalarane spele fritt, og legg delefrekvensen på subben sånn at du får fin overgang til hovudhøgtalarane. Elles er det dobbelt sett raude høgtalarterminalar. Dette er ynskjeleg på rørforsterkarar, fordi trafoen ikkje er optimal til alle høgtalarimpedansar. Med to ulike tapningspunkt ut frå trafoen sine viklingar, kan du få optimalisert forsterkaren til 4 eller 8 Ohm. Uansett bør du eksperimentere med kva du likar best av desse to, for ikkje alle høgtalarar har lineær impedanse gjennom heile frekvensområdet, og det er litt skilnad på lyden. Du kan ikkje gjere noko gale, pass berre på å ikkje la forsterkaren stå på utan tilslutta høgtalarbelastning. Ingen røreffektforsterkar tåler slikt.

JoLida har ein elles svært fornuftige ”integrerte” forsterkarar, og har vel rykte om å vere driftssikre og trauste. Eg prøvde toppmodellen med 6550-rør for mange år sidan.Denne var eigentleg laga akkurat som ein rein effektforsterkar, men utstyrt med volumpotmeter og fleire inngangar. Desse var tilpassa utgangsnivået frå signalkjelder, så i praksis var det ikkje bruk for forforsterkar, med mindre det var behov for å spele vinylplater. Same konseptet er brukt her, men altså med EL84 rør.

Endeleg må det nemnast at til denne prisen får du ingen fjernkontroll. Men tenkjer vi på kva du betalar, er det ikkje å vente.

 

Vi ser her tre ulike utgangsrør. Heilt til venstre det vesle EL84 som er brukt i denne JoLida-forsterkaren. Nesten like lite som dei små triodene som brukast i forforsterkarar, men likevel i stand til å levere 2x20Watt når du har fire av dei. I midten det eg trur er det mest utbreidde utgangsrøret EL34, som er svært musikalsk, leverer ganske mykje effekt (du får gjerne 2x50 Watt ut av fire sånne) og føretrekkjast både i gitar- og hifisamanheng. Heilt til høgre den store trioda 300B frå Golden Dragon - eit legendarisk rør, med fantastisk lyd, men ikkje spesielt effektivt - du får ikkje særleg meir ut av dette i effekt enn med det minste røret.

 

Lydkvaliteten

Ut frå oppbygginga av forsterkaren, vart det uråd å bruke referansehøgtalarane mine til utprøvinga, utan å køyre signalet gjennom ”forforsterkardelen” av JD 102B. Sidan det eigentleg er ein rein effektforsterkar, er det ikkje pre out/main in-kontakter på baksida. Subwooferutgangen kan brukast slik at bassforsterkaren fekk signal, men då måtte elektrostatane spele fulltone, og dei vert forferdelege når vi går ned til eigenresonnansen på panelet på ca 150 Hz. Forsterkaren vart difor prøvd ut med andre fulltonehøgtalarar.

Saman med Dali Ikon 7 vart lydnivået i svakaste laget. Ikkje heilt håplaust, men lydtrykket var for lavt til å vere fornuftig sjølv med desse relativt lettdrivne høgtalarane (oppgjevne til 92dB/Wm), kanskje mest med bakgrunn i bassattgjevinga. Ikon7 sine basselement er for hard kost for denne vesle rørforsterkaren. Eg ville så avgjort satsa på ein ekstra effektforsterkar over subwooferutgangane og fått betre kontroll og drift på basselementa. Dette fekk eg diverre ikkje tid til å prøve ut. Men det var interessant å få med seg at JD102B var i stand til å formidle eit ope, tredimensjonalt og detaljrikt lydbilde. Klangmessig og dynamikkmessig er det også herleg å ha røra sine opplagte kvalitetar, befriande fritt for transistortåke og i det heile svært kledeleg på Dali Ikon.

Med Dali Concept 8 var det heller ikkje optimalt. Sjølv om denne er lettare å drive, er den for tungdriven til å klare seg med 20 Watt, og sidan Concept ikkje kan biampast, og har glimrande bass i seg sjølv, er det tullete med sub i denne samanheng. Då stiller saken seg litt annleis med Concept 6, som absolutt burde ha fordel av ein sub når ein skal dra på litt. Eg tykte likevel at JD102B var i svakaste laget for denne høgtalaren, og har du tilsvarande, bør du nok gå opp eit hakk på Jolida sin produktskala, til 202B, som baserer seg på EL34-rør og er vesentleg kraftigare.

Dei lydlege kvalitetane til JD102B er storarta til prisen. Her spelast mikrodynamikken på ein engasjerande og fin måte, og innan sine effektgrenser er dette ein svært dynamisk og ”glad” forsterkar. Klangmessig er denne EL84-rørkonstruksjonen ganske nøytral, samanlikna med andre forsterkarkonstruksjonar eg har prøvd i det siste med basis i 6L6- og EL34-rør, og tredimensjonaliteten slett ikkje verst, betre enn det du til vanleg finn på transistorkonstruksjonar i same prisgruppe. Og dønn stabil var han i heile testperioden.

 

Rør og heimekino - fenomenalt

Så fekk eg ideen å kople JD102B til i heimekinoen. Rett nok vart det eit reint stereooppsett, med høgtalarplassering eit stykke frå det optimale. Likevel var her så mykje lydlege kvalitetar at eg knapt kan seie det har vore kjekkare lyd i heimekinoen. Mirage Omnisat greidde seg utmerka med dei 20 rørwatta, og subwooferen tok seg av det muskelmessige. Ein herleg kombinasjon, der klang og dynamikk var i særklasse i kinosamanheng. Dei tre manglande kanalane vart sakna i forbausande liten grad, og dette vart oppsettet familien brukte til alle filmane i jula. Røra sine overlegne eigenskapar i mellomtoneattgjevinga gjorde at stemmeattgjeving vart betre enn på dei rimelegare surroundreceiverane eg har prøvd, og eg er ganske sikker på at du må bruke alvorleg mykje meir pengar til å få til noko tilsvarande på alternative multikanalforsterkarar. Rør er optimalt til kino. Sjølvsagt på grunn av lyden. Men i ein heimekino har du også subwoofer, og mindre behov for den heilt store effekten til dei andre høgtalarane. Med EL84 skulle det vere råd å få til ein 5-kanalar utan dei heilt store kostnadane.

Eg prøvde også eit oppsett der JD102B drog bakhøgtalarane, medan den litt større JD 202B fekk fronthøgtalarane. Dette fungerte fint på mange måtar, men eg sleit litt med å få til den heilt fine samahengen i lyden, så mesteparten av tida brukte eg heimekinoen i stereo. Eg konkluderer i alle fall med at eg ynskjer meg ein skikkeleg, 5-kanals rørforsterkar til heimekinoen. Trass alt, ti EL84-rør og fem gode, små utgangstrafoar kostar ikkje allverda, og når ein ser kor liten JD102B er, treng ikkje ein 5-kanals sak ikkje vere særleg mykje større enn ein vanleg surroundforsterkar.

 

Konklusjon:

Når vi snakkar om rørforsterkarar, tenkjer mange på tunge, kraftige og dyre ting frå ARC, Conrad Johnson og VTL. Dette er noko anna - sjølvsagt ikkje hi-end, men veldig, veldig sjarmerande.

JD102B er på berre 2x20 Watt, og det legg litt avgrensingar til kva utstyr du kan bruke forsterkaren saman med. Likevel byr denne vesle, pene forsterkaren på basale lydkvalitetar du eigentleg ikkje kan forvente i prisklassen, og dette skuldast at det er ein rørforsterkar. Men du må vere innstilt på å gjere ein del kompromiss, sjølv om desse ikkje er så ille. Om du ikkje har høgtalarar som kan levere 94 – 95 dB på ein watt, må du spele lavt eller basere deg på subwoofer. Ein sub vil du nok ynskje deg uansett, for sjølv med lettdrivne bassar, har ikkje JD102B skikkeleg kontroll på dei aller lågaste frekvensane.

Men uansett, dette er sak som formdlar rein og ekte musikkoppleving, og ein liten, men flott rørsak. Lett å ha med å gjere, og med dei rimelege EL84-røra er det svært mykje godlyd for pengane. Såleis ein glimrande introduksjon til rør-verda.

 

Pris: 6490 kr

Importør: www.hifi-stasjonen.no

Nettsidene til produsenten: www.jolida.com

Lest 7107 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.