torsdag, 30 november 2006 23:00

JoLida JD 202B versus Ming Da MC34-A

Skrevet av

To svært like rørkonstruksjonar, når det gjeld konstruksjonsløysing, tekniske data, opprinnelsesland, og endå til utgangsrør. Har dei også lik lyd? Og er det plass til to såpass like produkt på den norske marknaden? Med "folkevogna" innan utgangsrør EL34?

 

 


Av Arve Åheim desember 2006.

 

Det har dukka opp fleire spennande kinesiskproduserte rørprodukt. Beklagelegvis er dei ikkje særleg godt eksponerte i spesialbutikkane, men dei fortener absolutt å få litt fokus, då interessa for rørforsterkarar er stigande - kanskje i takt med dei låge prisane?

 

Billege rørforsterkarar

Fyrste gong eg prøvde JoLida var på midten av 90-talet. Dei var ein av dei fyrste som fekk kinesarane til å produsere rørforsterkarar etter amerikanske/europeiske spesifikasjonar, den same lesten som NAD var først ute med innan transistorbaserte lydprodukt. Den store suksessen på feltet har likevel ikkje slått heilt inn her i landet, kanskje på grunn av at produkta ikkje har vore særleg godt marknadsførte? HiFi-Stasjonen har fått tak i agenturet og har satsa på å kunne tilby ei rekkje modellar. Samstundes driv Audiofoni import av kinesiske MingDa, som er modifiserte, men sterkt inspirerte av tidlege konstruksjonar (ja, faktisk skjer det relativt lite på rørfronten, og mykje av dei konstruksjonane som er i handelen eksisterte også på 60-talet og tidlegare).

Etter å ha fått testa JoLida sin integrerte forforsterkar JD202B basert på EL34-utgangsrør, konkluderte eg med at den var litt meir farga, men hadde meir krefter enn den vesle 102B, som brukte EL84, og på si side hadde meir nøytral klangbalanse enn denkraftigare utgåva. Med rørskift kunne klangbalansen endrast ein god del. Men korleis er det dersom ein brukar andre komponentar og endrar litt på andre faktorar i konstruksjonen? Eg hadde difor lyst til å prøve MingDa sin versjon i samanlikning, ein svært lik forsterkar. Erfaringane eg hadde gjort med dei utrulege Ming Da MC300-A monoblokkene hadde også gjort meg sikker på at også dette er ein kinesisk rørforsterkarprodusent ein skal rekne med...

 

Begge Jolida-forsterkarane er omtalt tidlegare, og 202B er nok ein relativ farga og livsglad sak som fokuserer på musikken i staden for å fordjupe seg i detaljar, og som ikkje legg så forferdeleg vekt på klangnøytralitet.

Ming Da sin konstruksjon er svært lik, og skil seg i liten grad frå JoLida, bortsett frå litt meir eksklusiv finish og fjernkontroll. Men forsterkaren er noko tyngre, som truleg skuldast skilnadar på transformatorane. MingDa er heller ikkje standardutgåve, og Audiofoni frå Skudeneshavn har sytt for at nokre vitale komponentar er skifta ut med slike som skal ha betre kvalitet. Desse modifikasjonane har ført til at Audiofoni marknadsfører spesielle Nordic-utgåver som eit ekstra tilbod, som dei er åleine om.

Eg brukte i hovudsak Dali Ikon 7 og Concept 8 til samanlikning, men også Epos M5 vart prøvd ut på begge forsterkarane, då dette er høgtalarar som prismessig kunne passe. Denne glimrande høgtalaren fungerte diverre ikkje noko særleg i desse samanhengane, så mesteparten av lyttinga skjedde med Ikon 7 som referanse, ein kombinasjon som var god, sjølv om også desse høgtalarane gjerne kunne hatt både to og tre gonger meir effekt å kose seg med. Faktisk var Concept 8 på mange måtar eit friskare val enn den eigentleg beste Ikon 7 saman med desse forsterkarane.

 

Lydkvalitetar

Det var svært interessant å ha tre såpass like forsterkarar til utprøving ganske samstundes. Faktisk likna begge EL34-konstruksjonane svært mykje på kvarandre, og synte større familiefellesskap enn JoLida 102 og 202. EL84-konstruksjonen var klangmessig den mest nøytrale, medan dei to EL34-konstruksjonane hadde klart meir fokus på dynamikk og driv i musikken.

Eg drista meg også til å bytte litt på inngangsrøra, noko som normalt gjev litt større utslag på lyden enn om ein endrar utgangsrøra. Dette synte seg ikkje å vere tilfelle denne gongen. No hadde eg ikkje tilgong på mange rørvariantar, men mine noko tilårskomne småtrioder endra berre i liten grad klangkarakteren til desse to forsterkarane.

Men ved nærare finlytting synte det seg ganske tydelege skilnadar i lyden frå desse to. MingDa-forsterkaren utmerka seg med opnare mellomtone, og det slapp igjennom meir detaljar frå opptaka. Ikkje slik at skilnaden var enorm, men det er iallfall klart at ei utskifting av komponentar er på sin plass. Og for den som skal ha forsterkar til høgtalarar med svært detaljrik mellomtone, og gjerne spelar akustisk musikk, er nok MingDa det eg helst vil tilrå. MingDa er meir gjennomsiktig og detaljrik. Desse eigenskapane kan forsterkast ytterlegare ved å slå om til triodedrift. Klangbalansen er på sett og vis det same, men triodedrift verkar meir naturleg og ”ekte” også klangmessig. Dette betingar at du har rimeleg lettdrivne høgtalarar. Men om du helst spelar rock og høgtalarane dine i tillegg treng litt meir effekt, er desse fasilitetane til liten nytte, og det er difor meir forsvarleg å gå for den rimelegare 202.

Baksida av JoLida.

 

Brukskomfort

Bruksmessig hadde MingDa-forsterkaren fordel av fjernkontrollen. Beklagelegvis var mitt eksemplar ikkje heilt i orden, og det gjekk ikkje å endre programkjelde. Importøren seier at dette berre var eit prøveeksemplar, og at den nye fjernkontrollen var både meir solid og meir driftssikker.

Elles må det nemnast at biasjusteringar ikkje må gløymast. Dette er ikkje vanskeleg, men krev måleutstyr, tid og at du fylgjer instruksjonane om korleis dette skal gjerast. Rørforsterkarar har alltid behov for sånt, om dei ikkje er utstyrt med autobiast eller innebygde måleinstrument, noko som sjølvsagt er ein fordel, men som kostar meir enn ein kan forvente seg innan dette rimelege prisnivået.

Emballering:

Det må berre innrømmast - den som kjøper elektronikk tenkjer ikkje så mykje over korleis utstyret er innpakka - før den dagen kjem at produktet du får tilsendt er øydelagt under transporten. Dette har tydelegvis JoLida tenkt spesielt godt gjennom, og fått laga seg den definitivt beste emballasjen eg til no har sett med tanke på sending av deilikate rørforsterkarar. Eit tjukt, formstøypt todelt omslag av isopor, med separate rom i loket for utgangsrøra. Her skulle sjansen for skadar på utstyret vere minimal, sjølv om kartøren skulle finne på dei mest ondsinna overgrep...Alle produsentar av elektronikk har noko å lære her av Jolida!

MingDa er ok nok innpakka, med isoporbitar som er stifta saman med tannpirkarar i bambus. Ikkje heilt lett å sette saman om du skal sende produktet frå deg. Her er ikkje pengane brukte på så fancy løysingar som hos JoLida.

 

Totalvurdering:

Begge desse forsterkarane er "utprega EL34" i sitt musikalske uttrykk – for her er absolutt særpreg på begge to, i vesentleg større grad enn det vi finn på EL84-konstruksjonen eg gjorde direkte samanlikningar med, eller det ein finn på tilsvarande enkle KT88/6550-konstruksjonar. Dette artar seg som stor dynamikkvilje og understreking av kraft og trykk i musikken, ein viss klangmessig ”varme” og fylde i bassen, utan at han kan kallast direkte feit, og litt for lemfeldig attgjeving av den djupaste oktaven.  Men når det kjem til dei lydlege skilnadane, er MingDa betre, spesielt når ein har høve til å spele med triodedrift. Vi snakkar då om ein uvanleg god musikkformidlar i dette prissegmentet.

Om vi skiftar til JoLida 202 vert lyden noko "grovare", men likevel ikkje slik at eg vil vere med på at MingDa er det beste valet i alle samanhengar. Med rette røroppsettet, til dømes ved å bruke Tesla utgangsrør, kunne JoLida sleppe seg heilt laus med musikken. Ganske tydeleg farging, men du verda kor sjarmerande og engasjerande, spesielt godt eigna på musikk der elektriske gitarar dominerte, men også frydefull attgjeving av perkusjon og ein del blåseinstrument. Eg likte særleg godt Chicago og Blood, Sweat & Tears med dette oppsettet. 
Elles er det verd å merke seg at JoLida sine integrerte forsterkarar har eigen utgang til subwoofer, slik at desse kan vere meir fleksible saman med relativt tungdrivne stativhøgtalarar, dersom ein har eit oppsett med sub. Denne fasiliteten er ikkje standard hos MingDa, som til gjengjeld har ein ekstra inngang.

 

Konklusjon:

Om du berre er ute etter ein rørforsterkar og den tradisjonelt større musikalske glede med slike produkt, er nok JoLida det rimelegaste og mest fornuftige valet. Spesielt om du har høgtalarar som spelar 90 dB/Wm eller der omkring, og om du likar å spele høgt. Spelar du derimot akustisk musikk på meir danna lydtrykksnivå, og særleg om du har høgtalarar som kan levere 93-94 dB/Wm eller meir, er det truleg akseptabelt med dei få watta MingDa kan levere i triodedrift – og så er det berre å slå over om du treng meir guffe (eg brydde meg ikkje om å stille biasen her meir enn ein gong, men burde kanskje gjort det? Eigentleg vert dette for tungvint om du vil gjere direkte samanlikningar). Personleg ville eg nok gått for MingDa, og sett meg om etter så lettdrivne høgtalarar som råd, men så høyrer eg nok til dei litt meir kritiske når det gjeld detaljrikdom i lyden, med ei platesamling som spenner over såpass mykje klassisk og akustisk at eg eigentleg ville fokusert på dette. Men om eg spelte like

 

mykje rock som eg gjorde i studietida, ville nok saken stilt seg annleis. I dag er eg villeg å betale litt ekstra for fjernkontrollen, men strengt tatt er eg nok i stand til å etablere litt sportsånd for å spare halvanna tusen. Er du ein rockeelskar på stramt budsjett, er JoLida svært så aktuell.  Eit tredje, endå billegare alternativ, er JoLida 102 med EL84-rør, men då må høgtalarane vere svært lettdrivne, gjerne oppunder 100 dB/Wm.

 

 

Elles var det riktig interessant å sjå kor store skilnadar som kan dukke opp i to så like konstruksjonar.

Verda er mangfoldig, og valfridomen ganske stor…..

 

 

 

 

 

 

 

 

Pris:

Ming Da MC34-A MK II Nordic kr 11 000

 

JoLida JD 202B                    kr   8 000 (prisen vert vurdert etter nyttår)

 

Importørar:

JoLida: www.hifistasjonen.no

MingDa: www.audiofoni.no

Lest 7254 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.