onsdag, 31 mai 2006 23:00

Jolida JD100CD CD-spelar

Skrevet av

JoLida er ein produsent som er kjent for svært rimelege og gode rørforsterkarar. Og her har vi altså ein CD-spelar med rør i signalvegen. Eit spennande konsept der digitalmediet koplast med røra sin musikalitet?

 

av Arve Åheim juni 2006

Vi har etter kvart sett fleire CD-spelarar der forsterkardelen er bygt opp av rør. Tanken er tydelegvis dels å unngå overanalytisk klangbalanse og fokusere på det musikalske, dels å kamuflere for steile filter som høyrer digitalteknikken til med røra sin tradisjonelt varme klang. Ein del liknande produkt, mellom anna Vincent CD-S6 har vore ganske vellukka med dette konseptet, og relativt edrueleg pris. JoLida JD100CD er kan heller ikkje kallast dyr i slikt selskap, med sin pris på 10 000 kr. Dessutan har spelaren eit tiltalande design, og osar av solid byggekvalitet. Også fjernkontrollen gjev eit godt inntrykk. Mange funksjonar, men likevel lettforståeleg og oversiktleg. Kontrollen er skikkeleg solid, laga av metall og med tyngde, så det ikkje er farleg om du skulle sette deg på han. Spelaren er også tung, og gjev inntrykk av å høyre til mellom dei godt påkosta spelarane (eg tok meg ikkje tid til å opne han).

Lyden
Saman med JoLida sine eigne, mindre forsterkarar av integrert type, er JD100CD naturleg nok på heimebane. Svært musikalsk, og heilt utan trøyttande klangkarakter. Dynamikk er det sterkaste feltet, og slik musikk vert formidla på ein svært engasjerande og spetakulær måte, slik at det ikkje vert lyden, men musikken som vert hovudsaken. Men det vart fort tydeleg at JD100CD aspirerer til meir enn dette, så eg plasserte spelaren i eit noko råare oppsett, i referanseanlegget i rom #1, med elektronikk i ein heilt annan prisklasse enn dei ”fornuftige” JD102B og JD 202B. Og CD-spelaren synte seg å vekse alvorleg med oppgåva. Det dynamiske aspektet vart no formidla med all den råskap eg kunne ynskje meg, og tålte godt samanlikninga med vinylriggen – ikkje dårleg av ein spelar til 10 000. Dynamikk var JD100CD si aller sterkaste side, der spelaren trygt kan samanliknast med det aller meste. 

Klangbalansen var også langt hyggjelegare enn det ein vanlegvis kan forvente seg av CD-mediet, og sjølv relativt anemiske innspelingar fekk dette naturlege over seg som gjer at ein gleder seg over musikken. Ikkje slik at det let direkte varmt eller mørkt, men rett og slett musikalsk og hyggjeleg.Det einaste eg saknar, er den store tredimensjonaliteten som nesten aldri lukkast å formidle gjennom digitale signalkjelder. Også her gjer JD100CD ein meir enn vanleg anstendig jobb, og det kan ikkje forventast at ein sånn relativt rimeleg spelar skal kunne utfordre ”superspelarane” til mange gonger prisen. Eg prøvde også Teac Esoteric X-01 like etter denne, og må nok innrømme at CD spelast ein del betre om du brukar 100 i staden for 10 tusenlappar...... 



Etter kvart som eg har fått ein del innspelingar i SACD-formatet, vil eg gjerne ha ein spelar som taklar dette. Diverre kan ikkje JD100CD spele slikt, elles hadde faren vore stor for at eg hadde kjøpt denne. Ser ein bort frå akkurat dette, er det lite konkurrentar musikalsk, iallfall ikkje nokon i denne prisklassen. Sånn sett frå ein CD-synsvinkel er nok produktet frå JoLida vesentleg meir tilfredsstillande enn Marantz SA 8400, som har vore min favoritt i 10k-klassen så langt. Så om ikkje SACD er viktig, eller om dei tredimensjonale eigenskapane til SA 8400 ikkje er avgjerande for deg, vil eg seie at JD100CD speler med meir nerve og trøkk, og er i det heile svært god på dei fleste felt. Det er vanskeleg å finne noko liknande, og det einaste eg i farten kjem på å samanlikne med, er den legendariske pickupen DL103 frå Denon, som korrekt justert i ein god arm faktisk er ganske lik denne CD-spelaren. Samanlikninga er også prismessig relevant, for begge produkta er mykje for pengane samanlikna med konkurrentane, men krev at anlegget elles også består av glimrande komponentar for at det fulle potensialet skal komme til sin rett. (Og sjølv om dei ikkje er direkte dårlege, er dei tredimensjonale eigenskapane til begge ikkje fullt på høgd med dei andre, sterkare sidene dei har).

Samanliknar vi med andre CD-spelarar, er JD100CD mindre analytisk enn Hegel sin dyrare CDP 2A og Rotel sin rimelegare RCD1072, men endå meir dynamikkglad og samstundes meir presis enn Vincent CD-S6. Marantz SA 8400 har evna til å spele SACD, og har såleis litt å gå på når det gjeld å utnytte dette mediet, men på vanlege CD-ar, er det JoLida som må haldast for å vere den ”beste” med sine svært så musikalske eigenskapar. Einaste konkurrent eg kjem på innan reine CD-spelarar i dette prissegmentet, men med ein totalt anna klangkarakter, og heilt anna, meir analytisk tilnærming til musikken, er den noko dyrare spelaren CDP2A frå Hegel. Begge spelarane er glimrande, men like ulike som fjelltøy og dress. Du bør prøve desse to ut frå din musikksmak, anlegget ditt, og måten du lyttar på.

Konklusjon:
Dei fleste som endå har innvendingar mot dei digitale media der CD framleis er det viktigaste, har reagert på litt blodfattig klangbalanse, og kanskje også vel beherska dynamikk. Jolida JD100CD er definitivt ikkje slik, og vil såleis vere eit perfekt val for den som held slike musikalske eigenskapar for å vere det viktigaste. Det er svært få CD-spelarar som gjer desse to tinga betre, sjølv i vesentleg høgre prisklasse. Berre når det gjeld tredimensjonalitet opplever eg Jolida sin CD-spelar som relativt ordinær, men dette heng også saman med at dei andre glimrande eigenskapane innbyr til høge forventningar også på dette feltet.

Eg vart veldig begeistra. Eit funn for musikkelskaren, og ei perle i stereoen, til ein absolutt fornuftig pris (ja, kanskje litt lav, eigentleg?). Denne bør du oppleve!

Pris: 9990,00 kr

Info frå importør

Produsent: www.jolida.com

Lest 4600 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Mer i denne kategorien « Linn Genki Hegel CDP2A »