onsdag, 31 desember 2008 23:00

Dali Mentor 1

Skrevet av

Dette er minste høgtalar i denne serien, forsvinnande liten samanlikna med dei to slektningane sine vi har testa han saman med. Korleis greier veslebror seg?

 

 

Av Arve Åheim januar 2009

Mentor 1 liknar mykje på sine større syskenDette er ein bitteliten høgtalarar, og den minste i Mentor-serien. Han er oppgjeven til å gå ned til 45 Hz der Mentor 2 skal spele 39 og Helicon 300 greier 37 Hz. Ikkje den heilt store skilnaden, kanskje? Vel, etter ei solid innspelingstid og god elektronikk kan eg berre stadfeste at det i praksis er enorm skilnad.
Mentor 2 og Helicon 300 er flotte høgtalarar som kan glede dei fleste, særleg om du har eit relativt lite lytterom. Men Mentor 1 sine 45 Hz (eller kor djupt det i praksis syner seg å vere) er rett og slett ikkje så djupt at eg opplever det som anstendig bass. Mentor 1 greier seg ikkje åleine dersom du vil ha eit gjennomført musikalsk klangbilde i anlegget ditt. Sjølv ikkje i mitt minste lytterom #3 på knapt 11 m2.

Til gjengjeld har mini-Mentor svært gode perspektiveigenskapar, og kan teikne eit utruleg detaljert lydbilde, og greier seg veldig greitt i ein nærfeltssamanheng der du ynskjer å høyre absolutt alle plasseringsdetaljar i opptaka.

Det må elles seiast at Mentor 1 innan sine frekvensmessige avgrensingar er i stand til å spele både svært detaljrikt og dynamisk nyansert. Dei er utmerka analysereiskap,  fint avstemte når ein ser bort frå bassmangelen. Eg prøvde Mentor 1 og 2 saman i multikanalsoppsettet mitt (rett nok utan senterkanal), og opplevde det som uvanleg detaljrikt, med nydeleg evne til å differansiere dei små mikrodetaljane og dynamiske nyansar. Dette legg du ikkje merke til i fyrstninga på grunn av bassmangelen, men det er faktisk veldig greitt å merke skilnadar i intonasjonen til ulike instrument. Dei evnar dessutan å spele skikkeleg høgt også (men ein subwoofar må sjølvsagt trekkje bassen). Dei er på mange måtar mykje betre enn mine Mirage Omnisat (naturleg nok ut frå prisen), men stiller langt strengare krav til plasseringa. Dei greidde å gjere seg nytte av Raidho-stativa, men ikkje så markant som på dei to større alternativa, for ikkje å snakke om høgtalaren som er designa saman med stativa...


Over terminalane finn vi ein bitteliten bassportMentor 1 er absolutt ein høgtalar som gjer jobben dei er tiltenkte, men det er viktig å ikkje komme med feil forventningar til desse lilliputt-konstruksjonane. Dei er ikkje dei einaste høgtalarane du skal ha i anlegget ditt.  Då skal du mykje heller legge 3500 kroner meir i potten, og gå for Mentor 2 i staden. 

Mentor 1 er altså liten, og det gjer at han er avskoren ein del eigenskapar som større høgtalarar har. Det går an å konstruere små høgtalarar som gjev betre bassopplevingar, men det krev at ein avgrensar seg på andre felt for å stette dei fysiske lovene. Ein kan utstyre høgtalaren med eit delefilter som rettar frekvensgongen. Vi får då sannsynlegvis ein høgtalar med dårlegare dynamikk og detaljoppløysing. Og vi mister høvet til å spele høgt. Det kan også verte ei utfordring å passe inn høgtalarelement på dette kvalitetsnivået.

Eg ser fire fornuftige bruksområde for Mentor 1:

a) i eit multikanalanlegg der du stiller ganske strenge musikalske krav, og også ynskjer å legge vekt på detaljane.
b) saman med ein musikalsk subwoofer. Musikalsk matching vil vere meir avgjerande enn kor djup bass denne kan levere.
c) i eit anlegg der det ikkje skal spelast høgt, slik at det kan equaliserast radikalt.
d) Som monitor der analyse av perspektiveigenskapene står i høgsetet, og manglande bass ikkje er avgjerande.

 

Konklusjon:

Dette er ikkje ein fulltonehøgtalar slik vi forventar oss det, men eit spesialverktøy som ikkje vil stette det vi kan kalle eit normalbehov for ein god høgtalar i prisklassen. Brukast Mentor 1 innan sine naturlege bruksområdet, vert du ikkje skuffa. Men du må vite at det er denne høgtalaren du treng, elles kan det verkeleg verte frustrerande.

Dali Mentor 1: Pris: 11 496

 

Mentor 1 er som sagt litenFrekvensområde +/- 3dB 45 -34k Hz
SPL max 106
SPL 1 W 86 dB
Nominell impedanse 6 Ohm
Tilrådd effekt 40 -120 W
Delefrekvensar 3400/12000 Hz
Diskantar 1X28 mm. Dome
1*17*45 mm banddiskant
Basselement 1*5”
Kabinettype Bassrefleks
Eigenresonans 47 Hz
Tilrådd plassering Stativ, hylle eller veggopppheng
Storleik 31,8*16,2*24,1 cm
Vekt 5,2 kg

 

Link til importør Hifiklubben sin presentasjon av Mentor 1

Lest 9559 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.