Av Arve Åheim desember 2005
Utforming av høgtalarane
Ved mottak av ei relativt grei kasse i posten, var det med ærefrykt eg pakka ut desse utruleg flotte høgtalarane. Lakken i overflata av dei var så flott at eg nesten fekk panikk når det skulle flyttast på. Her burde Vienna Acostics la seg inspirere av Audio Pro sin praksis med å legge ved høgtalarane eit sett lette bomullshanskar for å unngå fingermerke. Kabinettet er svært pent, og på baksida er det innfelt eit konsoll der ei bakplate (sannsynlegvis med delefilteret påmontert) har to høgtalarterminalar av svært flott kvalitet. To store ratt gjer at du kan stramme kontaktene skikkeleg, og er samstundes lette å få tak på, slik at det er lett å skru dei opp. Men det er hol i midten, slik at bananpluggar kan brukast, som eg gjorde mesteparten av tida. Fronten er dekt av svart, todelt frontstoff. Tek du dette av, ser du eit uvanleg, gjennomsiktig bass/mellomtoneelement, medan ein dome-diskant er oppmontert på einslags baffel, der det er innsving på sidene. Dette er faktisk porten på bassrefleksrøret, og gjer at den vesle høgtalaren berre har to hol i kabinettet, slik at det er godt avstiva. Baksida er for ein stor del dekt av ei innfelt metallplate, som ganske sikkert skjuler delefilteret.
Lakken på kabinetta er iallfall fire strøk, og er blankare enn nokon annan trefinish-høgtalar eg har vore bort i, med unntak av Manger og nokre andre råskinnkonstruksjonar.
Plassering og lytteinntrykk
Mi fyrste lytting til høgtalarane var i lytterom #3, som er relativt lite, men som også skulle passe godt til såpass små høgtalarar som Haydn Grand. Etter litt eksperimentering, vart det til at eg sette dei ganske tett på sidevegg, i ein ganske så likesida trekant, med litt vinkling inn over. Eg oppnådde då eit enormt stort lydbilde, utan at det vart snakk om pingpong-effekter av noko slag, eller at lyden vart spinkel. Høgtalarane var eit godt stykke frå bakvegg. I dette 12 m2 store rommet var denne plasseringa optimal.
Med den integrerte forsterkaren A-1VL frå Onkyo fekk eg opp heilt utrulege perspektiveigenskapar, og eg må seie at kombinasjonen er kjempesterk. Sjølv om Haydn Grand ikkje er noko basspumpe, greidde A1 å få nok ut av dei til å halde lydtrykk og dynamiske nyansar på eit imponerande naturleg nivå. Å spele Harry Belafonte, Dusty Springfield gjev enormt engasjement, men også storarta analytisk attgjeving av perspektivet. Den øvste diskanten er kanskje ørlite tilbakehalden samanlikna med superdiskantar og spesielle konstruksjonar (som då gjerne kostar mange gonger prisen), og DSOTM-hjarteslaga flyttar ikkje gjenstandar i rommet, for dei som tykkjer dette er morosamt. Men perspektivet veg mange gongar opp for dette - og så er det ikkje kjekt for nabolaget at du har høgtalarar som lagar buldrelydar andre stadar enn i ditt eige lytterom. Ekstremfrekvensane er altså som ein kan vente frå eit kabinett på ca 15 liter , men klangbalansen er likevel svært samstemt og naturleg, slik at du ikkje treng irritere deg over noko som høyrest unaturleg ut. Faktisk er ei lita avrulling i toppen med på å gjere spesielt vokalar svært truverdige.
Dynamisk truverd er også i orden. Nyanseringsevna heng nøye saman med elektronikken (Onkyo A-1VL sin spesialitet), og du får det du betalar for. Dei heilt rå utslaga av t.d. 1812-overtyra med kanonskot på SACD frå Telarc får du sjølvsagt betre i meir brutale konstruksjonar, men om det ikkje er slikt du går etter, klarer du deg veldig langt med Haydn Grand. Høgtalarne er tonalt avstemt så godt at du ikkje bryr det om at hjarteslaga på DSOTM manglar. Dette er svært musikalsk tilfredsstillande, og dei spelar også rock såpass høgt at du er i stand til å drive mildare sjølvpining og tilføre deg høyrselsproblem i alderdomen om dette skulle vere ynskjeleg.
Dette med elektronikken er ei lita utfordring. Haydn Grand har sin hovudfokus på det musikalske og engasjerande, men er i stor grad i stand til å gå ut over dette, om du har dei rette samarbeidspartar saman med dei. Dei er svært samarbeidsvillege med det meste av elektronikk, slik at du i stor grad kan oppfylle dei ynskjemål du har til klang og andre lydeigenskapar med å velje utstyret elles.
Eg prøvde dei litt saman med Antique Sound Lab sine rimelege 25 w røreffektforsterkarar. Svært bra perspektiveigenskapar, men eg tykte at klangen her vart litt for ullen. Ein liten 20-wattar frå JoLida, var faktisk litt betre klangmessig, og synte at rør er ein god ide, om du verkeleg vil ha fram dei musikalske eigenskapane. Skulle tru det ville vere ein svært god match med Nordic MingDa MC34-A som eg fekk i hus akkurat dagen etter Viennaane vart returnerte.
Eg prøvde dei også med forsterkarsettet SA 31 MK og SP 331 frå Vincent. Høgtalarane var absolutt gjenkjennelege, men no vart det dynamiske og rytmiske i musikken fokusert i sterkare grad, og klangen var faktisk like romantisk som med dei meir konvensjonelle rørforsterkarane.
Skikkelege kameleonar musikalsk sett!
Råd og kommentarar frå produsenten
Vienna ser på kabling av høgtalarane i samband med delefilteret. I brukarmanualen står det at dei trur at det er betre å bruke eitt sett med utmerka kabel framfor to sett av litt dårlegare kvalitet. Elles er terminalane utsøkte, og tek både bananpluggar, lause kabelendar og spadar. Og med store skruar er det lett både å skru skikkeleg til, og få skruane opp att.
Når det gjeld forsterkarar, skriv Vienna at høgtalarane vil fungere fint med eit svært mange typar, noko som også er mi erfaring. Det går fint å bruke både små rørforsterkarar og store transistorbeist. Og produsenten tilrår å bruke mykje tid på å finne akkurat den forsterkartypen som gjer jobben best slik du ynskjer det. Eg er heilt einig, Haydn Grand er rett nok ikkje ein monitor eller eit analysereiskap, men avspeglar likevel elektronikken sine eigenskapar.
Mine høgtalarar var godt innspelte, og endra seg ikkje merkbart dei vekene eg hadde dei til disposisjon. Men produsenten seier du må rekne med 100 timar innspelingstid.
Plassering bør vere langt unna sideveggar, seier Vienna. Her er eg ikkje einig, eg vil gjerne ha dei relativt nær sideveggane, kanskje så nær som ein halv meter, dersom du har refleksjonane under kontroll, og vinklar høgtalarane lett innover. Elles hevdast det i brukarmanualen at dersom du plasserer dei nær bakvegg, vert behovet for vinkling innover mindre. Sjølv om det kan vere ynskjeleg med litt hjelp frå bakveggen til å få kraftigare midbass, tykte eg dei spelte best når dei stod eit gode stykke framme i rommet, minst meteren unna bakveggen.
Konklusjon.
Den heilt rette høgtalar for dei ikkje alt for store lytterom, dersom du spelar mykje musikk, og ikkje er avhengig av dei aller råaste og djupaste basstrykka. Ein høgtalar som er lett å ha med å gjere for forsterkaren, lett å plassere, og er lett å like, fordi han kan vekse med din musikksmak, og fiksar forbausande godt store orkesterbesetningar. Ved hjelp av passande elektronikk kan Haydn Grand tilfredsstille dei fleste ynskje, anten det går på perspektiv, klang eller dynamikk. Absolutt verd pengane. Og veldig, veldig fin finish som gjer dei lette å elske.
Pris: 10 000
Importør: www.interconnect.no