torsdag, 06 februar 2020 06:33

TEST: Vera eller ikkje vera – det er spørsmålet.... P400/1000 norsk Dark Horse kjem på banen Spesial

Skrevet av

Med ekstremt tungdrevne høgtalarar, lurer eg av og til på om eg har mala meg inn i eit hjørne. Når det trengs rundt 70 watt for å nå 96 dB-grensa i lytteposisjon, er det ikkje lett å få tak i forsterkarar som kan sendast som normal pakkepost. Så referanseforsterkaren min har ikkje vore utfordra på fleire år. Men no........

Det er veldig greitt å ha nokre av verdas aller mest lovpriste høgtalarkonstruksjonar ståande godt plasserte i stova. Men det har også sine utfordringar, Eg har løyst desse ved hjelp av ASR Emitter II Exclusive, ein forsterkar som er perfeksjonert gjennom ei lang utvikling, og som greier å drage MBL 101E2 ganske så problemfritt. Men også denne forsterkaren har sine sære sider, og det faktum at han kjem i fire kolli på til saman over 130 kg, gjer at han ytterst sjeldan vert flytta på.

Sidan han er «god nok» til det aller meste (google litt, så ser du kva vi snakkar om), er det ingen grunn til å flytte på han heller, så eg har ikkje utvida min horisont innan forsterkarar sidan ASR kom i hus. Men eg gjorde grundige vurderingar før eg bestemte meg, så eg har ikkje hatt så veldig sterkt behov for å prøve nytt.

Heilt sidan Infinity lanserte ein bilstereoforsterkar i klasse D, har eg vore interessert i denne fornuftige måten å lage forsterkarar på. Eg gjekk så langt at eg lånte heim NuForce og W4S sine toppmodellar. Spennande ting, men NuForce var ikkje sterk nok til mitt bruk, og W4S var mindre nøytral enn eg ynskte meg. Så eg landa altså på ASR, og tykte ikkje valet var spesielt vanskeleg. Men utviklinga har no gått vidare, og eg kan ikkje unngå å legge merke til eit dristig, norsk prosjekt, Vera Audio.

Vera Audio P400/1000 

P400/1000 er prega av nytenking og kreativitet, men er likevel ein ganske audmjuk og diskré sak, som ikkje stikk seg fram. Du vil nok ikkje legge merke til han før du går tett innpå. Då ser du kor skikkeleg han er laga, fresa ut av ei blokk av aluminium, Trass i dette solide inntrykket veg dette vesle beistet ikkje meir enn ni kilo, og er såleis lett å flytte på. (veit du ikkje å sette pris på sånt, har du aldri eigd skikkeleg tung hifi....)

Forsterkaren er såpass liten at det berre er XLR-inngangar på baksida. Så eg som køyrer rca-pluggar måtte bruke overgangar. Dette går heilt problemfritt.

Forsterkaren har ein straumbrytar som du berre brukar når forsterkaren skal vere avslått i lang tid. Til dagleg bruk trykkjer du på ein knapp på framsida. På/av-knappen lyser guloransje når forsterkaren ikkje er påslått. Trykker du på denne, lyser han lilla ein seks-sju sekund før han skiftar til blått, og fortel at han er klar til bruk. Dessutan vil han lyse raudt om du skrur så høgt at han klippar eller får åndenød, noko eg ikkje greidde. Då slår du av forsterkaren, og startar opp att på nytt. Men du bør ta ein kik på baksida før du går så langt. Her er det nokre uvanlege finessar. Det finaste er at du kan justere inngangsnivået, slik at det vert optimalt tilpassa forforsterkaren, noko som kan gjerast for begge kanalar, uavhengig av kvarandre, slik at du kan i praksis både har ein balansekontroll, så vel som ein måte å tilpasse nivået til forforsterkaren sin gain, så vel som til kor mykje høgtalarane tåler, om du skulle ynske det. Det er også ein utmerka balansekontroll.

Det er endå meir spennande på baksida; du finn ein vendar for brukopling. Snur du på denne, må du også kople over høgtalarterminalane, slik at du tappar i mono. Då endrar denne seg i frå å vere ein stereoforsterkar på 2*400 Watt i 8 Ohm, til eit monster på 1500 Watt. Du treng rett nok to slike, noko som doblar kostnadane, men så er her så mykje krefter at MBLane mine er fornøgde, og vel så det. Før den eigentlege lyttinga tok til, prøvde eg kor høgt det kunne spelast. Og det var høgt..... med forsvarets høyrselsvern på hovudet målte eg godt over 120 dB før eg tok til fornuft, i lytteposisjon, tre meter unna høgtalarane. No spelar eg sjeldan høgre enn godt og vel nitti på jamna, (og aldri over hundre) ettersom det kan vere eit poeng å ta vare på høyrselen også som godt vaksen. Men eg passerte grensa til det ASR-forsterkaren brukar å gje opp. ASR klippar ikkje, dei berre slår seg av. Her er det innebygd sikringskrinslaup. Når det bikkar 500 Watt, stengjer ASR ned. Vera P400/1000 har også sikringskrins, men eg hadde ikkje nervar til å provosere dette. Dei 1000 watta som skal kunne leverast i brukopling med 8 Ohms last er vanskelege å bruke opp. Produsenten tilrår elles ikkje å bruke brukopling på høgtalarar med lågare impedanse enn 3 Ohm, noko som kan vere verd å merke seg om du har tungdrivne elektrostatar. Elles er det forbausande mykje likt mellom ASR og Vera, men ettersom Emitter 2 Exclusive har ein forforsterkardel, er det uråd å gjere ei rettferdig samanlikning. I praksis vil dei nok oppføre seg ganske likt, men då måVera få ein like gjennomsiktig forforsterkardel å samarbeide med som ASR har innebygd.

Ein viktig skilnad kan vere at ASR kan jobbe med ekstremt lågimpedante høgtalarar, medan Vera har ei nedre grense på 3 Ohm. Eg la merke til at effekt ikkje var oppgjeve i 4 Ohm under brukopling. Sjølv om slik modus gjerne gjer at høgtalarimpedanse på nominelt 4 Ohm kan vere eit problem, merka eg ikkje det minste vrenging eller styggedom av noko slag. Men ein kan undre seg over kor mykje effekt som kan leverast i låge impedansar som høgtalarane mine (som går ned til 3,7 Ohm på det lågaste).

Etter denne seansen fann eg ut at det eigentlege effektbehovet til MBLane fint kunne dekkjast av ein forsterkar. Produsenten har oppgjeve effekten i stereomodus til å vere 750 Watt ved 4 Ohm. Og det synte seg å halde. På tortur-test der eg spelte så høgt eg orka med høyrselsvern på, registerte eg 118 dB på lydtrykksmålar-appen eg har på mobilen, og tru meg, det er nok. Eg gjorde ein del utprøvingar mellom brukopling og vanleg, men kunne ikkje seie at eg greidde å registrere skilnadar i klangbalanse eller romoppleving. Når eg spelte skikkeleg høgt, var det nok ei aning meir autoritet med monoblokk-modus, men mindre enn eg hadde forventa.

Ettersom høgtalarane mine må biwirast, prøvde eg også biamping. Eg reserverte då eit stereotrinn til kvar høgtalar, slik at den eine kanalen gjekk til bassen, medan den andre tok diskant. Men det var lite å hente på opplegget. Lyden endra seg marginalt, og eg har problem med å skildre kva som vart annleis. Eg gjekk difor attende til brukopling.

Ein liten detalj som må nemnast er viftene. Forsterkarane vert ganske så varme når dei spelar ei stund, og dei er følgjeleg ustyrt med viftekjøling. Denne greidde eg å provosere fram nokre gonger, men ikkje slik at viftene sjenerte. Eg måtte slå av musikken og legge øyret ved sida av forsterkaren for å høyre at vifta var i funksjon. Det kan verke som dette er skikkeleg kvalitet, men det vil tida vise. Det er viktig at vifter er støyfrie også når forsterkaren tek til å dra på åra. Men så langt ein an vurdere vifter under utprøving av nye produkt, er det ingen grunn til å tru anna enn at dette held mål. I papira som følgjer med, står det korleis filteret for viftene skal reinsast for støv. Viftene kan i utgangspunktet ikkje høyrast frå lytteposisjon. Dei skal ta unna varme om du spelar så høgt at forsterkaren vert 65 grader, og det kan nok vere lurt. Boksen er nok liten og lett, men her er mykje effekt, og har du like krevjande høgtalarar som mitt behov, trengs skikkeleg straumforsyning som sjølvsagt vil utvikle mykje varme.

Lyden

Så var det lyden då. Eigentleg ikkje så mykje å melde her. Som stereotrinn er dette ein av super-forsterkarane som ikkje gjer vesen av seg. Dersom dette nivået kan verte bransjestandard, er det eit stort steg framover frå det eg tidlegare har opplevd av klasse D-forsterkning. Eg har vanskeleg for å sette ord på klangkarakteren til Vera, for det er så marginalt av ting vi kan kalle farging derifrå. Dette er scenearbeidaren som får artistane til å skine på scena, og ikkje artisten som syner fram sitt ego. Dette er fyrst og framst nøytralt. Ynskjer du at paletten din skal ha ein spesiell koloritt, må du skaffe det andre stadar enn gjennom effektforsterkaren, for P400/1000 har det ikkje, her er lerretet reint. Såleis kan eg tenke meg at dei med bittesmå rørforsterkarar med klar koloritt, kan vere dei einaste som ikkje vil trivest med Vera Audio sin baby? Men med sitt justerbare inngangsnivå er det likevel eit spennande alternativ. Kanskje optimal lydkvalitet like gjerne kan oppnåast med til dømes gamle sledar av rørforforsterkarar, eller den merkelege Manley 300B? P400/1000 fiksar fint å drive bassane på MBL 101 med stålkontroll, og eg merkar ingen spesielle framhevingar av noko som helst.

Her formidlast det som måtte komme frå forforsterkar og signalkjelder utan avgrensingar på noko vis. Spesielt nyttig var nivåjusteringa på inngangen, som gjorde at eg kunne bruke både Creek OBH 22 passiv kontrollboks og Audio Research SP 10 ganske optimalt – den fyrste gjer ekstremt lite av seg, medan SP 10 med sine mange rør absolutt lagar klangmessige fingeravtrykk. Eg føretrekk likevel SP 10, ettersom denne gamle toppmodellen til Audio Research har dynamiske kvalitetar som ingen annan forforsterkar eg har kjennskap til, såvel som ein klangkarakter som er meir musikalsk enn nye, korrekte forforsterkarar. Og då kjem P400/1000 til sin rett, for dei dynamiske nyansane kjem gjennom utan noko form for maskering. Såleis vert heller ikkje dei med meir sans for formalitetar og detaljar enn meg skuffa, for den passive OBH 22 greidde seg veldig bra, han også, berre han fekk nok gain. Uansett, effektforsterkaren imponerer kanskje mest med sine kraftreserver, og evna til å gje att kraftige transientar. Her er mine rundstrålande høgtalarar svært krevjande, ettersom dei fyrer av energien i alle retningar . Spelast det retteleg høgt (og du har høgtalarar med svært låg effektivitet som mine) kan det vere greitt å ha ein ekstra, slik at kraftreservene i praksis vert uavgrensa, men for meir normale folk tvilar eg på at du vil føle behov for noko meir enn ein stereoforsterkar. Også når det gjeld det som har med tredimensjonalitet, plassering av instrumenta og oppleving av rommet å gjere, er det ingenting å melde. Gammal klassisk musikk frå RCA, Supertramp, progrock, Harry Belafonte in Carniege Hall – alle nyansar slepp gjennom. Farging? Ja, men berre frå SP10 si side. Og den tek eg ikkje feil av etter 33 års samliv. Creek-saken har så lite eigenlyd at han rett og sett vert kjedeleg. Ergo er det ekstremt lite subjektivitet frå P400/1000, som held seg strengt til protokollen. Dette er eit pluss, for eg trur du kan spare deg mykje matchingsarbeid. Berre kjøp den forforsterkaren du likar best. (Men høgtalarane må passe til rommet, sjølvsagt).

Konklusjon

Det burde kanskje seiast meir om låg vekt og kjekk pris, men konklusjonen er at det vanskeleg kan finnast noko å utsetje på Vera Audio P400/1000. Kjøper du to, har du uendeleg med krefter og nøytralitet. Kjøper du ein, kjem du usannsynleg langt, då også. Hundre dB på mine høgtalarar i eit rom på godt 40 kvadratmeter burde tilseie at det vil klare seg for dei fleste. Dessutan slepp du unna med halvparten av kostnaden og det er nokre titusen du kan bruke til å kjøpe endå betre høgtalarar enn du går inn for i utgangspunktet.

Les meir om P400/1000 hos Vera Audio

Lest 2726 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.