fredag, 30 november 2007 23:00

Harman Kardon AV 247

Skrevet av

Det er vel inga bombe at eg er ganske begeistra for Harman Kardon. Med solide produkt som kan by på ei lydoppleving som ikkje er så veldig ulik McIntosh (eg veit eg tøyer strikken litt langt for somme no), er det alltid spennande å sjå kva nytt som dukkar opp herifrå.

 

 

 

Av Arve Åheim desember 2007

Harman Kardon kjem stadig med fornying av receivarutvalet sitt. Det vert stadig gjort oppgraderingar av brukskomforten, så sjølv om modellane ser ganske like ut og har relativt like data, er det ganske mykje lettare å stille inn og bruke dei nyaste produkta samanlikna med dei litt eldre. Og utsjånaden er eigentleg ganske genial. Funksjonell og ikkje spesielt ulik alle andre, bortsett frå det særeigne lyset frå potmeteret som er som eit varemerke å rekne.
Når ein har AVR 445 og 745 friskt i minne, er det ikkje til å unngå å ha store forventningar til receiverar i den nye -47-generasjonen. AVR247 er den minste av desse med 7 kanalar, og har såleis sone 2-fasilitet. Den er oppgjeven til små 50 watt pr kanal, men Harman Kardon har for vane å underdrive slikt, så det er ingen grunn til at det ikkje kan spelast ganske så heftig med ikkje så alt for tungdrivne høgtalarar og ein sub til å avlaste det aller største behovet for basskrefter. Ein grei fjernkontroll fylgjer også med. Med god utforming, sjølv om det hadde vore greitt å kunne sjå knappane godt i mørket.


Oppstilling
Ettersom det er så mykje styr å halde orden på alle parametrar når eit surroundanlegg skal fininnstillast, er eg veldig glad i receiverar der du kan overlate det aller meste av justeringsarbeidet til automatikken. Harman Kardon har ikkje vore dei aller beste eg har prøvd tidlegare, men på AVR 247 gjekk dette betre enn eg har vore med på derifrå. Målemikrofon vart plugga til gjennom øyretelefonutgangen, og vidare arbeid vart stort sett overlete til justeringsautomatikken. Det var nødvendig med litt ”snusfornuft” i bassjusteringane, men bortsett frå dette fungerer automatikken skikkeleg godt, ikkje så langt unna det beste eg har prøvd så langt.
Ting var veldig greitt å forstå, og det fylgjer med ei utmerka instruksjonsbok på fleire språk, der norsk rett nok manglar, men dansk er eit greitt alternativ for oss som er vande med bokmål likevel… Iallfall har det skjedd ei positiv utvikling med dei automatiske funksjonane hos HK i det siste, og det meste er veldig greitt å finne ut av.
Eg gav etter kvart blaffen i å kople med optimal-løysing mellom DVD/SACD-spelar og AV247, og gjekk over til å bruke den langt enklare HDMI-tilkoplinga. Det gjekk over all forventing, og eg fekk endeleg køyre digitaloverføring frå SACD, slik at all prosesshandsaming kunne skje i receivaren. Faktisk vart det lydlege resultatet over all forventning. Sjølv om det teoretisk skal vere best å ha analog overføring mellom apparata, var i praksis lyden minst like god i mitt relativt rimelege oppsett. Altså var det berre nokre få tilkoplingar å forholde seg til; HDMI inn, ut (brukte ein heilt enkel RCA-kabel til bildeoverføringa på prosjektøren utan høg oppløysing), antenne og høgtalarar (inkludert RCA-kabel til subwoofar)

Lytteinntrykk
Den siste HK eg har prøvd ut, var den nest kraftigaste av ”normalprogrammet”, AVR 445. Det var tydeleg at denne hadde musklar langt ut over det data skulle tilseie. Dessutan har Harman Kardon lagt seg til ein utprega musikalsk spelestil, som kanskje ikkje er heilt rett, men til gjengjeld er svært så engasjerande å lytte til. For den som ikkje berre brukar multikanalsanlegget til heimekino, er dette veldig viktig. Mange vil nok ynskje seg den superdetaljerte, oppløyste og nøytrale receivar, men det går ikkje i denne prisklassen.
Er du glad i musikk, tykkjer eg at det beste alternativet er å gå for ein skikkeleg musikalsk sak, i staden for ein som markerer frekvensfløyar og kan vere klangmessig "tøff" - imponerande dei fyrste ti minutta, men kjedeleg i lengda. AVR247 har mykje av dette øyrevenlege over seg som er eit kjenneteikn for Harman Kardon. Her er rett nok merkbart mindre krefter til å dra på under avspeling av dei grøvste kinoeffektane om du samanliknar med 445, men det musikalske engasjementet er viktigaste, og det er så avgjort på plass. Litt for rosenraudt til dei som krev absolutt nøytral attgjeving, og som må innstille seg på å operere i noko høgre prislag enn denne ganske rimelege receivaren. Litt grovare oppløyst lyd enn på det aller beste multikanalsutstyret, men du skal vere pirkete og spele ganske så gode opptak for at dette skal vere irriterande. Og i prisklassen har eg ikkje høyrt alternativ som gjev totalt betre lydmessige løysingar.
Å spele dei gode innspelingane frå 2L så vel som andre musikalske multikanalsinnspelingar er fyrst og framst pent. Det er ikkje det at du saknar detaljar eller dynamikk, slett ikkje med høgtalarsett i det ”fornuftige” prisleiet. Men det må seiast at sjølv om desse innspelingane let riktig så vakkert og hyggjeleg, er det råd å få med seg ein god del detaljar, om ikkje alle. HK sin utprega musikalske spelestil er eit stort pluss når du spelar med tanke på engasjement og moro, og ikkje er i utprega analysehumør. Få vil ofre musikalsk speleglede til fordel for mikrodetaljar i dette prissegmentet. Vi snakkar om ein fleirkanalsreceivar i prisklassen under 6500 kr, og eg kjenner ikkje til alternativ i prisklassen som ordnar musikk i multikanalsformat betre.
Radioen er ein viktig del av mitt receivarbehov. Eg likar å høyre radio på laurdagsmorgonane, og vil gjerne ha sone-2 til å sitte ute når ver og årstid er slik at dette let seg gjere. Dette er den rimelegaste HK med slik funksjon, og den fungerer upåklageleg. Radioen er ikkje fullt så god som Onkyo og Marantz, men då samanliknar eg med dyrare produkt. Med ei skikkeleg antenne eller gode mottakartilhøve er det ikkje sikkert du vil merke skilnad å snakke om.

Kinobruk
Eit nytt, sterkt kort HK har sikra seg er oppskalering av bildesignalet via hdmi til 720p. Ikkje i same grad som 745, der det oppkonverterast til 1080, men nok til at den gamle ”slitaren” av ein billegmultispelar gjer jobben betre enn når du tek signalet direkte til projektoren.
Det er rett nok ikkje optimalt, men mange kjøparar i dette prissegmentet vil like at både lyd og bilde kan overførast gjennom HDMI-kontakter, og det såleis er lett å halde orden på tilkoplingane, sjølv for dei som ikkje er ekspertar. Eg prøvde dette opp i mot separate kablar for kvar kanal, og var
lite sjenert av endringa. Det var merkbare skilnadar, men ikkje slik at eg reagerte på at det vart dårlegare, trass i dei teoretiske ulempene med HDMI.
Avgrensingane samanlikna med dei dyrare modellane, er fyrst og framst når det gjeld kinolyden. 
AV 745 er nok hovudsakleg betre om du treng mykje effekt, eller vil imponerast av vesentleg råare utgangseffekt. I min heimekino har det lite å seie, då her ikkje er utstyrt med høgtalarar som er i stand til å få veggane til å riste, og då er 247 god nok til å spele høgt nok til at ingen familiemedlemer saknar noko, sjølv ikkje til ymse konsollspel og andre aktivitetar eg stort sett ikkje engasjerer meg i personleg. Det er veldig greitt med inngang frå fronten som kan brukast når mindre permanente oppsett vert rigga til.

Oppsummering
Den musikalske attgjevinga vil uansett vere det viktigaste kortet til receivaren. Spelast det musikkvideoar eller filmar med gode musikkspor, er dette meir underhaldande enn berre ”imponerande bråke-høgt”, som øydelegg høyrsel og sjenerer dei som no eingong ikkje ser film, sjølv om dei oppheld seg i eit anna rom. Det er ein del konkurrentar i prissegmentet under 7000 kr. Harman Kardon er no lettare i oppsettet enn dei har vore tidlegare. På dette prisnivået er det veldig greitt å bruke HDMI-kontaktar, og i den samanheng er 247 veldig grei. Sjølv om effekt er oppgjeve svært så smålåte, er det tydeleg at denne forsterkaren i praksis har like mykje krefter som dei næraste konkurrentane, sjølv om dei gjev opp gjerne dobbelt så mykje effekt.
Når så Harman Kardon ligg ein femhundrelapp under konkurrentane, har sin særprega utsjånad som er varemerket, og ein svært musikalsk og behageleg lydsignatur, er AVR 247 ein av dei aller mest attraktive receiverane på marknaden.Bør absolutt sjekkast ut, om du har behov ein allsidig receivar, og i tillegg tykkjer det er viktig med musikalsk lydattgjeving.
For meg er slike musikalske eigenskapar heilt avgjerande for dei produkta eg vil ha fast i oppsettet mitt. Difor vert "vesle" AV 247 frå no av fast inventar i heimekinoanlegget mitt.

Importør: www.harman-neby.no

Tekniske data: http://www.harmankardon.com/specifications.aspx?Region=EUROPE&Country=NO&Language=ENG&cat=REC&ser=∏=AVR%20247/230&sType=C

Pris: 6 495 kr.

Lest 6866 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.