torsdag, 29 september 2005 23:00

Denon DP 29F platespelar -komplett vinylrigg

Skrevet av

Normalt medfører innkjøp av vinylrigg forsaking av minst 3000 kr. Men Denon har tatt utfordringa om å lage vinylrigg billeg og lettvint. Prisen er så lav at det må vere useriøst. Eller…..?

 

 

Av Arve Åheim 30.09.2005

Har du "nesten" bruk for ein rigg som kan spele vinyl? Ikkje alle treng platespelar lenger, all den tid du må vere fødd før 1970 for å ha opplevd vinyltida. Men så dukkar nokre vinylplater opp. Kanskje du arvar frå eldre slektningar? Eller kjem over nokre interessante album som absolutt burde vore lytta til? Du høyrer kva som skal til: ein platespelar med arm og pickup, OG ein forforsterkar med platespelarinngang, ein såkalla riaa. Prisen på dette vert gjerne tre-fire tusen. Så sjekkar du bruktmarknaden, og finn ut at også her er prisane ganske høge. Men så høyrer du på hifiklubben sitt billegaste alternativ frå Denon.

 

For gamlekara er Denon først og fremst kjent for ein stor og seriøs produksjon av kvalitetspickupar. Endå eldre gamlekarer hugsar også Denon sine gedigne direktedrivne platespelarar i dyr prisklasse og med fantastiske data. Då CD-mediet kom, tok Denon konsekvensen av dette og konsentrerte seg om å utvikle kvalitetselektronikk til konkurransedyktige prisar, slik vi i dag kjenner produsenten. Pickup-produksjonen går framleis, men har naturlegvis på langt nær slike dimensjonar som tidlegare.

 

Her ser vi spelaren frå baksida. Du treng å jorde platespelaren til forforsterkaren, men ut over dette, er det berre å plugge phonoleidningane rett i "AUX". Eller du kan kople frå den innebygde RIAAen med ein knapp under platetallerkenen, og bruke eksisterande riaa i forforsterkar, om du har dette:

 

Men kompetansen som sit i Denon-firmaet har fått leike seg med å lage ein så enkel og rimeleg komplett vinylrigg som muleg. Prisen er normalt 1700 kr, men frå tid til anna dukkar denne opp til dei magiske 995 kr. For alt du treng for å kunne spele vinyl.

 

Design og praktisk utforming:

For å halde ein så lav pris som dette, må det gjerast kompromiss. Og spelaren er laga av lett plastikk, armen utan pickupalternativ eller fornuftige justeringar av stifftrykk og antiskating. Alt er heilautomatisk og oppfører seg ikkje akkurat elegant. Men alt fungerer, og platetallerkenen er laga av aluminium. Denne er så tynn at det kan vere grunn til å frykte at han skal verte skeiv om du tar hardhendt i han, men kvifor skulle du det? Einaste grunnen til å ta av platetallerkenen, er å slå på/av riaaforsterkaren, og dette kan du få ekspeditøren til å gjere for deg. Du må berre vite om du har ein forsterkar med eigen riaa, slik at du slepp å bruke den innebygde. Uvante folk kan plundre litt med å få på drivreima, men det er ikkje særleg vanskeleg.

Og spelaren ser ut slik han bør. Dette produktet er ikkje på nokon måte prangande, det er ein svært diskret sak som kan stuast vekk. Du kan rett nok ikkje ha spelaren permanent ståande i nedste hylle i racket ditt, for då vert det uråd å opne lokket du treng for å unngå støvsamling – platespelarar er støvsamlarar av verste slag.  Det er ikkje noko oppheng av drivverket, og spelaren er relativt lettpåverkeleg av omgjevnadane. (Ikkje nevrotisk, men er du i marknaden for DP 29F, kjøper du nok ikkje eiga platespelarhylle slik eg har. Rekn difor med å bruke litt omtanke om du skal spele vinyl i dansesamanheng). Her er ikkje rom for modifikasjonar av noko slag, ikkje eingong antiskating og stifttrykk kan enkelt justerast, og pickupen er laga spesielt til DP 29F-bruk, i same gråfarge som resten av spelaren. Dei fire funksjonsknappane er det einaste du skal styre med på denne spelaren: start og stopp på fronten styrer armautomatikken. Under lokket er det ein knapp for 33/45 rpm, og ein spake for platestorleik singel eller LP.

 

Lyden

Det er innlysande at dette ikkje er eit audiofilt produkt, og forventingane mine var mikroskopiske. Det viktigaste slik eg ser det, er at spelaren fungerer, og at han ikkje øydelegg kostbare vinylplater – under utprøvinga brukte eg faktisk plater som kostar meir enn spelaren. Men den vesle spelaren overraska meg. Det fyrste var sporingstesten. Sporingsevner som gjorde at eg måtte opp i 90 my før pickupen spora feil. Dette er så bra at sjølv gode spelarar kan vere misunnelege. Dette var på høgd med ein Shure V15II i ein god arm, og skulle sikre minimal plateslitasje. Den lite elegante automatikken hadde heller ikkje negative sider ut over det estetiske. Armen gjekk ned i, og ut av rilla utan rykningar av noko slag, så dette kan vere ein fin presang også til dei som er ustø på handa. Armen sin pickupbøyle er noko merkeleg utforma, han peikar framover. Det er ikkje tenkt spesielt på manuelt bruk, og når du har bestemt platetype, er det best å lukke lokket og bruke dei to knappane i fronten til å starte opp og slå av spelaren.

Når det gjeld lyden, var det klart best å bruke ein ekstern riaa. ARC SP 10 var for drygt for denne saken, der til og med den utmerka og rimelege NAD PP2 må seiast å vere overkill. Den innebygde riaaen gjorde deg absolutt i stand til å spele plater med tilfredsstillande lyd i denne samanheng, men NAD PP2 gjorde jobben så mykje betre at eg hadde vurdert å kjøpe denne også. PP2 er ein svært god match med alle Denon-pickupar eg har prøvd han saman med, ikkje det flottaste lydbildet, men til saman gode klangeigenskapar. No kan ikkje pickupen på DP 29F måle seg med sjølv den rimelegaste DL 110, men som eit alternativ til ukjennelege og brukte pickupar som står på spelarar du kjem over i bruktbutikken, er dette eit langt meir fornuftig alternativ. Den ”dårlegaste” Denon eg har høyrt, gjer slett ikkje skam på familien, og sporar godt over gjennomsnittet - 80 my med mi tesplate, eit glimrande resultat!
Eit lite tips: skal du spele høgt, er det også på denne enkle spelaren greitt å ta av akryllokkket. Slike lokk fangar alltid opp litt bassvibrasjonar når du skrur opp lydnivået.

 

Alternativ:

Dette er ein svært enkel spelar, som ikkje skal målast opp i mot dei meir seriøse alternativa på marknaden. I merkekatalogar er det oftast ein enkel sak som kan spele vinyl, men då til litt høgre pris enn Denon, og så treng du som regel riaa-forsterkar i tillegg. Utan at eg har sjekka ut så mykje av dagens lavaste prissegment, veit eg at det tradisjonelt er ganske rimelege stiftar og armar som står på slike spelarar, og dei kan lett gjere skade på spelarane. Denon sin komplette spelar ser ut til å ta godt vare på platene, så langt eg kan vurdere sporingseigenskapane.

Ein kan også tråle bruktbutikkane etter spelarar, og finne ting som kostar lite. Men slett ikkje alle av desse fungerer skikkeleg, og du har ingen garanti for kor lenge dei varer. Har du god greie på platespelarar, og god tid, kan du gjere gode kupp på bruktmarknaden, men ein utgammal Garrard slit alltid på platene, og ein øydelagd stift i tillegg kan gjere uboteleg skade.  Mange ynskjer heller ikkje å ha 70- og 80-tals elektronikk ståande framme i sine innemiljø. Vi skal også merke oss at få av alternativa har innebygd riaa, slik DP 29F har, og behovet for boksar m/leidning vert ein mindre.

 

Konklusjon:
Dersom ditt behov for vinylavspeling er til stades, men ikkje særleg stort, og du ikkje ynskjer å bruke særleg mykje kroner på det, er denne enkle spelaren frå Denon gjennomtenkt og rimeleg. Lett å sette opp, og uproblematisk i bruk. Lyden vert akseptabel, men kan sjølvsagt ikkje måle seg med alternativa der pickupen åleine gjerne kan koste 5 – 10 gonger så mykje som heile denne løysinga. Til vanleg kostar spelaren 1700 kroner, men frå tid til anna dukkar det opp tilbod  på DP 29F på magiske 995 kr. Tenk då over om behovet ditt er best stetta ved å kjøpe ny pickup, eller er det mest fornuftig med ein enkel, diskret Denon. Gamlespelaren kan du gje til audiofile slektningar som sikkert vil sette pris på han betre enn deg...

 

Importør: www.hifiklubben.no

Lest 11868 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.