mandag, 19 april 2004 23:00

Clearaudio Emotion og Satisfy

Skrevet av

Når den relativt vesle kassa vert opna, er det fascinerande å sjå kor godt denne riggen er pakka. Dette er spesielt avgjerande for billege spelarar som kjøparen må sette saman sjølv.

 

 

av Arve Åheim, 20.april 2004

Kjøper du ein av dei aller dyraste Clearaudio-alternativa, får du sannsynlegvis hjelp til montering og justering av ein kvalifisert medarbeidar, og iallfall god rettleiing over telefonen. Emotion/Satisfy er så enkle at du fiksar dette sjølv om du aldri har røyrt ein vinylspelar før. Det er berre å skru på beina og armen, legge platetallerkenen i sentrumsleiet, ploppe motoren ned i holet, legge på drivhjulet og strekkje den blanke (!!! Alle andre clearaudiospelarar har SVART drivreim) drivreima mellom denne og tallerkenen. Når så pickup er korrekt justert med armlengde og -høgde, er alt klart til bruk.
Elles er Emotion eit stilreint design. Ikkje på langt nær så rå som Champion Level 2, men i høgste grad gjennomført. Denne burde sleppe lett igjennom alle kritiske innvendingar om utsjånaden av hifi i heimen…

Armen
Satisfy verkar gjennomtenkt, og let seg justere lett på alle måtar. Pickupen er festa til ei lita plate med dei vanlege to skruane. Plata er utstyrt med bøyle for å flytte armen, og er dessutan festa til sjølve armen med ein umbracoskrue. Pickupskift bør difor gå relativt greitt, bortsett frå det vanlege plunderet med å feste leidningane til koblingspinnane på pickupen. Eg veit ikkje om ei ekstra pickupshell-plate kan skaffast som ekstrautstyr, men det kunne vore interessant om du har fleire pickupar, og ynskjer å byte på desse.
Elles er armen utstyrt med vanlege RCA phonokontakter, slik at du ikkje treng leite etter dei stadig sjeldnare spesielle armpluggane. Her er det berre å prøve ut vanlege phonokablar. Men merk deg at desse kablane har meir innverknad på lyden enn kablar andre stadar i signalvegen. Dessutan oppfører kablar seg annleis her, sannsynlegvis fordi signalstyrken frå pickupen er vesentleg mindre enn elles. Eg ser Satsfy sin valfridom her som ein god ting, ved at du kan fintrimme kabelvalet til det aktuelle oppsettet ditt.

Det var ikkje oppgjeve kor stor den effektive massen er, men det er iallfall ingen tungvektar. Signal frå Clearaudio tyder på at det no er aktuelt å fase ut Rega-armane og bruke sine eigne som standard. Somme vil nok meine at Rega-armane på visse felt er betre. Eg vil hevde at dette er bagatellar, og at det er vel så interessant å ha ein arm som lett kan finjusterast og tilpassast så mykje lettare.
Problemet er at denne armen er montert på ein utprega billegmodell frå Clearaudio. Ikkje det at spelaren er dårleg på nokon måte, men det er så kort veg prismessig opp til dei rimelegaste alternativa av dei ”ordentlege” modellane. Du ser det svært fort – lageret til tallerkenen er dimensjonert svakare, det er ingen eigen armbase, slik at du kan skifte arm, og drivverket er ei mini-utgåve av Clearaudio sitt ordentlege drivverk.

Når du held det store drivverket i handa, kan du så vidt merke at det er i gong, medan babyen har mykje vibrasjon. Det går likevel ganske bra, for på same måte som ”storebror” er babymotoren plassert direkte på underlaget, utan å vere i kontakt med sjølve platespelaren.

Pickupen
Den aktuelle pickupen er Aurum Classics, ein MM med trekropp. Liknar til forveksling Aurum Beta, men er litt røffare, utan same nyanseringsevnen, men vel så opphengt i støv og hakk som den noko dyrare Aurum Beta. Også denne er laga med kropp av tre, og leverast med plastskruar. Plastskruar skal visstnok vere bra for lyden, då iallfall stålskruar skal forstyrre spesielt MC-pickupar. Eg har prøvd å finne ut i kva grad dette verkar inn på lyden, men er ikkje god nok når det gjeld å gjere raske pickupskift. Vi får seie at det er eit teoretisk potensiale ved å bruke ikkje-magnetisk materiale. Kropp av tre skal gje fin demping av vibrasjonar, og er nok ganske gjennomtenkt. Mange langt dyrare pickupar er bygd på tilsvarande måte.

Lyden
Her er svært mange lydlege parallellar til resten av Clearaudio-familen. Klangmessig er det nøytralt og greitt, og med den medfylgjande platestrammaren av plast har du mykje av den same nyanserte dynamikk og opne klangbalansen som ein finn på Champion. Eg gjorde direkte samanlikning med denne, med begge pickupane. Men når ein samanliknar med spesielt Champion Level II og tangentialarmen (ganske urettferdig, når prisen aukar med nesten 40 000 kr) er det tydeleg at dei typiske Clearaudio-dydene ikkje lenger er nøytralitet, men snarare ein tendens til eigenlyd. Den opne klangen går over til å vere ”lys”, medan ”kontroll” i bassområdet tenderer mot ”tilbaketrukken”. I laupet av denne utprøvingsperioden har eg fått stor innsikt i kor stor innverknad drivverket, lageret, og platetallerkenen har på totalresultatet. Emotion likte ikkje den tunge platestrammaren, og kunne heller ikkje få plass til platekransen Outher Limit, som forbetrar lyden ganske radikalt på begge Champion-spelarane. Den vesle plast-platestrammaren gjer likevel ein forbausande god jobb, så det er ikkje sikkert at du vil oppleve Emotion som nokon stakkar. Det kjem som vanleg an på utstyret du har.

Denne minstemann mellom dei mange modellane frå Clearaudio rettar seg altså ikkje til dei som har planer om å oppgradere og utbygge vinylriggen sin. Det er eit tilbod som vil konkurrere på det rimelege segmentet innan vinylspelarar. Her er det hard konkurranse, og det er mange alternativ til 6 – 7000 kr. Vurderer du pakkeløysinga med eksisterande pickup, ville eg ganske klart ha gått for ein større modell. Men ei oppgradering til dei noko meir kostbare MM-pickupane løfter Emotion til eit godt og musikalsk alternativ, ikkje minst på grunn av Satisfy-armen sin kvalitet.

Pris 6495,00 kr

Lest 7365 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.