onsdag, 31 desember 2003 23:00

Rogue Cronus – Hi-end, men ikkje i prissamanheng

Skrevet av

Det er gode tider for rørentusiastane. Marknaden kryr av greie, integrerte rørforsterkarar i prisklassar frå det rimelege til det alvorlege. Det brukast i hovudsak pentodar, og kjente, kjære EL34 er eitt av dei vanlegaste – driftsikkert, relativt kraftig, men litt i skuggen av konstruksjonar med ”kongen” av pentodane, KT88
Her er ein skikkeleg godsak…


Av Arve Åheim

NB: Artikkelen er eit ledd i eit publiseringssamarbeid mellom www.audiophile.no og Fidelity, og har såleis også vore på trykk der i nr 30 i ei litt lengre utgåve.

 

Rørval

Når det gjeld EL34, har konstruksjonar basert på dette røret gjerne vore kjende for å vere svært driftssikre, men også for ein tydeleg lydsignatur, som mange har helde for å vere ”typisk rør-aktig” med god dynamikk, upresis feit, rund bass og ikkje heilt god nyanseringsevne i den øvste diskanten. Dei fleste med fire slike rør i eit stereotrinn har dessutan vore på effektar mellom 25 og 50 watt. Så er det slik at konstruktørar som har satsa på mykje effekt, også i regelen har pressa røra ganske hardt. Røra får visstnok korta av levetida i samsvar med kor mykje watt forsterkaren leverer. Dette momentet er altså sterkt ynskjeleg når Cronus skal prøvast ut. Produsenten har oppgjeve effekten til å vere 55 watt pr kanal, medan uavhengige målingar frå bladet Stereophile synte ei effekt på 86 watt kontinuerleg begge kanalar med KT77-rør montert – det aller meste eg veit om på ein slik konstruksjon.

 

Utforming og design

Cronus er ein svært så tiltalande sak. Rett nok har han stor

 

vekt, men det er brukt eit ganske så djupt kabinett, så det visuelle inntrykket er ikkje spesielt dominerande. Fronten er utstyrt med dei obligatoriske funksjonane straumbrytar, volumkontroll, inngangsveljar og øyretelefonuttak, men også med den ofte forsømte balansekontrollen som er veldig grei å ha innimellom. Rogue har funne seg råd til ein glimrande MM phonoinngang, om lag den same som står i forforsterkaren Metis. Denne har høg kvalitet og matchar

 

godt ein del av mine favorittpickupar med høgt utgangsnivå.

Manuell bias er kanskje noko som vil skremme bort folk som manglar erfaring om rør. Autobias er nok enklare, men så avgjort ikkje betre. Rogue sitt system er superenkelt. Eit spesialverktøy er festa med klips bak straumforsyningstrafoen, og under eit deksel kjem du til fire justeringsskruar og brytarar. Midt mellom trafoar og utgangsrør er det fastmontert eit meter.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Den enkle prosessen for å trimme bias er:

 

  1. Pass på at forsterkaren har vore slått på ei stund og er varm, og at det ikkje kjem signal frå kjelda.
  2. Ta fram spesialverktøyet og skru av dekselet over justeringsknappane.
  3. Slå over brytaren til fyrste røret, og sjekk at biasstraumen står på 0,35 mV. Du må eventuelt justere denne med spesialskrujernet. Slå av brytaren når du er fornøgd.
  4. Gjenta prosessen for dei tre andre røra.
  5. No er du ferdig. Sett på dekselet og fest spesialverktøyet.

Heile prosessen tek mindre enn 5 minutt. Denne prosessen er meir nøyaktig enn både autobias og eit par system med diodar og manuell innstilling enn andre forsterkarar eg har prøvd.

Rogue har også ein annan spesialitet: impedansetilpassing av høgtalarar. Som kjent treng effektrøra langt høgre motstand enn nesten-kortslutninga på 8 eller 4 Ohm som høgtalarar utgjer. Difor trengs utgangstransformatorar for å tilpasse høgtalarimpedansen til det røret skal ha. Ettersom det er relativt stor skilnad mellom dei to mest typiske høgtalarimpedansane 4 eller 8 Ohm, må ein ha ulikt tal viklingar i trafoen. Det brukast såleis to ulike ”tappingspunkt” frå trafoane. Rogue har ikkje spandert på seg ekstra terminalar til 4 Ohms uttaket, men latt leidningane ligge inne i kabinettet med godt isolerte kabelsko. Så om du vil ha 4 Ohms innstilling, må du opne kabinettet, ta av 8 Ohms-kontaktane, isolere desse og ettermontere for 4 Ohm. Normalt brukar eg å eksperimentere ein god del rundt denne impedansetilpassinga, spesielt når eg brukar elektrostatar. Av og til opplever eg at lyden vert best når innstillinga ikkje er 4 Ohm. Eg reknar med at dette kjem av at høgtalarar slett ikkje alltid er lineære i impedansen. Såleis ville eg like betre å sleppe alt dette arbeidet, men heller skifte mellom høgtalarterminalar på utsida av kabinettet. Likevel er nok dette berre ein frustrasjon frå ein som prøver ut mange høgtalar- og forsterkarkonstellasjonar. Dei fleste brukarar vil nok sjå på dette som ein bagatell når dei satsar på å halde seg med ein forsterkar og eitt høgtalarsett.

Forsterkaren er elles utstyrt med eit deksel over røra . Personleg tykkjer eg det er bra å få varmen ut frå apparatet, og kjekt å sjå røra lyse, men for småbarnsforeldre og folk med kjæledyr er det nok lurt å dekkje til desse varmekolbane. Du sparer nok også litt støvtørking etter kvart.Fjernkontrollen frå Rogue har diverre berre ein funksjon, regulering av volumet. Eg har sjeldan behov for å endre signalkjelde i frå godstolen, men når Rogue har balansefunksjon på forsterkaren, hadde akkurat dette vore kjempekjekt å ha.

 

Foto: demperingar i keramikk rundt EL34-utgangsrøra. Dette hadde lite eller ingen effekt på dei aktuelle røra, men er sikkert meir aktuelt på småtriodar.

 

Lyden

Endeleg har vi det viktigaste med denne saken. Utprøvinga har gått føre seg over lang tid, og i fire lytteøkter, under kvart sitt ganske så ulike høgtalaroppsett i to svært ulike rom på 41 og 11 m2.

Elektrostatar og Cronus syner seg å vere svært gode matchar. Saman med Quad 2905 viser denne eigentleg svært rimelege forsterkaren seg frå sitt aller beste. Og det er ikkje småtteri. Detaljrikdom heilt i toppklasse når det gjeld integrerte forsterkarar.

All slags mikrodynamikk - sånne smådynamiske nyansar som er så viktige for musikalsk realisme, er storarta og i ein klasse for seg sjølv. Kompleks musikk vert formidla på ein sjølvsagt, direkte og likefram måte. I mitt minste lytterom var det utruleg flott å høyre Cronus saman med dei små, men dyre Teac Esoteric MG 10-høgtalarane. Sjølv på svært moderate lyttenivå var oppløysingsevna ganske så unik.

Makrodynamikken, dei store smella ein kan høyre på 1812-overture og Shostakovich sine symfoniar, fungerer så godt som du kan forvente deg på elektrostatar, noko som absolutt ikkje er til å kimse av. Kopla saman med JBL TL 260 vert desse makrodynamiske faktene endå meir imponerande, sjølv om den aller siste nyansen av stålkontroll i bassområdet trass alt har vore høyrt betre – men det på langt dyrare forsterkarkonstruksjonar. Saman med hybridhøgtalarane Innersound Eros, brukte eg Cronus mest til å drive elektrostatpanela over 400 Hz, noko som var full klaff på alle måtar, og eg kjende meg nesten nyforelska igjen.

Evna til å spele høgt, heng sjølvsagt saman med i kva grad høgtalarane dine er lettdrivne, og med Innersound som speler minst 94 dB W/m er det skikkeleg moro. Generelt kan du skru ganske høgt utan at Cronus vert kortpusta. Forsterkaren er vesentleg kraftigare og meir dynamisk enn liknande, men rimelegare EL34-konstruksjonar eg har høyrt frå MingDa og JoLida.

 

Klippinga av rørforsterkarar kan innimellom vere stygg, men regelen er at vrenginga er øyrevenleg. Dette fekk eg berre prøve ut i liten grad, for mine fire høgtalaralternativ var for lettdrivne til at eg orka å gå over effektgrensa til Cronus.

Til sist skal vi ta for oss to eigenskapar som ofte vert flagga som dei viktigaste dydane innan hifi. Den enklaste av desse er klangen. Nøytralitet er noko du veldig fort legg merke til om du gjer AB-testar, og er kanskje den eigenskapen som avgjer flest hifikjøp, sjølv om du fort venner deg til ein noko særprega klangkarakter når du får forsterkaren i hus. Det vert som å gå med farga brilleglas – hjernen kompenserer fort for både bokstavelege og allegoriske fargestikk. Cronus er veldig nøytral på dette feltet, og skil seg sterkt frå gamle dagars EL34-konstruksjonar med litt svulstig/feit bass, fyldig mellomtone, og noko tilbaketrukken diskant. På vår forsterkar er det langt frå så idyllisk og polaroidbrille-aktig. Dei lydlege klangfargane er uvanleg nøytrale, og eg kan ikkje hugse å ha høyrt tilsvarande frå nokon integrert rørforsterkar. Ingen frekvensområde skil seg ut på nokon måte. Det einaste er når eg koplar Cronus på som bassforsterkar til å drive transmissjonslinjebassane i hybridhøgtalane mine. På ingen måte dårleg, men ikkje med råskap a la Electrocompaniet sin gamle 250 Wattar, ting frå Mark Levinson, eller andre påkosta og røffe transistorkonstruksjonar.

Den andre dyden er det som imponerer dei fleste av oss mest, evna til å skape illusjon av konsertsalen og den musikalske framføringa. Her greier Cronus å formidle all tredimensjonalitet, luft mellom instrumenta, sceneoppsettet og liknande faktorar veldig overtydande. Dette gjeld absolutt på riaa-delen på dei fleste pickupar med høgt utgangssignal (mine favorittar her vart Dynavector DV10x5 og Sumiko EVO III), men i endå større grad over linjedelen med ekstern riaa og Benz LP. Digitale signalkjelder stod også fram veldig godt, og du kan godt bruke denne vesle saken saman med langt dyrare produkt. Han hadde ingenting å skamme seg over når eg brukar han med ein topp vinylrigg til rundt 100 kilokroner og Quad 2905.

Rørskift kan vere ein god ide. Om du vel KT77 som utgangsrør, vert bassen meir markant, og vil vel i dei fleste samanhengar opplevast som betre enn med det rimelegare EL34. Likevel vart eg litt meir glad i EL34-alternativet når eg bruke Cronus til å drive elektrostatane i mine Innersound Eros hybridhøgtalarar. Då kuttar det elektroniske delefilteret bratt av alt under 400 Hz, så KT77 sine basseigenskapar kjem ikkje til sin rett, samstundes som EL34 kanskje har ei aning meir tredimensjonal attgjeving som kjem ekstra godt til sin rett. Det er altså lurt å eksperimentere med både utgangsrøra og dei mindre 12AX7 og 12AU7, som faktisk har endå meir å seie for totalresultatet. Eg vil også tilrå å ta bryet med å leike litt med dei ulike impedansevala.

 

Oppsummering

Cronus sine særtrekk å vere tett på referansekvalitet på dei fire viktigaste punkta innan hi-end. Det fyrste du merkar er dei høgt verdsette nøytrale klangeigenskapane. Dernest eit utruleg djupt og godt lydbilde, med massevis av luft mellom instrumenta. Den glade rocke-entusiast og elskarar av store, klassiske musikkverk vil vite å sette pris på evna til å gje att dei store dynamiske utladningane i musikken, medan gamle og garva audiophile vil halde nyanseringsevne, spesielt innan smådynamikk for å vere den viktigaste dyden.

Dydane eg har registrert gjer at eg vurderer Rogue som ein av ”dei store” innan rørforsterkeri. Og Cronus er den absolutt billegaste komplette forsterkarløysinga derifrå, kanskje den rimelegaste hi-end-forsterkarpakke på marknaden. Det må vere nokre usannsynleg gode delar i denne forsterkaren…

 

Skal du ha ein rimeleg, men kraftig integrert forsterkar, og er gira på rør og referanselyd, er det vanskeleg å komme utanom denne eigentleg ganske så audmjuke saken, som har ein pris rundt halva av konkurrentane frå VTL og Audio Research. Du skal vere ganske oppgira på utstyrssida og solid i økonomien om du treng noko betre.

 

Pris: 20 900 kr

Importør: www.plsn.no

 

Data frå produsent:
55 Watt pr. kanal (eit klart understatment)
Fjernkontroll inkludert i prisen
Frekvensområde 20Hz-30Khz
4 stk EL-34 output tubes,
3 stk 12AU7 og 2 stk 12AX7 småtriodar
1 phonoinngang med forsterking i riaa før forforsterkar 35dB

3 linjeinngangar
1 variabel utgang (via volumkontroll)
1 ”fixed output” (utgang utanom volumkontrollen)
Øyretelefonforsterkar
4 and 8 ohms uttak
Deksel tilgjengeleg
Mål: B X D X H: 45,7 X 44,5 X 14 cm
Vekt 23 kg

Lest 9179 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.