onsdag, 01 desember 2004 23:00

Cabasse XI

Skrevet av

Franske Cabasse er kjent for interessant design. XI-systemet er først og fremst et surroundsystem, men her prøver vi ut hvordan de fungerer i stereosammenheng - 2 satelitter og en sub.

av Arve Åheim, 2 desember 2004

Cabasse XI -  Dette høgtalarsystemet er ein del av ein surroundpakke, men korleis fungerer det som eit stereosystem?

 

Franske Cabasse legg vekt på design, og det er tydeleg at konstruksjonen tilgodeser dei som prioriterer stil og utsjånad. Både sub og hovudhøgtalarar har diskré grå farge, og hovudhøgtalarane har endå til kabinett i aluminium. Dei er ikkje fullstendig sylinderforma, men har ei grunnflate som er lett elliptisk. Dette er ikkje berre gjort av estetiske grunnar, eit slikt kabinett vil ha betre kontroll på refleksjonane, og gjerne også ha betre stabilitet. Toppen på kabinetta er skråstilte. Cabasse sikrar dermed ein  stilfull utsjånad og kan på same tid argumentere for at det ikkje finnest parallelle flater i kabinetta. Foten av høgtalarane er ei kuleflate, om lag som ein tallerken med botnen i veret. Denne kviler igjen på 5 gummiknottar, som held høgtalaren akkurat så høgt opp frå golvet at høgtalarkabelen kan koplast til terminalane i botnen av kabinettet. Eg må åtvare mot bruk av tjukke høgtalarkablar. Her bør du anten halde deg til meir edruelege tverrsnitt, eller satse på flate kablar.

 

Subwooferen er ein godbit. Høgtalarelementet er retta mot golvet, og det fungerer glimrande. Ein slik konstruksjon vil vere minimalt kjenslevar for endringar av plassering. Frontstoffet skjuler såleis ingen høgtalar, men nokre av kontrollane, som dekkjer alle viktige justeringsbehov. Det fylgjer også med koblingsutstyr som er spesielt viktig dersom du tenkjer surroundbruk. Dette vart ikkje brukt under utprøvinga, då eg hadde tilgong på forsterkarutstyr med ekstra utgangar som kunne brukast av subben. Dette medførte at i eitt av oppsetta måtte hovudhøgtalarane spele fulltone, utan avskjering av dei djupare frekvensane. Eg registrerte ingen problem med dette frå høgtalarsida, men ved bruk av mindre forsterkararar er det nok best å sleppe denne ekstra kraftbehovet.

 

Ein kjekk subwoofer. Arbeider flott over det aller meste av bassområdet, og har ein masse kontrollar. Bak frontstoffet finn du ikkje nokon høgtalar, den peikar nedover mot golvet. I staden har Cabasse plassert fase- nivå og frekvenskontrollane her. Småfikst!

Eg prøvde ut settet i fire ulike lytterom, og med ulikt utstyr. Det fyrste som må nemnast, er at det er ein dårleg ide å spele på hovudhøgtalarane åleine utan sub. Dette fungerer så dårleg at du bør slå frå deg planane om å kjøpe subben etterpå. Dei går knapt under 150 Hz, og er rett og slett ikkje tenkte eit liv åleine, akkurat som ein del satelittsystem. Saman med subben stiller ting seg totalt annleis, og nok ein gong vert det tydeleg kor avgjerande mellomtonen er for den totale lydopplevinga.

 

Stilreine hovudhøgtalarar. Føtene som brukast, er ikkje slik sterkt fundamentalistiske audiofile ynskjer dei, då dei står på ei bråte gummiknottar. Men det fungerer heilt greitt, kanskje på grunn av den høge delefrekvensen?

Systemet er eitt av dei mest plasseringsvennlege eg har vore bort i. Spreiinga frå hovudhøgtalarane er glimrande, og du står nesten heilt fritt i plasseringa. Dei tåler stor innbyrdes avstand utan å ”lage hol” i lydbiletet. Det går heilt greitt å rette høgtalarane beint framover, sjølv om eg fann lyden best ved ei forsiktig vinkling innover. I alle romma var det svært lett å få til god lyd, også i det ”verste”; ein gang der det er uråd å la høgtalarane få tilnærma like omgjevnadar. Dei spelte heilt greitt, også når den eine stod i eit hjørne og den andre fritt i rommet. Høg delefrekvens og ein arbeidsvilleg sub er nok forklaringa på dette.

Eg var også imponert over kor godt dei fungerte med små forsterkarar. 17 Watt er rikeleg til å drive hovudhøgtalarane til vettige lydnivå, også i det store lytterommet på 41 m2.  Det heile vart sjølvsagt meir livleg med Vincent sitt hybridforsterkarsett, men det var ikkje slik at desse fekk syne heile potensialet sitt. Du treng ikkje bruke allverda av ressursar på forsterkarsida til desse høgtalarane.

I tillegg til at høgtalarsystemet er svært plasseringsvennleg, byr Cabasse her også på raus lyd andre stadar enn på optimal sitjeplass. Det er godt muleg for tre personar å få god lyd i sofaen.

Når det gjeld dei dynamiske eigenskapane, flyt anlegget på subwooferen. Denne er mykje for pengane, og klarar godt å gje att skikkelege lydtrykk, men totaloppsettet har ikkje den same nyanseringsevna når det gjeld dei små endringane i dynamikken i eit symfoniorkester.  Cabasse kan spele ”I Dovregubbens hall” på ein svært imponerande måte, men ”Åses død” kjem meir til sin rett med andre høgtalarkonstruksjonar.

Også når det gjeld lydbiletet, er ting gode, utan å vere i den verkelege eliteklassen. Faserein superoppløysing krev nok meir raffinerte diskantar. Men du får god oppleving av rom, og berre innbarka elektrostateigarar med gode vinylriggar vil rynke på nasen her.

Klangmessig har franske Cabasse lagt seg på ein slags mellomting mellom sine granneland, lysare enn den typiske ”engelske lyd”,  men langt mindre hissig enn det vi tenkjer på  med ”tysk lyd”. Om du ikkje i utgangspunktet alt er frelst på ein av desse, vil du truleg finne Cabasse-klangen som eit godt kompromiss mellom det behagelege og detaljrike.

Konklusjon:

Cabasse sitt XI system er nok i utgangspunktet tiltenkt å vere eit surroundoppsett. Men vurderinga av hovudhøgtalarane + sub er positiv, og gjev eit fornuftig høve mellom lydelege kvalitetar og det du betaler. Dei sterkaste sidene er:

-         svært plasseringsvennleg, også i ”håplause” rom.

-         Ukritiske til forsterkarutstyret.

-         Systemet er livleg og dynamisk ”på hogget”, og har mange av hornhøgtalarane sine kvalitetar.

-         Stilfullt, moderne design som B&O må passe seg for.

Om du etter kvart satsar på å bygge ut til surround, må dette vere ein glimrande start.

Pris:

Hovudhøgtalarar: 10 020/par

Subwoofer:             6 240/stk

Importør:

 

http://www.taaimport.no

Lest 5461 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.