søndag, 16 januar 2011 10:52

Blogg 16.januar 2011: Nokre oppvarmingsforsøk til test

Skrevet av

I går fekk eg kopla opp litt utlånte godsaker i anlegget. Frå Planet Snapa har eg fått låne ein svært spennande og ny rørbasert riaa frå Rogue. Og eg har endåtil fått låne ein Dynavector xx2 mk II for å ha ein relevant testpickup til jobben.

Lyttinga var relativt overfladisk. Det vart sjekka at alle komponentane var klare til dyst, og at det kom lyd gjennom anlegget, men dei fyrste tre timane vart det ikkje spelt særleg mykje musikk. Eg trur nemleg at ting må vere skikkeleg innspelte og varme før ein tek til å meine noko som helst om dei.

 

Testing – eller iallfall vurdering – av hifi. Nokre probmemstillingar
Skal ein teste, brukar ein ting som gjev nøyaktige resultat. Objektivt måleutstyr, med andre ord. Men dette byr på temmeleg store utfordringar, ettersom musikk er ei subjektiv oppleving som stereoanlegget skal formidle. Målar vi frekvensgong, seier det svært lite om positive sider ved musikkopplevinga som vert formidla. Det kan rett nok seie mykje om negative sider, om målingane syner ei frekvenskurve som mest eignar seg for kulekøyring, eller vrenging som kan tyde på at ein fuzzboks er kopla inn i signalvegen. Men 0,0… vrenging og ei paddeflat frekvenskurve er ingen garanti for god lydoppleving. Og så har eg ikkje ressursar til å gjere målingar. Det kan då vere greitt å stille seg spørsmålet om kvifor vi vil ”teste” utstyr i det heile?

Eg meiner det viktigaste arbeidet med vurdering av hifi gjerast med øyrene. Gjennom subjektive opplevingar kan ein komme fram til ei kvalitetsvurdering som er meir utdjupande for kvalitetane til dei ulike komponentane enn kva som helst måling som kan gjerast.

Min eigentlege profesjon er undervisning. Her gjer vi ei bråte vurderingar av ulikt slag. Både elevar, elevarbeid så vel som hifi-komponentar vurderast ut frå ein samanheng. Elevane skal ha ei sluttvurdering ut i frå deira faktiske kompetanse. Men måtane vi målar denne kompetansen på, kan ikkje avgrensast til prøver, som ikkje alltid kan avspegle kva eleven kan få til når dugleiken skal prøvast i arbeidslivet. Det beste grunnlaget for ein standpunktkarakter får vi når vi observerar elevane over tid, mange, mange gongar. Så kan ein eksamen gje eit anna resultat. Eleven kan ha vore heldig eller uheldig.

Eg ser parallellar til dette når eg prøver utstyr. Og i begge vurderingssituasjonar prøver eg å gjere mitt beste, å vere så korrekt som mogleg innanfor dei rammevilkår som no eingong er oppnåeleg å få til.

Testprosedyre- skal vi kalle det ”lytteliturgi”?
Det er mange ting som bør optimaliserast før vurderinga tek til. Anlegget sine totale kvalitetar er viktig, slik at at produkta faktisk har rammevilkår til å syne kva potensiale dei har. Oppgåvene må ikkje vere så enkle at kvalitetane ikkje kjem til syne. Og produkta må ikkje settast til å gjere oppgåver som dei ikkje er i stand til å klare. Ein singel-end-rørforsterkar på 3 Watt skal ikkje prøve seg på å drive høgtalarar som har 16 watts driftseffekt. Og min velprøvde Dynavector DV 10x5 er ikkje i stand til å syne alle kvalitetane til eit riaatrinn til 7 gongar prisen.

Anlegget mitt har eg forklart om på eiga side, og om du vil vite litt om lytteromma som brukast til utprøving av utstyr, finn du dette i artikkelen eg skreiv om desse (Vi har ommøblert litt, og eg har ny lytteplass, men anlegget står på same plass som før). Så er det dagsform og alle dei variablane som fylgjer med at vi lev eit liv utanom lyttestolen. Desse har mykje å seie for korleis konsentrasjon og persepsjon er når vi skal finlytte, og danne oss meiningar om kvaliteten på det vi lyttar til. Eg køyrer eit ganske strengt opplegg, og skriv i praksis notatar til omtaler i hovudsak laurdags og sundags morgon. Då står eg ganske tidleg opp, slår på anlegget, og finlyttar dei fyrste timane av dagen. Eg ”kalibrerar” meg sjølv ved å gjere dette, slik at eg er like opplagd og konsentrert kvar gong eg tek til å lytte på nytt utstyr. Og eg køyrer stort sett same prosess også dei morgonane eg spelar på mitt vanlege utstyr. Og eg passar alltid på å vere ein tur innom ei eller fleire av dei platene eg har som referanse uansett kva eg spelar på. Og laurdagsmorgonane kuttar eg alltid lyttesesjonen når PopQuiz startar på NRK kl 11.07 (søndagar held eg det gåande noko lenger)

Eg trur difor at eg har ganske gode føresetnadar for å vere ”objektiv-subjektiv”, eller kva vi skal kalle det.

Personleg musikksmak verkar sjølvsagt inn på vurderingane.
Dette er vanskeleg å gjere noko med, og spelar eg anna musikk enn det som interesserer meg, vert heile testprosedyren meiningslaus. Eg konsentrerer meg rett og slett ikkje om det eg held på med. Då får eg håpe at det hjelper på at eg har eit ganske stort musikalsk nedslagsfelt. Det er viktig å ha referanse på akustiske instrument, og det å spegle både små og store orkester på ein like skikkeleg måte er viktig. Eg lyttar til klassisk musikk frå alle epokar, pop og rock av det vanlege slaget, men også frå Spania, Portugal og Søramerika, folkemusikk, og nokre få, utvalde musikalske perler som kan definerast som jazz, som elles er den svakaste sida i musikksamlinga mi.

Dagen i dag
No er eg inne i startfasen av å prøve ut nytt utstyr. Ein uspretta pickup og ein rørbasert riaa som er tilnærma urøyrt av menneskehand treng innspeling. Dynavector er kjende for å måtte spelast inn lenge, og den eg har no, xx2 er visstnok den treigaste av dei alle. Noko som er skremmande for ein skribent som skreiv om Karat 17D mk 3. Gårsdagen gjekk altså med til å gjere eit forsøk på å varme opp røra, og jobbe med MM-pickupar og dei andre pickupane som skal ha 47 kOhm. Eg lytta innimellom med tanke på lydkvaliteten, men veit av erfaring at desse aller fyrste erfaringar er lite å stole på. Dei er direkte farlege å legge vekt på, ettersom fyrsteinntrykk alltid har ein tendens til å sette seg fast i minnet, medan lyden kan endre seg radikalt over tid. Likevel var det nokre faktorar som eg trur eg kjem til å fokusere på:

-         Det er svært lite susing eller støy av noko slag frå riaaen. Faktisk så bra at eg berre har høyrt dyre transistorting eller balanserte greier som kan samanliknast. Håvar fortalde meg at ein kan regulere gain ved å sette inn andre rør etter ynskje, og at det som står her no, er det med minst gain. Såleis vert også støy lite forsterka. Etter kvart får eg finne fire andre rør og sjå om ting endrar seg – dette er den småtrioda eg har vore bort i som forsterkar mest. Men det er rikeleg gain no, til både å drive MM-pickupane mine så vel som XX2 med berre 0,28 mV. Vi får sjå.

-         Nyanseringsevna til kombinasjonen. Dette er kjempegreier. Ting kan tyde på at vi her står ovanfor ein svært god match. Men det er alt for tidleg å seie noko som helst. XX2 er jomfrueleg for tida, og alt kan skje….

-         XX2 bryr seg ikkje om overflatestøy. Med gårsdagens lettvinte avspeling med DV10x5 og særleg Clearaudio Aurum Beta S i friskt minne, var det ei heilt anna verd med den mykje meir påkosta xx2. Eg overdriv sjølvsagt, men det er påfallande kor lite overflatestøy og kor mykje anna denne superpickupen kan by på. Eg har erfaring frå både Te Kaitora Rua og Karat 17, som begge er svært fine når det gjeld å spele plater som er kjøpt brukte og ikkje spesielt fint handsama. Eg må likevel nemne dette med støy frå vinylplatene og xx2. Pickupen er verd litt ekstra berre for dette….

-         Eg likte ikkje lyden frå mine høgoutputspickupar. I går vart det brukt to MM-pickupar, Grace F9 og og Clearaudio Aurum Beta S i tillegg til referansepickupen min Dynavector DV10x5. Det heile hadde ein tendens til innestengt lyd og anemi

-         Eg har fått mikrofoni i eine røret til min Conrad Johnson ET 2. Eit skikkeleg irritasjonsmoment. Heldivis skal eg ha eitt rør på lur ein stad….må skifte til kvelden. Så får eg spele forsiktig resten av dagens lytteøkt. Nok blogg for i dag.

Helsing Audiophile-Arve

Sist redigert søndag, 04 august 2013 21:31
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.