mandag, 04 oktober 2010 18:47

Ferdaminne: MBL 101E mkII - For vanskeleg å teste?

Skrevet av

Av Arve Åheim 03.10.10

Det er ganske ugreitt å teste ein høgtalar til nesten 400 000 kr. Spesielt når det trengs ein ekstremt kraftig effektforsterkar for å gjere jobben. I to år har eg håpa på å få til ein slik test i eige lytterom. Men det er for dyrt å transportere, for stor risiko å styre med utan svært kostbare forsikringar. Så kva skal ein stakkar gjere? Eg gjorde som Aasmund Olavsson Vinje; tok ein tur. Eg sette meg i bilen og køyrde dei 60 mila til Stereofil sin butikk i Oslo...


Eg har ofte hast når eg går lysløypa (eller skal vi seie lydløypa) i hovudstaden. Alt for mange butikkar skal besøkast på alt for kort tid. Og det er ikkje lett å danne seg skikkeleg inntrykk av utstyret som er utstilt, då butikklokala som oftast er langt unna det optimale.

 

 

Som inngrodd hifi-freak har eg sjølvsagt høyrt om mbl. Ikkje minst frå Trond, som hadde vore på Munchen-messe og var rimeleg overstrøymande i omtalen av desse høgtalarane. Rett nok kosta dei like mykje som eit småbruk, men det var altså lydattgjeving med ei realisme som var utruleg.
For to år sidan fekk eg sjansen til å høyre mbl-høgtalarar for fyrste gong. Ikkje den store 101E, men 116, ein mindre modell. Fantastisk luftig attgjeving, og med perspektiveigenskapar i særklasse. Svært god karakter - men ikkje nok til å gje meg ende over. Vi snakka om ein høgtalar i svært høg prisklasse, og det er mange konkurrentar.

Men i sommar fekk eg endeleg sjansen til å høyre den mest kjende modellen, 101E mk II i butikken til Stereofil. Demorom som er i minste laget, og med mbl-elektronikk som gjorde prisen fullstendig utanfor rekkevidde for om lag kven som helst. Men med ei magisk attgjeving som overgjekk alt eg kan hugse å ha høyrt på veldig mange måtar. Mykje meir interessant enn det eg høyrde frå 116. Dynamikk som noko heilt anna enn det ein høyrer frå både kassehøgtalarar og elektrostatar/magnestadar. I tillegg var det lytteområdet. Her var det ikkje snakk om sweetspot – faktisk var lydattgjevinga nesten optimal i så lenge du ikkje gjekk for tett på høgtalarane. Du kunne faktisk plassere deg nesten rett framfor eine høgtalaren, og likevel ha ei ganske så realistisk oppleving av å stå framfor eit orkester. Det var nesten usannsynleg.

MBL+ASRHeime på Vestlandet kunne eg ikkje gløyme lytteøkta. Nokre spørsmål melde seg. I fleire omtaler av mbl vert det hevda at berre mbl-forsterkarar kan gjere ein skikkeleg jobb med desse svært så tungdrivne høgtalarane. Men skal det verkeleg vere nødvendig å brenne av 3 – 400 000 kroner til forsterkarar for å få ei fullgod oppleving? Når høgtalaren er oppgjeven til å spele 82 dB på ein Watt, medfører det at det trengs rundt 120 Watt der mine gamle elektrostatar kan klare seg med 8.  Kan det vere uråd for oss rørentusiastar å kunne ha glede av ein 101Emk2 Radialstrahler? Her måtte ting prøvast ut!

Organisering
Stereofil har agenturet på eit anna legendarisk tysk varemerke – ASR. Denne produsenten lagar berre forsterkarar – nokre riaa-trinn med ekstremt godt rykte (der eg har hatt gleda av å teste den billegaste) og to variantar av ein forsterkarkonstruksjon som har vore gjennom 30 års evolusjon, og stadig vorte meir forfina. Eg hadde høyrt desse integrerte forsterkarane ved fleire høve, men på messer og i butikk. Stille som grava, og med ekstremt lite transistor-preg i klangen. Med dynamiske eigenskapar som kom tett oppunder det eg elles berre hadde opplevd frå svært kostbare rørforsterkarar, og med hestekrefter nok til å kunne utføre mellomstore sveisejobbar. Kanskje eg skulle be Stereofil-karane om å rigge eit oppsett der eg fekk høyre kombinasjonen med Emitter II og mbl 101EmkII?

Men kva med rør? Eg må tilstå at eg eigentleg er ganske hekta på rør. Ikkje feit, gammaldags rørlyd, men den glitrande, nøytrale, superdynamiske, med total mangel på transistorklang. Helst med KT88 eller 6550-rør, som etter mi erfaring er dei aller mest nøytrale effektforsterkarane. Diverre er det ikkje så mange slike som leverer mykje effekt og samstundes kan betalast med menneskepengar. Så eg vrei skallen – var det råd å få til ein sesjon med nokolunde rimelege, og skikkeleg kraftige rørforsterkarar i Stereofil sitt lokale i Grensen 9?

Etter å ha tenkt lenge, kom eg på å ta kontakt med Håvar Snapa. Eg har fått testa dei forbausande gode Rogue-forsterkarane han er agent for, og endåtil fått ein demostrasjon av beistet Rogue Zeus. Kanskje det

Apollo monotrinnHåvar var som vanleg rein velvilje. Han fortalde at det var eit nytt sett på gong, Apollon, som var monoversjonar av Zeus, berre litt kraftigare. Men dette hadde han ikkje fått inn så langt. Vidare meinte han at Zeus var svært vanskeleg å flytte. Men han skulle organisere eit sett med 180-watts monotrinna, som har fått svært god kritikk, mellom anna i Fidelity. Om dei kunne vere sterke nok? I så fall kunne ein kanskje drive mbl med eit effektforsterkarutlegg på ”berre” 55 kilokroner. Ille nok – men trass alt ikkje meir enn 1/6 av kostnaden til ein likkistestor effektforsterkar frå mbl. Dette måtte prøvast ut.

Foto av Rogue Audio Monotrinn er henta frå Rogue sine heimesider. Pris: nokre tusenlappar under 100 000...

Spesielle høgtalarar
MBL Radialstrahler er ganske spesielle høgtalarkonstruksjonar. Når ein ser på mellomtoneelementet er dette eigentleg ein relativt konvensjonell, dynamisk sak som er retta oppover, men så er den vanlege membranen skifta ut med ein slags ”aluminiumsballong”, som består av ei rekkje småbitar i båtfasong, avstiva med nokre bøyelege koparstenger og sauma saman i topp og botn, slik at dei til saman dannar ei kule – eller ”ballong”. Inne i kula går eit kraftig rør av aluminium, som har feste for øvste del av kula, og plass til diskant og superdiskant av liknande konstruksjon som mellomtonen, men då i eit spesielt karbonstoff som gjer at Radialstrahler spreiar dei fleste frekvensar i 360 grader rundt seg. Basselementa er ein etter måten ganske vanleg, med to framoverretta bassrefleksportar. Heilt vanlege er dei likevel ikkje – trass alt kan ein konstruktør legge mykje arbeid i å få bassen perfekt når prisen på høgtalarparet er 390 000. Ein stad her finn vi nok årsaka  til at eg ikkje har den minste kritiske innvending når det gjeld bassattgjevinga til 101EmkII. Dette er veldig godt samstemt med resten av høgtalaren.

Så mykje effekt du har råd til å få tak i…
Ettersom høgtalaren kastar all sin energi i alle retningar horisonten rundt, vert han ganske svolten på effekt. Det hadde eg merka under demonstrasjonen på ”likkista” frå mbl. Dette er kanskje den råaste stereo effektforsterkaren eg har vore borti, kanskje ikkje like stor, men like dyr som Mark Levinson ML33-monotrinna frå 1997. Med denne prestisjeforsterkaren kopla til eit beist av ein forforsterkar frå same produsent spelte mbl 101Emk2 svært så overtydande, både så høgt og så musikalsk som ein kan drøyme om. Det er likevel dei færraste audiofile, også mellom dei langt framskridne, som kostar 300 000 på ein effektforsterkar etter å ha betalt dei endå dyrare 101-høgtalarane.

Emitter IISå Stereofil-karane hadde denne gongen rigga opp med ASR Emitter II, som hadde stått på i timevis då eg kom til butikken om lag ved stengetid. Dette er heller ikkje nokon billegforsterkar. Med ein pris over 100 000 i full utgåve må det seiast å vere ganske rå greier, og utsjånaden er vel like gewaldig som mbl, om enn på ein annan måte.

ASR er elles noko av det mest raffinerte innan transistorforsterkarar eg veit om. Her er det ikkje snakk om nye og revolusjonerande produkt kvar sesong, men tiår med forsiktig evolusjon rundt nokre løysingar som i utgangspunktet er enkle, men svært kostbare når dei er ført så langt ut i konsekvens som her.

For det fyrste – ASR har krefter. Det leverast uproblematisk godt over 400 Watt. Og dette vert formidla frå eit sinnrikt batteriopplegg som andre ”batteribaserte” forsterkarprodusentar alltids kan drøyme om, men som er svært vanskeleg å gjennomføre. Tre ”batterikasser” (ikkje korrekt ord, men vi går ikkje meir i detalj) syter for absolutt kolsvart bakgrunn. Her er ikkje det aller minste elektronsus, ikkje muleg å få fram bakgrunnsstøy om det ikkje alt finnest på programkjelda. ASR Emitter II har eg fått høyre på messer og i butikk fleire gonger tidlegare, og sjølv om eg ikkje kan erklære apparatet mellom mine referansar, har eg ei ganske klar oppleving av korleis forsterkaren høyrest ut. Denne fullstendige mangelen på støy gjer at det ikkje er noko som minner om transistorlyd. Det næraste eg kjem samanlikning er svært rå klasse A-forsterkarar og liknande konstruksjonar frå t.d. Nelson Pass, men kanskje endå ei aning meir oppløyst? Det må direkte samanliking til for å meine noko her…
Og så var Håvar Snapa undervegs med 180 Watts Rogue monorørtrinn som skulle prøvast etterpå.

Eit forsøk på å beskrive dei lydlege kvalitetane
No hadde eg med meg referanseopptak, men her var brukt Apple harddiskavspeling og ein DAC frå mbl til signalkjelde. Musikken min vart lagt over på harddisken, og etterpå avspelt over anlegget.
Lyden av ASR/mbl var heilt ekstrem, akkurat som forventa.  Mine tidlegare besøk i butikken hadde lagt lista høgt, og eg var spent på skilnaden på ASR og mbl forsterkararbeid. Kanskje det var noko mindre eksplosivt trøkk under dei kraftigaste fortissimopartia med ASR enn ved rein mbl-avspeling, men oppløysinga stod ikkje det minste attende. Lydtrykket kunne også skruast opp til det verkeleg utrivelege, og det så reint at det kunne føre til farleg høgt avspelingsnivå utan særleg stress. Likevel var det endå hyggjelegare å spele på meir normale lydnivå. Mbl har relativ normal lytteterskel, og ligg mellom magnestatane sitt behov for å spele høgt for å gjere attgjevinga morosam, og fulltone-elektrostatar sin (stort sett) fantastiske oppløysingsevne også ved svært låge lydtrykk. Eg fekk ei oppleving av at ASR si nøytralt og hygienisk plettfri lydsignatur var akkurat det som skulle til for å kunne la seg trollbinde av musikken i lang tid utan å miste  konsentrasjonen, slik ein gjer når oppløysinga er for dårleg, eller å la kraftige lydtrykk gjer deg sliten i øyra. Klangkarakterar i innspelingar og dynamiske nyansar var svært lette å kjenne att, og ingen av dei svake sidene til andre høgtalartypar gjorde seg gjeldande i nemneverdig grad. Og tru ikkje eit sekund at ASR/mbl høyrest high-end-anemisk ut. Her er rett nok ikkje feit, farga dundrebasslyd, men bassautoritet som kan gje att kanonskot på ein måte som får deg til å dukke.

Bassattgjevinga var kanskje det som minna mest om andre høgtalarar, men då av det meir raffinerte slaget. Betre bass skapast ved endå meir ekstreme løysingar, som uendeleg baffel, ekte basshorn eller slik som Magnepan løyser det, men då med konsekvensar for plassering og rom som er svært krevjande. Mbl spelte faktisk svært bra i djupbassområdet, sjølv om rommet var så lite at eg neppe trur vi høyrde det fulle potensialet til konstruksjonen.

Vidare oppover i frekvensane let både akustiske og elektriske bassinstrument veldig truverdig. Evna til å gje klar signatur på ein bassgitar og teikne nøyaktig midbass på Magnepan-måten har eg altså opplevd eit hakk betre under optimale tilhøve, men når vi kom til mellomtonen var mbl101EII suveren. Ikkje eingong elektrostatar eller dei aller finaste kassekonstruksjonar eg har vore bort i har denne korrekte lydkvaliteten, og det på ein måte som saumar frekvensområdet saman på ein måte som er like homogen som ein fulltonekonstruksjon av det kjekkaste slaget. Det er her mykje av magien for lange lytteøkter sit, det å kunne meistre detaljane med alle dynamiske smånyansar, og korleis vi får med oss ”alt” i innspeingane. Øvste mellomtone og diskant heng saman med resten på ein måte ein må gje seg ende over for. Det må vere det mest vellukka delefilter som nokon gong er sette inn i ein høgtalarkonstruksjon. Oppløysinga var svært god, sjølv om ein kanskje må seie at det finnest endå betre alternativ om ein ynskjer å gjere det betre i akkurat denne disiplinen. Eg kunne tenkje meg å gjort ei direkte samanlikning med Martin Logan CLX, sjølv om desse elektrostatane også har sine avgrensingar.

Når eg no har skrytt av dynamikk, oppløysing og klangkarakter, er det ein svært viktig faktor som står att, nemleg perspektiveigenskapane. Og dette er etter mi meining mbl101EmkII sitt aller sterkaste kort. Her er så tredimensjonal og samstundes ”kroppsleg” attgjeving at ein rett og slett må høyre det for å tru det. Og det nesten uansett kvar ein er plassert i rommet. Sweetspot er ikkje ein spesiell stad der entusiasten sit i egostisk einsemd. Heile rommet mellom og fram til ein meter framfor det vesle lytterommet hadde lik klangbalanse og nesten full tredimensjonalitet. Du kan spare pengane til å kjøpe lyttestol, og i staden satse på ein lyttesofa til heile familien eller det lokale lydlauget. Berre ein gong tidlegare har eg vore med på at ein høgtalar forsvinn så fullstendig i lydbildet, med den legendariske elektrostaten Beverigde (som no har starta produksjon av ein moderne versjon til $45 000).

Rør?
Så kom Håvar Snapa med sine små, og i denne samanheng kjempebillege monorørforsterkarar til ein bagatell av 55 kilokroner. Opprigginga var ikkje problemfri, då det var mykje som måtte tilpassast den aktuelle situasjonen. Forsterkarane hadde sjølvsagt vorte transporterte, noko som på rørforsterkarar alltid fører til at ting ikkje er optimale, same kor gode rørkonstruksjonane er. Kablinga var ikkje kompatibel, og vi måtte bruke ulike kablar samanlikna med ASR-utprøvinga. Vi brukte mbl sin største forforsterkar, noko som vi slapp under bruken av ASR som er ein integrert forsterkarkonstruksjon. Plasseringa vart heller ikkje heilt god, sjølv om vi gjorde det beste ut av situasjonen.

mbl+Rogue M180Men etter nesten ein times oppvarmingstid kunne vi konstatere at dette gjekk heilt fint. Bassen var ikkje så eksplosiv og dønn kontrollert som ASR, men du saknar ingenting om du ikkje har samanlikinga klar i minnet. Dei tredimensjonale eigenskapane var også svært fine, om enn ikkje av same kvalitet som utgangspunktet ASR. Men stemmeattgjeving, spesielt av mi referanse Lynni Treekrem ”Haugtussa”, var svært overtydande, og indikerer at det er all grunn til å prøve ut eit fintrimma rørfosterkaroppsett saman med mbl-høgtalarar.

Vi lytta til svært dynamiske innspelingar, og var innimellom bort i ganske så kraftige lydtrykk. Det viste seg at vi kunne glede oss over at 180 rørwatt var nok til å spele skikkeleg høgt i demonstrasjonslokalet. Rogue sine større effektforsterkarar kan også enkelt settast i triodedrift, noko som seinkar effekten, men som har innverknad på oppløysinga og nyanseringsefna. Vi prøvde dette med godt resultat. Lyden vart meir oppløyst, og eg følte tredimensjonaliteten på opptaka vart endå betre, og det utan at vi fekk klipping. Men då vi skrudde høgt opp, kunne det registrerast at det ikkje var langt igjen før det ville bli problem. Om du skal rocke ut, bør ein nok sette forsterkarane i ”vanleg” modus, iallfall om du har eit relativt stort lytterom.

Elles er Rogue M 180 fantastiske forsterkarar etter prisen, og når ein tenker på at dei hadde etter måten vanskelege arbeidstilhøve, er det faktisk forsterkarar som går an å ta med i vurderinga når desse høgtalarane skal ha partnarar. Eg ville iallfall ikkje latt meg skremme av at bassen var kraftigare i trøkket, meir markert og presis over ASR, for det dukka opp andre kvalitetar som kan verdsetjast. Rogue er så avgjort eit pluss for dei som heller legg vekt på fylde i menneskestemmer og messinginstrument framfor fullkomen svart bakgrunn til musikken. Og begge oppsett hadde flotte kvalitetar innan nyansering og tredimensjonalitet, men på ganske ulike måtar.

Konklusjonar:
Konklusjonane på eit reisebrev er ikkje tungtvegande. Mine inntrykk kom etter nesten ni timars køyretur, og under langt frå kontrollerte tilhøve og mine faste lytterutinar som eg er ganske nøye med å halde. Men det er iallfall oppriktig meint.

Om ASR:
Emitter 2 er i stand til å drage svært så vanskelege høgtalarar, og har ingen problem med mbl101EmkII. Det er ein svært korrekt forsterkar med i praksis uendelege kraftreservar og supernøytral attgjeving, som har mindre eigenlyd enn det aller meste. Kan trygt brukast til det meste når det gjeld musikk, men er ikkje det som skal til om du har behov for farga klang på nokon måte. Her finnest ikkje ein tøddel av korkje støy eller maskering.
Til gjengjeld vil ASR sleppe igjennom alt det som finnest av informasjon på signalkjeldene du måtte finne på å bruke. Og det er eit hav av informasjon i lydbildet du ikkje har vore klar over før du kjem på ASR-nivået. (NB om du er glad i vinyl: Hugs at ASR også lagar eit par svært spennande riaaforsterkarar. Eg har frykteleg lyst å prøve desse…)

 

Om Rogue M 180
Rørforsterkarar er normalt kostbare, og dess større og kraftigare dei skal vere, dess verre vert det for lommeboka. Sjølv har eg mange gode erfaringar med konstruksjonar som leverer frå 50 – 100 Watt ved hjelp av to stk KT88 eller 6550-rør pr kanal. Desse røra er pålitelege og veldig nøytrale samanlikna med det meste, sjølv om det finnest utruleg mykje spennande røreffektforsterkarar som har ordna seg på andre måtar og med andre rør. For meg har det vore slik at andre og kraftigare konstruksjonar eg har prøvd ut har hatt tendens til å ha mindre tilfredsstillande kvalitet pr krone, men nokre monotrinn der ein doblar ytingane ved å doble talet på rør, har vore ganske godtlydande.
Rogue har greidd å produsere svært høg kvalitet på sine forsterkarar utan å flytte byggearbeidet ut av USA, og leverer produkt som er i stand til å konkurrere, både med kinesisk bygde prismessig, og dei legendariske ARC og Conrad Johnson kvalitetsmessig. Og det syner seg at dei vesle M 180 med 4 stk KT90-rør pr kanal, ei nyutviklia utgåve av gamle KT88, greier å få ut nok effekt til å drive mbl 101Emk2 til fullt ut akseptable lydtrykk til dei fleste formål, iallfall i det etter måten vesle lASR, Rogue og MBL elektronikkokalet Stereofil brukar til demonstrasjon.
Når ein prøver triodedrift, halverast effektstyrken, og sjølv om ca 100 Watt held i ein god del samanhengar, vil nok dette vere litt for smålåte til mbl 101E2 i større rom og ved ”festlege” lydtrykksbehov.

Den lydlege signaturen til Rogue M 180 passar likevel svært godt saman med mbl-høgtalarane, og behov for markant bass og autoritet elles i lydattgjevinga skulle ikkje gjere det uråd for rørentusiastar å få eit godt samliv med mbl. Og det er all grunn for slike å prøve ut Rogue sine aller største effektforsterkarkonstruksjonar som Zeus og dei heilt nye montrinna Apollon, som burde klare utfordringar som dette endå betre enn ”veslebrørne” M 180.

Om mbl 101EmkII
Dette er den mest gjennomtenkte høgtalar eg har vore bort i. Dei lydlege kvalitetane er i særklasse, og eg har umåteleg sjeldan høyrt konstruksjonar som er i stand til å ”parkere” nokon av dei einskilde kvalitetane eg registrerte frå denne relativt korte og overflatiske lytteøkta. Her har vi alle desse i ein høgtalarkonstruksjon, ein pakke med både klang, dynamikk, frekvensfløyar, homogenitet og spesielt tredimensjonale kvalitetar i eliteklassen. Det verkar som ein relativt plasseringsvenleg sak, og når ein ser at han har verdas største sweetspot, burde det vere ein kandidat til folkehøgtalaren framfor alle, hadde det ikkje vore for to ting; behovet for kostbare og kraftige effektforsterkarar og den vanvittige prisen. Bortsett frå desse småtinga er dette eit opplagt val for alle som treng ein superhøgtalar…

 

kunne  ordnast?

Lest 16612 ganger Sist redigert fredag, 09 august 2013 10:19
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Mer i denne kategorien « Testpiloten Redaktøren bloggar »