tirsdag, 23 mars 2010 08:11

Testpiloten

Skrevet av

 

Hifi handlar for dei fleste av oss mest om utstyr og musikk i ulike blandingsforhold. Men vi skal også hugse på folka i hifi-verda. Det er mange personlegdomar innan både sal og konstruksjon, men dei viktigaste er trass alt lyttarane, dei som kjøper dei mange produkta. Kven er villeg til å kjøpe utstyr i dei øvre prisklassane? Mange av oss kunne alltids tenkje oss fyrstedivisjonsutstyr, men er ikkje sterkt nok villege til å prioritere dette når det kjem til stykket.

 

 

Ein av dei med vilje til å gå djupt inn i hifi-problemstillingane er Rudi, kjent både som debattant på Hifisentralen,og som gjesteskribent på både www.audiophile.no og i Fidelity. Eg har fått korrekturlese artiklar han har skrive, og har latt meg begeistre over kor grundig han har jobba med lytteprosessane. Han har ei fantastisk evne til å halde fokus på ”sine greier” når han prøver ut ulike produkt. Men han er ein vanskeleg skribent, for han er avhengig av å la seg begeistre av eit produkt eller ei problemstilling, om han skal skrive godt. Han er heller ingen filolog, så det er ikkje grunnen til at han skriv. Men når han fyrst har fått gjort unna testinga, legg han stor vekt på at han får fram resultata av dette på ein forståeleg måte. Rudi er ein utprega systematikar, og han er altså svært grundig.
Dei fleste vinylinteresserte har nok lagt merke til pickuplista hans, der han har lagt eit enormt arbeid ned i eit forsøk på å kategorisere pickupar av alle slag. Ei periode var han også eigar av den komplette serien av pickupar frå Lyra. Kva er det som driv denne mannen?

Heime hos Rudi
Eg besøkte Rudi i vinterferien, og hadde håpa på å høyre den nye vinylriggen hans. Ein av ti Montegiro Lusso Duplo som det visstnok skal finnast i verda. Prisen er som ein godt ekstrautstyrt og påkosta ny bil, og måten å løyse dei praktiske problema med å lage ein perfekt platespelar er rimeleg brutal; med vekt. Denne spelaren består av fire kjegler, der den eine står ”på hovudet” og inneheld platetallerkenen. Dei tre andre skal stå andre vegen, og består av to armbasar og motoreining. Når platespelaren skal settast opp og justerast, må han ha eit solidt fundament. Finjustering er relativt tungt arbeid, for alle desse ”blomsterpottene” er frittståande, og står berre ved si eiga vekt, som skulle vere tilfredsstillande…..spelaren er TUNG.

Rudi driv med finjustering av dette enorme trollet av ein platespelar, men hadde ikkje vorte fornøgd. Han vil ha det fullstendig slik intensjonen med produktet har vore i utgangspunktet. Så no ventar han på ein stålpinne til malen for oppsett av arm. Det er inga sak å bruke ein annan stålpinne, det er Rudi fullstendig klar over sjølv. Men han vil ha den originale stålpinnen, for å vere 110% sikker på at alle føresetnadar er innfridde. Ein pirk? Ja vel, men du verda, for ein testskribent – for hifipressa bør han vere verd si ikkje heilt ubetydelege vekt i gull.

 Rudi er altså ein som fokuserer, og går djupt, djupt inn i problemstillingane som interesserer han. Heldigvis, (sett ut frå min synsstad), er han svært oppteken av vinyl, og har gått veldig inn for å finne det fulle potensialet til dette mediet.
Fyrste gong eg besøkte han, hadde han fire platespelarar. Av desse har det forsvunne ein, men det er kome to nye. Og ingen av desse er på nokon måte lettvektarar.  Når ein utanforståande ser oppsettet av hysterisk kostbare vinylriggar, og dei endåtil kvar og ein er prisa høgre enn det rimeleg musikkinteresserte har betalt for eit komplett anlegg, kan ein lett tenke ”her har ein behov for å markere eitkvart”. Men du skal ikkje snakke lenge med Rudi før du skjønar at slikt er fjernt for han.
Det er ikkje ei platespelarsamling, dette her. Alle spelarane er sette opp med tanke på å kunne brukast samstundes, for å samanlikne, for å finne ny erkjenning rundt hifi. Den store hylla er designa for at ting skal vere i ro, men også lette å kople om. Her går det lynraskt å skifte riaa eller platespelar, og Rudi sitt oppsett gjer at han har ideelle arbeidsvilkår når det gjeld vinylutprøving, betre enn nokon annan eg kjenner til.

Testpiloten
Vi har alle gjort oss opp meiningar rundt korleis dei ulike faktorane i vinylavspelingskjeda verkar inn, men har vi verkeleg samanlikna pickup A og B når alle andre faktorar er like? Har vi audiofilt minne godt nok til å hugse lyden av superspelaren vi hadde på besøk sist år, samanlikna med den vi har no?  Er vinylriggen optimalt plassert i alle samanhengar? Vel, Rudi har lagt sjela – og ein rimeleg stor pengesum –i å eliminere usikre faktorar.
A/B-testing er bagatellar når ein har eit laboratorium som hans. Få kan uttale seg med større autoritet om Linn Sondek enn han, som har hatt to LP 12 av ulike versjonar ståande oppkopla på same tid. Og han er ikkje ferdig enno, berre så det er sagt. Rudi er stadig på leit, og går heile tida djupare inn i problematikkane rundt perfekt musikkreproduksjon. Han har eit kraftig temperament, og kan vere svært så direkte i kommentarane. ”Jeg er ingen hyggelig kar” sa han til meg ein gong Men når det gjeld hifi, uttalar han seg aldri skråsikkert utan å ha prøvd ut det han snakkar om. Og då går eg god for at han har sett seg svært godt inn i tinga, særleg når han er kritisk. 
Det er mange hyggjelege folk i hifi-miljøet, noko som sjølvsagt er viktig. Men ofte får vi høyre at hifi-pressa er for snille med det dei kallar testar, og mange klandrar dei for å tone ned negativ kritikk av redsle for sinte annonsørar. Då er det noko anna med frittalande Rudi.  Etter mitt syn er han ein av dei beste testpilotane i det skandinaviske hifi-miljøet, og rette mann til å teste spesielt analogt utstyr der ambisjonane er på høgste nivå.   

Lydfilosofi
Rudi legg lista høgt når det gjeld lydkvalitet, så det er på sin plass å seie litt om lydfilosofi og idealet Rudi rettar seg inn mot. Han går ikkje mykje i konsertsalen, og hevdar at han likevel har referansen klart for seg. Å uttrykke dette nøyaktig er vanskeleg, men faktorar som ekstrem oppløysing, nyanseringsevne og korrekt klang i øvre bass/nedre mellomtone, og tredimensjonal/holografisk perspektiv er avgjerande for Rudi, har eg merka meg.
Han har for lengst gått vidare frå det nivået der ein kan basere sine prioriteringar ut frå kva som står i hifiblada, eller etter det andre sine erfaringar tilseier. Rudi prøver sjølv. Og då får det koste kva det koste vil. Synergi mellom dei ulike elementa i signalkjelda tek tid, og er vanskeleg.
Rudi sitt nivå er slik at han må pløye marka sjølv, noko som er den sikraste metoden for alle – å gjere sine eigne erfaringar. Vi veit alle at vi skal prøve ting heime før vi bestemmer oss for å kjøpe noko. Det har ikkje alle audiofile tålmod og vilje til å prioritere, og det er heller ikkje råd å få alt fint utstyr på heimlån. Sjølvsagt er ei slik arbeidsform svært tilfredsstillande og gjev svar på alle spørsmål, men det er også frustrerande og tidkrevjande, og i tillegg ikkje så lite vanskeleg. Når ein legg så mykje arbeid i noko, vert ein også veldig pirkete. Smak og behag vil då vere avgjerande. Men ting vert veldig rette også. Det er ikkje berre det at Rudi sine eigne preferansar vert innfridde. Lyden i hovudanlegget hans er noko heilt for seg sjølv når det gjeld alle aspekt ved det som vi audiofile set pris på. Du kan høyre nyansar i musikken som slett ikkje alltid er tydelege på konsertar.receiverstabel og spoleband

Lytteromma
Rudi har to lytterom i kjellaren, med dei pluss og minus dette fører med seg. Daude veggar som ikkje spelar med er plusset, medan minuset fyrst og framst er låg takhøgd. Om utstyret som er plassert her og på lagerrommet kan det seiast mykje. Men det speglar tydeleg eigaren si interesse for å sette seg grundig inn i ting. Såleis er her store stablar med japanske gigant-receiverapparat frå 70-talet, gullalderen for slike apparat, så vel som to-tre spolebandopptakarar, eit par elkassett-spelarar (for dei som veit kva slikt er), og mykje anna mystisk.

Når det gjeld romma, er det to år sidan Rudi flytta inn. Etter kvart har han tona ned musikkanlegget i stua, og konsentrert seg om to lytterom i kjellaren, der han finlyttar til musikk.  

Lite kontor
Det eine er ”kontoret”, som berre har 10 kvadratmeter, og som også fyller andre fuksjonar som ekstra TV-rom og alle kontoraktivitetar. Her har han konsentrert seg om å få det maksimale ut av CD-mediet. Rommet er på 10m2, og har naturleg nok ganske tydeleg eigenlyd og klare resonansar. Men Rudi har vore medviten om avgrensingane til dette utgangspunktet, og har innretta seg slik at han faktisk utnyttar særpreget til rommet. Ved å plassere seg akkurat på rette plass, og finjustere plasseringa av høgtalarane, har det lukkast å få til utmerka lyd. Problemet er når du flyttar deg litt for nær bakveggen – då vert bassen heilt feil. Finjusteringa av lyttaren til rett posisjon er veldig avgjerande.
Anlegget er altså tenkt å reprodusere digital godlyd, og er etter måten ganske påkosta, med ganske rå JM Rudi sitt kontorLab Mini Utopia stativhøgtalarar, ein tidlegare toppmodell av Marantz sine KI-signerte integrerte forsterkarar, og Cary sin flotte SACD-spelar som Rudi tidlegare har testa. Ganske kraftig forspenning av eit så lite rom, og det er all grunn til å tru at dette anlegget ville hatt det betre om rommet hadde vore noko større. Likevel er det kvalitetar over lydattgjevinga her som mange kan misunne han. God oppløysing er også tydeleg her, og utklinging av toppoktavane er svært flott. Perspektiv er også tydeleg, sjølv om realismen i dette vert noko forvrengt, slik det alltid er i små rom.

Det aller heilagste
Men det eigentlege lytterommet er trass alt det som har høgast prioritet, og der Rudi legg sjela i å få lyden optimal. Einkvar hifiinteressert som stig inn her vil opparbeide skyhøge forventningar, fyrst ut frå synet av utstyret som står der, men ein kjennar vil også forstå ut frå samansetninga av utstyr, plasseringa dette har, og måten ting er gjort på, skjøne at her er det lagt ned svært mykje arbeid i anlegget. Hi-end handlar eigentleg i liten Rudi sin arbeidsbenk for vinylgrad om kor mykje kroner som brukast, men mest av alt om kor mykje tid som leggjast ned. Og her er det brukt plenty av begge deler.
Sidan eg i tillegg kjenner Rudi frå før, og veit korleis han prioriterer godlyd, kunne vel forventningane mine knapt vore større. Og eg vart slett ikkje skuffa heller. Her skjedde ting som lettast kan forklarast som trolldom. Under lyttesesjonen kunne ein utan vidare fastslå skilnaden mellom to av vinylriggane. Ikkje berre slik at dei ulike parametrane lett kunne skiljast frå kvarandre – nei, her var det faktisk slik at ein umiddelbart kunne fastslå kva rigg som var best. Og det var ikkje den dyraste. (Eg skal avstå frå å fortelje detaljar om dette). Rudi skal få gleda av å utdjupe det han vil om anlegget sitt, men eg må nemne at han held seg til ProAc sine nest største høgtalarar som hovudreferanse, som no drivast av Hovland sine myteomspunne monoblokker, eller ein Krell, når det er behov for å endre på effektforsterkar. Forforsterkar og den mest brukte riaaen er frå Aestetix, men der står mange andre spennande og kanskje endå betre alternativ klar til bruk.

Lytterommet ved siste besøkRudi er altså ein av dei som verkeleg har peiling, og eg håpar han vil halde fram å skrive om hifi-opplevingane sine. Sjølv om det er eit slit å lese korrektur for han, er eg glad kvar gong han tilbyr meg ein artikkel. Les nøye – det ligg mykje arbeid bak, og Rudi står for det han skriv.

Lest 6073 ganger Sist redigert lørdag, 27 mars 2010 07:50
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.