lørdag, 01 januar 2011 10:22

Redaktøren bloggar

Skrevet av

- Ut frå tips eg fekk på hifisentralen, deler eg no bloggane opp i  sjølvstendige artiklar. Men her er dei  eg skreiv mellom nyttårsdag og 11.januar 2011

Helsing Arve

 

 

11.januar

Høgtalarar er eigentleg veldig interessant i seg sjølv, og så er det den delen av hifi-anlegget som er mest dominerande i lytterommet. Spesielt dei høgtalarane eg likar. Så eg tenkte det kunne vere på sin plass å seie litt om bakgrunnen til kvifor eg likar såpass iaugefallande ting....

Alternative høgtalarar.
Det var ikkje så mange hifi-leverandørar som var kjende for dei som vaks opp i kyststroka på Nordvestlandet på 60- og 70-talet. Dei fleste av oss drøymde om eit Tandberganlegg, som vi kjøpte oss etter kvart som økonomien kunne tillate slike investeringar. Og nokre kjøpte japansk utstyr med blinkande lys, digre meter og mange knappar. Med store høgtalarar, naturlegvis. Og dei lydlege kvalitetane kunne variere, sjølv om den vanlege forbrukarungdom ikkje var oppteken av noko særleg anna enn faktorane om djup, kraftig bass og høgt lydtrykk. Så kom Sonab.

 

Sonab
Mellom tilfeldige besøk av representantar for ymse støvsugarar og andre suspekte seljarar, dukka det ein gong opp ein som ville selje hifi-produkt frå det svenske selskapet Sonab.
Butikkane rundtomkring tykte ikkje dette var noko å satse på – alle skulle likevel ha Tandberg, så kvifor kjøpe svensk? I alle fall – på den tida då eg skulle konfirmerast, dukka seljaren opp, leigde Samfunnshuset og demonstrerte dette Sonab-utstyret.

Det var innlysande at seljaren hadde rett – dette var noko heilt anna enn det eg hadde høyrt tidlegare av hifi, langt meir realistisk. Eg hugsar endå lyden av OA 6 og OA 5, som var det som vart demonstrert. Høgtalarane spreidde lyden rundt i rommet på ein totalt anna måte enn andre høgtalarar, og vi som lytta opplevde at musikarane var til stades i rommet. Eg fekk då veldig lyst til å bruke konfirmasjonspengane til dette, men bøygde meg for konforme krav, og sjansen glapp. Ein kjenning av meg kjøpte derimot eit sett OA 5, og for litt sidan fekk eg høyre dette på nytt. Jau då, her er lydlege kvalitetar som ein ikkje kunne vente seg frå eit stereoanlegg anno 1970. I ettertid har eg funne ut litt om geniet som konstruerte desse høgtalarane, Stig Carlsson og hans tankar om korleis ein høgtalar må designast for å spele på lag med rommet og akustikken. Tankar som har vorte raffinerte og utvikla i snart 60 år, og som framleis er bakgrunnen for mange uhyre spennande høgtalarkonstruksjonar. Stig Carlsson er diverre ikkje blant oss lenger, men den interesserte lesar bør ta turen innom nettsidene http://www.carlssonplanet.com, og lese eller ta kontakt med eit stort miljø av entusiastar som driv med erfaringsutveksling m.m. rundt desse spennande høgtalarane. Eg har i ettertid høyrt mange Carlsson-konstruksjonar, og må medgje at det har veldig mange positive sider (bør kanskje teste dei nye modellane snart?)

Bose 901
Etter avslutta gymnas var det på tide med eit nytt anlegg, og eg kvitta meg med mitt gamle Tandbergutstyr. Og nytt utstyr skulle kjøpast. Sonab var ikkje råd å finne tak i, men eg fekk høyre om ein annan konstruktør med liknande teoriar, dr Amar G. Bose. Bose utvikla både hifi-utstyr til heimebruk så vel som profesjonelt lydutstyr (eg har sjølv brukt dei gamle 800-høgtalarane i musikarsamanheng, og det ryktast at det er stor innovasjon på dette feltet), men er vel aller mest kjent for multikanalsystem som er radikalt mykje enklare å sette opp enn konkurrentane. Det lagast også høgtalarar og anna lydutstyr som er svært godt tilpassa data, og firmaet er kjent for mykje nytenking.

Men attende til gamle dagar:. e Gjennom kjentfolk fekk eg tak i eit sett pent brukte mk II. Denne høgtalarkonstruksjonen var basert på at dr. Bose hadde funne ut at vi stort sett ikkje høyrde direkte lyd, men lyd som hadde vorte reflektert frå golv og veggar i rommet. Berre rundt ein 1/10 kom direkte. Så av Bose 901 sine 9 høgtalarar, var det berre ein som peika framover, medan 8 sende lyden bakover. Konstruksjonen var radikal også på andre måtar; 9 like fulltoneelement tok seg av heile frekvensområdet utan delefilter. Dette kunne ikkje gå bra sånn utan vidare, så ein aktiv equalizar glatta ut frekvensgongen, slik at hifi-behovet kunne ivaretakast. Men her vart det behov for svært mange decibel endring, så for det fyrste måtte ein ha tilgong på ein kraftig effektforsterkar, deretter måtte høgtalarelementa tåle mykje effekt.

Då eg prøvde ut høgtalarane, var det attkjenning av Sonab-kvalitetane. Ikkje heilt det same, men likevel mykje som likna. Eit kjempestort lydbilde vart danna på mitt vesle lytterom, og det var ganske imponerande.

Eg kjøpte fyrst desse 901 mk II-høgtalarane, og var begeistra, men tykte bassen ikkje var god nok. Og det imponerande lydbildet -  vel, etter nokre månadar forstod eg at dette ikkje var attskaping av den rominformasjonen som finnest i opptaket, men rett og slett ein konsekvens av synergien mellom Bose 901 og rommet. Etter kvart var det ikkje fullt så imponerande lenger. Men du verda, for eit fyrsteinntrykk dei gav meg....

Så kom mk III, og dei måtte sjølvsagt vere betre… eg kjøpte dei og, og fekk djupare bass og ein meir lettdriven høgtalar, men lydbildet hadde noko av det same over seg. Det var likt, uansett kva musikk eg spelte. Så kom tida då eg skulle i militæret, og eg selde like godt unna heile hifien. Det ville sikkert dukke opp noko meir spennande etter kvart…...

Etter 15 månadar i marinen hadde eg fått besøkt dei fleste byane langs kysten – og dei leiande hifibutikkane. Utan å bruke pengar på å kjøpe/byte utstyr, fekk eg lytta meg fram til det meste desse butikkane kunne demonstrere. Ei lærerik tid. Eg hadde fått erfaringar med endå fleire alternative høgtalarkonstruksjonar, og oppdaga nokre ting som har vore styrande for mine høgtalarval i ettertid:

-         Høgtalarar som ikkje har kabinett, har på mange måtar meir realistisk lydreproduksjon enn tradisjonelle konstruksjonar. Rett nok spelar dei ikkje skikkeleg djup bass, og dei manglar ofte noko ”trøkk” i mellomtonen. Men så har dei gjerne ei oppløysingsevne som gjev att nyansar som ingen kabinetthøgtalarar kan klare. Dette gjer at høgtalarane greier å nyansere dynamikk og mikrodetaljar på ein slik måte at lyttaren (iallfall eg) fokuserar på desse. Og når du vert klar over kor mykje ein kan få med seg, kan ein knapt unngå å verte audiofil.

-         Evna til å gje att tredimensjonal informasjon i opptaket er stor på slike høgtalarar. Det gjeld spesielt elektrostatar og liknande konstruksjonar. Faktisk dei fleste bi- eller dipolare konstruksjonar, men også linjekjelde (line sorce)-høgtalarar. Dei må du ha litt avstand til, men då har dei også evne til å ”teikne opp” scena i konsertsalen med enormt truverd. Dei aller beste høgtalarane eg har høyrt av slaget, er nok Beverigde modell 2 http://www.bevaudio.com/products.html#Model_2 Rick Beverigde, sonen til konstruktøren av desse kanskje verdas mest spennande høgtalarar gjennom tidene, har faktisk vidareutvikla faren sine modellar, og sel desse for $ 45 000. http://www.bevaudio.com/products.html#The_G-3 Dersom nokon skulle komme til å kjøpe desse, ville eg sette pris på å verte invitert….

-         Bassattgjevinga til dei kabinettlause høgtalarane har også stor realisme, sjølv om dei ikkje går særleg djupt.

I det store og heile har eg veldig sans for linjekjelde-lyd. Mi begeistring for elektrostatar og magnestatar har nok ein samanheng med dette, og eg er ikkje åleine.  Det finnest massevis av stoff om dette på nettet, til dømes: http://www.roger-russell.com/columns/columns.htm

Men det er også andre konstruksjonar som er veldig interessante. Og eg har etter kvart fått tru på punktkjelde (point sorce)-høgtalarar. Men desse er vanskelege å lage i praksis. Ein kunne tenkje seg ein ballong, der trykket vart regulert rasande effektivt, slik at ballongmembranen sette lufta i svingingar i takt med musikksignalet, men ein slik konstruksjon har eg aldri sett. Det næraste må vere MBL 101 eII, som eg fekk demonstrert på Stereofil. Men det finnest meir radikale løysingar, der det ikkje er nokon høgtalarmembran som skal setje lufta i svingingar. I staden varmast lufta opp til så høge temperaturar at det skapast plasma, som får lufta til å svinge direkte. 3 – 4000 grader er kanskje ikkje spesielt familievenleg, og det er heller ikkje biprodukta som skapast av denne høge temperaturen. Ein dannar vissnok ozon og andre skumle stoff. For den verkeleg entusiastiske sjølvbyggar kan eg tipse om denne linken:

http://www.plasmatweeter.de/, men pass helsa.

Helsing Audiophile-Arve

 

I dag vil eg skrive om store høgtalarar og det som er kjekt med dei. Eg har tillete meg å illustrere med ein av dei verkeleg store, elektrostatiske høgtalarane på marknaden, Martin Logan CLX, som eg har lånt frå heimesidene til produsenten. Importør av Martin Logan er www.audiocompaniet.no
Når eg no skriv om bass frå store panel, er dette faktisk ein litt spesiell illustrasjon, all den tid at CLX ikkje spelar bass djupare i frekvens enn sjølv ganske små kassehøgtalarar. Men det vesle som skjer i bassen, er veldig, veldig bra på CLX.....men merk deg at Martin Logan også leverer subwooferar som passar til desse fulltone-elektrostatane. Det er nok på sin plass....

8.januar

Eg har hatt bloggepause eit par dagar. Og det kan vere like greitt, ein må ha noko på hjartet, om det ein skriv skal vere lesandes for andre, sjølv om det sjølvsagt må skrivast ofte. Så det vert litt eksperimentering med kva som er ”ofte” framover…

I dag har eg filosofert over høgtalarkonstruksjonar. Det ser ut som om alle seriøse konstruktørar med grundig kompetanse og djup innsikt går i same retning. Dei aller fleste høgtalarar er kassekonstruksjonar, som har to eller tre høgtalarelement av ulik storleik, tilpassa å spele ulike frekvensavsnitt med delefilter, som det er stor semje om korleis dei ideelt sett bør lagast. Og dei aller fleste har hol i kabinettet, slik at ein skal få god bass ut av eit skapeleg stort kabinett.
Mitt tilfelle har vore eit stykke unna slike konstruksjonar. Ikkje det at eg er ueinig i måten ting har vore gjort på. Svært ofte lukkast det å finne fram til utmerka ting på denne måten. Men det er alternativ, og desse kan til tider vere utruleg fasinerande å lytte til. Heilt frå dei fyrste gongane eg kan hugse å ha brydd meg om lydkvalitet, har eg lagt merke til ting som var annleis.

Opne høgtalarkonstruksjonar.
Ein av dei fyrste lydattgjevings-situasjonar eg minnest, var på kinoen i min barndoms samfunnshus. Slett ikkje så fantastisk samanlikna med det eg har opplevd seinare, men likevel med noko av ”det ekte”, som gjorde at eg la merke til lyden. Det var eit stort rom som skulle fyllast av ein høgtalar, noko som er ei større utfordring enn gamlekarane tenkte på attende på 50-talet då dette vart laga til. Men dei fylgde oppskrifta dei hadde fått, kjøpte eit fulltoneelement av i dag ukjent merke, og monterte dette midt på ei finerplate på godt og vel ein kvadratmeter. Så hengde dei denne greia opp bak kinolerretet. Og ingen klaga på lyden. På 70-talet vart det gjort forbetringar, og den gamle baffel-konstruksjonen vart sett til side, heilt til nokre av ungdomane i ungdomslaget fekk for seg å lage band. Då kopla vi denne høgtalaren saman med ein forsterkar, og fekk fantastisk lyd i både elgitar og bass – heilt til lydtrykkambisjonane gjorde at det stakkars elementet tok kvelden….

Eg kan endå hugse at det var ei heilt spesiell lydattgjeving frå dette. Og når det gjeld elgitar har eg aldri likt lyden frå lukka høgtalarkabinett. Dei må vere opne på baksida. Bassgitar er litt annleis, dei må nesten vere lukka kasser for at lyden skal gå djupt nok, men det går ut over noko i attakket – det er vanskeleg å høyre korleis bassisten gjer anslaget. Det finnest nokre få ”vanlege” høgtalarkonstruksjonar som har den eigenskapen at dei fiksar å gje att dette på den måten iallfall eg meiner er rett, men det har aldri vorte til at eg heilt har vore fornøgd med dei. Det må vere utruleg vanskeleg å konstruere ein høgtalar slik at dette ”attakket” (eller kva vi skal kalle fenomenet) kjem realistisk fram, og ein på same tid har ein høgtalar som går ”djupt nok” (vi vil alle kunne høyre 20 Hz i lytterommet vårt, ikkje sant?).

Når høgtalaren spelar fritt, utan eit kabinett å ta omsyn til, oppfører han seg lett og ledig. Men så er det dette irriterande fenomenet med at lydbølgjene sendast i begge retningar, og at dei på visse frekvensar utliknar kvarandre, slik at frekvensgongen vert ujamn når lyden når øyret ditt. Ein måte å ordne dette på, kunne vere å montere høgtalarane på ei plate som var så stor at frekvensane dauda ut før dei greidde å komme rundt og utlikne kvarandre. Men bølgjelengdene til djupbass er svært lange, så det vert veldig, veldig store plater. Uendeleg store, og difor, når ein prøver dette konstruksjonsprinsippet, kallast det uendeleg baffel.

Smartingar
Det er nokre konstruktørar som har høgtalarar der dette prinsippet til ein viss grad er i bruk. Geir Fredriksen frå firmaet Avideco lagar i dag glimrande høgtalarar du kan få demonstrert på Oslo hifiCenter, men har laga høgtalar etter ”dipolar-prinsippet” saman med Are Mo frå Ton Art, den spennande Etera som har nettopp denne spennande og ekte bassattgjevinga som nesten ingen har. Tor Forsman har greidd noko av det same, med sitt VSS-system der ein bipolar høgtalarkonstruksjon har ”rulla saman” baffelen til eit sylinderforma kabinett som har ein ganske eineståande lydkvalitet. Lyttar ein til desse konstruksjonane, er det ikkje tvil om at dei har mykje til felles, spesielt når det gjeld truverdig bassattgjeving.
Eg er usikker på korleis desse høgtalarane målar. Konstruktørane har fortalt meg at dei absolutt kan hevde seg, og endåtil overgå andre i prissegmentet, men eg har ikkje gjort målingar sjølv. Men eg har lytta til konstruksjonane, og dei har noko over seg som høyrer heime i alle lytterom til eigarar med ambisjonar om kvalitet.

Det finnest også andre ”kabinettlause” høgtalarar. Nokre av dei bryt sterkt med slikt ein ventar seg frå ein høgtalar. Det finnest mellom anna to typar element som ikkje er som andre.

Elektrostat-prinsippet
Ein gong på midten av 70-talet fekk eg høyre nokre merkelege høgtalarar. Dei heitte Quad, og var noko gammalt, merkeleg. Då eg prøvde å sjå kva element som som stod i, såg eg ingenting, berre gjennomsiktige membran montert inne i ein slags grill. Slikt kan ein ungdom verte nyfiken av, og etter kvart fekk eg greie på korleis dette verka. (I dag kan du lese om prinsippet på Wikipedia) Men så var det lyden – det var dette kabinettlause. Ikkje særleg djup bass, og så avgjort ikkje så høgt som vi med Deep Purple og Led Zeppelin-engasjement hadde behov for. Og så var dei heilt forferdelege å drive for dei aller fleste forsterkarar, det var om lag som å lage kortslutning. Det beste skulle visstnok vere å bruke gammaldagse forsterkarar med rør, og det var ikkje å oppdrive der eg vaks opp. Likevel var det noko eg likte svært godt, så eg hugsa på desse Quad-elektrostat-greiene…..

I dag produserer Quad framleis elektrostatiske høgtalarar, og det er lett å la seg begeistre av sånne. Men det er også andre som produserer elektrostatar, og det med forrykande gode resultat. Eg kunne trekt fram mange (har sjølv elektrostathybridar for tida), og spanderer på meg dei største som eg veit om i kommersiell produksjon. Dei er så store at dei spelar ned til 24 Hz, påstår dei....Soundlab sine aller største.

Magnestat-prinsippet
Ein annan gong i min stormfulle ungdom, eg trur det var i 1978, fekk eg høyre ein høgtalar som likna svært på ein elektrostat, men som var langt lettare å ha med å gjere. Høgtalaren heitte Magnepan MGII, og kortslutta ikkje forsterkaren. I staden var dei svært enkle å drive, ettersom impedansen berre var ein lang kopartråd som var limt på eit membran. Det var altså berre impedansen i denne kopartråden som forsterkaren skulle forholde seg til, og den var på nøyaktig 6 Ohm, heilt greitt for alle forsterkarar. Desse høgtalarane var litt tungdrivne, men rimelege og solide japanske forsterkarar var tilgjengelege på marknaden, og om ein hadde hundre Watt eller så tilgjengeleg, kunne det spelast såpass høgt at ein kunne oppleve å få naboane til å klage. Og så var det denne ekte, fantastiske bassattgjevinga eg var på jakt etter. Kanskje dette var tingen for meg?

Som student i Volda fekk eg generøst prøve å låne eit sett av dei aller største modellane frå Magnepan, den etter kvart så legendariske Tympani 1D. Desse panela var tredelte, og hadde eit membranareal på rundt 2 kvadratmeter pr stk. Bassen var kanskje ikkje den aller djupaste eg hadde høyrt (på den tida hadde eg transmisjonslinjebassane IMF TLS 80 II, nokre basspumper som kunne spele hjarteslaga til Pink Floyd DSOTM på forrykande høgt nivå), men på alle andre måtar den beste bass eg nokon gong hadde høyrt. Eg trur at eg framleis ikkje har høyrt betre bass. Ikkje rart at det leiande hifi-magasinet i verda, The Absolute Sound, hadde denne bassen som del i sitt hybridanlegg mange år etter at Tympani hadde gått ut av produksjon.

Magnepan hadde altså basskvalitetar som overgjekk alt eg hadde høyrt. Men dei hadde ein akilleshæl som eg ikkje likte, dei høyrdest ut om lag slik dei såg ut, som ei diger flate. Perspektiveigenskapane var ikkje slik eg ønska meg i drøymeanlegget. La gå med at dei høge panela til Tympani på ein måte laga flott perspektiv, dersom rommet var stort nok. Men det var noko eg ikkje likte her. Og særleg ikkje frå MG II, som var passeleg store til hybelbruk. Quad eg hadde høyrt tidlegare, var uendeleg mykje betre på dette feltet. Også små stativhøgtalarar greidde å gje att oppstillinga til musikarane mykje meir realistisk, særleg i små rom. Så det vart ikkje til at eg kjøpte Magnepan.

I dag hadde eg ganske sikkert kjøpt dei. Fabrikken har forbetra konstruksjonane sine med banddiskantar som går frå botn til topp på sida av høgtalarane, og noko dei kallar quasi-ribbon, ein slags ”forenkla” banddiskant – ikkje fullt så oppløyst, men med god samanheng med magnestat-delen av høgtalarane som tek seg av mellomtone og bass. Modellane av i dag er kanskje det aller beste som nokosinne har vore laga av magnetstar. Iallfall er det sjeldan Magnepan kjem med nye høgtalarmodellar. Den største, MG 20.1, har ikkje vore endra sidan 1998. Grunnen er ganske sikkert at produsenten vurderar han som ”god nok”. Dette er store beist, og dei mindre MG 3.6 er langt lettare å ha i hus. Elles kom faktisk Magnepan med ny høgtalar i 2010. Den gamle modell 1.6 er no avløyst av 1.7, som eg ikkje har høyrt, men som har fått ord på seg til å vere eit fantastisk høgtalarkjøp til rundt 20 000 kr.  
Ein ny produsent av magnestatar har no dukka opp, og det vart faktisk demonstrert eit sett på Horten-messa i år. Sjekk ut Wisdom Audio, om du har råd...

Stort og godt
Desse store høgtalarane har altså ei bassattgjeving som er noko for seg sjølv, og for entusiasten er det ingenting som kan måle seg med slikt. Men du må ha god plass, og eit lytterom der ein kan tillate seg å plassere høgtalarar som krev såpass mykje av plassering. Dei er temmeleg dominerande.

Det får vere nok blogging. Seinare skal eg skrive om perspektiveigenskapar. Dette er vel så viktig som perfekt bass, etter mi meining.

Eg avgrensar meg litt når det gjeld blogginga no. Det går ikkje an å skrive noko vetig kvar dag. I staden får eg vere litt meir sjølvkritisk, slik at resultatet er lesverdig.
Det er ein fuksjon der folk kan kommentere artiklar her på www.audiophile.no, men svært få har nytta seg av dette. Eg lurer på kva grunnen kan vere?

Ha ein fin dag!
Helsing Audiophile-Arve

 

 

 

6.januar

Trettandedags jul. Snart må juletreet ut, men eg har ikkje ork. I dag får eg ta det litt pent. Har vore ute på tur, og har ikkje hatt tid til å fordjupe meg korkje i juletreet eller i hifi. Men når ein har bestemt seg for å blogge kvar dag (iallfall ei stund), får ein vere standhaftig på iallfall det punktet.

Som den lojale blogglesar kanskje har fått med seg, har eg no fått meg eit Sonos-system og eit abonnement på Spotify. Lyden er faktisk ganske ok. Ikkje så bra som CD, og slett ikkje så bra som vinyl, men likevel slik at ein kan få med seg forbausande mykje musikkopplevingar, også slikt der lydkvalitet er viktig. Så eg har tråla litt rundt, og funne ting som er verkeleg moro å høyre på, der det finnest mykje tredimensjonalitet og nesten bra oppløysing, sjølv om dynamiske nyansar har ein tendens til å forsvinne. Eg har funne nokre av mine gamle, kjære klassikarar, og lytta til dei i lange stunder utan å gå trøytt. Ein god del av dei gamle, gode, norske som er så vanskelege å finne tak i, eksisterar lett tilgjengeleg på Spotify. Så i dag kan eg greie meg med å tilrå nokre norske artistar:

- Ole Paus: "Garman" (der Pussycats-medlemer kompar) og "Blues for Pyttsan Jespersens Pårørende" (der Popul Vuh/Ace spelar attåt) Kjempelyd
- Ketil Bjørnstad "Berget det blå" - debutplata der han har fått Svein Erik Børja til å produsere. Eksepsjonelt god lyd.
- Aunt Mary: Her manglar "Janus" med sin svært høge lydkvalitet, men du finn fleire av dei kjende låtane, og mange av dei høyrest svært realistiske ut, sjølv om du må pårekne ein viss tidskoloritt. Det same gjeld det lydmessig ikkje fullt så gode albumet frå:
-
Junipher Greene: "Friendship", dobbelalbum lenge før deLilos tenkte på å få platekontrakt. Mykje bra progrock.
- Jonas Field har mange bra album, men det ikkje særleg kjende "Neck'n Neck" inneheld ganske hårete rock i god lydmessig produksjon.
-The Aller Værste: "Live 1980" er den einaste plassen på Spotify der du får nokonlunde inntrykk av dette eineståande norske trashpunk-bandet sitt særeigne lydunivers. Sært som ingenting anna, men likevel på mystisk vis lydleg realisme.
- Dance With a Stranger, Difference, 1-2-6 og Bokkereidars Blues Band er nokre artistar med svært høge kvalitetar, men som ikkje alltid har fått den store merksemda dei kanskje fortener. Dei er ikkje så veldig representerte på Spotify, men du finn dei, og kan oppdage skattar du kanskje ikkje kjenner til frå før?

Då vil eg berre til sist nemne Norwegian Big Band. Ujamn kvalitet på repertoaret, men med mykje bra, ikkje minst "in the hall of the mountain king" i kjenningsmelodivariant.

Ha ein hyggjeleg kveld!

Helsing Audiophile-Arve

 

5.januar

I dag vil eg skrive litt om forforsterkarar. Dette leddet i forsterkarkjeden som kan reknast for å vere heilt unødvendig i dag, i motsetnad frå i Gamle Dagar, den gongen då ein mann var ein mann, og ein platespelar var ein platespelar.

Den gongen måtte vi ha forforsterkarar. Det var der platespelarinngangen var. Phonoinngangen. Denne var heilt annleis enn dei andre inngangane, dei såkalla linjeinngangane. På grunn av at pickupen til platespelarane skapte induksjonsstraum ved hjelp av spolar, magnetar og sånt, måtte det ekstra forsterkning til. Det er ikkje rare greiene ein får ut av slike pickupar, må vite. Du kan sjølv tenkje deg når vi snakkar om ein dynamo som kanskje veg ned i ein 4 -5 gram. Mine yndlingspickupar den gongen leverte typisk 0,2 – 0,6 mV. Då var det vanskeleg å få sterkt nok signal til å spele støyfri musikk, iallfall om du ikkje brukte anten transformatorar eller transistorkonstruksjonar. Og når ein har fått smaken på rør, er det ikkje det du ynskjer.

Eg er såpass gammal at det i praksis ikkje var alternative signalkjelder til platespelar i min ungdom. Det vil seie, det fanst spoleband, men det var i praksis uråd å få tak i gode opptak på innkjøpte spoleband her i landet. Så vinyl var det einaste, om du ikkje gjorde dine eigne opptak då. Eller gjekk over til – skrekk og gru – kassettar….

I mine velmaktsdagar (då audiophilien steig til maksimum) fann eg ut at eg skulle ha eit skikkeleg anlegg. Då ville eg ha ein forforsterkar som var i stand til å ta inn dei aller beste pickupane på marknaden, moving coil-pickupane. Alle forforsterkarar hadde ein moving magnet phonoinngang, med 47 kOhm og tilpassa 1 – 3 mV signal. Slikt gjekk alltid greitt. Men eg var ein av dei fyrste nordmenn som var eigar av ein Denon 103D. Og då eg hadde høyrt kva denne pickupen kunne by på under optimale omstende, var det ikkje til å gløyme.

Etter kvart greidde eg på ufatteleg vis å få tak i draumen, ein Audio Research SP 10. Eit ekte monster av ein forforsterkar. To kabinett, og ein pris som låg så mykje høgre enn alle andre forforsterkarar at det heile var til å gløyme. Og så slo eg til, og kjøpte ein slik. Akkurat då eg skulle bestille frå den legendariske importøren Glotta, fekk eg høyre om ein ny, endå dyrare forforsterkar frå same produsent, ARC SP 11. Endå stillare. Men meir hi-tech, færre rør (smart nok, når ein tenkjer på kor mange 6DJ8-rør eg har kjøpt opp gjennom tidene, det går i alt 12 rør i signalvegen på dette beistet, i tillegg til dei tre røra i straumforsyninga). Meir hifi, men ikkje så mykje musikk, ikkje slikt fråspark på 1812-overture og den slags, og om lag 10% billegare, trass alt. Mykje pengar den gongen (ja, også no kan du få kjøpt eit komplett stereoanlegg på prisdifferansen mellom SP 10 og 11)

ARC SP 10 er ein krevjande samlivspartnar, men du verda, så mykje glede når alt fungerer. Du må for det fyrste ha ganske stille rør, utan mikrofoni og utan støy og ”synging”. Av dei 12 6DJ8-røra går 8 til phonodelen, og 4 til linjedelen. Du må bruke mykje tid på å sikre deg at dei 8 stillaste står på phonodelen (om du ikkje satsar på linjesignal frå CD, spoleband eller anna, men det er ikkje poenget med ein SP 10 i dag)

Når du har fått alle rør i tilfredsstillande kvalitet, er det viktig å arbeide med plasseringa. For SP 10 får med seg mykje av det som føregår rundt i nærmiljøet må vite, iallfall når det gjeld brum frå straumforsyningar. Inkludert si eiga. Du må ALDRI plassere PS-kabinettet (straumforsyninga) til venstre for sjølve forforsterkarkabinettet. Då slår trafoen inn på riaa-delen. Heldigvis er den lange kabelen mellom kabinetta plassert slik at du kan få størst mogleg avstand mellom kabinetta på denne måten. Det er fint om du greier iallfall 40 cm. Og berre gløym å plassere kabinetta i stabel på kvarandre. Slikt skapar mykje frustrasjon.

Det tredje du gjer, er å finne den perfekte pickupen. Sjølv om ARC SP 10 var svært allsidig i si tid, likar han best å ha ca 0,5 – 0,7 mV signal inn i seg. Då spelar han ganske støyfritt. Men eg har levd lenge nok saman med dette vedunderet til å ha slitt ut ein Accuphase AC 1- pickup. 1000 timar. Og denne leverer berre 0,2 mV. Då får du susing. Men du verda, så mykje anna du også får.

Eg visste ikkje kor godt det gjekk an å attskape ei akustisk hending før eg fekk prøve denne kombinasjonen. Ved hjelp av dette verktøyet, og min gamle Technics SL 1000 mk II platespelar (særleg då eg fekk tangentialarmen Eminent Technology ET 2) opplevde eg mange reiser inn i dei mest fantastiske opptak. Og då eg fekk tak i ein VdH MC 10 pickup, med heilt spesiell sliping og kraftigare signalstyrke, var det ingen veg attende. Eg vart skikkeleg frelst på godlyd.

Eg prøvde mange andre forforsterkarar. Nokre let bra, andre faktisk skikkeleg bra, men det var svært vanskeleg å finne tak i noko som var betre enn ARC SP 10. Og dei gongane eg opplevde at det var endå større lydlege kvalitetar, synte det seg at det skuldast linjedelen. Eg fylgde eit stalltips, kopla til platespelaren på vanleg måte, men tok ut signalet frå tape out, ikkje frå signalutgangen, og direkte inn i effektforsterkaren min, som på den tida var ein Grant med volumpotmeter på inngangen. Det let veldig nøytralt, men då måtte eg berre ha 0,5 mV på pickupen. Og ikkje alle pickupar leverer såpass mykje.

Etter kvart har eg leika meg med mange ulike forforsterkar-konstellasjonar. Dei meir radikale var perioden saman med Jean Hiraga sin ”Le Tube”, ein sjukeleg konstruert sak med to stk ECC83-rør, der halve røret gjekk til riaa, og resten til linje, med heilt vanvittige impedansar. Her kunne du verkeleg høyre skilnad på signalkablar – ja, eg trur nesten eg høyrde skilnad på flo og fjære også….

Ein meir edrueleg, men akk så kjedeleg og analytisk konstellasjon var då eg brukte Creek OBH 22. Dette er ein genial sak, ein boks med tre inngangar, ein inngangsvelgjar, eit potmeter med motor, og ein utgang. Utan forsterking i det heile. Perfekt saman med JoLida CD-spelar og ein del andre linjekjelder med kraftig signal ut, men det vart ondskapsfullt å tvinge riaa-delen i stakkars SP 10 til å drive signalet gjennom denne og fram til effektforsterkaren etterpå. Men det gjekk no på eit vis, heilt fram til eg fekk dagens forforsterkar, ein av dei mest sjarmerande av slaget eg har vore bort i. Audio Research sin eldgamle konkurrent Conrad Johnson laga ein billegutgåve (rett nok til 30 000, men det er ikkje så ille når ein veit kva dei dyre utgåvene derifrå kostar) av sine moderne forforsterkarar. Denne var ikkje berre heilt topp match til effektforsterkarane mine og høgtalarane, men også til riaa-delen av no snart 24 år gamle ARC SP 10. Eg har framleis godlyd, og har altså brukt nesten halve levetida saman med dette vanvittige stykket amerikansk teknologi.

No tenkjer eg på å selje han. Men eg gjer det ikkje med lett hjarte….eg er på sett og vis meir fornøgd med Conrad Johnson ET 2, her er det både støyfritt og fjernkontroll. Og det er balansejustering på fjernkontrollen. Ein kjempefordel for oss som spelar gamle opptak, der balansen av og til bør justerast litt. Eg har aldri forstått kvifor vi ikkje har slikt som obligatorisk del av alle fjernkontrollar. Har du ein slik funksjon, kan du late att auga, og prøve å stille lyden slik at høgre og venstre høyrest like ut. Kor ofte treff du 0 i skilnad ? Ikkje ofte, nei.... ARC SP 10 sin største last er at det ikkje er skikkeleg balansekontroll. Du må slå av bypass-funksjonen av balanse og nokre andre funksjonar for å få topp lyd. Dette er litt pinefullt. Nei, SP 10 er nok på veg ut, men eg trur neppe eg får tak i noko som er så sterkt i stand til å la svartkrutet frå 1812-overtura innspelt av Telarc, på vinylutgåve, tende så vanvittig overtydande.  Så eg er spent på korleis det vert å klare seg som audiofil på eiga hand, utan SP 10, trass i alle gode eigenskapar som ET 2 og fjernkontrollen derifrå kan by på.

 

I dag får de ikkje Spotify-tips.......

Helsing Audiophile-Arve

 

4. januar

I dag har eg lyst til å tipse om nokre lesetips på nettet. Fyrst og framst for dei som likar klassisk musikk, eller dei med sær interesse for 50 - og 60-talets vaksenpopulærmusikk. Vi ser på:

RCA
Eitt av verdas større audiofile skattkammer er opptaka frå stereoen sin ungdom, då nokre få, unge plateselskap kunne levere lydkvalitet som knapt har vorte overgått nokosinne. Mange av opptaka har forsvunne frå marknaden i mange tiår, og berre vore å oppdrive som svinedyre samleobjekt. Såleis også med amerikanske RCA, som eg har skrive om i ein artikkel for Fidelity. Mange av desse opptaka har dukka opp att på marknaden på grunn av audiofil etterspurnad. Det starta med brødrene Chesky, som allernådigst fekk lov å gje ut nye vinylpressingar av nokre få av dei gamle klassikarane. Men det var strenge restriksjonar på korleis desse historiske masterteipane skulle handsamast, så nyutgjevingane kom ikkje heilt til sin rett. Etter kvart gjekk Chesky-karane lei, og satsa på nye opptak av moderne musikk. Som vi i dag kan få tak i frå heimesida deira www.cheskyrecords.com eller laste ned direkte i høgoppløyst format på https://www.hdtracks.com/index.php?file=browse_music&type=label&id=13. Her har dei også laga linkar til vårt norske storselskap 2L, ein av dei aller beste stadane om du er på jakt etter fullkomne opptak. (Du kan sjølvsagt gå rett på www.2L.no også)

Men det var no RCA sine opptak eg var oppteken av i denne omgang. Dirigentane Fritz Reiner saman med Chicago Symphony Orchestrera, og min personlege favoritt Charles Munch + Boston S.O er berre nokre av legendene du kan finne. Den komplette lista er no tilgjengeleg på

http://livingstereo.alongthehall.com/discography.html. Ved sida av lista finn du her også ut kva format desse meisterverka er tilgjengelege i, ved sida av nypressa vinyl av normalt høg kvalitet. Du kan også ta ein tur innom Spotify og høyre kva dette er snakk om. Her er dirigentar som ikkje er redde for å tolke, og leverer ein personleg dimensjon over dei verka som også spelast i dag, men i meir anonyme versjonar.

 

I det store og heile er det svært underhaldande å høyre tidspreget av det vi ofte tenkjer oss er tidlaus musikk…… det gjer vi veldig ofte i opptaka frå stereoens barndom. Og når dette skjer med super lydkvalitet kan det vere retteleg underhaldande. Min absolutte favoritt innan feltet er tilgjengeleg på Spotify via linken:

Orchestra National de la Radiodiffusion Francaise – Symphonie fantastique Op. 14 (2003 Digital Remaster): IV. Marche au supplice (Allegretto non troppo) Dette er eit supert EMI-opptak av sjølvaste Sir Thomas Beecham som spelar inn den definitivt mest humane versjonen av Berlioz marsjen til skafottet, der halshogginga går føre seg så nennsamt at dei fleste av oss truleg ville overlevd….. best på vinyl (naturlegvis), men altså tigjengeleg også på Spotify.  Vedunderlege nye teknologi....

 

 

Ha ein hyggjeleg kveld!

Helsing Audiophile -Arve

 

 

 

Så er det 3.januar 2011. Bloggar kvar dag, sjølv om det ikkje har vore noko hifiaktivitet så langt i dag. Eg går og ventar på svar frå VPI. Eg har ein ganske grei spelar derifrå, som har innfridd forventningane i stor grad, heilt til no i jula. Eg fekk problem med min fantastiske Super Scoutmaster - noko av det råaste på vinylmarknaden - trur eg då.....

Platespelar-memoarar
Eg har prøvd ganske mange platespelarar opp gjennom tidene. I grunnen var eg rimeleg fornøgd med dei gamle direktedrivne spelarane, då dei kom opp på eit visst nivå. Min spelar gjennom 17-18 år var ein Technics SL 1000 mk II, som eg modifiserte på stadig vekk. Men det var eigentleg berre to tiltak som gjorde denne spelaren markant betre enn utgangspunktet; å få han opp på ei vegghylle, og montering av ein tangentialarm i staden for den originale EPA 100. To andre tiltak var eg også godt fornøgd med; modifikasjon av kabinettet (plinth er visst namnet mange brukar på slikt) med ei panseplate på ca 20 kg. Eg skrudde ganske enkelt kabinettet frå kvarandre, og tok ut gummipakninga som låg mellom steinplata på toppen og trekabinettet i botnen. Så brukte eg gummien som mal på ei lasersveisemaskin på Volda mekaniske, og fekk dei til å skjere ut tilsvarande i panserstål. Deretter laga dei hol til meg på dei rette plassane, og så kjøpte eg lengre skruar. Kabinettet hadde då om lag same utsjånad, men var tjukkare og tyngre. Tilsvarande gjorde eg med armbasen. Det er enorm skilnad på armbase i hard kryssfinér og panserstål…

Etter kvart fekk eg tak i ein luftlagra tangentialarm frå Eminent Technology som heitte ET 2. Denne var svært enkel å sette opp, men ei utfordring å finne passeleg pickupvekt på. Tunge pickupar gjorde at luftlagringa ikkje hadde sterkt nok trykk, slik at armsleden subba nedi – luftlagringa streka.

Elles er eg etter kvart overtydd om at luftlagring er ganske bra, men ikkje perfekt. Eg tykkjer det er noko i bassen som manglar. Samanlikna med tangentialarmar utan luftlagring, som det er ganske få av. Gamle Rabco hadde to legendariske modellar, men dei er ikkje å få tak i. Eg prøvde også Bo Hansson sin tangentialarm, med to kulelager som låg inne i eit avsaga glasrør – heilt vanvittig lurt konsept, men eg fekk det aldri til å verke. (lurer elles på om han fekk det til å fungere, han som kjøpte armen min)

Så mest spennande produsent er faktisk Clearaudio. Desse lagar tangentialarmar der sleden er lagra på ein stålwire. Ein fantastisk god arm som kjem i tre (faktisk fire, om ein tek med den som er spesiallaga for toppmodellspelaren deira) ulike kvalitetsnivå. Men den billegaste er like lett i bruk, og har like god lyd som den nest dyraste, iallfall… Synd at ikkje Soundgarden har desse spelarane i alle sine butikkar…

Attende til julefrustrasjonar med VPI SuperScoutMaster (SSM):
På slutten av andre juledag fekk eg skikkeleg gammaldags svai i spelaren (=wow, for dei som les utanlandsk). Og det var alvorleg – eine motorreima hadde slitna, slik at berre den eine motoren dreiv svinghjulet, som igjen skulle drive den ekstra tunge platetallerkenen min. For å komme levande gjennom jula, prøvde eg med gummistrikk i staden. Men eg fekk utåleleg mykje svai.

Eg jobba mykje med SSM då eg fekk denne brutale spelaren til test frå Lyric (testen finn du under "vinyl" her på Audiophile). Mykje støy frå dei to motorane før dei var spelte inn, men det gav seg. Og så det som kom fram då eg fekk ”rimdrive” – eit mellomhjul. Heilt rått system som auka dei dynamiske eigenskapane til vinylmediet til det avsindige. Men det er vanskeleg å plassere svinhjul/motoreining heilt korrekt i høve platetallerken. Ein halv millimeter for tett, og vi høyrer motoren gjennom avspelinga. Ein halv millimerer for langt i frå skapar svai og ujamn gange. Og dersom bandet som ligg som kontaktflate mellom svinghjul og platetallerk er skite eller har krakkeleringar, vert dei irriterande lydkonsekvensane slik at eg får lyst på min gamle SL 1000 igjen…. Her må ein drive utprega reinsemd for å få godlyd. Eg skulle kanskje tatt drivreim-utgåva? Mykje lettare å få til, men litt slakkare dynamikk…..livet er ikkje enkelt. Men det er få spelarar som er innan mitt økonomiske handlingsrom som kan måle seg med SSM når han er blodtrimma. Clearaudio har nokre store modellar som endåtil har tangentialarm. Men Cleaudio-lydprofilen er litt for nøytral og analytisk etter min smak. Kanskje ein Nottingham-spelar i den dyraste klassen kunne vore betre, men dei er endå dyrare, og så må tallerkenen dyttast i gong.  Linn Sondek har eg alt hatt i over 10 år. Ok spelar, men SSM hadde andre kvalitetar eg vart fascinert av. Simply Black lagar ikkje lenger slike spelarar som den eg ville hatt  - nei, det vert nok SSM på meg ei stund til. Men eg må ha nytt reimsett. Finnest det andre reimmateriale enn dei tilrådde, tru? Det må finnast eit betre stoff ein stad?

Så gummistrikk-patentet var ikkje noko vidare. Det har ført til mykje unødvendig CD og Spotify-spel denne jula. Men det har også sine sider. Eg har utforska ein god del ny musikk eg elles hadde nedprioritert. Så her er dagens Spotify-tilrådingar:

Olav Stedje: alle andre kom for kakene
Morten Lorentzen: Steiner fra mitt hjerte
Doors: People get ready
Lynni Treekrem: Elsk (frå Haugtussa, den bør du nesten ha på CD)
Concerto Köln: Weihnachtsoratorium

Helsing Audiophile-Arve

 

2.januar 2011
Bloggen held fram. Kvar dag dette året, så langt.... 
Litt for ambisiøst, kanskje. Uansett ein god start. Vi får sjå kva takt det vert råd å få til. Likar folk dette, er det fint om de brukar kommentarfunksjonen vi har til alle artiklar no. Her kan du skrive det du meiner. Sakleg eller usakleg. Sjølvsagt er konstruktive innlegg det kjekkaste, men her vert ingen sinte. Sjølv om bannskap sikkert må redigerast....vi får sjå! Her kjem iallfall dagens tekst:

Nye høgtalarar – er eg dum, eller?
Det er vel på tide å seie litt om utskifting av høgtalarar. Eg har eigentleg ikkje anna forklaring enn at eg har hatt mine gamle referansehøgtalarar i over 10 år, og om dei skal skiftast, bør det gjerast no. Eg er i ferd med å bli 53 år gammal, og skal eg ha glede av ei oppgradering, bør det skje no. Før øyrene dett av.

Diverre er mine gamle høgtalar så reint for gode. Og så kan dei bli betre. Så om eg skal oppgradere, vert det til noko veldig, veldig dyrt og valdsamt. Det har eg strengt tatt ikkje råd til. Så å gå laus på aldeles galnematiashøgtalar er – galnematias.

Er no desse InnerSound Eros så veldig gode då, eigentleg?
Eg har skrive ein test av dei på Audiophile – det var faktisk slik eg starta som skribent for webmagasinet – så det burde vere råd å finne ut korleis dei let. Det har opp gjennom dei siste ti åra vore ein god del besøk som sikkert har gjort seg mange meiningar. Dei var i si tid lovprisa av amerikansk fagpresse, men dei har faktisk ikkje vore distribuerte før no.

Dei vart designa av ein av hifi-verdas store personlegdomar Roger Sanders, ein særs hyggjeleg, kreativ og innsiktsfull konstruktør, som laga AKKURAT den høgtalaren han trudde ville vere best. Det vart nokre kompromiss, der det største er at han brukar plane elektrostatpanel, og koplar dette saman med – transmisjonslinjebass. Dette verkar ganske spinnvilt når du høyrer om det, men det funkar faktisk svært godt. Delefrekvensen mellom panelet og bassen er på mistenkjelege 480 Hz – og då skulle ein vel miste all elektrostatglede i mellomtonen? Overlate området her til eit basselement som attpåtil står i ei sidrumpa transmisjonslinjekabinett (vi hugsar alle IMF, og kor vanskeleg det var å få stram og dynamisk bass frå desse, sjølv om dei gjekk så djupt i frekvens at det var utruleg). Men slik er det ikkje med Innersound. Dei er lynraske i bassen, og rockar godt nok til det meste innan stovebruk.

Svakt punkt: Plassering. Eros er ein utprega einmannshøgtalar, med berre eit optimalt sweetspot. Men det er ei grundig avveging. Skal du ha posisjon til to eller fleire, er det berre Beverigde og til ein viss grad Martin Logan som har dette. Beverigde er rundstrålande, medan ML har bøygde elektrostatpanel, som gjer at heile frekvensområdet spreier seg meir i rommet. Men samanlikna med Sanders sine konstruksjonar, går dette ut over dynamikken.

Barnebarnet til Innersound: SandersSoundSystems.
Den gode Sanders selde seg ut av Innersound, etter at dei nye modellane vart laga. Desse var eit sjokk for entusiastiske brukarar – langt dyrare, og med bass som visstnok var ok – men ikkje noko særleg meir. Det vart ein flopp. Sanders flytta, og starta eit nytt firma SandersSoundSystems, som i utgangspunktet var like InnerSound sin gamle modell Eros.

Men ein stor skilnad hadde dukka opp – nye elektrostatpanel. Desse leverast med evig garanti, og skulle tåle alt. Dei er opnare, og skil seg tydelegvis frå andre elektrostatar ved at dei ikkje forringast det minste over tid. Mine har også vore gode - i ti år. Så det er all grunn til å tru at dette er tingen for dei som vil ha elektrostat lenge.

Sjølv om mine elektrostatar fekk oppgradert panel frå mk 1 til mk 2 for snart ti år sidan, er det gode grunnar til å tru her er meir å hente ved ei ny oppgradering, som no Sanders tilbyr eigarar av gamle Eros. Faktisk hevdar han (skrive i ein mail til meg) at: ” The upgrade kit will bring an Eros up to very nearly the same sonic standards as my best Model 10c system.  Actually, the ESL section will be identical, the only difference is in the woofer where my Model 10 woofers have greater excursion and power capability than the woofer in the Eros.  So the Model 10 woofers will play louder than the Eros.

No tilbyr Sanders eit oppgraderingssett for $ 500, som omfattar både nye panel og eit nytt, digitalt

delefilter - mykje brattare enn det gamle, og med djupare delefrekvens, som gjer at panela no spelar ned til 172 Hz der dei før melde pass ved 480. Altså mykje meir elektrostatlyd. Eg har høyrt Sanders sitt nye anlegg, og det er svinegodt, som vi kan seie i desse ribbetider.

På besøk hos Ollie i Bergen
For eit godt år sidan var eg så heldig å verte invitert til ein hyggeleg herre i Bergen, som hadde hatt sjansen til å besøke Rocky Mountain Audio Fest. Der hadde han høyrt massevis av utstyr, og til slutt bestemt seg for å satse på den gode lyden til SandersSoundSystems. Denne opplevinga har eg kommentert på hifisentralen. (søk på SandersSoundSystems på sentralen, så finn du det nok)

Også Roy Solstad har fått høve til å besøke Ollie, og skriv om SSS-anlegget: ” Jeg fikk høre komplett SSS-anlegg her i Bergen i går, og det imponerte på svært mange områder. Fantastisk luftighet, og ikke minst en sømløshet oppover som var magisk. Det samme gjaldt diskantgjengivelsen som bare "var" der uten å bli lagt merke til.”

Når det gjeld elektronikken til Ollie, er dette relativt ekstremt, godt utstyr som er nøye tenkt til å passe saman med elektrostatar, og spesielt desse av eige fabrikat, så at lyden er topp, er ikkje overraskande. På tampen av Innersound-tida, hadde også Roger utvikla ein InnerSound rørforsterkar med 4 stk KT88/6550-rør, men no har han gått attende til fulltransistorisering. Han har gjeve meg løfte på at eg skal få lov til å publisere ein artikkel han har skrive om dette, men vi skulle no fått han omsett til norsk fyrst, kanskje?

Søk på Ollie, ”SandersSoundSystems”, eller ”Bergen lydlaug klubbkveld 26” på sentralen, så får de greie på litt om desse tinga.  Ein skal også merke seg at desse høgtalarane i juni 2010 kom på The Absolute Sound HP-lista over Golden Ear Award, og såleis vart vurderte til å vere mellom verdas absolutt beste høgtalarar. Eigentleg burde eg hatt desse i anlegget endå nokre år, men no har eg i grunnen bestemt meg for å prøve noko nytt. Jaja, det er våre mistak som får verda til å gå framover….eller?

Folk som lurer på Sanders, kan ta kontakt med den norske importøren PM Audio. Paul har lova meg ein demostrasjon, men det har diverre ikkje vore høve til å ta turen til han så langt. Vi får sjå kva vi kan få til i framtida.

Aller sist, på tampen av julesesongen, legg eg med nokre ”stalltips” om ymse slag julestemningsmusikk du kan finne på Spotify (eller sjølvsagt kjøpe på andre måtar)

For dei med sans for mykje smak i jula:

  1. Luxus Leverpostei: Øl og Sylteflesk
  2. Ingebjørg Bratland: Mitt hjerte alltid vanker
  3. Jardar Johansen: Vuggevise i juletid
  4. Magnum Mysterium: Away in a Manger
  5. Ole Staveteig: O Helga natt

Helsing Audiophile-Arve

Så er det 1. januar 2011  - Tid for refleksjon rundt nettstaden vår..

Webmagasinet Audiophile er framleis i live, men har ikkje same lesar-skare, publiseringstakt og posisjon innan hifimarknaden som tidlegare. Åra 2007 – 2009 var prega av tekniske og organisatoriske problem, som vi heldigvis fekk orden på. Men vi har nok ikkje innfridd ambisjonane vi hadde for eitt år sidan.
Men vi har to spennande medarbeidarar; Stig Arne Skilbrei, og Rudi, som er to svært entusiastiske og kunnskapsrike audiofile vi har hatt stor glede av. Stig Arne er medeigar, medan Rudi, og også Vidar P, er idealistar som hjelper oss med å få glimrande utprøvingar av produkt. Eg vil takke dei for storarta dugnadsinnsats. Ein ser ganske fort kva Audiophile hadde vore no utan deira artiklar (endå mindre stoff....)

Vegen vidare
Audiophile er eit ganske lite føretak. Ingen av oss som skriv her har dette som profesjon, og vi  har definitivt ikkje god tid til slik testing og skrivearbeid. Dette gjer vi fordi vi har stor glede av desse oppgåvene, og vi ber om forståing for kvifor ting ikkje alltid er på topp.  Sjølv har eg anna arbeid i skuleverket, som i høgste grad er tidkrevjande. Redaktørjobben er ein hobby – kanskje ein hobby som burde vore nedtona til noko enklare enn å ha redaktøransvar? Rudi med fleire kommenterer mitt venstrehandsarbeid til tider – men det er no gøy å halde på med dette. Så eg har som nyttårsforsett å gjere ein betre redaktørjobb. Så håpar eg at skribentane kan verte flinke å komme med stoff – og nye skriveføre entusiastar ynskjast også velkomne. Her er det plass til alle – og vi har tilgong på utmerka korrekturarbeidarar. Og om importørar og produsentar vil ha ut pressemeldingar, er det berre å sende dei til oss.

Blogg
Eg har tenkt å prøve meg på noko nytt. Som mangeårig norsklærar bør eg vere i stand til å køyre ein skapeleg god blogg. Så det startar eg med no. Eg skal prøve å skrive vidare på denne leiaren så ofte og så lenge eg orkar. Og for all del – skriv gjerne kommentarar. Eg skal prøve å svare alle så ofte eg kan.

Det eg

Lest 6411 ganger Sist redigert søndag, 04 august 2013 21:34
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.